Nettavisa Khrono – ein viktig suksess i Høgskulenoreg

Nettavisa Khrono er eigd av Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) og har på få år blitt ein viktig nyskaping i Universitets- og høgskulesektoren. Det blir feil å seie at nettavisa hadde ein sped start – den slo til frå starten av med ein solid redaksjon og markerte seg sterkt med å vere oppdatert på hendingar i heile sektoren – ikkje berre for HIOA.

Dette er ein viktig suksess – fordi vi for første gong har fått eit felles fokus for spørsmål som gjeld alle – eller dei fleste – institusjonar i UH-sektoren. Tidlegare har nok nettavisene hatt nok med sin eigen institusjon. Eg trur dette er ei viktig nisje å fylle i nyhendelandskapet. Også fordi vanlege nyhendemedia er stort sett svært svake på å skrive om forsking, høgskular, universitet og studentliv.

Khrono-redaktør Tove Lie kan kose seg over gode lesartal og konstaterer at Khrono går «over all forventning».

Nettavisa Khrono - sterke lesartal.

I 2014 gjorde Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei evaluering av Khrono – i hovudsak med dei same resultata. Evalueringa er gitt ut i skriftserien til Høgskulen i Volda:

Høgskulen i Voldas rapport nr. 60: Khrono i krysspress. Av Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen, Volda, 2014

Det er kanskje litt paradoksalt, men Khrono når i liten grad fram til den vanlege student. Derimot vert Khrono lest av mange studentar som er opptatt av styre og stell av eigen institusjon, av studentdemokratiet og gjerne har fått nokre år på baken på institusjonen er ivrigare lesarar enn dei yngste studentane. Dette er ei nøtt å knekke både for redaktør Lie og dei som finansierer nettavisene. For det er ikkje billeg å halde i gang gratis nettaviser.

Andre nettaviser og nettstader for og i UH-sektoren:

Khrono er ikkje aleine om å publisere nyhende om vår sektor – men dei er nok stort sett mest oppdatert etter mi vurdering. Khrono har også vorte eit slags nav i samarbeid mellom ulike UH-media, og det er nok både viktig og nødvendig. Samtidig som det også her er like viktig og nødvendig med konkurranse.

Her er eit knippe andre nettaviser og nettstader i UH-sektoren.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Nettavisa Khrono – ein viktig suksess i Høgskulenoreg»

  1. Wow, tusen takk for gode ord og merksemd, medieprofessor og rektor Roppen! Eg skulle nok ha sett denne for to veker sidan, men den fór forbi, sjølv om eg er abonnent på bloggen din.
    Takk igjen. Og ha ein finfin sommar!

Legg igjen en kommentar