Opningshelsing på utdanningsdagane 2016

Opningshelsing på Utdanningsdagane, Høgskulen i Volda, 2-3. november 2017. 

Les omtale av Utdanningsdagane på våre nettsider:

Hei og velkomen til utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda!
Velkommen til deg som er elev på ein vidaregåande skule og velkommen til lærarar som er med. Vi vil også seie velkomne til to andre institusjonar i fylket vårt som er på plass i dag: Høgskulen i Molde og NTNU Ålesund.

Utdanningsdagane 2017
Utdanningsdagane 2017
For mange år sidan var eg elev ved Ulstein vidaregåande skule – og eg hugsar faktisk framleis litt av orienteringa vi fekk om utdanningsvegar vidare då eg var like gammal som de er no. Det var ein viktig dag – ikkje fordi eg der fann ut kva eg skulle gjere seinare i livet. Men fordi eg då begynte å tenkje meir konkret på kva eg skulle gjere med resten av livet.

Vi som arbeider med høgare utdanning ser fram til å møte dykk og snakke med dykk om kva mulegheiter som ventar til å lære nye ting, møte nye menneske – og å utdanne seg til eit yrke.

De har no kome til Høgskulen i Volda. Vi er den eldste og største høgskulen i Møre og Romsdal med nær 4.000 studentar og ca 350 tilsette. Litt over halvparten av studentane kjem frå Møre og Romsdal. Resten kjem frå andre fylke i Noreg, og stadig fleire kjem frå utlandet.
Eg er utruleg stolt over at Høgskulen i Volda er best i landet på ei rekkje område: Blant anna studentmiljø, gjennomføring av bachelorutdanning og på utveksling med utanlandske universitet. Studentane og høgskulen arbeider i lag for å gjere høgskulen endå betre. Og det får vi til – kanskje fordi vi er små, oversiktlege, har studenten i fokus og ønskjer at studentane skal møte opne dører hos både lærarar og andre som jobbar her.
Her i Volda utdannar vi til mange yrke: Du kan bli lærar. I barnehage, grunnskule eller på vidaregåande skule. Vi utdannar journalistar, kommunikasjonsrådgivarar. Vi utdannar sosionomar og barnevernspedagogar. Du kan studere musikk, kunst og handverk og idrett. Men du kan også bli fjellførar eller ta utdanning i norsk, engelsk, religion og planlegging og administrasjon her ved Høgskulen. Og får du smaken på å studere kan du både ta mastergrad og doktorgrad i Volda.
For Høgskulen i Volda har det også vore viktig å bli internasjonal, og vi er høgskulen i landet der flest studentar reiser til utlandet som ein del av studiet sitt. Vi har over 100 samarbeidsavtalar med utanlandske universitet over heile verda. Det gjer det lett for studentane å ta utdanning i utlandet som ein del av ei utdanning ved Høgskulen i Volda.
Du kan med andre ord kome til Volda å møte verda her. Og med base i Volda kan du reise ut i verda. Faktisk er det på enkelte av våre studium opp mot halvparten som tek utveksling i utlandet.
Ei veit at kvar og ein av dykk som er her i dag har gjort eit aktivt val om kva for utdanning de vil vite meir om i dag.
Å bestemme seg for eitt av fleire alternativ kan være vanskelig. SÆRLIG når du ikkje heilt veit kva konsekvensane av valet ditt eigentleg blir.
Det kan vere greitt  å tenkje på at alle de treff her ved Høgskulen i dag, enten det er studentar eller tilsette sjøve har vore gjennom det samme valet. Spør dei!
Lukke til med utdanningsdagane og bruk dagen godt!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar