Høgskulen, husa og ideane.

Haugianarane var radikale for si tid – blant anna ved å gi høve til kvinner til å tale – og skrive. Men i generasjonen etter Berte Kanutte tok nok radikalismen fleire steg vidare, også i Volda.

Som anneks til Berte Kanutte-huset har vi nemleg Synnøve Riste-huset. Synnøve Riste var ei radikal ung kvinne som gjorde både språkleg og sosialt opprør mot si tids konvensjonar når det gjeld både språk og korleis ein skulle leve. Ho var definitivt ikkje ein pietist.

Og i ei så kvinnesterk og kompetent forsamling passar det bra å sitere Synnøve Riste:

Eg tenkjer den tidi maa koma no, daa me ikkje ser paa gjenta berre som ei «gjøledokke», som ikkje duger til annat enn aa sulla i svevn ein skrikande unga og koka ein skapeleg graut. Skal kvinna verta det ho skal, lyt ho opplærast ikkje berre til aa skyna mannen sine tankar og interesser – endaa det me vilde vera eit bra framsteg – men ho skal kunne liva sitt eiget tankeliv og hava eit sjølvstendugt, fritt syn paa livets spurssmaal, med eit ord: trælemerket skal sopast vekk fraa panna hennar ogso paa dette umraadet.

Sitatet er henta frå Lokalhistoriewiki.

Og dette sa ho altså tilbake i 1888, eitt år før ho døydde. I barsel.


Og for å gjere bildet komplett: Det siste og nyaste huset på høgskuleområdet har fått namn etter Sivert Aarflot, som dreiv det første trykkeriet og i 1810 gav ut den første avisa på landsbygda i Noreg. Det er svært passande at medieutdanningane ved Høgskulen i Volda held til der.

Så også i dag er språk og skriftkultur viktig på Høgskulen i Volda, både for vår historie og identitet, men også i kvardagen. Det viser seg blant anna at vi no har inne til akkreditering hos NOKUT ei doktorgradsutdanning som får namnet: Ph.d. i Utdanning, språk og kultur.

Vi har fleire forskingsgrupper som har språk og/eller litteratur i tittelen sin – blant anna forskingsgruppa som har gitt namn til denne konferansen: «Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning».

Dei har som sitt fokus:

•    Inkludering og antirasistisk arbeid
•    Fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv på utvikling og læring hos barn og unge 
•    Norskopplæring i eit andrespråksperspektiv 


Men når eg ser på breidda i tema i innlegga på denne vitskaplege konferansen så forstår eg at dette er eit stort fagområde og med utruleg mange moglege problem og tilnærmingar. Eg er sikker på at de får to spennande dagar!

Av heilt aktuelle spørsmål må vi også nemne at vi i mange år har hatt eit studietilbod i Norsk for internasjonale studentar, eller som det heiter på engelsk:  «Norwegian language and civilization for international students (NIS)». På eitt år lærer internasjonale studentar nok om norsk språk og kultur til at dei kan gå vidare på norskspråklege studietilbod.

Vi er svært skuffa over at regjeringa har innført skulepengar for studentar utanfor EØS og Sveits – vi trur ikkje det er bra for internasjonalisering – eller for norsk språk.

Men eg vil gjerne avslutte med noko langt lystigare:

Då eg snakka med arrangørane nokre dagar før konferansen vart eg også glad for å få høyre at lærarstudentane i Volda ofte vel norsk som andrespråk inn i sine fagkombinasjonar – anten dei no tek det innanfor ein GLU master i retning norsk – eller i retning spesialpedagogikk. Og det viser seg at dette er etterspurt kompetanse i arbeidsmarknaden.

Ein av våre kandidatar som hadde ein slik fagkombinasjon fekk fire jobbtilbud i løpet av ein ettermiddag! Så eit meir arbeidslivsrelevant studium er det vanskeleg å kome, og arbeidslivsrelevans er jo eitt av vår tids mantra i høgare utdanning. Så for meg ser det ut til at norsk som andrespråk både er eit fagområde som har dugande og ivrige fagfolk, interesserte studentar – og at arbeidsmarknaden etterspør kompetansen frå dei ferdige kandidatane.

Så godtfolk: Lukke til med konferansen!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.