Supertorsdag for høgskulane på Vestlandet

Styra ved Høgskulane i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar i Loen 10. mars. Dei to andre høgskulane på Vestlandet har styremøte samtidig, så dette blir ein «supertorsdag» når det gjeld framtidig struktur for høgskulane på Vestlandet.

Høgskolen i Molde har styreseminar og styremøte tysdag og onsdag same veka. Vidare vegval for Molde har vore heftig diskutert i nettavisa Panorama. Samarbeid eller samanslåing både med NTNU og NHH har vorte diskutert, men det er ikkje lagt fram innstilling i sakspapira før styremøtet.

Lærarutdanning: – Volda kan klare seg aleine

I styrepapira til Høgskulen i Volda har dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærautdanning gått grundig gjennom dei nye krava til femårig lærarutdanning, og han konkluderer med at Volda vil kunne møte krava aleine. Det knip nok mest i høve til matematikk, men etter Myklebust si vurdering skal det kunne gå.

Som kjent blir Grunnskulelærarutdanningane femårige frå 2017, og høgskulane og universiteta som ønskjer å halde fram med å tilby grunnskulelærarutdanning må søkje NOKUT om akkreditering. Høgskulen i Volda vil dermed søkje om akkreditering av minst seks mastergradsutdanningar hausten 2016.

Direktør Jacob Kjøde jr har lagt fram ei samla utgreiing for styret der han har følgt opp styrets ønskje om å kome med ei risikovurdering av alternativa høgskulane står overfor. Det er både fordelar og ulemper ved dei tre mest aktuelle alternativa:

  • Sjølvstende med samarbeid med Universitetet i Bergen
  • Fusjon Volda/Sogn og Fjordane
  • Vestlandshøgskulen.

Risiko i form av fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa har vorte drøfta i ei rekkje møte i leiinga den siste veka, og byggjer også på vurderingar frå tidlegare saksutgreiingar og frå vurderingar som særleg Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort og dessutan forskingsinstituttet NIFU si utgreiing av Vestlandshøgskulen.

Direktør Kjøde har ikkje kome med ei tilråding eller rangering av dei tre alternativa, men skriv til slutt i saksutgreiinga:

«Sidan struktursaka og val av alternativ er hovudsaka på det felles styreseminaret vi skal ha med HiSF, meiner eg det ikkje vil vere rett å kome med tilråding no om kva alternativ styret bør velje. Det ville vere å føregripe diskusjonane på seminaret.»

Haugstad: Ikkje press på Volda

Direktør Kjøde har også hatt kontakt med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. Haugstad kom ikkje i med konkrete råd om kva Volda burde gjere, men var oppteken av at fusjonen på Vestlandet ikkje måtte bli forsinka og at Volda sjølv måtte gjere sine vurderingar. Vidare varsla Haugstad ein fusjonspause for høgskulane som ikkje fusjonerte 1. januar 2017.  Dette er omtala i saksutgreiinga til styret.

Styresaker på nettsida til Høgskulen i Volda:
http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/styre-og-leiing/hogskulestyret/saksdokument

Sogn og Fjordane: Tilrår fusjonsforhandlingar sørover

Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har i si tilråding til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tilrådd  å gå vidare med fusjonsforhandlingane med dei to andre høgskulane: Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund.

Det går også fram av framlegget til vedtak at Sogn og Fjordane ønskjer å få med seg Høgskulen i Volda inn i Vestlandshøgskulen.

Omtale av styresaka på nettsidene til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
https://hisf.no/nn/rektor-tilr%C3%A5r-%C3%A5-g%C3%A5-vidare-med-fusjonsforhandlingar#.VtlhvrxNerU

Suverent namn!

Dette er ei vanskeleg og viktig sak. Eg trur hjertet til svært mange ved Høgskulen i Vold går i retning av Sogn og Fjordane, ikkje minst er nynorsk ei viktig side ved den saka. Og eg er heilt sikker på at i eit framtidig høgskulelandskap ville Volda og Sogn og Fjordane få eit suverent namn:

HØGSKULEN
Førde – Sogndal – Volda

Fjord oFjord og fjell høgskuleng fjell høgskulen
Muleg informasjonsmateriell for fjell- og fjordhøgskulen.

Vi i rektoratet har som kjent gått til val på fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda, blant anna ut frå at vi trur at utdanningane i Volda bør styrast mest muleg lokalt. Og at det er best for vårt samfunnsoppdrag, våre fagmiljø og for vår rolle i regionen. Eg trur nok at ein eventuell fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane er alternativet til sjølvstende som er minst trugande for sjølvstende og regional orientering. Vi kunne truleg styrke kvarandre på svært mange måtar. Eg trur det er langt større risiko for Volda og høve til å nå våre strategiske mål om vi går inn ein svært stor og geografisk spreidd høgskule for heile Vestlandet. Men eg ser fram til å få vite meir om korleis Høgskulen i Sogn og Fjordane tenkjer om desse spørsmåla på møtet i Loen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar