Jubileumsåra 2019-2022: Her trengst det ei bok! Og ein fest.

Om nokre små år kan Høgskulen i Volda markere fire-fem – ja kanskje seks jubileum på nesten same tid. Jubilea eg tenkjer på er:

  • 2020 – 125 år sidan Volda lærarskule vart starta (1895)
  • 2022 – 100 år sidan Kaarstad-huset vart opna (1922)
  • 2020 – 50 år sidan Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda vart starta  (1970)
  • 2021 – 50 år sidan Ivar Aasen-huset vart opna (1971)
  • 2019 – 25 år sidan Høgskulen i Volda blei til gjennom fusjonen mellom DH-skulen og Volda Lærarhøgskule (1994)

Kvart av desse årstala hadde i grunnen fortent si eiga feiring. Men vi kan også legge til at i 2021 er det 160 år sidan Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Almueskolelærere vart etablert i 1861. Men 160-års dagar er vel ikkje så vanleg å feire – men det er no litt stas å minne oss sjølve og andre på at vi har halde på ei stund med høgare utdanning i Volda.

Alle jubileum med sine runde og halvrunde årstal byggjer på konvensjonar og talmagi. Men det viktigaste med jubileum er uansett at det høver seg med ei skikkeleg feiring med vist og gale, ettertanke og framtidstankar. Når Høgskulen i Volda då har 4-5 jubileum på gang dei komande åra trur eg det er lurt å samle alle desse jubilea til ei stor feiring, og det blir inga skikkeleg feiring utan ei jubileumsbok! Og eg håper vi kan ta denne fleirfaldige feiringa og jubileumsmarkeringane i 2020.

Voldens høiere almueskole og annecteret dannelsesanstalt (1861)
160 år: Voldens høiere almueskole og annecteret dannelsesanstalt (1861)
1-Henrik Kaarstad-2
125 år: Henrik Kaarstad gjekk i brodden då Volda lærarskule vart starta i 1895.
Volda-lærarskule-småbruk
100 år: Kaarstad-huset stod ferdig i 1922 og var det største og viktigaste huset på Volda lærarskule.
opning-aasen-huset-oktober-1971-foto-more
50 år: Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda tok opp sine første studentar i 1970. Ivar Aasen huset stod ferdig i oktober 1971 og var det første huset i landet som var bygd for å hyse ein DH-skule. Foto: Møre. Bildet er henta frå Birkeland m.fl. sitt ti års jubileumsskrift for DH-skulen.
Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Sverre Måseidvåg, Gudmund Hernes og Ketil Jarl Halse
25 år: Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Lærarskulerektor Sverre Måseidvåg, Kunnskapsminister Gudmund Hernes og DH-rektor Ketil Jarl Halse.

Som ein skulestad der forsking, skriftkultur og formidling står sterkt meiner eg det er naturleg at høgskulen markerer desse jubilea med å gje ut ei bok i desse høva. Dette er også i tråd med tradisjonen, særleg frå lærarskulen, der det kom ut jubileumsskrift etter 25 år, 75 år – og 100 år. 50-årsjubileet skulle ha vore i 1945, men krigsåra var mildt sagt vanskelege for lærarskulen så det var nok ikkje akkurat jubileumsfeiring som var høgast prioritert. 100-års historia frå 1995 er eit imponerande og grundig arbeid på mange vis. Venteleg og vonleg ser historia litt annleis ut i dag enn ho gjorde tidleg på 1990-talet. Bøkene står lista opp nederst på sida.

For DH-skulen er det skrinnare med bøker for heile institusjonen. Eg har berre klart å finne eitt skrift frå 1980, så her er det mykje godt arbeid som må gjerast for å dokumentere, diskutere og reflektere over dei første 50. Mange av dei som var med på å byggje opp DH-skulen til ein nasjonalt kjent institusjon lever framleis og eg vonar dei kan bidra i arbeidet med eit slikt skrift.

Det er kanskje sjølvsagt for meg kva ei jubileumsbok vil gje oss av lett tilgjengeleg kunnskap om vår eigen institusjon – men det er kanskje ikkje sjølvsagt at vi treng det – og kva slags kunnskap som er relevant eller viktig i 2020. For meg som rektor er det i alle fall viktig å kunne formidle både internt og eksternt kva høgskulen har stått for – og står for – som ein særmerkt, profilert og interessant institusjon i norsk og internasjonal samanheng. Vi er spesielle. Heldigvis. Då blir det lettare å fortelje om oss sjølve til andre. Men det er kanskje ikkje alltid like lett å hugse på i kvardagen.

«Berre bok gjer ingen klok». Så eg håper vi kan ha ein skikkeleg fest også – og aller helst i den nye fleirbrukssalen i det nye huset for mediering og formidling: Og som vonleg står ferdig i god tid før jubileumsfeiringa. Nett no ser akkurat det lovande ut!

For at det ikkje berre skal bli prat om feiring og festing og jubilering så vil eg ta dette opp som sak i høgskulestyret i haust for å få eit vedtak på korleis vi skal markere – og sette av pengar til dette i åra som kjem. Det trur eg styret gjerne vil vere med på.

Kva slags bok høver seg i 2020?

Det er ei rekkje spørsmål som reiser seg om vi som høgskule bestemmer oss for å markere jubilea i bokform, og som det vil vere naturleg at ei eiga gruppe, eit skriftstyre får vurdere:

  • Skal dette bli ei bildebok eller skal vi også denne gongen vere tekstorienterte?
  • Skal boka ha ambisjonar om å vere eit vitskapleg verk – eller ikkje? Eller ei blanding av vitskaplege artiklar og andre formidlingsformer?
  • Skal vi skrive boka sjølve – som eit dugnadsverk – eller skal vi hyre inn ein forfattar eller redaktør? Kanskje ein ekstern?
  • Skal vi gje ut boka berre på norsk – eller skal vi ha med noko på engelsk?
  • Skal forfattarane velgjast ut blant dei eldste – eller klarer vi å få ei god blanding av yngre og eldre?
  • Korleis skal vi balanserer perspektiv som det lokale, regionale, nasjonale og internasjonale?
  • Kva plass skal vi gje knoppskytingar, randsoneinstitusjonar og samarbeidspartnarar som Møreforsking Volda, Studentsamskipnaden, Folkemusikkarkivet, Norsk nettskole (AV senteret)?

Tidlegare historieverk om Volda lærarskule og DH-skulen i Volda:

Driveklepp, J., Sørheim, I., Aarflot, R., Amdam, J., Huseby, B., Fet, J., . . . Birkeland, F. (1981). Distriktshøgskulen i Volda 1970-1980 : Høgare utdanning i ei bygd (Vol. 5, Skrift (Møre og Romsdal distriktshøgskole (Volda) : trykt utg.)). Volda: Høgskulen.
Bergem, P., & Høgskulen i Volda. (1995). Forkynning, fellesskap, forsking : Volda lærarskule 1895-1995. Volda: Høgskulen i Volda.
Volda lærarskule : 1895-1970. (1970). Volda: Volda lærarskule.
Volda lærarskule. (1920). Volda lærarskule i 25 år : 1895-1920. Volda: Skulen.

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Jubileumsåra 2019-2022: Her trengst det ei bok! Og ein fest.»

  1. Fint at planlegginga er i gang. Vi treng jubileumsbok – og fest. 2020 er året.
    Til litteraturlista: Det finst fleire skrift frå AMF/medielina om mediestudia si historie. Truleg finst det noko tilsvarande frå dei andre avdelingane/studia også.

Legg igjen en kommentar