Bolk – digitalisering og kvalitetsheving

BOLK er eit døme på at digitalisering ikkje treng om å vere smertefritt, gratis eller arbeidssparande – i første omgang. Men vi kan heller ikkje la vere.

Dei to viktigaste tinga vi har lært etter eitt år med BOLK er:

  1. Lag pensumliste og kompendium i god tid – det er for seint å starte etter 1.juli fordi klarering i BOLK kan ta lang tid.
  2. Sjekk alle pensumreferansar i ORIA – då finn du ut om litteraturen er tilgjengeleg i elektronisk versjon.

Våren 2015 vedtok Strategisk studienemnd at Høgskulen i Volda skulle gå over til å bruke BOLK for klarering og produksjon av kompendium:

Sak 9/15: Strategisk studienemnd vedtek at Høgskulen i Volda tek i bruk modell 2: Alle kompendium vert laga som PDF og skal berre distribuerast som PDF

Tenestene som BOLK tilbyr er både klarering av opphavsrett til kompendietekster og digital produksjon av kompendia. BOLK er eigd av Kopinor. Gjennom BOLK kan Kopinor på ein lettare og sikrare måte få betaling for bruk av artiklar og bokkapittel i våre kompendium. Mange fagtilsette ved HVO er med i organisasjonar som er med i Kopinor-paraplyen. Som til dømes Den norske forfattarforening, Norsk Faglitterær Forfattar- og oversettarforening, Norsk Journalistlag og andre. Ei krone til Kopinor blir altså ei krone til sin eigen organisasjon.

Det er nok liten tvil om at det blir laga kompendium ved Høgskulen i Volda – både før og no – utan at klarering av og betaling for opphavsrett er ordna på skikkeleg vis. På den måten taper fagtilsette indirekte inntekter ved at Kopinor ikkje får rett betaling. Og det er heller ikkje lovleg.

Etter at vi tok i bruk BOLK har vår betaling til Kopinor auka med ca 50 prosent – frå knapt ein million i 2014 til ca 1,5 mill i 2016. Rekninga blir sendt vidare til studentane, og om studantane får betre kvalitet på tenestene frå oss så er det antakelig verd prisen. Kanskje sparer også studentane på dette samla sett fordi dei får gode kompendium i staden for ei og anna fagbok.

Eit heilt anna spørsmål er om BOLK er eit godt system. Det er det førebels ikkje. For fagtilsette varierer det mykje om litteratur er tilgjengeleg gjennom BOLK. Om litteraturen ikkje finst må den klarerast av BOLK, og det har i ein del tilfelle gått lenger enn dei to vekene som BOLK seier ein må rekne med. Ein ting er at ting tar tid – verre er det når ein ikkje veit når ting blir ferdig. Slikt skapar uvisse, irritasjon – og antakelig avvising av heile systemet.

Det var nok mange av oss som trudde at BOLK var lettare å ta i bruk enn det faktisk viste seg å vere. Vi sette difor heller ikkje av nok ressursar til opplæring eller til å yte god nok service til dei  mange fagtilsette som skulle ta i bruk BOLK. Men for våre studentar og andre samarbeidspartar er det uansett den samla opplevinga av kva vi leverer som er viktig, og her har vi eit felles ansvar.

Lærdommen frå det første året er å starte så tidleg som råd med å lage kompendium i BOLK. Det er ein risikosport for studentane og studiekvaliteten om kompendia først blir tilgjengelege langt ut i semesteret.

For å gjere det heilt klart: Vi kan ikkje avdigitalisere kompendieproduksjonen.

Ein annan mangel ved BOLK er at somme filer som BOLK sjølv har levert ikkje er av god nok kvalitet. Dei er rett og slett ikkje leselege. Dette har BOLK fått beskjed om, og må skjerpe kvalitetskontrollen og raskt rette opp slike feil når vi som brukarar gir beskjed om det. Igjen: Vi må starte arbeid med kompendium så tidleg som råd.

I møtet med eit system som vert opplevd som tungvint har mange fagtilsette fått hjelp frå sine fagleg-administrative tilsette. Eg håper at dette korpset no etter eitt års arbeid med BOLK har fått nyttige erfaringar som kan brukast til kompendieproduksjonen no i haust. Dei har brukt mange timar på å hjelpe fagtilsette med å lage kompendium.

For somme emne har nok truleg dei fagtilsette heller sett bøker på pensumlistene framfor artiklar eller bokutdrag. Mange studentar vil nok sette pris på akkurat det, men når det gjeld val av litteratur må fagmiljøa gjere sine eigne vurderingar.

Det er framleis mange uavklara spørsmål knytt til korleis vi skal organisere oss internt. Og det gjeld både ansvar, kompetanse og økonomi.

Kva ansvar har fagmiljøa?

Det faglege ansvaret for pensumlistene må naturlegvis fagmiljøa ta – og det er kanskje den største fordelen med BOLK: Dei fagtilsette kan få veldig god kontroll over kompendieproduksjonen. For ein del kompendium har det vore berre å sette saman kompendiet og trykke på send – og så blir kompendiet produsert. Eg er klar over at i praksis har det ikkje vore så enkelt som dette, dessverre. Sjølv om ein kan få inntrykk av at det er slik i reklamefilmen på BOLKS nettsider.

Fagmiljøa har naturlegvis heilt og fullt ansvar for det faglege innhaldet i pensumlistene. Men også når det gjeld form og kvalitetssikring av pensumlistene så har fagmiljøa eit ansvar. På denne nettsida finn du råd og retningsliner for skriving og sitering ved Høgskulen i Volda – blant anna råd og retningsliner for digitale kompendium.

I retningslinene for pensumlister står blant anna følgjande:

Sjekk av pensumlista
Før pensumlista vert publisert bør ein sjekke at denne har:
– Alfabetisk sortering
– Rett forfattarnamn og tittel
– Siste utgåve av boka/bøkene. Tips: Søk i Oria www.oria.no
– For eldre bøker: Er desse framleis til sals?
– Korrekt referansestil (t.d. APA)

Det burde også stått i denne sjekklista at alle pensumreferansar bør sjekkast i Oria for å finne ut kvar dei er tilgjengelege, eller i praksis: Om dei er tilgjengelege i elektronisk versjon. Stadig fleire tidsskriftartiklar blir tilgjengelege i Oria, og Nasjonalbiblioteket fyller stadig vekk på med digitale utgåver av norske bøker.

Somme fagtilsette har teke for lett på å sjekke tilgjenge tidlegare. Diverre skaper det problem for andre – særleg bokhandelen og biblioteket – og siste instans studentane.

I ekstreme tilfelle har litteratur ikkje vore tilgjengeleg i bokhandelen før svært nær eksamen, har Studenttinget rapportert om. Det er naturlegvis ikkje holdbart. Så fagtilsette bør også ta eit ansvar for at litteratur faktisk er tilgjengeleg for studentane i god tid før semesterstart – spesielt om ein vel å sette opp vanskeleg tilgjengeleg litteratur. Ideelt sett burde nok litteraturen – også kompendia – vore klare i god tid før sommarferien. Somme studentar ønskjer faktisk å lese i sommarferien og då bør pensum vere spikra og litteraturen tilgjengeleg.

Lang tid på godkjenning av litteratur som ikkje ligg i BOLK blir berre ein ny versjon av dette problemet.

Noko anna er at somme pensumlister faktisk blir justerte heilt fram til studiestart. Det er uheldig. Studentane fortel at dei har kjøpt bøker i god tid – som ved studiestart viser seg har vorte fjerna frå pensum. Eg trur ikkje pensum blir av vesentleg betre kvalitet om ein lagar listene ferdig i all hast i august framfor å gjere det ferdig i juni. Så igjen: Gjer ting ferdig i god tid.

Kva med studentane?

For studentane bør det ikkje spele noko rolle korleis høgskulen organiserer og styrer med BOLK. Studentane bør få pensumlistene tidleg og vere sikre på at litteraturen er lett tilgjengeleg i god tid før studiestart. Om det ligg ei pdf-fil i Fronter så bør studentane vite at den er lovleg og klarert. Og det er HVOs ansvar.

Men studentane vil få merke BOLK på ein annan måte. Studentane betalar semesteravgift der også utgifter til BOLK blir dekt.

Når BOLK-kostnadene aukar dekkjer ikkje lenger kopiavgifta kostnadene og dermed bør avgifta auke. Men på den andre sida vil fleire elektroniske kompendium føre til at studentane må kjøpe færre bøker, så antakelig endar totalrekneskapen til studentane i pluss.

Fakta om BOLK ved Høgskulen Volda 

  • Høgskulen i Volda har slutta å trykke opp kompendium – ein jobb der Hustrykkeriet tidlegare var sentralt.
  • I staden skal HVO lage digitale kompendium via BOLK.
  • BOLK er eit klarerings- og produksjonssystem.
  • BOLK er eigd av opphavsrettsorganisasjonen Kopinor
  • Ved Høgskulen i Volda er Marit Vartdal Engeset kontaktperson i tekniske spørmål (tilgang til BOLK osv), men ikkje i faglege spørsmål.
  • Avdelingane og dei fagtilsette har sjølve ansvaret for å lage kompendia.
  • Biblioteket yter service i spørsmål som gjeld ORIA og kan også rådspørjast ved spesielle klareringsproblem.
  • Over 100 tilsette ved HVO har i 2015 og 2016 fått tilgang til å lage kompendium i BOLK.
  • Det første året (hausten 2015 og våren 2016) har det vorte laga over 200 kompendium i BOLK ved HVO.
  • HVO tilbyr over 500 emne, så truleg er vi knapt halvvegs i innføring av BOLK ved HVO.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar