Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.
Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.
Statsbudsjettet til regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti vil i sum truleg føre til litt betre budsjett for Høgskulen i Volda.
Vi får truleg delvis kompensasjon for omlegging av finansieringsordninga – men ikkje fullt ut. Det blir kanskje ca 2 millionar kroner i 2017 samanlikna med budsjettframlegget frå regjeringa.
Vi vil bli trekte ein million i effektivisering – som dei fleste andre statlege verksemder. Altså ein million mindre.
Vi kan håpe på å få ei eller to stipendiatstillingar.
Vi kan ikkje rekne med å sjå så mykje til nye studieplassar – dei skal gå til IT-utdanningar.
Det er sett av meir pengar til bygging av fleire studentheimar – men om Studentsamskipnaden i Volda får det alt i 2017 er usikkert.
Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda får ikkje løyving til (for)prosjektet digitalisering av Norsk ordbok. Her har Høgskulen i Volda søkt om midlar «utanfor ramma» for 2018 – altså auka løyvingar.
Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2017 blir vedtatt av Stortinget 17. desember, men det meste blir nok klart i møtet i KUF-komiteen nokre dagar før.
PS: Det var svært gledeleg at Globalskulen i Volda har kome inn att på statsbudsjettet! Gratulerer!
PS2: Det har også vorte løyvt midlar til Vinjesenteret i Telemark, der Nynorsk kultursentrum har ei sentral rolle. Gratulerer! Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter (Førde) fekk også midlar i ein «nynorskpakke» – men altså ikkje Norsk ordbok.
Les meir om statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning:
Høgskolen i Molde har framtidig sjølvstende eller samanslåing med andre institusjonar på dagsorden på styremøte tysdag 22. november 2016.
Bakgrunnen er ein langvarig diskusjon ved Høgskolen i Molde, seinast på på bakgrunn av ein rapport som forskingsinsituttet NIFU har laga på oppdrag frå høgskolen.
Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter har i nettavisa Panorama 21. november analysert og vurdert NIFU-rapporten og situasjonen i Møre og Romsdal. Gammelsæter meiner at å slå saman høgskulane i Volda og Molde til «Høgskulen Nordvest» er eit betre alternativ til å gå inn i større einingar, som for Molde sin del ville vere NTNU. Det er særleg det regionale perspektivet Gammelsæter er oppteken av, sidan Møre og Romsdal truleg blir landets 10. region:
Det åpner seg nå en ny mulighet for Høgskolen Nordvest. En slik høgskole vil finne politisk støtte samtidig som fagmiljøene positivt kan møte de nye faglige utfordringene og regionens utfordringer. Jeg tror dette er en mulighet HiMolde nå skal ta.
Styret har invitert tilsette ved Høgskulen i Volda til å kome med innspel til ny strategi for Høgskulen. Vi har tilsette med høg kompetanse, kjensler for arbeidsplassen og ikkje minst eit mangfald av fagområde; så eg har stor trur på at det vil skje mykje spennande i haust – og at vi får ein god strategiplan!
Og det trengst – som sjølvstendig høgskule vert vi særleg lagt merke til. Og det skal vi vere glade for!
Styret har lagt dei overordna rammene for strategiarbeidet. Leiarar på fleire nivå har drøfta detaljar i strategiarbeidet i fleire møte dei siste månadene. Det er særleg gjennom strategiverkstadene at den einskilde tilsette og student får høve til å direkte påverke strategiarbeidet.
I eit nyhendebrev fredag 26. august vart det presentert datoar for strategiverkstadene hausten 2016.
Fellesadministrasjonen: 13. september.
Avdeling for mediefag: 14. september.
Avdeling for kulturfag: 16. september.
Avdeling for samfunnsfag og historie: 16. september.
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning: 3. oktober.
Studentane (STIV) vil også få tilbod om ein eigen strategiverkstad.
Susanne Moen Ouff vert prosessleiar på strategiverkstadene, med Veronica Kvalen Pilskog som skrivar. Rektor, prorektor og direktør vil også delta på strategiverkstadene. Eg trur at ved å ha ein røynd, (nokså) ekstern prosessleiar som deltek på alle verkstadene kan vi sikre ei retning og eit fokus på arbeidet. Ein ekstern prosessleiar vil heller ikkje ha ansvar for å omsette innspel på strategiverkstadene til endelege beslutningar og kan difor konsentrere seg om å gjere prosessen best muleg.
Kva skal skje på strategiverkstadene? Prosessleiar Susanne Moen Ouff vil kome med eit meir konkret opplegg når det nærmar seg den første verkstaden. Men avdelingane er særleg oppmoda til å invitere eksterne interessentar inn i strategiverkstadene. Dei eksterne interessentane kan vere praksisstader, arbeidsgjevarar som tilset våre kandidatar – eller andre aktørar.
Eksterne samarbeidspartar vil hjelpe oss til ein betre strategi.
Alt materialet frå strategiverkstadene vil bli gjort tilgjengeleg for styret før dei gjer vedtak om ny strategi. Så styret vil få tilgang til kvar ein einaste idè – ofte presentert i form av ein gul lapp!
Styret vil få på bordet resultatet av prosessen på styreseminaret 27. oktober. På styreseminaret er det i år som tidlegare brei deltaking, blant anna med representantar for dei tilsette sine organisasjonar.
Både før og etter styreseminaret bør det vere rom for allmøte eller møte på avdelingar eller einingar. Eg trur at vi kan halde litt ope både tid og tema.
Avdelingsråda er også opplagte arenaer for å drøfte strategi.
Det er antakelig optimistisk å rekne med at ein ny strategi kan vedtakast på styremøtet tidleg i desember, men på møtet 26. januar 2017 bør nok ny strategiplan vedtakast.
Kva og korleis – men kvifor?
For meg framstår strategiarbeidet som ope. Det er kanskje berre to viktige føresetnader for arbeidet: Den første er at alle tilsette og studentane blir inviterte til å delta i strategiarbeidet. Dette handlar jo om eigen arbeidsplas, men i ein større samanheng også om kva forsking og høgare utdanning skal vere. Vi har stor autonomi – men er vi i stand til og interessert i å nytte sjølvstendet? Det må vi prove gjennom å levere godt arbeid.
Den andre føresetnaden for arbeidet er at høgskulen må meine noko om kva Høgskulen i Volda skal vere, gjere og bli i høve til dei overordna sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Dei fire måla er desse:
Kvalitet: Høg kvalitet i utdanning og forsking.
Samfunnsmål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling.
Tilgang: God tilgang til utdanning
Robust: Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem
Men høgskulen har stor fridom til også å sette sin eigne mål. Det viktigaste dømet på det er kanskje strukturdebatten. Høgskulen i Volda framleis er sjølvstendig og er ein av få statlege høgskular i landet som ikkje har konkrete samanslåingsplanar på dagsorden.
Ein av dekane har peika på at desse fire sektormåla er på eit mellomnivå – dei er strategiske mål – som vi sjølve må kome fram til meir konkrete handlingsmål/tiltak for å bli betre. Men vi bør også ha meir overordna leiestjerner – visjonar? – over dei fire sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Om dei fire sektormåla svarar på Kva vi skal gjere og handlingsplanar og tiltak seier noko om Korleis vi skal gjere det.
Så bør vi også ha svar på eit Kvifor:
Kvifor er det bra for Noreg av vi har Høgskulen i Volda?
Rigide rammer?
Ein kan likevel lure på kva strategisk handlingsrom vi har. Dei overordna rammevilkåra kan framstå som gitte, eller låste. Til dømes geografi. Vi held til i Volda, og har lange tradisjonar. Men samtidig er vi på nett. Mange studentar kjem på samlingar. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har opna opp for dagpendling. Studentflokken ser heilt annleis ut enn for få år sidan. Men samtidig får vi stadig fleire internasjonale studentar, vi deltek i internasjonale utvekslingar og har forskingssamarbeid med ei rekkje institusjonar og einskildforskarar i inn- og utland. Arbeidsplassen til dei tilsette er i Volda, men både studentar og tilsette er mobile. Så Høgskulen i Volda er ikkje berre i Volda.
Kroner og øre vil også kjennest som ei gitt – og trang! – ramme. Vi har ei basisløyving som i mange år har vore urettferdig låg. Kanskje bør vi heller spørje kva begrensningar det gir oss? Kor viktig – og risikabelt – er det å arbeide for å auke inntektene? Auka inntekter har også sin pris ved at det kan vere ein høg risiko å satse på konkurranseintensive aktivitetar som til dømes forskingsmidlar.
Det er eit spenn og ein muleg konfliktlinje her mellom å tenkje høgt og fritt som fuglen og kanskje kome opp med dei verkeleg spennande ideane. Og motsett: Å vere heilt ned på jorda og kanskje også stikke ein finger eller to nedi ho.
Men fuglen må også ned på jorda. Og sjølv om ein står på jorda må ein også kunne klare å lette blikket.
Slik eg oppfattar stemninga i styret så er det vilje og ønskje til å tenkje og arbeide strategisk. Styret ønskjer rett og slett ein strategiplan som fungerer som eit styringsreiskap. Så dette arbeidet vil vonleg vere viktig for Høgskulen i Volda i mange år framover.
Det er deg det kjem an på.
Tidlegare blogginnlegg om strategiprosessen i 2016:
4.juli: «Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet»
– Blant anna med vurderingar av Høgskulen i Volda i høve til dei fire sektormåla.
12.juni: «Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule».
– Rektors oppsummering av strukturprosessen så langt. Kronikk som også har stått i fleire aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
26.april: «Ny strategi: Kvifor treng vi det?»
– Blant anna med lenkjer til mange bakgrunnsdokument som tildelingsbrev, årsrapportar, FoU-melding, dagens strategi.
Nettavisa Khrono er eigd av Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) og har på få år blitt ein viktig nyskaping i Universitets- og høgskulesektoren. Det blir feil å seie at nettavisa hadde ein sped start – den slo til frå starten av med ein solid redaksjon og markerte seg sterkt med å vere oppdatert på hendingar i heile sektoren – ikkje berre for HIOA.
Dette er ein viktig suksess – fordi vi for første gong har fått eit felles fokus for spørsmål som gjeld alle – eller dei fleste – institusjonar i UH-sektoren. Tidlegare har nok nettavisene hatt nok med sin eigen institusjon. Eg trur dette er ei viktig nisje å fylle i nyhendelandskapet. Også fordi vanlege nyhendemedia er stort sett svært svake på å skrive om forsking, høgskular, universitet og studentliv.
I 2014 gjorde Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei evaluering av Khrono – i hovudsak med dei same resultata. Evalueringa er gitt ut i skriftserien til Høgskulen i Volda:
Høgskulen i Voldas rapport nr. 60: Khrono i krysspress. Av Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen, Volda, 2014
Det er kanskje litt paradoksalt, men Khrono når i liten grad fram til den vanlege student. Derimot vert Khrono lest av mange studentar som er opptatt av styre og stell av eigen institusjon, av studentdemokratiet og gjerne har fått nokre år på baken på institusjonen er ivrigare lesarar enn dei yngste studentane. Dette er ei nøtt å knekke både for redaktør Lie og dei som finansierer nettavisene. For det er ikkje billeg å halde i gang gratis nettaviser.
Andre nettaviser og nettstader for og i UH-sektoren:
Khrono er ikkje aleine om å publisere nyhende om vår sektor – men dei er nok stort sett mest oppdatert etter mi vurdering. Khrono har også vorte eit slags nav i samarbeid mellom ulike UH-media, og det er nok både viktig og nødvendig. Samtidig som det også her er like viktig og nødvendig med konkurranse.
Her er eit knippe andre nettaviser og nettstader i UH-sektoren.
www.khrono.no (Sjølvstendig avis, utgitt av Høgskolen i Oslo og Akershus)
www.pahoyden.no (Sjølvstendig avis, utgitt av Universitetet i Bergen)
Om du ønskjer å få e-post når det har kome nye innlegg på rektorbloggen så skriv namn og e-post i menyen til venstre på denne sida – der det står «Abonner». Du får då ein e-post der du må stadfeste at du ønskjer å abonnere på denne tenesta. Du kan når som helst avslutte abonnementet.
Helsing på nasjonalt arbeidsseminar i høve flytting av dei nasjonale språksamlingane frå UiO til UiB, Hotel Terminus, Bergen, 14. April 2016.
Av Tor Arne Haugen (professor) og Johann Roppen (rektor)
Høgskulen i Volda er glad for å vera med på den viktige nasjonale oppgåva det er å vidareføra språksamlingane. Vi er glade for at Universitetet i Bergen har invitert til eit breitt samarbeid om dette.
Nynorsk i undervisning, forsking og formidling er eitt av tre nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda, i lag med fleksible vidareutdanningar og yrkesretta medieutdanning.
Interessa for språket og for orda dreiv bondesonen Iver Andreas Aasen frå Ørsta til å samla inn og systematisera det norske folkemålet. Han ville visa at dette kunne danna grunnlaget for eit fullverdig norsk skriftspråk, som ikkje stod noko tilbake for det danske. Med landsmålet sitt la han òg eit viktig grunnlaget for ein norsk skriftkultur med eit uttrykksmiddel fleire kunne kjenna seg heime i.
Med fullføringa av Norsk ordbok i vår er ei djerv og ambisiøs vidareføring av Aasens verk fullført. Dei tolv banda inneheld meir enn 300 000 oppslagsord, og er med det eitt av dei største ordboksverka i verda. Ved Høgskulen i Volda vil vi gjerne bidra til å ta vare på denne kulturskatten og til å gjera han endå meir tilgjengeleg for publikum.
Den nynorske klynga i Volda og Ørsta har eit breitt spekter av undervisning, forsking og formidling på det nynorske feltet. Ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, fødestaden til Aasen, har Nynorsk kultursentrum eit dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum driv òg nynorsk-leksikonet Allkunne, som held til i tunet.
I tilkyting til høgskulen har vi Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er retta mot språkleg opplæring både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Nynorsksenteret driv fagdidaktisk utviklingsarbeid, og gjennom nettbasert og anna formidling støttar dei skular med kunnskapsbasert materiale om god praksis.
Vi har i mange år hatt sterke fagmiljø på medieområdet og over 300 studentar på området. Dei tek utdanning i fleirmedial journalistikk – kringkasting, nettmedia og avis, animatørar, PR og kommunikasjonsarbeidarar, digital kompetanse i læring og tilbyr mastergrad i dokumentar. Desse fagmiljøa vil kunne vere viktige samarbeidspartar også inn mot språksamlingane og ordboksarbeid.
Ved Institutt for språk og litteratur tilbyr vi master i nynorsk skriftkultur, samstundes som vi har lang erfaring med nettbaserte studium innanfor nordiskfaget. Vi har allereie gode relasjoner til Bergen gjennom mellom anna Nynorsknettverket i UH-nett Vest. Ved å knyta oss tettare til det sterke nordiskmiljøet i Bergen vil potensialet for moglege samarbeidsprosjekt auka ytterlegare. Forvaltinga av Språksamlingane og Norsk ordbok er døme på prosjekt som eignar seg særs godt for samarbeid.
Det var gjennom samarbeidet i den nynorske klynga i Volda og Ørsta at ideen om å vidareføra Norsk ordbok i Volda kom opp. Av den leksikografiske verksemda knytt til samlingane er det dette ordboksverket vi har tenkt mest på så langt, og vi er i gang med eit prosjekt som skal munna ut i brukarrettleiing for verket. Vi er glade for at Lars Vikør har teke på seg det faglege ansvaret for dette prosjektet, som vi tek sikta på å ha ferdig 1. november i år. Denne brukarrettleiinga vil sjølvsagt òg kunna danna grunnlaget for ei digital utgåve seinare. Av vidare utvikling og formidling er det klart atdigitalisering av dei første banda må stå øvst på lista. Det er framifrå at dei tolv banda med dei raude ryggane no er komplette, men det norske folk fortener også enkel tilgang til den skatten dette ordboksverket utgjer, og som så mykje anna er framtida til humaniora digital. Vi vil alle ha tilgang til ordbøker på nettbretta og smarttelefonane våre, og kvifor då ikkje nytta eit forskingsbasert verk med over 300 000 oppslagsord? I framtida bør vi kunna starta opp «Norsk ordbok-appen» på telefonen vår og få tilgang til eit av dei største humanistiske forskingsprosjekta nokon gong. Eigne appar burde også vera ein interessant måte å formidla Nynorskordboka og
Bokmålsordboka. Slik kunne desse store publikumstenestene bli endå meir tilgjengelege.
Eit leksikografisk miljø vil kunna vera eit utmerka tilskot til den nynorske klynga i Volda og Ørsta. Med fleire institusjonar som arbeider med formidling, forsking og undervisning, bør moglegheitene vera gode for å draga nytte av kvarandre og utvikla gode tenester for publikum. Leksikografien er kan henda den viktigaste greina av språkvitskapen som er retta mot eit allment publikum, og med Norsk ordbok kan vi visa at ei ordbok kan vera noko meir enn ein stad der ein slår opp kva som er rett og gale. Kategoriane og konsepta som er så viktige for det menneskelege tilværet at dei har fått eigne ord, er her dokumenterte i si fulle breidd. Ord er vitnemål om tilværet vårt, og slår ein opp på ord i Norsk ordbok, som er innanfor bolken som allereie er digitalisert, blir ein mint om at det ikkje alltid er lett å finna dei rette orda for tankane våre, men når vi gjer det, er orda våre eigne, og vi kan veksla nokre av dei med andre.
Vi er glade for at Universitetet i Bergen har teke på seg ansvaret for å taka vare på og vidareutvikla språksamlingane, og at ein vil lata oss ved Høgskulen i Volda ha eit ord med i laget. Vi håpar dette kan vera starten på eit endå tettare samarbeid mellom institusjonane våre, og vi ønskjer lukke til med det vidare arbeidet.
Johann Folkestad kan meir enn IT – han er også ein kunnskapsrik lokalhistorikar – og lærarhøgskulen i Volda har han mange bilde av på kontorveggen sin.
Eitt av bilda til Johann Folkestad er ein reproduksjon av eit postkort (Einerett Fr. Svendsens Bokhandel) og syner det som ein gong var. Kaarstad-huset stod ferdig i 1922 og stig fram i bakgrunnen. I forgrunnen ser ein ei demning og ein dam – Håmyrelva har sidan vorte lagt i rør. Elva renn under dagens grusbaner.
Mellom dammen og Kaarstad-huset ser ein ei hes med turrgras. Og nyslåtte markar og eitt av fleire hus som utgjorde småbruket til lærarskulen. I dag er det husa til Avdeling for kulturfag som står der småbruket ein gong låg.
Når eg ser dette bildet får eg assosiasjonar til universitet som også andre stader i verda nærast veks ut av jorda. Sjå til dømes det fantastiske Kings College i Cambridge:
Eivind Indresøvde har skrive om småbruket ved lærarskulen i jubileumsboka frå 1995 som Peder Bergem redigerte. Indresøvde skriv at rektor Kaarstad kjøpte småbruket i 1916 og lærarskulen dreiv det i ca 40 år. – Lærarskulen i Volda var den einaste med eige småbruk, skriv Indresøvde. Elevane ved skulen arbeidde på småbruket som ein naturleg del av tida ved skulen – og dei fleste av dei kom då også frå gard. Vestlandslærarane var ikkje redde for å få skit på fingrane sjølv om dei var i ferd med å ta høgare utdanning.
På småbruket vart det dyrka poteter, rotvekster og andre grønsaker. Der var 3-4 mjølkekyr, ungdyr og ein hest. Etterkvart vart det meir av hagebruk. Hagebruket og etterkvart lærarskulehagen vart også element i undervisninga ved skulen.
Elevane fekk varm mat på skulen – dei var på det meste oppe i over 400 lærarskuleelevar! Småbruket var ein viktig del av drifta av skulen. 10-12 grisar vart fødde fram på høgskulen og levde stort sett på matavfall frå skulekjøkenet. Så lenge lærarskulen stort sett hadde utedo vart også denne ressursen utnytta på småbruket. Så lærarskulen hadde eit samanhengande system med sjølvberging, kjeldesortering og ressurstnytting.
Høgskulen i Volda har sikra seg ei heil rekkje domenenamn på internett – og vi burde sikkert hatt fleire. Mest for å førebyggje problem – men også fordi nettet er ein sjølvsagt og viktig informasjonskanal. Då er rett domenenamn og rett bruk av domene viktig. Det var difor Nord Universitet valde å betale 1,4 mill for domenet www.nord.no. Så i nokre situasjonar kan faktisk domenenamn vere verdfulle. Eventuelt kostesame om ein ikkje har sikra seg eigedomsretten.
Nett no brukar Høgskulen i Volda nettstaden www.studiebygda.no som ein marknadsføringskanal overfor nye studentar i samspel med våre vanlege nettsider www.hivolda.no.
Dette vart tema i nettavisene Khrono og PåHøyden onsdag 16. mars då det vart kjent at Høgskulen i Volda har sikra seg www.vestlandshøgskulen.no – i ulike variantar.
Det finst også domenenamn som Høgskulen i Volda ikkje har sikra seg – men som vi kanskje burde hatt? Dei mest aktuelle
www.hvo.no – vår vanlegaste forkorting for Høgskulen i Volda. Firmaet Proaktiv HMS eig domenet.
www.vuc.no – Volda University College – men det har Høgskolen i Vestfold sikra seg. Den tidlegare Høgskolen i Vestfold hadde jo også eit muleg behov for ein engelsk versjon av sitt namn.
Men som direkte følgje av denne saka kjøpte vi i dag www.hivo.no. Vi ser at denne forkortinga av og til blir brukt om oss.
Her er ein del av domena som Høgskulen i Volda eig:
Styra ved Høgskulane i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar i Loen 10. mars. Dei to andre høgskulane på Vestlandet har styremøte samtidig, så dette blir ein «supertorsdag» når det gjeld framtidig struktur for høgskulane på Vestlandet.
Høgskolen i Molde har styreseminar og styremøte tysdag og onsdag same veka. Vidare vegval for Molde har vore heftig diskutert i nettavisa Panorama. Samarbeid eller samanslåing både med NTNU og NHH har vorte diskutert, men det er ikkje lagt fram innstilling i sakspapira før styremøtet.
Lærarutdanning: – Volda kan klare seg aleine
I styrepapira til Høgskulen i Volda har dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærautdanning gått grundig gjennom dei nye krava til femårig lærarutdanning, og han konkluderer med at Volda vil kunne møte krava aleine. Det knip nok mest i høve til matematikk, men etter Myklebust si vurdering skal det kunne gå.
Som kjent blir Grunnskulelærarutdanningane femårige frå 2017, og høgskulane og universiteta som ønskjer å halde fram med å tilby grunnskulelærarutdanning må søkje NOKUT om akkreditering. Høgskulen i Volda vil dermed søkje om akkreditering av minst seks mastergradsutdanningar hausten 2016.
Direktør Jacob Kjøde jr har lagt fram ei samla utgreiing for styret der han har følgt opp styrets ønskje om å kome med ei risikovurdering av alternativa høgskulane står overfor. Det er både fordelar og ulemper ved dei tre mest aktuelle alternativa:
Sjølvstende med samarbeid med Universitetet i Bergen
Fusjon Volda/Sogn og Fjordane
Vestlandshøgskulen.
Risiko i form av fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa har vorte drøfta i ei rekkje møte i leiinga den siste veka, og byggjer også på vurderingar frå tidlegare saksutgreiingar og frå vurderingar som særleg Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort og dessutan forskingsinstituttet NIFU si utgreiing av Vestlandshøgskulen.
Direktør Kjøde har ikkje kome med ei tilråding eller rangering av dei tre alternativa, men skriv til slutt i saksutgreiinga:
«Sidan struktursaka og val av alternativ er hovudsaka på det felles styreseminaret vi skal ha med HiSF, meiner eg det ikkje vil vere rett å kome med tilråding no om kva alternativ styret bør velje. Det ville vere å føregripe diskusjonane på seminaret.»
Haugstad: Ikkje press på Volda
Direktør Kjøde har også hatt kontakt med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. Haugstad kom ikkje i med konkrete råd om kva Volda burde gjere, men var oppteken av at fusjonen på Vestlandet ikkje måtte bli forsinka og at Volda sjølv måtte gjere sine vurderingar. Vidare varsla Haugstad ein fusjonspause for høgskulane som ikkje fusjonerte 1. januar 2017. Dette er omtala i saksutgreiinga til styret.
Dette er ei vanskeleg og viktig sak. Eg trur hjertet til svært mange ved Høgskulen i Vold går i retning av Sogn og Fjordane, ikkje minst er nynorsk ei viktig side ved den saka. Og eg er heilt sikker på at i eit framtidig høgskulelandskap ville Volda og Sogn og Fjordane få eit suverent namn:
HØGSKULEN
Førde – Sogndal – Volda
Vi i rektoratet har som kjent gått til val på fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda, blant anna ut frå at vi trur at utdanningane i Volda bør styrast mest muleg lokalt. Og at det er best for vårt samfunnsoppdrag, våre fagmiljø og for vår rolle i regionen. Eg trur nok at ein eventuell fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane er alternativet til sjølvstende som er minst trugande for sjølvstende og regional orientering. Vi kunne truleg styrke kvarandre på svært mange måtar. Eg trur det er langt større risiko for Volda og høve til å nå våre strategiske mål om vi går inn ein svært stor og geografisk spreidd høgskule for heile Vestlandet. Men eg ser fram til å få vite meir om korleis Høgskulen i Sogn og Fjordane tenkjer om desse spørsmåla på møtet i Loen.