«Jag trivs best i öppna landskap» … studentar og lærarar på same golv?

Er framtida flat og grenselaus? Skal vi rive klasseromsveggane? Skal vi rive kontorveggane mellom tilsette? Og skal vi rive veggane mellom studentar og lærarar?
Fontys Academy for Creative Industries
Fontys Academy for Creative Industries – opne løysingar.
Ved vårt partnaruniversitet Fontys University of Applied Sciences i Tilburg, Nederland, har dei faktisk gjort dette. I alle fall delvis. Og i alle fall på Academy for Creative Industries.

Studentar og lærarar sit på same golv – lærarane har rett nok sine faste plassar ved vindauga. Studentane arbeider i grupper spreidd rundt på ei stor golvflate. Til og med det største møtebordet vart flittig brukt av studentar – også når det vart halde møte med internasjonale gjester frå Volda. Studentane hadde med andre ord lett tilgang til lærarar gjennom dagen – noko som vi vel også ser i Volda. Kanskje mest typisk i intense arbeidsperiodar som til dømes intern praksis ved Avdeling for mediefag som eg sjølv kjenner best.
Golvflata på fjernsynsstudioet ved Fontys var på plass – med studiolys og installasjonar. Men på dagtid vart det brukt av studentar til gruppe- og einskildarbeid. Når det var tid for fjernsynssending vart studio rigga om. «Fabrikken» kalla visst studentane desse store, opne arbeidsromma.
Fontys fabrikk
Fontys fabrikk

Det er nærliggande å spekulere på om slik utnytting av plassen i undervisningslokalet handlar om at nederlendarar genrelt sett er flinke til å utnytte plass – også i byromet. No er det ikkje alle delar av Fontys som driv undervisning på denne måten. I nabolokalet til «fabrikken» er det ei økonomisk administrativ utdanning der dei fagleg tilsette er skjerma seg frå studentane ved at andre etasje berre er for tilsette. «Geen toegang» (ingen tilgang) seier dørskilta.

Men også på denne avdelinga var det slutt med cellekontor – det var prinsippet om at folk ikkje hadde faste arbeidsplassar men faste bokskap.

Fontys - fjernsynsstudio
Fontys – fjernsynsstudio som er arbeidsrom til dagleg.

Ved Høgskulen i Volda har vi kanskje for mange rom som vert oppfatta som at dei er reserverte berre for eitt eller nokre få formål. Slik var det gjerne i biblioteket tidlegare med den klassiske miksen av boksamlingar og lesesalar. Det har vorte færre lesesalar og mykje av arealet er i staden bygd om til grupperom og med mange studentar i smågrupper også elles i biblioteket. Studentane vel arbeidsformene som passar best for dei. Berbare datamaskinar er eigentleg nokså nytt i studiesamanheng, men heilt obligatorisk i dag. Eg skulle gjerne visst om det finst ein student utan berbar PC. Og med berbar PC kan ein sitje stort sett kvar som helst og arbeide.

 Kanskje kunne også kantina i Berte Kanutte vorte endå betre tilrettelagt for smågruppearbeid. Kanskje kunne vi også fjerna veggane i klasseroma? Mange av klasseroma har rett nok dyrt utstyr som kan vere attraktivt for uærlege sjeler, så det er naturlegvis dilemma her.

 

Er vi på etterskot?
Men er det heilt sikkert at framtida går i denne retninga? Og passar det for alle? Kva med høyrselhemma studentar og lærarar – vil dei få det betre med slike opne landskap med stort potensiale for bakgrunnsstøy?
Kanskje kan fleksible undervisningsrom- og -situasjonar gå for langt og medføre utydelege rammer og grenser for undervisning og dermed dårlegare læring?
 Men uansett vil det bli spennande å sjå kva som blir resultatet når arbeidet med det nye medieringshuset skal skje.

 

Kva med forsking?
Men det er vanskeleg å tenkje seg at det kan gi gode forhold for forsking – å ha opne landskap med låg eller ingen terskel for at studentar, kolleger og andre skal ta kontakt. Forsking krev langvarig konsentrasjon for at analysar og skriving skal kunne bli vellukka – det er no mi erfaring.
Sjølv om dei nye reglane i tellekantsystema premierer sampublisering så må vel likevel kvar einskild forskar ha tid og fred til å tenkje. Men samtidig blir det kanskje lettare å samle fagfolk i grupper som arbeider med fellesprosjekt eller i forskingsgrupper om ein har opne og fleksible arbeidsrom i staden for at alle stengjer seg inn på kontorceller? Vi kan vel alle bli flinkare til å både spørje om og fortelje om kva vi arbeider i forsking, formidling og utviklingsprosjekt.
Kanskje kan ein kombinasjon av opne landskap og cellekontor gjere det lettare å skjerme tilsette frå undervisning når dei har forskingsperiodar ved at dei tilsette kan flytte arbeidsplass?

Det er nok ei utbreidd haldning hos mange – både faglege og administrativt tilsette at «My office is my castle». Det er nok ikkje heldig å gro fast i eitt kontor i for mange år.

IMG_3643
Digitale forteljingar – emne i Volda og emne ved Fontys.

Film frå besøket hos Fontys ….

film_grab
Internasjonalt utval ved Høgskulen i Volda på besøk hos Fontys.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar