Aviskommentar: Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig høgskule

Kommentarartikkel sendt til ei rekkje aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 12. juni 2016.

 

Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Styret ved Høgskulen i Volda inviterte tidlegare i vår Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dette blei avvist av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Først ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok å innleie fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Og like før helga vart det klart at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med røystetala 6-5 vedtok å godkjenne fusjonsforslaget og dermed går sørover og ikkje mot Volda. Dette kan vi i Volda berre respektere og akseptere, men ønskjer å halde fram med faglege samarbeid.
Tidlegare har det vorte klart at Høgskulen i Møre og Romsdal ikkje blir noko av, fordi NTNU overtok Høgskolen i Ålesund. Vi prøvde også å få til ein allianse mellom Volda, Molde og Lillehammer, men dette har Kunnskapsdepartementet avvist.
Men det er inga ulukke for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Land og strand rundt strevar universitet og høgskular med til dels svært kompliserte fusjonsprosessar der mange fagmiljø og studiestader skal finne sin plass. I Volda kan vi i staden konsentrere oss om det jamne, harde arbeidet med å levere stadig betre kvalitet på utdanning og forsking. Og det er svært gledeleg å legge fram tal som syner at vi lukkast på mange område.
Særleg viktig er det at studentane ved Høgskulen i Volda er dei flinkaste i landet til å fullføre bachelorutdanning. Etter nasjonale målingar dei tre siste åra er det ca 60 prosent av våre bachelorstudentar som blir ferdige på dei tilmålte tre åra. Landsgjennomsnittet er 50 prosent. Dette er ikkje berre viktig for oss, men også for OECD og produktivitetskommisjonen som seier at dårleg gjennomføring av utdanning er ei av dei største utfordringane i norsk høgare utdanning. Så dette er ikkje viktig berre for Volda og for regionen – men også nasjonalt og internasjonalt.
Kvifor lukkast vi så bra i Volda? Dette handlar både om gode lærarar som bryr seg om studentane, motiverte studentar, eit godt studentmiljø og at studentane faktisk har råd til å vere studentar på fulltid i Volda. Det er korte avstandar og mange hyblar til ein grei pris i Volda. Eiksundtunnelen og Kvivsvegen har også gjort det lettare for fleire studentar i regionen å bu heime og å pendle til Volda. Enn så lenge har vi også gratis parkering. Hausten 2016 kjem vi truleg til å sette ny rekord i tal på studentar, noko som heilt sikkert kjem av at også studentane veit kva kvalitetar det er ved å studere i Volda.
Studentane rapporterer då også om at dei trivst godt i Volda og har i praksis vist seg å vere våre viktigaste ambassadørar for å rekruttere nye studentar.

 

Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.

Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.

Av Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda.

Bolk – digitalisering og kvalitetsheving

BOLK er eit døme på at digitalisering ikkje treng om å vere smertefritt, gratis eller arbeidssparande – i første omgang. Men vi kan heller ikkje la vere.

Dei to viktigaste tinga vi har lært etter eitt år med BOLK er:

  1. Lag pensumliste og kompendium i god tid – det er for seint å starte etter 1.juli fordi klarering i BOLK kan ta lang tid.
  2. Sjekk alle pensumreferansar i ORIA – då finn du ut om litteraturen er tilgjengeleg i elektronisk versjon.

Våren 2015 vedtok Strategisk studienemnd at Høgskulen i Volda skulle gå over til å bruke BOLK for klarering og produksjon av kompendium:

Sak 9/15: Strategisk studienemnd vedtek at Høgskulen i Volda tek i bruk modell 2: Alle kompendium vert laga som PDF og skal berre distribuerast som PDF

Tenestene som BOLK tilbyr er både klarering av opphavsrett til kompendietekster og digital produksjon av kompendia. BOLK er eigd av Kopinor. Gjennom BOLK kan Kopinor på ein lettare og sikrare måte få betaling for bruk av artiklar og bokkapittel i våre kompendium. Mange fagtilsette ved HVO er med i organisasjonar som er med i Kopinor-paraplyen. Som til dømes Den norske forfattarforening, Norsk Faglitterær Forfattar- og oversettarforening, Norsk Journalistlag og andre. Ei krone til Kopinor blir altså ei krone til sin eigen organisasjon.

Det er nok liten tvil om at det blir laga kompendium ved Høgskulen i Volda – både før og no – utan at klarering av og betaling for opphavsrett er ordna på skikkeleg vis. På den måten taper fagtilsette indirekte inntekter ved at Kopinor ikkje får rett betaling. Og det er heller ikkje lovleg.

Etter at vi tok i bruk BOLK har vår betaling til Kopinor auka med ca 50 prosent – frå knapt ein million i 2014 til ca 1,5 mill i 2016. Rekninga blir sendt vidare til studentane, og om studantane får betre kvalitet på tenestene frå oss så er det antakelig verd prisen. Kanskje sparer også studentane på dette samla sett fordi dei får gode kompendium i staden for ei og anna fagbok.

Eit heilt anna spørsmål er om BOLK er eit godt system. Det er det førebels ikkje. For fagtilsette varierer det mykje om litteratur er tilgjengeleg gjennom BOLK. Om litteraturen ikkje finst må den klarerast av BOLK, og det har i ein del tilfelle gått lenger enn dei to vekene som BOLK seier ein må rekne med. Ein ting er at ting tar tid – verre er det når ein ikkje veit når ting blir ferdig. Slikt skapar uvisse, irritasjon – og antakelig avvising av heile systemet.

Det var nok mange av oss som trudde at BOLK var lettare å ta i bruk enn det faktisk viste seg å vere. Vi sette difor heller ikkje av nok ressursar til opplæring eller til å yte god nok service til dei  mange fagtilsette som skulle ta i bruk BOLK. Men for våre studentar og andre samarbeidspartar er det uansett den samla opplevinga av kva vi leverer som er viktig, og her har vi eit felles ansvar.

Lærdommen frå det første året er å starte så tidleg som råd med å lage kompendium i BOLK. Det er ein risikosport for studentane og studiekvaliteten om kompendia først blir tilgjengelege langt ut i semesteret.

For å gjere det heilt klart: Vi kan ikkje avdigitalisere kompendieproduksjonen.

Ein annan mangel ved BOLK er at somme filer som BOLK sjølv har levert ikkje er av god nok kvalitet. Dei er rett og slett ikkje leselege. Dette har BOLK fått beskjed om, og må skjerpe kvalitetskontrollen og raskt rette opp slike feil når vi som brukarar gir beskjed om det. Igjen: Vi må starte arbeid med kompendium så tidleg som råd.

I møtet med eit system som vert opplevd som tungvint har mange fagtilsette fått hjelp frå sine fagleg-administrative tilsette. Eg håper at dette korpset no etter eitt års arbeid med BOLK har fått nyttige erfaringar som kan brukast til kompendieproduksjonen no i haust. Dei har brukt mange timar på å hjelpe fagtilsette med å lage kompendium.

For somme emne har nok truleg dei fagtilsette heller sett bøker på pensumlistene framfor artiklar eller bokutdrag. Mange studentar vil nok sette pris på akkurat det, men når det gjeld val av litteratur må fagmiljøa gjere sine eigne vurderingar.

Det er framleis mange uavklara spørsmål knytt til korleis vi skal organisere oss internt. Og det gjeld både ansvar, kompetanse og økonomi.

Kva ansvar har fagmiljøa?

Det faglege ansvaret for pensumlistene må naturlegvis fagmiljøa ta – og det er kanskje den største fordelen med BOLK: Dei fagtilsette kan få veldig god kontroll over kompendieproduksjonen. For ein del kompendium har det vore berre å sette saman kompendiet og trykke på send – og så blir kompendiet produsert. Eg er klar over at i praksis har det ikkje vore så enkelt som dette, dessverre. Sjølv om ein kan få inntrykk av at det er slik i reklamefilmen på BOLKS nettsider.

Fagmiljøa har naturlegvis heilt og fullt ansvar for det faglege innhaldet i pensumlistene. Men også når det gjeld form og kvalitetssikring av pensumlistene så har fagmiljøa eit ansvar. På denne nettsida finn du råd og retningsliner for skriving og sitering ved Høgskulen i Volda – blant anna råd og retningsliner for digitale kompendium.

I retningslinene for pensumlister står blant anna følgjande:

Sjekk av pensumlista
Før pensumlista vert publisert bør ein sjekke at denne har:
– Alfabetisk sortering
– Rett forfattarnamn og tittel
– Siste utgåve av boka/bøkene. Tips: Søk i Oria www.oria.no
– For eldre bøker: Er desse framleis til sals?
– Korrekt referansestil (t.d. APA)

Det burde også stått i denne sjekklista at alle pensumreferansar bør sjekkast i Oria for å finne ut kvar dei er tilgjengelege, eller i praksis: Om dei er tilgjengelege i elektronisk versjon. Stadig fleire tidsskriftartiklar blir tilgjengelege i Oria, og Nasjonalbiblioteket fyller stadig vekk på med digitale utgåver av norske bøker.

Somme fagtilsette har teke for lett på å sjekke tilgjenge tidlegare. Diverre skaper det problem for andre – særleg bokhandelen og biblioteket – og siste instans studentane.

I ekstreme tilfelle har litteratur ikkje vore tilgjengeleg i bokhandelen før svært nær eksamen, har Studenttinget rapportert om. Det er naturlegvis ikkje holdbart. Så fagtilsette bør også ta eit ansvar for at litteratur faktisk er tilgjengeleg for studentane i god tid før semesterstart – spesielt om ein vel å sette opp vanskeleg tilgjengeleg litteratur. Ideelt sett burde nok litteraturen – også kompendia – vore klare i god tid før sommarferien. Somme studentar ønskjer faktisk å lese i sommarferien og då bør pensum vere spikra og litteraturen tilgjengeleg.

Lang tid på godkjenning av litteratur som ikkje ligg i BOLK blir berre ein ny versjon av dette problemet.

Noko anna er at somme pensumlister faktisk blir justerte heilt fram til studiestart. Det er uheldig. Studentane fortel at dei har kjøpt bøker i god tid – som ved studiestart viser seg har vorte fjerna frå pensum. Eg trur ikkje pensum blir av vesentleg betre kvalitet om ein lagar listene ferdig i all hast i august framfor å gjere det ferdig i juni. Så igjen: Gjer ting ferdig i god tid.

Kva med studentane?

For studentane bør det ikkje spele noko rolle korleis høgskulen organiserer og styrer med BOLK. Studentane bør få pensumlistene tidleg og vere sikre på at litteraturen er lett tilgjengeleg i god tid før studiestart. Om det ligg ei pdf-fil i Fronter så bør studentane vite at den er lovleg og klarert. Og det er HVOs ansvar.

Men studentane vil få merke BOLK på ein annan måte. Studentane betalar semesteravgift der også utgifter til BOLK blir dekt.

Når BOLK-kostnadene aukar dekkjer ikkje lenger kopiavgifta kostnadene og dermed bør avgifta auke. Men på den andre sida vil fleire elektroniske kompendium føre til at studentane må kjøpe færre bøker, så antakelig endar totalrekneskapen til studentane i pluss.

Fakta om BOLK ved Høgskulen Volda 

  • Høgskulen i Volda har slutta å trykke opp kompendium – ein jobb der Hustrykkeriet tidlegare var sentralt.
  • I staden skal HVO lage digitale kompendium via BOLK.
  • BOLK er eit klarerings- og produksjonssystem.
  • BOLK er eigd av opphavsrettsorganisasjonen Kopinor
  • Ved Høgskulen i Volda er Marit Vartdal Engeset kontaktperson i tekniske spørmål (tilgang til BOLK osv), men ikkje i faglege spørsmål.
  • Avdelingane og dei fagtilsette har sjølve ansvaret for å lage kompendia.
  • Biblioteket yter service i spørsmål som gjeld ORIA og kan også rådspørjast ved spesielle klareringsproblem.
  • Over 100 tilsette ved HVO har i 2015 og 2016 fått tilgang til å lage kompendium i BOLK.
  • Det første året (hausten 2015 og våren 2016) har det vorte laga over 200 kompendium i BOLK ved HVO.
  • HVO tilbyr over 500 emne, så truleg er vi knapt halvvegs i innføring av BOLK ved HVO.

Økonomiske forklaringar på kvalitet?

Kvalitetsdebatten har dreia i retning av undervisningskvalitet. Det er i det minste ei retning på debatten. Men økonomiske føresetnader for å levere kvalitet manglar både i debatten og i statistikkgrunnlaget, særleg Tilstandsrapporten for høgare utdanning. Alle veit at institusjonane i høgare utdanning har svært ulik grunnfinansiering, men det er ikkje politisk vilje til å endre på dette. Men kvalitetskriteria skal visst vere nokså like – uansett finansiering.
Men kva er undervisningskvalitet? OECD og produktivitetskommisjonen har særleg vore opptatt av gjennomstrøyming: At studentane faktisk blir ferdig med utdanninga si. På normert tid.
Ut frå dette kriteriet er vi glade for å kunne notere at bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda er flinkast i landet til å fullføre på normert tid. Her har vi vore på topp i landet dei siste åra – i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eksterne kvalitetsvurderingar har ikkje synt at vi er slepphendte med karakterane – men vi treng naturlegvis ikkje om å vere svake for å bli betre.
Handlar dette om drusteleg god finansiering? Høgskulen i Volda er definitivt ikkje blant høgskulane som har best finansiering. Og det var faktisk også situasjonen i 1896 då ein akkrediteringskommisjon sa følgjande om lærarskule i Volda: «Lærernes dygtighed synes at give grund til at antage, at seminariet [Høgskulen i Volda] til trods for de væsentlige ydre mangler, (…) vil kunne opnaa at føre sine elever til det tilsigtede maal».

Mykje har skjedd på 100 år – men god finansiering har vi fortsatt ikkje i Volda. Men måla når vi. Den tids kunnskapsdepartement tilbake i 1896 ville forresten ikkje at Volda skulle bli statleg lærarskule, trass i fagleg basert tommel opp frå akkrediteringskommisjonen frå Bergen. I staden starta Henrik Kaarstad ein privat lærarskule som i 1922 vart den største i Skandinavia. Det handla truleg mest om «lærernes dygtighed».

Kaarstad-huset-lokalhistorie-wiki-1950
Volda lærarskule: Skandinavias største lærarutdanning i 1922.

I tillegg til flinke lærarar kan det også tenkjast ei tileggsforklaring på kvifor Volda leverer gode resultat trass i låg grunnløyving, og den kan også hentast i økonomien:

Ein voldastudent har faktisk råd til å vere fulltidsstudent. Husleiga er låg i Volda. Det er nok av hybler nær høgskulen. Busskort trengst ikkje. Du kan gå frå eine til andre enden av campus på fem minutt. Og fleire studentar på små stader som Volda vil også føre til mindre press på bustadmarknaden på større stader. Det er ikkje nødvendig å gjenreise heiltidsstudenten i Volda – ho har alltid vore der.

Min konklusjon er at så lenge økonomi ikkje blir drege inn i kvalitetsdebatten så er dette delvis ein skinndebatt. Det burde ikkje vere rart at godt finansierte institusjonar også leverer gode resultat og det er nok nødvendig om ein skal få fleire Nobel-prisar eller bli best på Hav. Men med vanskelege komande år i norsk økonomi er det viktig å merke seg at det også finst små fagmiljø som over tid leverer gode resultat – trass i små budsjett.

Uansett bør kvalitetsdebatten også handle om økonomi.

Ny strategi: Kvifor treng vi det?

Høgskulen i Volda har ein strategiplan. Strategiplanen gjeld til det kjem ein ny. Og i haust kjem ein ny strategiplan. Alle tilsette vil bli inviterte med inn i arbeidet med den nye planen.

Den er veldig konsentrert. Berre på litt over 2 sider og den ligg ute på nettsidene våre. Her finn du strategiplanen og andre styringsdokument:
Det er Høgskulestyret som vedtek strategiplanen – og blant anna også budsjetta våre. Leiinga, organisasjonen og dermed kvar einskild tilsett står ansvarleg for å gjennomføre strategien – helst innanfor budsjettet.
Arne Myklebust, Odd Ragnar Hunnes, Jens Standal Groven.
Leiarsamling på Hakallestranda, mai 2016.

Eller: Ny plan? Skal alt som står i den gamle planen omskrivast eller strykast? Etter mi meining trengst det meir ei justering eller revidering av strategiplanen – alt treng ikkje å skrivast på nytt.

Men same kva som blir ståande som resultatet av ein strategiplan så er prosessen fram mot resultatet minst like viktig som teksten og tiltaka som får plass i planen.

Fortsett å lese Ny strategi: Kvifor treng vi det?

Tilstandsrapporten for høgare utdanning: Voldastudentane er best på fullføring av bachelor

Tilstandsrapporten for høgare utdanning har vorte ei kjempestor hending i høgare utdanning i Noreg. Det er på mange måtar fortent.

Tilstandsrapporten gjev viktig informasjon på tvers av utdanningar og utdanningsinstitusjonar.

Årets rapport vart offisielt sett sleppt med eit stort seminar måndag 2. mai – eller: Eigentleg kom Kunnskapsdepartementet med nokre smådrypp litt før, noko blant anna Khrono hadde plukka opp – og fokuserte på stort fråfall i høgare utdanning.

Fortsett å lese Tilstandsrapporten for høgare utdanning: Voldastudentane er best på fullføring av bachelor

Lokalavisene: Utryddingstrua samfunnsbyggjar?

Korleis blir blir lokaldemokratiet utan lokalaviser? Vil Facebook og nettkommentarar gje oss nyhenda vi treng og sikre gode debattforum i framtida? Neppe. Kanskje er det på tide å gje lokalavisa varig vern?

Artikkel i magasinet RISS – utgjeve av Møre og Romsdal Fylkeskommune, april 2016. Last ned heile magasinet her.

RISS, april 2016
RISS, april 2016

Fortsett å lese Lokalavisene: Utryddingstrua samfunnsbyggjar?

Søking til HVO: Sterkare konkurranse om plassane – og truleg ny studentrekord hausten 2016

Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2016
Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2015. Blir vi fleire i 2016?

15. april gjekk søknadsfristen i Samordna opptak ut, og få dagar etterpå kunne instusjonar i høgare utdanning fortelje om søkjartala til sin institusjon.

For Volda sin del kan eg alt i dag seie følgjande om Høgskulen i Volda, hausten 2016:

Dette meiner eg er det viktigaste å få fram no, og dette går også fram av omtalen av søkjaratala på våre eigne nettsider:

Hivolda.no: Rekordmange førsteprioritetssøkjarar

Når dette er sagt så må det samla bildet også nyanserast – og analyserast, og det har vi så vidt starta med.

Nettavisa Panorama (og Khrono) har også omtala våre søkjartal og lurer på korleis vi reknar, og om vi har samanlikna epler og pærer når vi går ut med både søkjartal frå Samordna opptak og frå lokalopptak:
http://panorama.himolde.no/2016/04/21/epler-og-paerer-i-hivoldas-sokertall/
http://khrono.no/campus/2016/04/ulik-tallpraksis-i-volda-og-molde

Andre høgskular og universitet får vurdere korleis dei presenterer sine tal, men vi står for vår presentasjon av våre eigne tal:

Det samla talet på søkjarar til høgare utdanning i heile Noreg auka med ca 3,2 prosent samanlikna med i fjor, viser tala frå Samordna opptak. Høgskulen i Volda har ein nedgang i søkjartala i Samordna opptak på 2,58 prosent. Men det er berre teljarsida av brøken i prosentutrekninga. Ein må også sjå på nemnaren.

Vi har klart færre studieplassar i Samordna opptak i 2016 enn året før fordi deltidsutdanningar har vorte lagt ned eller tekne inn i lokalopptak.

Talet på søkjarar pr studieplass ved Høgskulen i Volda har dermed auka frå 1,3 i fjor til 1,6 i 2016. Vi har altså litt færre søkjarar enn fjor, men mykje færre studieplassar å konkurrere om.

Konkurransen om å få studieplass i Volda har auka sterkt på studia i Samordna opptak.

Dei siste åra har under halvparten av studentane som tek til på Høgskulen i Volda kome inn via Samordna opptak. Over halvparten tek vi opp gjennom lokalopptak der studentane søkjer på studieplass direkte hos oss.

Det er eit detaljert regelverk for kva studium som skal leggast ut i samordna opptak, og pr i dag har Høgskulen i Volda 33 studium i Samordna opptak, men vi har lokalopptak på godt over 100 studium i tillegg. Og på lokalopptaket tek vi opp studentar fortløpande, også litt etter studiestart om det er ledige plassar. Så det endelege talet på søkjarar og studentar som faktisk tek til hos oss veit vi ikkje før langt ut i september. Men vi har jo fått litt erfaring i å vurdere tala.

Så kva gir det rettaste bildet av utviklinga i søkjartal pr i dag? Burde vi fokusere berre på Samordna opptak? Eg meiner vi bør gje eit mest muleg fullstendig bilde av søkjartala – både av omsyn til søkjarane og til alle andre, og då kan vi ikkje la vere å omtale lokalopptaket.

Eg trur ryktet om vårt gode studentmiljø, god kvalitet på undervisning og at studentane trivst ved Høgskulen i Volda er gode forklaringar på den positive utviklinga.

Tal frå det nasjonale Studiebarometeret viser då også at voldastudentane er godt nøgde med å studere, leve og oppleve Volda.

Når det er sagt så er det også tankevekkjande at vi har færre studieplassar i samordna opptak – det er ikkje bra for grunnutdanningane våre.

Eg gler meg alt til studiestart hausten 2016 og ser fram til å møte eit rekordstort tal studentar til semesteropninga tysdag 16. august 2016, kl 12.00.

Glad rektor på semesteropning hausten 2015
Glad rektor på semesteropninga hausten 2015

Bergen – Volda: Leksikografi og arbeidsdeling

Helsing på nasjonalt arbeidsseminar i høve flytting av dei nasjonale språksamlingane frå UiO til UiB, Hotel Terminus, Bergen, 14. April 2016.

Av Tor Arne Haugen (professor) og Johann Roppen (rektor)

Høgskulen i Volda er glad for å vera med på den viktige nasjonale oppgåva det er å vidareføra språksamlingane. Vi er glade for at Universitetet i Bergen har invitert til eit breitt samarbeid om dette.

Nynorsk i undervisning, forsking og formidling er eitt av tre nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda, i lag med fleksible vidareutdanningar og yrkesretta medieutdanning.

Interessa for språket og for orda dreiv bondesonen Iver Andreas Aasen frå Ørsta til å samla inn og systematisera det norske folkemålet. Han ville visa at dette kunne danna grunnlaget for eit fullverdig norsk skriftspråk, som ikkje stod noko tilbake for det danske. Med landsmålet sitt la han òg eit viktig grunnlaget for ein norsk skriftkultur med eit uttrykksmiddel fleire kunne kjenna seg heime i.

Med fullføringa av Norsk ordbok i vår er ei djerv og ambisiøs vidareføring av Aasens verk fullført. Dei tolv banda inneheld meir enn 300 000 oppslagsord, og er med det eitt av dei største ordboksverka i verda. Ved Høgskulen i Volda vil vi gjerne bidra til å ta vare på denne kulturskatten og til å gjera han endå meir tilgjengeleg for publikum.

Den nynorske klynga i Volda og Ørsta har eit breitt spekter av undervisning, forsking og formidling på det nynorske feltet. Ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, fødestaden til Aasen, har Nynorsk kultursentrum eit dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Nynorsk kultursentrum driv òg nynorsk-leksikonet Allkunne, som held til i tunet.

I tilkyting til høgskulen har vi Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er retta mot språkleg opplæring både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Nynorsksenteret driv fagdidaktisk utviklingsarbeid, og gjennom nettbasert og anna formidling støttar dei skular med kunnskapsbasert materiale om god praksis.

Vi har i mange år hatt sterke fagmiljø på medieområdet og over 300 studentar på området. Dei tek  utdanning i fleirmedial journalistikk – kringkasting, nettmedia og avis, animatørar, PR og kommunikasjonsarbeidarar, digital kompetanse i læring  og tilbyr mastergrad i dokumentar.  Desse fagmiljøa vil kunne vere viktige samarbeidspartar også inn mot språksamlingane og ordboksarbeid.

Ved Institutt for språk og litteratur tilbyr vi master i nynorsk skriftkultur, samstundes som vi har lang erfaring med nettbaserte studium innanfor nordiskfaget. Vi har allereie gode relasjoner til Bergen gjennom mellom anna Nynorsknettverket i UH-nett Vest. Ved å knyta oss tettare til det sterke nordiskmiljøet i Bergen vil potensialet for moglege samarbeidsprosjekt auka ytterlegare. Forvaltinga av Språksamlingane og Norsk ordbok er døme på prosjekt som eignar seg særs godt for samarbeid.

Det var gjennom samarbeidet i den nynorske klynga i Volda og Ørsta at ideen om å vidareføra Norsk ordbok i Volda kom opp. Av den leksikografiske verksemda knytt til samlingane er det dette ordboksverket vi har tenkt mest på så langt, og vi er i gang med eit prosjekt som skal munna ut i brukarrettleiing for verket. Vi er glade for at Lars Vikør har teke på seg det faglege ansvaret for dette prosjektet, som vi tek sikta på å ha ferdig 1. november i år. Denne brukarrettleiinga vil sjølvsagt òg kunna danna grunnlaget for ei digital utgåve seinare. Av vidare utvikling og formidling er det klart atdigitalisering av dei første banda må stå øvst på lista. Det er framifrå at dei tolv banda med dei raude ryggane no er komplette, men det norske folk fortener også enkel tilgang til den skatten dette ordboksverket utgjer, og som så mykje anna er framtida til humaniora digital. Vi vil alle ha tilgang til ordbøker på nettbretta og smarttelefonane våre, og kvifor då ikkje nytta eit forskingsbasert verk med over 300 000 oppslagsord? I framtida bør vi kunna starta opp «Norsk ordbok-appen» på telefonen vår og få tilgang til eit av dei største humanistiske forskingsprosjekta nokon gong. Eigne appar burde også vera ein interessant måte å formidla Nynorskordboka og
Bokmålsordboka. Slik kunne desse store publikumstenestene bli endå meir tilgjengelege.

Eit leksikografisk miljø vil kunna vera eit utmerka tilskot til den nynorske klynga i Volda og Ørsta. Med fleire institusjonar som arbeider med formidling, forsking og undervisning, bør moglegheitene vera gode for å draga nytte av kvarandre og utvikla gode tenester for publikum. Leksikografien er kan henda den viktigaste greina av språkvitskapen som er retta mot eit allment publikum, og med Norsk ordbok kan vi visa at ei ordbok kan vera noko meir enn ein stad der ein slår opp kva som er rett og gale. Kategoriane og konsepta som er så viktige for det menneskelege tilværet at dei har fått eigne ord, er her dokumenterte i si fulle breidd. Ord er vitnemål om tilværet vårt, og slår ein opp på ord i Norsk ordbok, som er innanfor bolken som allereie er digitalisert, blir ein mint om at det ikkje alltid er lett å finna dei rette orda for tankane våre, men når vi gjer det, er orda våre eigne, og vi kan veksla nokre av dei med andre.

Vi er glade for at Universitetet i Bergen har teke på seg ansvaret for å taka vare på og vidareutvikla språksamlingane, og at ein vil lata oss ved Høgskulen i Volda ha eit ord med i laget. Vi håpar dette kan vera starten på eit endå tettare samarbeid mellom institusjonane våre, og vi ønskjer lukke til med det vidare arbeidet.

«Jag trivs best i öppna landskap» … studentar og lærarar på same golv?

Er framtida flat og grenselaus? Skal vi rive klasseromsveggane? Skal vi rive kontorveggane mellom tilsette? Og skal vi rive veggane mellom studentar og lærarar?
Fontys Academy for Creative Industries
Fontys Academy for Creative Industries – opne løysingar.
Ved vårt partnaruniversitet Fontys University of Applied Sciences i Tilburg, Nederland, har dei faktisk gjort dette. I alle fall delvis. Og i alle fall på Academy for Creative Industries.

Fortsett å lese «Jag trivs best i öppna landskap» … studentar og lærarar på same golv?

Då lærarskulen hadde eige småbruk

Johann Folkestad kan meir enn IT – han er også ein kunnskapsrik lokalhistorikar – og lærarhøgskulen i Volda har han mange bilde av på kontorveggen sin.

Volda-lærarskule-småbruk
Volda lærarskule. Postkort.

Eitt av bilda til Johann Folkestad er ein reproduksjon av eit postkort (Einerett Fr. Svendsens Bokhandel) og syner det som ein gong var. Kaarstad-huset stod ferdig i 1922 og stig fram i bakgrunnen. I forgrunnen ser ein ei demning og ein dam – Håmyrelva har sidan vorte lagt i rør. Elva renn under dagens grusbaner.

Mellom dammen og Kaarstad-huset ser ein ei hes med turrgras. Og nyslåtte markar og eitt av fleire hus som utgjorde småbruket til lærarskulen. I dag er det husa til Avdeling for kulturfag som står der småbruket ein gong låg.

Når eg ser dette bildet får eg assosiasjonar til universitet som også andre stader i verda nærast veks ut av jorda. Sjå til dømes det fantastiske Kings College i Cambridge:

Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons
Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons

Eivind Indresøvde har skrive om småbruket ved lærarskulen i jubileumsboka frå 1995 som Peder Bergem redigerte. Indresøvde skriv at rektor Kaarstad kjøpte småbruket i 1916 og lærarskulen dreiv det i ca 40 år. – Lærarskulen i Volda var den einaste med eige småbruk, skriv Indresøvde. Elevane ved skulen arbeidde på småbruket som ein naturleg del av tida ved skulen – og dei fleste av dei kom då også frå gard. Vestlandslærarane var ikkje redde for å få skit på fingrane sjølv om dei var i ferd med å ta høgare utdanning.

På småbruket vart det dyrka poteter, rotvekster og andre grønsaker. Der var 3-4 mjølkekyr, ungdyr og ein hest. Etterkvart vart det meir av hagebruk. Hagebruket og etterkvart lærarskulehagen vart også element i undervisninga ved skulen.

Elevane fekk varm mat på skulen – dei var på det meste oppe i over 400 lærarskuleelevar! Småbruket var ein viktig del av drifta av skulen. 10-12 grisar vart fødde fram på høgskulen og levde stort sett på matavfall frå skulekjøkenet. Så lenge lærarskulen stort sett hadde utedo vart også denne ressursen utnytta på småbruket. Så lærarskulen hadde eit samanhengande system med sjølvberging, kjeldesortering og ressurstnytting.

Jubileumsboka frå 1995 er tilgjengeleg også på internett gjennom Nasjonalbiblioteket.

Les meir om skulestaden Volda på lokalhistoriewiki. Der er også eit anna bilde frå «ei tid var» ….

Kaarstad-huset-lokalhistorie-wiki-1950
Kaarstad-huset (ca 1950. (Lokalhistorie-wiki)