Ny strategi: Kvifor treng vi det?

Høgskulen i Volda har ein strategiplan. Strategiplanen gjeld til det kjem ein ny. Og i haust kjem ein ny strategiplan. Alle tilsette vil bli inviterte med inn i arbeidet med den nye planen.

Den er veldig konsentrert. Berre på litt over 2 sider og den ligg ute på nettsidene våre. Her finn du strategiplanen og andre styringsdokument:
Det er Høgskulestyret som vedtek strategiplanen – og blant anna også budsjetta våre. Leiinga, organisasjonen og dermed kvar einskild tilsett står ansvarleg for å gjennomføre strategien – helst innanfor budsjettet.
Arne Myklebust, Odd Ragnar Hunnes, Jens Standal Groven.
Leiarsamling på Hakallestranda, mai 2016.

Eller: Ny plan? Skal alt som står i den gamle planen omskrivast eller strykast? Etter mi meining trengst det meir ei justering eller revidering av strategiplanen – alt treng ikkje å skrivast på nytt.

Men same kva som blir ståande som resultatet av ein strategiplan så er prosessen fram mot resultatet minst like viktig som teksten og tiltaka som får plass i planen.


Kvifor bør planen reviderast?
Den gjeldande strategiplanen for Høgskulen i Volda vart vedtatt i oktober 2014, altså i førre rektor- og styreperiode. Det er mange grunnar til at planen no bør reviderast:
  1. Sidan 2015 har Kunnskapsdepartementet endra på sektormåla for høgskular og universitet, og det bør vere tydeleg i strategiplanen vår korleis vi tenkjer i høve til desse nye måla – sjølv om dei overordna måla eigentleg ikkje har vorte mykje endra dei siste åra.
  2. Det nye rektoratet og det nye styret tok til 1. august 2015 har no hatt eit knapt år på seg til å bli kjent med høgskulen i sine nye roller. Det er på tide at styret tek stilling til dei strategiske utfordringane og peikar ut kursen framover. Også om det ikkje medfører vesentlege kursendringar.
  3. Endringane som har skjedd i høgskulelandskapet dei siste to åra krev ei gjennomtenking og orientering av kva Høgskulen i Volda skal vere i framtida. Om det blir nyorientering eller reorientering skal eg ikkje ha sagt no. Det er eit paradoks at vi har brukt svært mykje tid på strukturprosessar, alliansebygging og diskusjonar initiert av Kunnskapsdepartementet, utan at dette har vore solid forankra i strategiplanen.
  4. Forsking og utvikling er ein viktig del av høgskulens strategi og må oppdaterast. Det må også vurderast kva samhøve FoU-planen skal ha i høve til den overordna strategien.
  5. I strategiplanen frå 2014 vart det prioritert 15 tiltak for perioden 2015-2018. Nokre av dei er gjennomført, nokre er kanskje ikkje lenger aktuelle og nokre nye har kanskje kome til. No halvvegs i planperioden er det ikkje feil å gjere opp status.Sektormåla frå Kunnskapsdepartementet blir blant anna omtala i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet til Høgskulen i Volda. Du finn tildelingsbreva på denne nettsida:

Men sektormåla må konkretiserast og gjerast relevante for oss. Alle høgskular må difor ha meir konkrete planar for verksemda og det har i stor grad fungert som ein viktig del av disposisjonen for strategiplane til høgskular og universitet. Så også hos oss, men ikkje lenger heilt i tråd med sektormåla. Internasjonalt utval er eitt døme på eit kontor ved HVO som har eit godt innarbeidd system med tydelege handlingsplanar.

Rektor meiner: Det er ein fordel om den nye strategiplanen gir tydelege svar på sektormåla. Vi treng tydelege handlingsplanar for å konkretisere måla
Arbeid med strategiplanen 
Som sagt er det styret som vedtek strategiplanen. Men det hjelper lite kva styret meiner om ikkje planen vert utvikla i samspel med leiinga og tilsette. Organisasjonen må kjenne eit eigarskapsforhold til strategiplanen, både når planen blir laga – og når den skal gjennomførast. På den andre sida er det vanskeleg å tru at alle dei 400 tilsette og 4.000  studentane ved Høgskulen i Volda skal få eit sterkt eigarskap til noko så abstrakt og generelt som ein strategiplan nødvendigvis må vere. Men har vi eigentleg  så mange alternativ? Ad-hoc styring passar ikkje på alle område.
På dei siste dekanmøta og særleg på leiarsamling på Hakallegarden for nokre veker sidan har toppleiinga og dekanane diskutet korleis arbeidet med å revidere strategiplanen skal gjerast. Og her er nokre knaggar:
  • Styremøte 10. juni: Leiinga legg fram eit opplegg for arbeidet fram mot ny strategiplan. Styret gjev signal tilbake.
  • Juni-oktober: Avdelingane og den einskilde tilsette blir med i planarbeidet.
  • Styremøte 8. september: Statusrapport i strategiarbeidet vert lagt fram for styret.
  • Styreseminar og styremøte 27.-28.oktober: Framlegg til ny strategiplan bli diskutert av styret – og deretter vedtatt.
  • Styremøte 10. desember: Budsjettet for 2017 blir vedtatt av styret. Det betyr neppe at alle mål i strategiplanen kan bli prioriterte i budsjettet for 2017 – strategiplanen vil jo gjelde for fleire år og i alle fall også i 2018.
Dekan Odd Ragnar Hunnes og direktør Jacob Kjøde.
Hakallestranda, Hammaren, leiarsamling mai 2016. Dekan Odd Ragnar Hunnes (til venstre) og direktør Jacob Kjøde jr.
I tidlegare strategiprosessar på HVO har mange ulike verktøy og modellar vorte teke i bruk. Blant anna har det vorte halde samlingar for alle tilsette i samband med strategiprosessar. Etter mi meining har dette avgrensa verdi som strategisk verkstad. Men vi har nok altfor få samlingar for alle tilsette, så kanskje kan slike samlingar likevel ha ei viktig langsiktig rolle som ein del av prosessen: Tilsette blir betre kjende med kvarandre.  Eg trur likevel det er betre at strategi vert diskutert i meir avgrensa og etablerte forum – som til dømes internt på avdelingar og i fellesadministrasjonen.  På avdelingane kunne avdelingsråd vere ein adressat for strategiske drøftingar. Men avdelingsråda fungerer ulikt på dei ulike avdelingane så det er vanskeleg å vite på førehand om prosessen ville bli god – eller lik på alle avdelingane.
Direktør og dekanmøtet har peika på at strategiverkstader på avdelingane – gjerne med ein ekstern prosessleiar kan vere ein god måte å involvere interesserte tilsette på. Dette vil truleg direktør foreslå i si saksutgreiing til styret som blir lagt fram i slutten av mai 2016.
Styrepapira finn du på denne nettsida:
Rektor meiner: Dei tilsette bør involverast i strategiarbeidet gjennom verkstader sine avdelingar. Strategiarbeidet bør ikkje avgrensast til slike verkstader. Det hadde vore bra om også avdelingsråda tok ei rolle i dette arbeidet.

Kunnskapsdepartementets sektormål – og høgskulens mål
Høgskulestyret har vide fullmakter, men står i praksis ikkje heilt fritt til å definere innhaldet i strategiplanen.  Kunnskapsdepartementet har frå og med 2016 kravd at høgskular og universitet skal rapportere i form av årsrapportar. Dei skal leverast tidleg på året. Årsrapporten skal både omhandle dei såkalla sektormåla, som er Kunnskapsdepartementets felles mål for alle høgskular. Men høgskulane kan også definere sine heilt eigne mål.
Dei fire sektormåla har sidan 2015 sett slik ut, her i nynorsk språkdrakt:
  1. Kvalitet: Høg kvalitet i utdanning og forsking
  2. Samfunnsmål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling
  3. Tilgang: God tilgang til utdanning
  4. Robust: Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem
Desse fire sektormåla har ikkje vorte mykje endra dei siste åra, og både strategiplanen og årsrapporten frå Høgskulen i Volda er stort sett kopla til desse målsettingane.
Kva utfordringar er det så Høgskulen i Volda står overfor og som kanskje ikkje er så godt forankra i den gjeldande strategiplanen?
Eg vil peike på to – eller tre: Strukturprosessane – og FoU. Ein revidert strategiplan bør i alle fall tenkje på desse to områda. Men antakelig bør vi tenkje like mykje på korleis strategiplanen skal settast ut i livet. Så det er kanskje den tredje utfordringa.

Utfordring 1: Strukturprosessen: Eit nytt høgskulelandskap
 I ein revidert strategiplan bør det gå fram kva som skal vere høgskulens framtidige mål og rolle i det nye utdanningslandskapet. Det gjeld ikkje minst våre regionale samarbeidsorgan og UH Nett Vest.
Ein skal lese lenge i den gjeldande strategiplanen for å finne klare svar på kva Høgskulen i Volda ønska seg av strukturprosessen. Det førre styret var heilt klart usikre og usamde på kva som var best å gjere: Halde fram som sjølvstendig høgskule, søkje saman i ein fylkeshøgskule eller å gå inn i ein Vestlandshøgskule. I planen står følgjande under deloverskrifta «Samfunnsoppdrag og kunnskapsdeling»:
«HVO skal samarbeide med andre utdanningsinstitusjonar med sikte på arbeidsdeling og auka kvalitet for å tryggje studiestaden Volda og regionen sitt framtidige kompetansebehov».
Under «Tiltak for 2015-2018» står at HVO skal gjere følgjande:
«Vidareutvikle det faglege og organisatoriske samarbeidet mellom utdannings- og forskingsmiljøa i Møre og Romsdal og resten av Vestlandet».
Under desse overskriftene har styret ved Høgskulen i Volda både tilrådd at HVO burde gå inn i ein to-fylkeshøgskule samansett av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, utgreia allianse med Høgskolen i Molde og på Lillehammer og invitert til fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Etter mi meining har desse vedtaka handla mindre om at strategien var lite gjennomtenkt og meir om at Kunnskapsministerens signal til høgskulane om kva strukturprosessen skulle gå ut på endra seg fleire gonger. Det er ikkje lett å drive langsiktig strategiarbeid når Kunnskapsdepartementet sende stadig nye signal og landskapet raskt kom i stor endring.
Slik eg vurderer situasjonen no så kjem Vestlandshøgskulen til å bli vedtatt i år. Den nye høgskulen samansett av dei tre høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund vil sjå dagens lys 1. januar 2017. Det er uavklara om Høgskolen i Molde held fram som sjølvstendig høgskule eller gjer eit anna val.
For Høgskulen i Volda er det på kort sikt ikkje noko alternativ til å halde fram som sjølvstendig aleine. Som kjent meiner eg det er langt frå eit dårleg alternativ. Høgskulen i Volda må likevel vere vaken for kva som skjer i sektoren og vere budd på at det vil kome nye endringar.
Eg har inntrykk av at mange ved Høgskulen i Volda har store forventingar til ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Ein fagleg basert samarbeidsavtale mellom dei to institusjonane vil venteleg vere på plass før studiestart hausten 2016 og vil vere aktuell for dei fleste fagområde ved Høgskulen i Volda, men blir særleg viktig i høve til akkreditering av femårig lærarutdanning.
Rektor meiner: I strategiplanen bør vi fokusere på ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen for åra 2016-2019 og evaluere samarbeidet på slutten av perioden. Dei regionale samarbeida og nettverka vi er med i bør halde fram.
Utfordring 2: Ein ny FoU-strategi
Høgskulen i Volda omtalar FoU både i den overordna strategiplanen, men har også hatt ein eigen FoU-plan i fleire år. Den gjeldande FoU-planen for Høgskulen i Volda vart vedtatt i 2012 og skulle gjelde for åra 2012-2015. Den har vorte forlenga inn i 2016 og styret har tinga ein ny. Forskingsutvalet har alt invitert avdelingane til å starte arbeidet med å definere sine eigne mål for FoU.
Men bør vi ha ein heilt eigen FoU-strategi? Er det ikkje rett å avklare dei overordna måla for FoU i strategiplanen? Og vi har faktisk også FoU-strategiar heilt ned på avdelingsnivå. I det minste har dette vore ambisjonen tidlegare, om det har variert kva betydning det faktisk har hatt.
Eg meiner det kan vere forvirrande å ha to planar som omtalar delvis same området, som ikkje vert vedtatt av styret på same tid og faktisk ikkje har dei same prioriteringane. Vi kan rette dette opp no i år ved å vedta overordna mål for FoU og så sette meir konkrete handlingsmål for FoU i ein handlingsplan. Det er i alle fall heilt klart at dei to planane ikkje er samkøyrte. I den gjeldande strategiplanen står følgjande om FoU:
  1. HVO skal stimulere til tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid
  2. HVO skal auke internasjonaliseringa av FoU-arbeidet
  3. HVO skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt
  4. HVO skal organisere forskingsgrupper som støtte for forskarane
Dette er fire mål som det er vanskeleg å vere usamd i. Men kva status har desse fire måla i «Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015? Tverrfagleg arbeid er ikkje nemnt i det heile, studentinvolvering er ikkje spesielt bindande forumulert og heller ikkje forskingsgrupper er omtala i FoU-planen.
Vi står oss godt på mange område innanfor forsking og utvikling, men har også klare utfordringar. Blant anna har vi dei siste åra sendt få søknader om forskingsmidlar og har dermed også fått lite gjennomslag. Vi har også hatt som mål å etablere forskingsgrupper, men det har gått seint. Det betyr ikkje at vi bør stoppe arbeidet. Vi ser i evalueringa av humanistiske fag og dei komande evalueringane av samfunnsfag og utdanningsfag at det blir teke for gitt at vi har fungerande forskingsgrupper. Med god grunn.
Forskingsrådets evaluering av humanistisk forsking:
Eit anna spørsmål – og i høgste grad strategisk!  – er om vi har for mange sentrale støtteordningar for FoU? Kanskje ein del av dei sentrale midlane – eller ordningane – kan flyttast til avdelingane. Kanskje kan då FoU-administrasjonen få frigjort ressursar til å støtte forskingsgrupper og -søknader.
Eit anna strategisk spørsmål er om Høgskulen i Volda skal halde fram med å årleg omfordele over 4 millionar kroner etter dokumentert formidling gjennom lærebøker, mediebidrag, kunstnarlege bidrag og andre dokumenterte bidrag. Samtidig får høgskulen tilført ca 2-3 mill gjennom forskingspublisering (vitskaplege artiklar, fagbøker). Kanskje er vi i overkant generøse når det gjeld formidling.
Rektor meiner: Forskingsgrupper og prosjektarbeid, særleg søknadsarbeid, bør styrkast gjennom bruk av FoU-tid og styring av ressursar på avdelings- og fellesnivå. Vi bør styrke forskinga ved å redusere potten til formidling og bruke midlane til å styrke vitskapleg publisering og prosjektarbeid.

Utfordring 3? Gjennomføring. Har vi for mange planar?
Det er ingen mangel på planar ved Høgskulen i Volda. Kanskje har vi for mange planar med avgrensa fokus og med for svak kopling til den overordna strategiplanen?
Her er ein del av planane og rapportane ved Høgskulen i Volda.
Det finst planar også på andre nettsider. Til dømes er rapport om studiekvalitet er å finne  denne sida.
Dei siste to-tre åra har høgskulestyret truleg handsama mellom 20 og 30 rapportar og planar – det er nok klart i overkant av det som er ønskjeleg for at eit styre skal beholde oversyn og sjå dei lange linjene.
I sum håper eg både styre og leiing kan få eit sterkare fokus på strategiske spørsmål. Med så mangfaldig og stor aktivitet  som vi har ved Høgskulen i Volda er det lett å drukne i detaljar. Vi bør difor unngå å sende handlingsplanar til styret fleire gonger i året – utan at styret ber særskilt om det.
Eitt steg i denne retninga tok vi då styret for fleire år sidan delegerte nye emne til Strategisk studienemnd. I år har styret vedtatt å delegere tilsetting av professorar og dosentar til tilsettingsutvalet for fagleg tilsettte – i første omgang som ei prøveordning for eit par år framover.
Rektor meiner: Alle som arbeider med planar på Høgskulen i Volda bør vurdere sine planar i høve til overordna strategiplan og mål og deretter legge opp meir detaljerte planar og konkrete handlingsplanar i tråd med det.
Strategi og organisasjon
Har vi rett organisasjon til å nå våre strategiske mål?
Det kan godt hende at ønskje om endringar i organisasjonen kjem fram i løpet av strategiprosessen. Skal vi gjere endringar bør dei grunngjevast med at vi lettare kan nå våre strategiske mål. Eventuelle større endringar bør ein ha gode grunnar for å gjere før i 2018-2019. Kva meiner eg så med større organisasjonsendringar? Det kan vere styreform, leiing, avdelingsinndeling og liknande spørsmål. Blant anna ønskjer stortinget tilsett framfor valde rektorar i høgre utdanning. Vi bør tenkje over kvar vi skal først. Og deretter vurdere om vi er rett skodd for å gå dit.
Rektor meiner: Eventuelle endringar av organisasjonen bør vi vurdere å gjere etter at vi har tenkt gjennom strategien.
Til slutt: Eg håper at strukturprosessen blir gjort på ein måte som gir kvar einskild tilsett høve til å delta. Både fordi eg trur det gjev ein betre prosess – men også fordi det er ein styrke for høgskulen at dei tilsette kjenner dei strategiske prosessane og prioriteringane.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar