Opningshelsing på utdanningsdagane 2016

Opningshelsing på Utdanningsdagane, Høgskulen i Volda, 2-3. november 2017. 

Les omtale av Utdanningsdagane på våre nettsider:

Hei og velkomen til utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda!
Velkommen til deg som er elev på ein vidaregåande skule og velkommen til lærarar som er med. Vi vil også seie velkomne til to andre institusjonar i fylket vårt som er på plass i dag: Høgskulen i Molde og NTNU Ålesund.

Fortsett å lese Opningshelsing på utdanningsdagane 2016

Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?

Etter at Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet har lagt fram sine alternative statsbudsjett ser det ut til at det er støttepartia Høgskulen i Volda må sette si lit til om budsjettet til høgskulen ikkje skal bli kutta i åra som kjem.

Pål Farstad (V) vitja Høgskulen i Volda i oktober.
Pål Farstad vitja Høgskulen i Volda i oktober.

Dei tre partia har fleire framlegg som dreg i same retning ved at dei foreslår meir pengar til forsking og høgare utdanning, fleire studieplassar og fleire stipendiatstillingar. Men det er berre Venstre og Kristeleg Folkeparti som foreslår at Høgskulen i Volda skal få kompensasjon for nytt finansieringssystem.

Eg kan ikkje sjå at Arbeidarpartiet i sitt alternative budsjett har kome med eit alternativt framlegg til regjeringa på dette punktet.

Det høyrer også med å minne om at alle dei politiske partia i sine fylkesprogram for Møre og Romsdal har sagt at dei ønskjer fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Møre og Romsdal er eitt av fylka med færrast statlege arbeidsplassar.

Det blir ikkje fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal av å skjere ned på løyvinga til dei regionale høgskulane.

Fortsett å lese Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?

Opningshelsing: Digital eksamen og alternative vurderingsformer – seminar på HVO

Velkomne til årets mest spennande og aktuelle seminar for alle tilsette ved HVO – uansett rolle og fag!

Først av alt vil eg seie takk for at Hilde-Kristin Elvestad og Hilde Gry Leer-Salvesen som har teke initiativ til dette seminaret. Elvestad har koordinert innføring av digital eksamen på Høgskulen i Volda. Leer-Salvesen arbeider på Støttekontor for E-læring som får nettundervisning og anna til å fungere i praksis.

Fortsett å lese Opningshelsing: Digital eksamen og alternative vurderingsformer – seminar på HVO

Studiebarometeret: Voldastudentane har kjempehøg svarprosent (oppdatert 16.11.)

studiebarometeret

Oppdatert 16.11.: Svarfristen for Studiebarometeret vart utsett frå 8. til 14. november 2016. Voldastudentane har ein svarprosent heilt i landstoppen. Fasit er at 76 prosent av dei inviterte voldastudentane svara på undersøkinga. Det var tredje høgaste svarprosent av alle landets høgskular og universitet – bak Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (med seks studentar i Studiebarometeret) og Høgskulen i Bergen som har 78 prosent svar.

PS: Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord / Haugesund hadde klart lågare svarprosent enn Høgskolen i Bergen, så den nye Vestlandshøgskulen fekk samla sett ein svarprosent på 69. 

Også i 2015 var studentane ved Høgskulen i Volda flinke til å svare på undersøkinga og var blant dei beste i landet med ein svarprosent på 64.

Fortsett å lese Studiebarometeret: Voldastudentane har kjempehøg svarprosent (oppdatert 16.11.)

Strategi 2017-2020: Styreseminar 27. oktober 2016 – styremøte 28. oktober.

Det årlege styreseminaret ved Høgskulen i Volda vert i år halde på Hotel Sagafjord på Sæbø torsdag 27. oktober 2016 og med styremøte dagen etter.

Eit grunnlag for styreseminaret er arbeidet i strategiverkstadene i september og oktober og eit leiarmøte som vart halde i Fosnavåg i oktober. Ut frå dette har direktøren kome med ei saksutgreiing om strategiarbeidet, og som ligg i sakspapira til møtet.

Her er saksutgreiinga:
Styresaka om strategiplan (delt via Dropbox).

Her er oppsummering frå strategiverkstadene (delt via Dropbox).

På styreseminaret er det lagt opp til gruppearbeid og Roar Amdam vil halde i trådane.

Etter styremøtet vil det bli laga eit førsteutkast til ny strategiplan som så vil bli diskutert på avdelingsråd, på allmøte 23. november og i andre forum som måtte vere aktuelle. Styret skal så diskutere framlegget til ny strategiplan på møta i desember og januar, med sikte på endeleg vedtak i januar 2017.

Her er styrets nettsider med alle sakspapira til styremøtet. Styremøtet blir IKKJE strøyma, og heller ikkje strategiseminaret.

Sentraliseringen i høyere utdanning *)

Kronikk sendt til fleire aviser i Møre og Romsdal, oktober 2016. Publisert av Romsdals Budstikke 20.10.2016.

Fjord- og fjellhøgskulen

Siden 2014 har regjeringen fordelt 500 stipendiatstillinger (inkludert forslaget til statsbudsjett for 2017). Nesten 400 av disse stillingene har gått til universitetene. Møre og Romsdal har fått to.

Er fylkets politikere fornøyd med det?

Sjå også: Svelteforing av Møre og Romsdal

Doktorgrader med høy kvalitet
Regjeringen har hevdet at kvalitet er ledestjernen i politikken den fører. Staten har etablert et eget organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) som vurderer faglig kvalitet etter gjeldende forskrifter. Det er høye krav for å få godkjent en doktorgradsutdanning, og kravene til å opprettholde dem, øker. Logistikkprogrammet ved Høgskolen i Molde har en fullføringsgrad som ikke står tilbake for mange program ved store institusjoner.

Fortsett å lese Sentraliseringen i høyere utdanning *)

Statsbudsjettet: Svelteforing av Møre og Romsdal

Blogginnlegget vart også publisert som Ytring i Universitetsavisa (NTNU).
Blogginnlegget vart også publisert av nettavisa Khrono (HIOA).

Dei to høgskulane i Møre og Romsdal har liten grunn til å vere nøgde med årets framlegg til statsbudsjett. Regjeringa foreslår ei rekkje store og små endringar i måten høgskular og universitet blir finansiert på. Kort sagt tilfører endringane meir pengar til dei største universiteta i dei største byane. Eitt av fylka som kjem dårlegast ut er Møre og Romsdal:

Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
  • Høgskulen i Volda taper 6,2 mill.
  • Høgskolen i Molde taper 5,4 mill.

Når ein ser på kor store kutta er i prosent av det samla budsjetta til dei to høgskulane blir Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde spesielt hardt ramma av omlegginga. I 2017 foreslår regjeringa å gje eit ekstra tilskot for å dempe effektane av dei mange endringane, men det er berre ei overgangsordning. I 2018 vil den nye ordninga slå inn for fullt.

Fortsett å lese Statsbudsjettet: Svelteforing av Møre og Romsdal

Masterrapport 2016: Korleis auke gjennomstrøyminga?

Korleis kan gjennomstrøyminga på masterutdanningane ved Høgskulen i Volda bli betre? Kunnskapsdepartementet har blant anna i etatstyringsbrevet peika på at det går seint for studentar ved Høgskulen i Volda å bli ferdig med masterutdanning.

Dette har eg omtala i eit par tidlegare innlegg i rektorbloggen:

Som eg skreiv i blogginnlegget i juli har vi starta arbeidet med å vurdere masterutdanningane, og på det komande møtet i Strategisk studienemnd 12. oktober 2016 legg arbeidsgruppa fram sin første rapport. Arbeidsgruppa har vore samansett av:

Fortsett å lese Masterrapport 2016: Korleis auke gjennomstrøyminga?

Essay: Krittnissar, MOOC-fantastar og fantastiske forelesarar

Foto: Peikestokken/Veronica Turnage
Foto: Peikestokken/Veronica Turnage

Den lange/evige diskusjonen om digitale læremiddel har blussa opp att denne veka – heldigvis. Molde-professor Kai Olsen og NTNU-professor Arne Krokan ser ut til å vere dei ivrigaste debattantane, men følg med, følg med!

Begrepet krittnissar er nytt for meg. Eg kjenner meg treft, men det kjennest i grunnen litt godt. Tavle og krit er det suverent mest interaktive undervisningsverktøy vi har, om vi faktisk vil møte studentane – i eit tempo som passar for dei.

Fortsett å lese Essay: Krittnissar, MOOC-fantastar og fantastiske forelesarar

Helsingstale til Reidun Aambø – mottakar av Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2016

Styret ved HVO deler ut FoU-prisen for å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid, FoU, etter framlegg frå Forskingsutvalet ved høgskulen, som igjen får framlegg frå fagmiljøa. Det har vere fleire gode kandidatar til prisen dei siste åra, og det er ei glede å kunne dele ut prisen kvart år. Historia om FoU-prisen er ikkje så veldig lang. Den går tilbake til eit styrevedtak hausten 2005 om å opprette ein slik pris i samarbeid med Møreforsking Volda. Prisen vart første gong utdelt i 2006. Dagens tildeling er den ellevte prisen i rekka. Prisen består av kr 30 000 til enkeltpersonar og eit diplom som er utforma av vår eigen Thomas Lewe.

FoU prisen for 2016 har gått til Reidun Aambø. Foto: Tone Solhaug.
FoU prisen for 2016 har gått til Reidun Aambø. Foto: Tone Solhaug.

Prispengane skal brukast til ‘tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø og nettverksbygging eller utstyr’.

Fortsett å lese Helsingstale til Reidun Aambø – mottakar av Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2016