Oppdatert 16.11.: Svarfristen for Studiebarometeret vart utsett frå 8. til 14. november 2016. Voldastudentane har ein svarprosent heilt i landstoppen. Fasit er at 76 prosent av dei inviterte voldastudentane svara på undersøkinga. Det var tredje høgaste svarprosent av alle landets høgskular og universitet – bak Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (med seks studentar i Studiebarometeret) og Høgskulen i Bergen som har 78 prosent svar.
PS: Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord / Haugesund hadde klart lågare svarprosent enn Høgskolen i Bergen, så den nye Vestlandshøgskulen fekk samla sett ein svarprosent på 69.
Også i 2015 var studentane ved Høgskulen i Volda flinke til å svare på undersøkinga og var blant dei beste i landet med ein svarprosent på 64.
Fortsett å lese Studiebarometeret: Voldastudentane har kjempehøg svarprosent (oppdatert 16.11.)