Bergen – Volda: Leksikografi og arbeidsdeling

Helsing på nasjonalt arbeidsseminar i høve flytting av dei nasjonale språksamlingane frå UiO til UiB, Hotel Terminus, Bergen, 14. April 2016.

Av Tor Arne Haugen (professor) og Johann Roppen (rektor)

Høgskulen i Volda er glad for å vera med på den viktige nasjonale oppgåva det er å vidareføra språksamlingane. Vi er glade for at Universitetet i Bergen har invitert til eit breitt samarbeid om dette.

Nynorsk i undervisning, forsking og formidling er eitt av tre nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda, i lag med fleksible vidareutdanningar og yrkesretta medieutdanning.

Interessa for språket og for orda dreiv bondesonen Iver Andreas Aasen frå Ørsta til å samla inn og systematisera det norske folkemålet. Han ville visa at dette kunne danna grunnlaget for eit fullverdig norsk skriftspråk, som ikkje stod noko tilbake for det danske. Med landsmålet sitt la han òg eit viktig grunnlaget for ein norsk skriftkultur med eit uttrykksmiddel fleire kunne kjenna seg heime i.

Med fullføringa av Norsk ordbok i vår er ei djerv og ambisiøs vidareføring av Aasens verk fullført. Dei tolv banda inneheld meir enn 300 000 oppslagsord, og er med det eitt av dei største ordboksverka i verda. Ved Høgskulen i Volda vil vi gjerne bidra til å ta vare på denne kulturskatten og til å gjera han endå meir tilgjengeleg for publikum.

Den nynorske klynga i Volda og Ørsta har eit breitt spekter av undervisning, forsking og formidling på det nynorske feltet. Ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, fødestaden til Aasen, har Nynorsk kultursentrum eit dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum driv òg nynorsk-leksikonet Allkunne, som held til i tunet.

I tilkyting til høgskulen har vi Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er retta mot språkleg opplæring både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Nynorsksenteret driv fagdidaktisk utviklingsarbeid, og gjennom nettbasert og anna formidling støttar dei skular med kunnskapsbasert materiale om god praksis.

Vi har i mange år hatt sterke fagmiljø på medieområdet og over 300 studentar på området. Dei tek  utdanning i fleirmedial journalistikk – kringkasting, nettmedia og avis, animatørar, PR og kommunikasjonsarbeidarar, digital kompetanse i læring  og tilbyr mastergrad i dokumentar.  Desse fagmiljøa vil kunne vere viktige samarbeidspartar også inn mot språksamlingane og ordboksarbeid.

Ved Institutt for språk og litteratur tilbyr vi master i nynorsk skriftkultur, samstundes som vi har lang erfaring med nettbaserte studium innanfor nordiskfaget. Vi har allereie gode relasjoner til Bergen gjennom mellom anna Nynorsknettverket i UH-nett Vest. Ved å knyta oss tettare til det sterke nordiskmiljøet i Bergen vil potensialet for moglege samarbeidsprosjekt auka ytterlegare. Forvaltinga av Språksamlingane og Norsk ordbok er døme på prosjekt som eignar seg særs godt for samarbeid.

Det var gjennom samarbeidet i den nynorske klynga i Volda og Ørsta at ideen om å vidareføra Norsk ordbok i Volda kom opp. Av den leksikografiske verksemda knytt til samlingane er det dette ordboksverket vi har tenkt mest på så langt, og vi er i gang med eit prosjekt som skal munna ut i brukarrettleiing for verket. Vi er glade for at Lars Vikør har teke på seg det faglege ansvaret for dette prosjektet, som vi tek sikta på å ha ferdig 1. november i år. Denne brukarrettleiinga vil sjølvsagt òg kunna danna grunnlaget for ei digital utgåve seinare. Av vidare utvikling og formidling er det klart atdigitalisering av dei første banda må stå øvst på lista. Det er framifrå at dei tolv banda med dei raude ryggane no er komplette, men det norske folk fortener også enkel tilgang til den skatten dette ordboksverket utgjer, og som så mykje anna er framtida til humaniora digital. Vi vil alle ha tilgang til ordbøker på nettbretta og smarttelefonane våre, og kvifor då ikkje nytta eit forskingsbasert verk med over 300 000 oppslagsord? I framtida bør vi kunna starta opp «Norsk ordbok-appen» på telefonen vår og få tilgang til eit av dei største humanistiske forskingsprosjekta nokon gong. Eigne appar burde også vera ein interessant måte å formidla Nynorskordboka og
Bokmålsordboka. Slik kunne desse store publikumstenestene bli endå meir tilgjengelege.

Eit leksikografisk miljø vil kunna vera eit utmerka tilskot til den nynorske klynga i Volda og Ørsta. Med fleire institusjonar som arbeider med formidling, forsking og undervisning, bør moglegheitene vera gode for å draga nytte av kvarandre og utvikla gode tenester for publikum. Leksikografien er kan henda den viktigaste greina av språkvitskapen som er retta mot eit allment publikum, og med Norsk ordbok kan vi visa at ei ordbok kan vera noko meir enn ein stad der ein slår opp kva som er rett og gale. Kategoriane og konsepta som er så viktige for det menneskelege tilværet at dei har fått eigne ord, er her dokumenterte i si fulle breidd. Ord er vitnemål om tilværet vårt, og slår ein opp på ord i Norsk ordbok, som er innanfor bolken som allereie er digitalisert, blir ein mint om at det ikkje alltid er lett å finna dei rette orda for tankane våre, men når vi gjer det, er orda våre eigne, og vi kan veksla nokre av dei med andre.

Vi er glade for at Universitetet i Bergen har teke på seg ansvaret for å taka vare på og vidareutvikla språksamlingane, og at ein vil lata oss ved Høgskulen i Volda ha eit ord med i laget. Vi håpar dette kan vera starten på eit endå tettare samarbeid mellom institusjonane våre, og vi ønskjer lukke til med det vidare arbeidet.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar