Studiebarometeret: Voldastudentane har kjempehøg svarprosent (oppdatert 16.11.)

studiebarometeret

Oppdatert 16.11.: Svarfristen for Studiebarometeret vart utsett frå 8. til 14. november 2016. Voldastudentane har ein svarprosent heilt i landstoppen. Fasit er at 76 prosent av dei inviterte voldastudentane svara på undersøkinga. Det var tredje høgaste svarprosent av alle landets høgskular og universitet – bak Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (med seks studentar i Studiebarometeret) og Høgskulen i Bergen som har 78 prosent svar.

PS: Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord / Haugesund hadde klart lågare svarprosent enn Høgskolen i Bergen, så den nye Vestlandshøgskulen fekk samla sett ein svarprosent på 69. 

Også i 2015 var studentane ved Høgskulen i Volda flinke til å svare på undersøkinga og var blant dei beste i landet med ein svarprosent på 64.

NOKUTs studiebarometer er ei årleg undersøking av korleis studentar vurderer sine studium og studiestader. Ein høg svarprosent på undersøkinga er viktig for at undersøkinga skal kunne takast på alvor og brukast til å betre studiekvaliteten.

 

Voldastudentane er på landstoppen i svarprosent!

Det er berre nokre få og svært små private institusjonar som har høgare svarprosent enn Volda pr no i 2016.

Undersøkinga skulle eigentleg avsluttast 8. november, men svarfristen har vorte utsett til 14. november, blant anna på grunn av låg svarprosent ved mange institusjonar.

Universitetsavisa, 8.11.2016: «Forlenger fristen for å få flere NTNU-studenter til å stemme»
http://www.universitetsavisa.no/incoming/2016/11/08/Forlenger-fristen-for-%C3%A5-f%C3%A5-flere-NTNU-studenter-til-%C3%A5-stemme-61192.ece 

Blant avdelingane ved Høgskulen i Volda var det Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for kulturfag som hadde høgast svarprosent med heile 86 prosent svar like før svarfristen gjekk ut.

Resultata frå Studiebarometeret blir kjende i februar 2017. I fjor synte resultata  at voldastudentane i gjennomsnitt gav gode karakterar til studiestaden og høgskulen – og betre resultat enn Ålesund og Molde.  http://www.hivolda.no/hivolda/nyhende?displayitem=5576&module=news

Kjetil Haugen ved Høgskolen i Molde har eit nokså kritisk blikk på Studiebarometeret – vel verd å lese: Panorama (Høgskolen i Molde), «Studiebarometeret – atter en gang».
http://panorama.himolde.no/2016/11/11/studiebarometeret-atter-en-gang/ 

Han har tidlegare kalla Studiebarometeret for «Idiotbarometeret».

Generell informasjon om Studiebarometeret på NOKUTs nettsider: http://www.nokut.no/studiebarometeret/

Her er oversyn over svarprosentar for alle universitet og høgskular:http://survey.studiebarometeret.no/report/shared/d42f65a7-7d39-4df0-9506-8631935f25f4

Her er svarprosent for avdelingar og studieprogram ved Høgskulen i Volda:http://survey.studiebarometeret.no/report/shared/3fd039d7-28a2-4f62-a9f7-eef1d619f296

Informasjon om Studiebarometeret i 2015.
http://www.nokut.no/no/nyheter/nyheter-2015/rekordmange-studenter-svarte-pa-studiebarometeret-/#.WCDqJNDhDnC 

Skrevet av

Profilbildet til Johann Roppen

Johann Roppen

Professor dr.polit Rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *