Korleis blir blir lokaldemokratiet utan lokalaviser? Vil Facebook og nettkommentarar gje oss nyhenda vi treng og sikre gode debattforum i framtida? Neppe. Kanskje er det på tide å gje lokalavisa varig vern?
Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Blir vi fleire i 2016?
15. april gjekk søknadsfristen i Samordna opptak ut, og få dagar etterpå kunne instusjonar i høgare utdanning fortelje om søkjartala til sin institusjon.
For Volda sin del kan eg alt i dag seie følgjande om Høgskulen i Volda, hausten 2016:
Andre høgskular og universitet får vurdere korleis dei presenterer sine tal, men vi står for vår presentasjon av våre eigne tal:
Det samla talet på søkjarar til høgare utdanning i heile Noreg auka med ca 3,2 prosent samanlikna med i fjor, viser tala frå Samordna opptak. Høgskulen i Volda har ein nedgang i søkjartala i Samordna opptak på 2,58 prosent. Men det er berre teljarsida av brøken i prosentutrekninga. Ein må også sjå på nemnaren.
Vi har klart færre studieplassar i Samordna opptak i 2016 enn året før fordi deltidsutdanningar har vorte lagt ned eller tekne inn i lokalopptak.
Talet på søkjarar pr studieplass ved Høgskulen i Volda har dermed auka frå 1,3 i fjor til 1,6 i 2016. Vi har altså litt færre søkjarar enn fjor, men mykje færre studieplassar å konkurrere om.
Konkurransen om å få studieplass i Volda har auka sterkt på studia i Samordna opptak.
Dei siste åra har under halvparten av studentane som tek til på Høgskulen i Volda kome inn via Samordna opptak. Over halvparten tek vi opp gjennom lokalopptak der studentane søkjer på studieplass direkte hos oss.
Det er eit detaljert regelverk for kva studium som skal leggast ut i samordna opptak, og pr i dag har Høgskulen i Volda 33 studium i Samordna opptak, men vi har lokalopptak på godt over 100 studium i tillegg. Og på lokalopptaket tek vi opp studentar fortløpande, også litt etter studiestart om det er ledige plassar. Så det endelege talet på søkjarar og studentar som faktisk tek til hos oss veit vi ikkje før langt ut i september. Men vi har jo fått litt erfaring i å vurdere tala.
Så kva gir det rettaste bildet av utviklinga i søkjartal pr i dag? Burde vi fokusere berre på Samordna opptak? Eg meiner vi bør gje eit mest muleg fullstendig bilde av søkjartala – både av omsyn til søkjarane og til alle andre, og då kan vi ikkje la vere å omtale lokalopptaket.
Eg trur ryktet om vårt gode studentmiljø, god kvalitet på undervisning og at studentane trivst ved Høgskulen i Volda er gode forklaringar på den positive utviklinga.
Er framtida flat og grenselaus? Skal vi rive klasseromsveggane? Skal vi rive kontorveggane mellom tilsette? Og skal vi rive veggane mellom studentar og lærarar?
Fontys Academy for Creative Industries – opne løysingar.
Ved vårt partnaruniversitet Fontys University of Applied Sciences i Tilburg, Nederland, har dei faktisk gjort dette. I alle fall delvis. Og i alle fall på Academy for Creative Industries.
Klarer Volda kommune og Høgskulen i Volda om å bli samde om Kinderegg-avtalen? Å få til tre ønskje på ein gong?
Nytt mediehus med kultursal?
Kunnskapspark i dagens Ivar Aasen-hus?
Ny idrettshall bak Øyra skule – på høgskuleområdet?
Kan vi få til landets lengste tørrskodde høgskule – frå Kaarstad til Ivar Aasen?
Leiinga ved Høgskulen har den siste veka hatt møte med kommunestyret og formannskapet i Volda kommune for å snakke om utvikling av Volda kommune – og Høgskulen i Volda. Vi ser no konturane av ein svært omfattande og ambisiøs samarbeidsavtale som vil gje både Høgskulen i Volda og Volda kommune eit kjempeløft.
Nytt mediehus med kultursal
Høgskulen har i sitt campusutviklingsprosjekt synleggjort og prioritert nytt mediehus. Eller som det meir ambisiøst blir formidla: Eit nybygg for mediering og kulturformidling. Dei tilsette og mesteparten av undervisninga ved Avdeling for mediefag vil bli flytta frå Ivar Aasen-huset og delvis Strøm-huset og inn i det nye mediehuset.
Høgskulen kan antakelig klare å finansiere mesteparten av huset gjennom reforhandling av leigeavtalar med Statsbygg i kombinasjon med reduserte leigeutgifter frå Ivar Aasen-huset.
Men verkeleg flukt over prosjektet blir det først om Volda kommune blir med i prosjektet gjennom å finansiere ein stor kultursal – som manglar i Volda kommune i dag. I skissa frå planleggingsgruppa er det teikna inn ein kultursal med 500 sitjeplassar – og i tillegg ein kino med ca 100 plassar.
Det vil bli Statsbygg som byggjer huset, med Høgskulen som leigetakar og eventuelt framleige frå Høgskulen til Volda kommune. Det er få lokale i Volda som har plass til fleire enn 200 personar, og det er ei rekkje store arrangement som samlar langt fleire enn 200 og som det ville vere aktuelt å legge til ein kultursal. Til dømes:
Kva vil dette koste? Det lurer nok alle involverte på, og i løpet av våren vil Høgskulen og Statsbygg finne svar på det.
Høgskulen kan sjølv bygge eit mediehus – men skal det byggjast ein kultursal trengst det ekstern finansiering.
Eitt anna kjempeviktig spørsmål er korleis ein kultursal skal drivast. Kanskje er det naturleg at Studentsamskipnaden gjer det? Det må vi finne gode svar på.
Sjølv blir eg skuffa og overraska om ikkje det nye mediehuset også byr på tørrskodd veg mellom Strøm og Berte Kanutte. Alle som har gått på høgskulen veit kor viktig «Lillestrøm» er – passasjen mellom Aasen og Strøm. Den var faktisk ikkje planlagt men vart skøyta på undervegs i byggetida. Om det stemmer var det veldig klokt gjort.
Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset?
Ideskisse – kunnskapspark ved Høgskulen i Volda
Det andre punktet i avtalen er å nytte Ivar Aasen-huset til å byggje Kunnskapspark ved Høgskulen i Volda. Det er med litt skam å melde på tide. Høgskulane i Molde, Ålesund og Sogn og Fjordane fekk på plass sine kunnskapsparkar for lenge sidan. Ei forklaring på det er nok at dei tre nabohøgskulane våre er langt meir orienterte mot næringslivet enn HVO er.
Ein kunnskapspark skal vere ein møtestad mellom kunnskapen som lever i høgskulemiljøet – mellom studentar, lærarar og forskarar – og verda utanfor høgskulen. Ein kunnskapspark skal vere eit miljø der studentar og høgskuletilsette kan få utvikle idear til å kanskje bli verksemder. Og motsett ein stad der private, offentlege og andre aktørar kan få tilgang til kunnskapen i høgskulemiljøet.
Voldahallen vart bygd i 1979 og ligg ved Volda vidaregåande skule. Det er ein tradisjonell idrettshall med ei speleflate på 40×20 meter og er i dag arena for førstedivisjonshandball. Hallen har også vore arena både for NM-turneringar og landskampar i volleyball. Men hallen er i ferd med å bli 40 år – og hadde trengt ei kraftig oppgradering.
Møre og Romsdal Fylkeskommune og Volda vidaregåande skule treng ein idrettshall for at skulen skal kunne gje undervisning i kroppsøving. Skulen driv også med toppidrett fotball, handball og andre fag. Sidan Voldahallen faktisk kan bli stengt kan fylket betale 44 prosent av investering og drift av ein ny hall. Og det beste området for å bygge ein slik hall er på grusbanene mellom den gamle lærarskulen (Kaarstad 1922) og Øyraskulen.
Det er på grusbanene midt på bildet at idrettshallen kan kome. Berte Kanutte i høgre hjørne – Kaarstad-huset er i øverste venstre hjørne.
På dette området er det eit par grusbaner som ikkje lenger er så mykje i bruk. Øyra skule nyttar området delvis til si undervisning, men det er Statsbygg som eig grunnen og dette er eitt av områda som Høgskulen og Statsbygg treng for framtidige utbyggingar av Høgskulen i Volda. Det vil altså vere ein risiko for høgskulen å nytte området til andre føremål – men på den andre sida kan ein idrettshall med garderober, kontor, lager og kanskje også utleigelokale bli ei såpass stor utbygging at det kan bli muleg å gå tørrskodd mellom Kaarstad og Berte Kanutte-huset. Dermed ville alle studentar og tilsette på høgskulen kunne gå til kantine, bibliotek og andre fellesområde utan tanke på ver og vind.
Dette ville i så fall gje heile høgskulen ei skikkeleg løft – og først då kan ein kanskje seie at samanslåinga av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i 1994 har vorte fullført.
Her kan det kome idrettshall. Foto frå bedriftsfotballtrening i 2005. Alf Roger Djupvik og Chelsea har hatt ein bra dag.
Idrettshallen bør etter mi meining planleggast i samarbeid med Ørsta kommune med tanke på samordning og oppgåvefordeling mellom dei to kommunane. Det kan også gje auka spelemidlar til dei to prosjekta. Ørsta kommune har som kjent planlagt å bygge ein kjempestor idrettshall ved sidan av Ørsta Stadion – med plass til tre speleflater på 40×20 meter. Ørsta kommune har kome langt i planlegginga av prosjektet, og har blant anna tilsett ein prosjektleiar.
Det er ikkje plass til tre baner på grusbanene i Volda. Volda kommune er i ferd med å engasjere ein arkitekt som skal planlegge området, og eg er spent på om det er muleg å få plass til stort meir enn ei speleflate på 40×20 meter på grusbanene på høgskuleområdet. Og så skal det betalast for det, og tidlegare har Volda kommune sagt til idretten i Volda at om det skal byggast meir enn ei speleflate så må idretten vere med på å betale det.
2016-2020?
Kva er så tidsplanen for dei tre prosjekta? Rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune er tydeleg både på at ein må få fram kostnader ved prosjekta, og det må leggast ein tydeleg tidsplan. Eg oppfattar voldapolitikarane slik at dei er positive til å få gjennomført prosjekta – men at dei naturleg nok lurer på kva dette vil koste. Og i kva rekkjefølgje ting skal skje.
Også høgskulestyret vil stille dei same, rettkomne spørsmåla. Men for alle partar gjeld det at ein må ein først bli samd om at dette/desse prosjekta ønskjer ein verkeleg å få til, og så må vidare planlegging avdekke kostnader og leite etter gode løysingar.
Mitt råtips – eller kanskje ønskjeliste? – til framdrift ser slik ut:
2016: Vedtak om å byggje nytt mediehus ved Høgskulen i Volda. Intensjonsavtale frå Volda kommune om å finansiere kultursal og kino. Studentsamskipnaden skal drifte kultursalen.
2017: Byggjestart på mediehuset – to års byggjetid.
2018: Vedtak om Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset. Vedtak om bygging av idrettshall på grusbanene.
2019: Innflytting i mediehuset – ombygging av Ivar Aasen-huset til Kunnskapspark. Byggjestart på ny idrettshall.
2020: Opning av ny idrettshall. Samanbinding av Kaarstad og Berte Kanutte.
2020: Høgskulen i Volda er Noregs lengste tørrskodde høgskule: Det er 600 meter frå Kaarstad-huset til Ivar Aasen-huset.
Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.
Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.
Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.
«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.
Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.
«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.
Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.
Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Førde.
Kva så med Volda?
Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.
I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:
Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Fusjon med Vestlandshøgskulen.
På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.
Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.
Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.
Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.
Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.
Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.
NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.
To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.
Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.
Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.
Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.
Allmøte ved Høgskulen i Volda i august 2014. Rektor Per Halse snakkar om struktursaka.
Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:
Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:
Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.
Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.
Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:
Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.
Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:
«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»
Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:
«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «
Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.
Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.
Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?
Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:
Plan A: Fortsatt sjølvstende.
Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.
Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.
Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.
Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.
Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.
Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:
Styret ber rektor setja i verk sonderingar med HSH og HiB for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
Styret konstaterer at UiB no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved HiSF synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
– om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
– situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda.
Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.
Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope
Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:
HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.
HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016. Foto: www.hsh.no
Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.
Plan C: Departementet instruerer.
Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:
§ 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet
–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.
§ 9-2.Styrets oppgaver
–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.
Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.
Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.
Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.
Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!
Det er kanskje aldri noko godt eller dårleg tidspunkt for framtidsplanlegging i eit fylke som vårt: Dagleg les vi om problem hos verft og supplyreiarlag. Men samtidig ser vi rekordresultat i oppdrett og anna fiskeri.
Vi les om arbeid med kommunesamanslåingar på lokalt nivå. Men Møre og Romsdal fylkeskommune skal bestå.
Mangfald
Også i høgare utdanning i fylket har vi eit mangfaldig bilde:
Høgskolen i Ålesund blir ein del av NTNU, medan høgskulane i Volda og Molde ønskjer å halde fram som sjølvstendige høgskular.
Dei tre høgskulane er då også ulik fagprofil og orientering.
Eg trur at eit mangfald av løysingar gjev eit meir robust fylke, og håper det også kan bli gjenspegla i ein framtidig plan for forsking og innovasjon.
Men dei statlege høgskulane i Møre og Romsdal har i grunnen kome litt i bakgrunnen i framtidsplanlegginga for fylket. I den gjeldande fylkesplanen står det at eit styrka høgskuletilbod i Møre og Romsdal vil vere viktig for å møte regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Dette blir ikkje mindre viktig i framtida.
Når Møre og Romsdal fylkeskommune no har oppretta eit høgskulefond så er det eit veldig konkret og godt tiltak for å styrke samarbeid og dialog mellom høgskulane og fylket, og dette er noko høgskulane har merka seg.
Sjølvstende
Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer meiner at vi blir betre regionale aktørar av å halde fram som sjølvstendige høgskular og ha gode samarbeid med andre forskingsmiljø.
Dei tre høgskulane skal denne veka i møte med Kunnskapsdepartementet for å diskutere alliansemodellen – eit unikt innovativt tiltak for samarbeid mellom sjølvstendige høgskular som har ei klar regional forankring. Eg trur at Høgskulen i Volda best kan tene regionen ved å levere høgt utdanna arbeidskraft også i framtida ved at vi held fram som ein lokalt styrt høgskule.
Sagt på ein annan måte: Studentar frå Volda, Molde og Ålesund har lyst til å arbeide i vår region når dei er ferdige med utdanninga si.
Forskingsmiljø
Igjen ser vi at mangfald er viktig. NAV fortel om mange ledige lærarstillingar, noko som er viktig i desse tider då oljebaserte næringar slit.
For Høgskulen i Volda somhar drive med lærarutdanning i nesten 150 år er det viktig å formidle til studentane at dei kan rekne med å finne arbeid i regionen med eksamenspapir frå Høgskulen i Volda.
Med ca 200 forskarar er Høgskulen i Volda blant dei større forskingsmiljøa mellom Bergen og Trondheim. Vi har fleire tilsette med professorkompetanse enn dei fleste statlege høgskular og i fjor leverte forskarane fleire artiklar og bøker enn alle andre høgskular på Vestlandet.
Vi er altså eit levande forskingsmiljø med høg kompetanse, men vi kan nok bli endå betre til å kome i dialog med regionen vår.
Det er likevel tankevekkande at høgskulane ikkje er blant eigarane av den nye FoI-planen. Fylket har valgt Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, LO, NHO, SIVA, KS, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NAV som partar i dette arbeidet.
Helseføretaket er heller ikkje med blant eigarane. I sum står høgskulane og helseføretaket for FoU i fleire hundre millionars klassen i form av FoU-tid for hundrevis av forskarar ved høgskulane og i helseføretaket.
Samarbeid
Vonleg kan vi finne arbeidsmåtar der vi kan arbeide i lag – også for å nå regionale mål.
Ein slik arena for utvikling av felles strategiar er Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), der høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund no har teke initiativ til ein ny start for samarbeidet.
Det er mykje av dei same aktørane som står bak FoI-planen som også er med i Rådet for samarbeid med arbeidslivet, så vonleg kan det bli ein god arena for regional utvikling.
Det er antakelig rett at det er rett tid å kome med ein ny Forskings- og innovasjonsplan for Møre og Romsdal, og eg håper og trur at dei regionale aktørane kan dra i lag både i arbeidet med planen – men ikkje minst når planen skal settast ut i livet.
På kontaktkonferansen mellom Kunnskaspsdepartementet og høgskular og universitet har Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen reflektert vidare omkring den komande kvalitetsmeldinga. Han la blant anna fram ei fempunktsliste, som eg oppfattar som viktige kvalitetstrekk ved høgare utdanning. Med vekt på utdanning.
Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»? Er det høgskulanes innarbeidde arbeidsmåtar som no har vorte også statsrådens ideal. I så fall – veldig kjekt!
Isaksen fem punkt:
1) Høgskulane må ha høge ambisjonar på vegne av studentane. Institusjonane må vise at dei forventar mykje av studentane.
2) Aktiviserande og varierte læringsformer. Ta i bruk ny teknologi, gi gode tilbakemeldingar og bruk varierte formidlingsformer.
3) Dyrk fram ein kvalitetskultur, også på undervisning. Det bør vere like fint å drive undervisning som forsking. Og det er bra å ta ein del av utdanninga i utlandet
4) Inkluder studentane meir i det akademiske fellesskapet, også i forskinga.
5) Styrk samspelet med arbeidslivet. Her er i grunnen akademia vorte gode.
Det er litt uklart for meg korleis desse fem nye punkta skal forståast i høve til dei tidlegare listene over kvalitetskriterier.
Men Isaksen varsla også at sektoren no vil bli invitert til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga som skal leggast fram i 2017.
Høgskulen i Volda har omframt (ekstraordinære) styremøte 7. januar med høgskulealliansen og alternativa som einaste sak på dagsorden. Dei to andre alliansehøgskulane har også styremøte omlag på same tid. Det blir møte med fagforeningane på dei tre høgskulane 6. januar.
Kunnskapsdepartementet har gjeve dei tre høgskulane frist til å sende eit felles alliansedokument til Kunnskapsdepartementet 8. januar. Ei snau veke etter, 14. januar, vil Kunnskapsdepartementet ha møte med dei tre høgskulane for å diskutere alliansen vidare.
Leiinga ved Høgskulen i Volda tilrår at styret ved Høgskulen i Volda sluttar seg til dei tre høgskulanes felles alliansenotat, altså at alliansearbeidet skal halde fram.
I tillegg har leiinga ved høgskulen gjort ei eiga vurdering av alliansen og alternativa, og denne vert også lagt fram på styremøtet. Kort sagt går den ut på at alliansen framstår som det sikraste alternativet for at Høgskulen i Volda skal nå sine strategiske mål.
Du finn alliansenotatet og HVO-leiinga si vurdering av alliansen og alternative på nettsidene til Høgskulen i Volda:
Profesjonshøgskulen for Vestlandet (Sogn og Fjordane, Bergen, Stord / Haugesund):
Forskingsinstituttet NIFU leverte like før jul ei fusjonsutgreiing på oppdrag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Kunnskapsdepartementet betalte for utgreiinga.
Av oppdraget gjekk det fram at også Høgskulen i Volda skulle takast med i vurderingane av Profesjonshøgskulen for Vestlanet (PHVest), men i denne versjonen er ikkje Volda omtala.
NIFU ser fordelar og ulemper med ein fusjon mellom dei tre høgskulane, og seier blant anna at ein fusjon i seg sjølv ikkje vil styrke dei tre høgskulane på dei fleste av dei 12 kvalitetskriteria frå Kunnskapsdepartementet og Stortinget.
For meg se det ut til at fusjonshøgskulane må konsentrere ressursane for å oppretthalde og byggje ut masterutdanningar og ph.d.-utdanningar – og det kan bety færre masterutdanningar utanfor Bergen. Utgreiinga kan også lesast som at det er naudsynt å flytte ressursar frå forsking og undervisning til administrasjon for å ta ut fusjonspotensialet når det gjeld oppdrag, samspel med regionen og å skaffe internasjonale forskingsmidlar.
Dei tre fusjonshøgskulane skal ha felles styremøte 2. februar og vil då bestemme seg for om dei skal gå inn i fusjonsforhandlingar eller ikkje.
Debatten går nok på dei tre høgskulane om vegen vidare. På bloggen Krohnargument ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har Gunnar Yttri skrive eit innlegg med ei grundig vurdering av NIFU-utgreiinga. Han etterlyser blant anna manglande vurdering av samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
På julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for Høgskulen i Volda. Drodlinga vart til ei teikning – eit flytdiagram (kanskje?) som var eit forsøk på å synleggjere vegvala som Høgskulen i Volda står overfor. Og som dei andre høgskular og universitet som vi har ein relasjon til også driv og tenkjer på samtidig som oss.
Voldarektor Johann Roppen: Kva skjer vidare i strukturprosessen? Foto: Per Straume.
Ein ny versjon av teikninga la eg fram for dekanmøtet onsdag 9. desember og på styremøtet torsdag 10. desember la eg så teikninga på bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit forsøk på å synleggjere det som pr i dag framstår som dei mulege alternativa i strukturprosessen for Høgskulen i Volda.
Som det vart kommentert på styremøtet så vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning – og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om røynda blir så rettlinja som i teikninga.
Men det viktigaste er at Høgskulen i Volda uansett må og skal og bør samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker på at sjølvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, så det må vere plan A for Høgskulen i Volda.
Men eg er også sikker på at alliansen blir betre om Høgskulen i Sogn og Fjordane også blir med.
Styret ved Høgskulen gjorde vedtak om å ta til etterretning utgreiinga frå administrasjonen, men la til at leiinga må vere merksam på kvalitetskriteria som er stilt frå Kunnskapsdepartementet. Så alliansearbeidet held fram.
Dei tre alliansehøgskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar – og så får vi svar frå departementet – kanskje alt 13. januar – om korleis Allianseplanen blir vurdert av vår eigar. Etter dette bør det bli klart om og når Høgskulen i Sogn og Fjordane kan og ønskjer å bli med i alliansen.
Har vi så ein plan B, C og D om alliansen ikkje blir «godkjent»?
Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein fyldig artikkel om status blant anna for Høgskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd å lese og handlar litt om alternativa framover:
Det er nok heilt rett som det står i Khronos overskrift, at Høgskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det må presiserast at det ikkje er noko dårleg alternativ med fortsatt sjølvstende – utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at Høgskulen i Volda MÅ inngå i alliansar eller fusjonar.
Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig å gå inn i teikninga (flytdiagrammet) og prøver å følgje trådane vidare i retning av fusjon, så opnar det seg ei rekkje alternativ – teoretisk sett. Det er spørsmål vi vil møte – og måtte svare på.
Men dei fleste pilane (på teikninga) peikar i retning av fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda.
Tida går …
Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er svært viktig – også her. Her er nokre viktige datoar:
18. desember 2015: NIFU-utgreiing om profesjonshøgskulen for Vestlandet.
8. januar 2016: Alliansehøgskulane leverer alliansedokument til Kunnskapsdepartementet.
13. januar 2016: Alliansehøgskulane møter Kunnskapsdepartementet.
28. januar 2016: Styremøte ved Høgskulen i Volda.
2. februar 2016: Felles styremøte for høgskulane i profesjonshøgskulen for Vestlandet (HiSF, HiB, HSH).
10. mars 2016: Ordinært styremøte ved Høgskulen i Volda. Det kan bli omframt styremøte i februar om det trengst.
Det går ikkje så godt fram av teikninga (flytskjemaet), men etter som tida går vil blir det færre alternativ for Høgskulen i Volda – det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar på desse spørsmåla. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt år sidan at Høgskolen i Ålesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?
Ein nærliggande prosess som vil avgrense alternativa for Høgskulen i Volda er om andre høgskular startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg å starte fusjonsforhandlingar med å slå frå seg andre alternativ. Mitt generelle inntrykk av slike forhandlingar er at bordet fangar. Det kan kjennast verre ut å avbryte forhandlingane enn å godta eit dårleg eller usikkert resultat. Tida vil vise kva som skjer.
Korleis står dei andre høgskulane rundt oss i desse diskusjonane?
Høgskulen i Molde har styremøte 16. desember og av styrepapira går det fram at vår potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomføre.
Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:
Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til følgende vedtak om alternativ til UH-allianse: «HiM alene, men med økt fokus på samarbeidsavtaler.»
Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde styremøte 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i møteinnkallinga følgjande om alliansen:
«Rektor ser framleis på dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover.»
I styrepapira er det også presentert resultat av ei spørjeundersøking blant dei tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonshøgskulen kan få å seie for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I undersøkinga vart dei tilsette også spurt om kva dei tenkte om samanslåing med Høgskulen i Volda. Det virkar ikkje som det er stor entusiasme for samanslåing berre med Volda – skepsisen er kanskje særleg stor blant einingsleiarane:
Eitt av resultata frå spørjeundersøking blant tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
På sjølve styremøtet vil også NIFUs utgreiing av Profesjonshøgskulen for Vestlandet bli presentert.
Høgskolen i Lillehammer har styremøte 15. desember og får nytt styre i 2016. På møtet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.