Strategi 2017-2020: Styreseminar 27. oktober 2016 – styremøte 28. oktober.

Det årlege styreseminaret ved Høgskulen i Volda vert i år halde på Hotel Sagafjord på Sæbø torsdag 27. oktober 2016 og med styremøte dagen etter.

Eit grunnlag for styreseminaret er arbeidet i strategiverkstadene i september og oktober og eit leiarmøte som vart halde i Fosnavåg i oktober. Ut frå dette har direktøren kome med ei saksutgreiing om strategiarbeidet, og som ligg i sakspapira til møtet.

Her er saksutgreiinga:
Styresaka om strategiplan (delt via Dropbox).

Her er oppsummering frå strategiverkstadene (delt via Dropbox).

På styreseminaret er det lagt opp til gruppearbeid og Roar Amdam vil halde i trådane.

Etter styremøtet vil det bli laga eit førsteutkast til ny strategiplan som så vil bli diskutert på avdelingsråd, på allmøte 23. november og i andre forum som måtte vere aktuelle. Styret skal så diskutere framlegget til ny strategiplan på møta i desember og januar, med sikte på endeleg vedtak i januar 2017.

Her er styrets nettsider med alle sakspapira til styremøtet. Styremøtet blir IKKJE strøyma, og heller ikkje strategiseminaret.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar