Lokalavisene: Utryddingstrua samfunnsbyggjar?

Korleis blir blir lokaldemokratiet utan lokalaviser? Vil Facebook og nettkommentarar gje oss nyhenda vi treng og sikre gode debattforum i framtida? Neppe. Kanskje er det på tide å gje lokalavisa varig vern?

Artikkel i magasinet RISS – utgjeve av Møre og Romsdal Fylkeskommune, april 2016. Last ned heile magasinet her.

RISS, april 2016
RISS, april 2016


Møre og Romsdal har mange aviser – faktisk over 20 store og små papiraviser som dekkjer større eller mindre delar av fylket – ein eller fleire kommunar – stort og smått – gleder og sorger. Lokalavisene snakkar sjølve om at dei er lokalsamfunnets lim og lupe. Lim fordi dei er med å byggje samkjensle og lokalkunnskap. Lupe – eller brennnglas – fordi dei av og til set eit skarpt fokus på lokale saker.

Mange av avisene er ambisøse og framtidsretta med nettutgåver som blir ofte oppdaterte. I tillegg finn vi fleire gratisaviser – både på nett og papir. Og ikkje minst har vi NRK Møre og Romsdal, som er det einaste fylkesdekkjande mediet hos oss.

I sum har difor Møre og Romsdal eit mangfaldig medietilbod, både geografisk og teknologisk.

Somme trur at i dagens kjappe digitale samfunn kan vi klare oss utan ein teknologisk dinosaur som lokalavisa på papir. Då har ein i så fall oversett fotarbeidet som lokalavisene gjer gjennom nyhendesanking og å legge til rette for lokal debatt. Denne rolla klarer eg ikkje å forestille meg at nye media kan overta. Det er lenge til ein robot eller eit smart dataprogram kan rapportere frå kommunestyremøtet.

Men lokalavisenes rolla er truga. Og som for truga plante- og dyreartar er det alltid endringar i miljøet som trugar verdfulle vekster. Trugsmåla i lokalavisenes miljø er blant andre desse:

  • Lesarane får fleire og fleire alternativ til lokalavisa – som Facebook.
  • Annonsørar følgjer lesarane over i nye media.
  • Eigarar krev utbyte også i dårlege tider.
  • Kommunar og næringslivsaktørar vil styre informasjonen sjølv.

Kor truga er så lokalavisa? Vi står ikkje framfor ein snarleg massedød. Eit fleirtal av innbyggjarane les avis kvar dag. Det er lenge sidan det vart lagt ned ei avis i vårt fylke, og avisene går stort sett med overskot.

Men likevel: Dei siste åra har avisene i vårt fylke hatt stabil og tilsynelatande urokkeleg minke i opplaget. Færre og færre lesarar kjøper lokalavisa. Ungdomen som har vokse opp med internett har vorte vane med å få nyhende gratis gjennom nett og mobil. Så sjølv om lokalavisa er på nett tek det tid før nettet gjev netto.

Lokale småannonsar finn du mindre av i avisene enn tidlegare. Mange brukar den nasjonale annonseportalen Finn.no. Sosiale media som Facebook og ikkje minst dei mange Google-tenestene syg annonsekroner både frå New York og Norddal.

Kanskje burde lokalavisene vore sett på ei raudliste over truga artar i det demokratiske økosystemet? Ikkje fordi dei er i ferd med å gå over ende i morgon, eller i overmorgon, men fordi det kan skje ein gong i framtida. Og på vegen dit vil dei bli meir og meir avmagra og det er fare for at journalistikken vil lide.

Litt verna status har avisene alt fått. Dei fleste avisene i Møre og Romsdal får direkte mediestøtte (pressestøtte) frå staten. Det kan i praksis finansiere ei lita journaliststilling i avisa. Alle avisene får også fordelar gjennom momsfritak. Men desse ytingane hjelper avisene berre eit stykke på veg.

Men kanskje finst det avbøtande tiltak: Sparebankstiftelsen har nett kjøpt heile Amedia. Dei tradisjonsrike Arbeidarpartiavisene Tidens Krav og Aura Avis på Nordmøre har med det fått ein ny eigar – og ein heilt ny type av eigar. I staden for eit kommersielt mediekonsern er det no ein stiftelse som skal eige avisene.

Kva kan vi vente oss av dette? Ørstingen Andre Støylen er direktør i Sparebankstiftelsen og seier at avisene er viktige for alt som Sparebankstiftelsen elles er oppteken av, og det kanskje oppsummerast i: Gode lokalsamfunn. I denne samanhengen er kanskje det viktigaste at Sparebankstiftelsen truleg vil kunne akseptere større utbytte i form av publisering til beste for lokalsamfunna framfor konsernbidrag. Tida vil vise.

Den andre store aviseigaren i Møre og Romsdal er Polaris, som blant anna eig Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og fleire andre mindre lokalaviser. Eg kjenner ikkje til om det fins stiftelsar som kan tenkje seg å overta delar av konsernet, men med minkande resultat burde interessa for å selje ikkje bli mindre.

Dei siste 30 åra har aviser vorte kjøpte og selde – somme fleire gonger. Slik er det i private marknader – og avisene har alltid vore avhengige av å klare seg i frie marknader. Då avisene vart skipa vokse dei organisk fram i og i lag med byane og tettstadene sine. Ofte på tvers av kommune- og fylkesgrensene enn lojalt innanfor. I Møre og Romsdal hadde vi lenge ei einaste avis som faktisk kalla seg Fylket, høyrde med til Senterpressen og vart gjeven ut i Molde. Men det var ein sjeldan blome både i vår lokale avisflora – også nasjonalt.

Teoriar om avisøkonomi seier at er avgjerande for aviser å bli lesen på den staden avisa kjem ut. Og teorien viser seg også å stemme i praksis – stort sett. For Sunnmørsposten er avissalet i Ålesund kritisk. For Romsdals Budstikke er det Molde som tel. Og for Tidens Krav er det lesarane i Kristiansund som er kritisk. Det er ikkje lett å innta eit overordna fylkes eller regionperspektiv når både journalistar og annonsørar først og fremst er orientert mot den lokale marknaden. Sjukehusstriden på Nordmøre og Romsdal vert ikkje godt stoff på Sunnmøre før ein ser konsekvensar for sjukehusa i Ålesund eller Volda.

Dette er også ei medverkande forklaring på at avisene til tider kan vere i overkant lokalt orienterte overfor Møre og Romsdal Fylkes mange store og vanskelege politiske saker.

Men når alt kjem til alt: Vi skal vere glade for dei avisene vi har. Og kanskje hadde vi ikkje hatt ei einaste avis utan lokalpatriotisme.

1-RISS_2016_interaktiv_Page_33 1-RISS_2016_interaktiv_Page_34 1-RISS_2016_interaktiv_Page_35

 

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar