Velkomen til strategiverkstad! Bruk hausten til å gi Høgskulen i Volda ein langsiktig kurs!

Styret har invitert tilsette ved Høgskulen i Volda til å kome med innspel til ny strategi for Høgskulen. Vi har tilsette med høg kompetanse, kjensler for arbeidsplassen og ikkje minst eit mangfald av fagområde; så eg har stor trur på at det vil skje mykje spennande i haust – og at vi får ein god strategiplan!
Og det trengst – som sjølvstendig høgskule vert vi særleg lagt merke til. Og det skal vi vere glade for!
Flinke tilsette: ASH-tilsette på opprykksmarkering i januar 2014
Flinke tilsette: ASH-tilsette på opprykksmarkering i januar 2014
Styret har lagt dei overordna rammene for strategiarbeidet. Leiarar på fleire nivå har drøfta detaljar i strategiarbeidet i fleire møte dei siste månadene. Det er særleg gjennom strategiverkstadene at den einskilde tilsette og student får høve til å direkte påverke strategiarbeidet.
I eit nyhendebrev fredag 26. august vart det presentert datoar for strategiverkstadene hausten 2016.
  • Fellesadministrasjonen: 13. september.
  • Avdeling for mediefag: 14. september.
  • Avdeling for kulturfag: 16. september.
  • Avdeling for samfunnsfag og historie: 16. september.
  • Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning: 3. oktober.
Studentane (STIV) vil også få tilbod om ein eigen strategiverkstad.
Susanne Moen Ouff vert prosessleiar på strategiverkstadene, med Veronica Kvalen Pilskog som skrivar. Rektor, prorektor og direktør vil også delta på strategiverkstadene. Eg trur at ved å ha ein røynd, (nokså) ekstern prosessleiar som deltek på alle verkstadene kan vi sikre ei retning og eit fokus på arbeidet. Ein ekstern prosessleiar vil heller ikkje ha ansvar for å omsette innspel på strategiverkstadene til endelege beslutningar og kan difor konsentrere seg om å gjere prosessen best muleg.
Kva skal skje på strategiverkstadene? Prosessleiar Susanne Moen Ouff vil kome med eit meir konkret opplegg når det nærmar seg den første verkstaden. Men avdelingane er særleg oppmoda til å invitere eksterne interessentar inn i strategiverkstadene. Dei eksterne interessentane kan vere praksisstader, arbeidsgjevarar som tilset våre kandidatar – eller andre aktørar.
Eksterne samarbeidspartar vil hjelpe oss til ein betre strategi.
Alt materialet frå strategiverkstadene vil bli gjort tilgjengeleg for styret før dei gjer vedtak om ny strategi. Så styret vil få tilgang til kvar ein einaste idè – ofte presentert i form av ein gul lapp!
Høgskulestyret på synfaring. Konsertsalen på Avdeling for kulturfag i 2015.
Styret vil få på bordet resultatet av prosessen på styreseminaret 27. oktober. På styreseminaret er det i år som tidlegare brei deltaking, blant anna med representantar for dei tilsette sine organisasjonar.
Både før og etter styreseminaret bør det vere rom for allmøte eller møte på avdelingar eller einingar. Eg trur at vi kan halde litt ope både tid og tema.
Avdelingsråda er også opplagte arenaer for å drøfte strategi.
Det er antakelig optimistisk å rekne med at ein ny strategi kan vedtakast på styremøtet tidleg i desember, men på møtet 26. januar 2017 bør nok ny strategiplan vedtakast.
Kva og korleis – men kvifor?
For meg framstår strategiarbeidet som ope. Det er kanskje berre to viktige føresetnader for arbeidet: Den første er at alle tilsette og studentane blir inviterte til å delta i strategiarbeidet. Dette handlar jo om eigen arbeidsplas, men i ein større samanheng også om kva forsking og høgare utdanning skal vere. Vi har stor autonomi – men er vi i stand til og interessert i å nytte sjølvstendet? Det må vi prove gjennom å levere godt arbeid.
Den andre føresetnaden for arbeidet er at høgskulen må meine noko om kva Høgskulen i Volda skal vere, gjere og bli i høve til dei overordna sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Dei fire måla er desse:
  • Kvalitet: Høg kvalitet i utdanning og forsking.
  • Samfunnsmål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling.
  • Tilgang: God tilgang til utdanning
  • Robust: Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem
Men høgskulen har stor fridom til også å sette sin eigne mål. Det viktigaste dømet på det er kanskje strukturdebatten. Høgskulen i Volda framleis er sjølvstendig og er ein av få statlege høgskular i landet som ikkje har konkrete samanslåingsplanar på dagsorden.
Ein av dekane har peika på at desse fire sektormåla er på eit mellomnivå – dei er strategiske mål – som vi sjølve må kome fram til meir konkrete handlingsmål/tiltak for å bli betre. Men vi bør også ha meir overordna leiestjerner – visjonar? – over dei fire sektormåla frå Kunnskapsdepartementet. Om dei fire sektormåla svarar på Kva vi skal gjere og handlingsplanar og tiltak seier noko om Korleis vi skal gjere det.

Så bør vi også ha svar på eit Kvifor:

Kvifor er det bra for Noreg av vi har Høgskulen i Volda?
Rigide rammer?
Ein kan likevel lure på kva strategisk handlingsrom vi har. Dei overordna rammevilkåra kan framstå som gitte, eller låste. Til dømes geografi. Vi held til i Volda, og har lange tradisjonar. Men samtidig er vi på nett. Mange studentar kjem på samlingar. Eiksundsambandet og Kvivsvegen har opna opp for dagpendling. Studentflokken ser heilt annleis ut enn for få år sidan. Men samtidig får vi stadig fleire internasjonale studentar, vi deltek i internasjonale utvekslingar og har forskingssamarbeid med ei rekkje institusjonar og einskildforskarar i inn- og utland. Arbeidsplassen til dei tilsette er i Volda, men både studentar og tilsette er mobile. Så Høgskulen i Volda er ikkje berre i Volda.
Leiarar og administrativt tilsette ved Høgskulen i Volda på studietur i Barcelona, Abat Oliba universitetet.
Internasjonalt orientert: Leiarar og administrativt tilsette ved Høgskulen i Volda på studietur i Barcelona i 2015. Hos vår partnar Universitat Abat Oliba CEU.
Kroner og øre vil også kjennest som ei gitt – og trang! – ramme. Vi har ei basisløyving som i mange år har vore urettferdig låg. Kanskje bør vi heller spørje kva begrensningar det gir oss? Kor viktig – og risikabelt – er det å arbeide for å auke inntektene? Auka inntekter har også sin pris ved at det kan vere ein høg risiko å satse på konkurranseintensive aktivitetar som til dømes forskingsmidlar.
Det er eit spenn og ein muleg konfliktlinje her mellom å tenkje høgt og fritt som fuglen og kanskje kome opp med dei verkeleg spennande ideane. Og motsett: Å vere heilt ned på jorda og kanskje også stikke ein finger eller to nedi ho.
Men fuglen må også ned på jorda. Og sjølv om ein står på jorda må ein også kunne klare å lette blikket.
Slik eg oppfattar stemninga i styret så er det vilje og ønskje til å tenkje og arbeide strategisk. Styret ønskjer rett og slett ein strategiplan som fungerer som eit styringsreiskap. Så dette arbeidet vil vonleg vere viktig for Høgskulen i Volda i mange år framover.
Det er deg det kjem an på.
Tidlegare blogginnlegg om strategiprosessen i 2016:  
4.juli: «Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet»
– Blant anna med vurderingar av Høgskulen i Volda i høve til dei fire sektormåla.
12.juni: «Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule».
– Rektors oppsummering av strukturprosessen så langt. Kronikk som også har stått i fleire aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
26.april: «Ny strategi: Kvifor treng vi det?»
– Blant anna med lenkjer til mange bakgrunnsdokument som tildelingsbrev, årsrapportar, FoU-melding, dagens strategi.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar