Opningshelsing: Digital eksamen og alternative vurderingsformer – seminar på HVO

Velkomne til årets mest spennande og aktuelle seminar for alle tilsette ved HVO – uansett rolle og fag!

Først av alt vil eg seie takk for at Hilde-Kristin Elvestad og Hilde Gry Leer-Salvesen som har teke initiativ til dette seminaret. Elvestad har koordinert innføring av digital eksamen på Høgskulen i Volda. Leer-Salvesen arbeider på Støttekontor for E-læring som får nettundervisning og anna til å fungere i praksis.

Program for seminaret:
http://www.hivolda.no/kalender?&displayitem=788&module=communicator

For Høgskulen i Volda handlar dette seminaret om ikkje mindre enn framtida til høgskulen. Både for oss og for andre høgskular og universitet. Eg trur det kan passe at vi ein gong i året prøver å gjere opp status og å diskutere kva som kjem. Det er nok å nemne at Fronter – som vi har brukt som læringsplattform i meir enn 15 år – antakelig må byttast ut. Ei arbeidsgruppe i Uninett har ikkje med Fronter på lista over dei «godkjende» digitale læringsplattformene for framtida.

I oktober 2016 var det seks system som Uninett ville ta med vidare i vurderinga – men Fronter var altså ikkje blant desse:
https://www.uninett.no/prosess-rundt-valg-av-nytt-lms

Det blir ofte sagt at digitalisering og endring blir overvurdert på kort sikt og undervurdert på langt sikt. Det trur eg kan stemme også for digitalisering av høgare utdanning.

Kvart einskild prosjekt kan kanskje ikkje utgjere den store skilnaden aleine. Men når ein ser dei mange prosjekta i samanheng med kvarandre så blir det samla bildet stort – kanskje skremmande – men mest av alt bør vi vere forventingsfulle og ha lov til å ha tru på at den digitale framtida skal gjere forsking og høgare utdanning betre.

Sjølv har eg halde på så lenge på Høgskulen i Volda at eg hugsar tida før vi fekk lokale nettverk, altså før vi fekk e-post. Etter mitt minne så fekk vi lokalnett nærast som ei bryllupsgåve då DH-skulen og Volda lærarhøgskule fusjonerte i 1994. Eg trur det var omlag då vi fekk lokalnett – og dermed tilgang til internett.

Det var omlag samstundes at vi gjekk frå matriseskrivarens trege skraping til laserskrivarens effektive susing.

Nostalgi:
https://en.m.wikipedia.org/wiki/Dot_matrix_printing#
Youtube:
https://youtu.be/u8I6qt_Z0Cg

Spolar vi raskt framover til i dag er det nesten vanskeleg å finne noko av våre arbeidsområde som ikkje har blitt endra av digitalisering på desse meir enn 20 åra som har gått.

Eksamen er kanskje den siste arenaen der dei klassiske arbeidsmåtane med handskrift, gjennomslagspapir og tunge postpakker dominerer. Men dei siste åra har digitale arbeidsmåtar slått gjennom også her. Dei siste tala frå studieadministrasjonen syner at frå hausten 2015 til hausten 2016 har vi snudd frå å ha dei fleste eksamenar på papir – til å ha dei fleste eksamenar digitalt. Frå ca 1/3 digitalt for eitt år sidan – til meir enn 2/3 digitale eksamenar hausten 2016. Heile UH-sektoren er inne i den same utviklinga som oss.

I 2016 gjennomførte HVO sitt digitale hamskifte: No er fleirtalet av skuleeksamenane digitale.

Vi vil kanskje aldri bli heilt digitale på dette området. Munnleg eksamen – auge til auge – håper eg vil ha ein plass også i framtida. Studentane deltok på strategiverkstader hausten 2016, og fekk blant anna i oppgåve å vurdere kor samde dei var i mange aktuelle spørsmål og påstandar om høgskulen. Eitt av spørsmåla var om vi bør ha berre digitale eksamenar, og då såg eg overraskande nok – for meg – at studentane var usamde i dette. Dei ville ikkje ha BERRE digitale eksamenar, meiner eg var forklaringa frå studentane.

1-studentar-berre-digitale-eksamenar

 

Men både for studentar, lærarar og sensorar håper og trur eg at digital eksamen også vil heve kvaliteten.

Når det gjeld økonomi så har vi antakelig spart mykje alt no. Portokostnadene til Høgskulen i Volda har vorte halvert frå 2015 til 2016, og digital eksamen er ei viktig forklaring på det. Men vi har innført nye digitale verktøy også på andre område som også har bidrege til lågare portokostnader. Men vi har nok hatt ein auke i kostnadene på andre område – blant anna til innkjøp og drift av digitale system.

Men studentane lever vonleg ikkje berre for læring opp mot eksamen. I eit nylig NOKUT-seminar vart det nesten sett likskapsteikn mellom studentanes opplevde studiekvalitet og intensitet på tilbakemelding – vurdering – frå lærarar. Og er trur eg høgskulen i Volda og dei mindre høgskulane skal vere eit konstant korrektiv med tett og nær tilbakemelding – skreddarsydd – i motsetning til dei store institusjonanes masseproduksjon.

Tidlegare blogginnlegg om NOKUT og tilbakemelding:
https://blogg.hivolda.no/jr/2016/09/14/kva-onskjer-studentane-opne-dorer/

Høgskulen i Volda står no midt oppe i ein strategidiskusjon der også digitalisering og fleksibel læring er eitt av mange tema. Det er lenge sidan spørsmålet var om vi skulle gjere dette – vi har lenge vore meir opptekne av korleis. Og eg vil føye til: Korleis skal vi gjere det for at resultata skal bli bra?

Då vi starta med å tilby emne på internett var det eigentleg noko som kom av at historie hadde eit godt fagmiljø – men brått mangla campusstudentar. Dei gjorde på kort tid ei grundig omstilling og har i snart 20 år gjeve studietilbod på nett. Andre har lært av historie, og etter det eg høyrer er det ca 150 studentar på eitt av våre betallingstilbod. Det er veldig oppmuntrande tal å legge fram. I høve til Kunnskapsdepartementets sektormål om at vi skal gi god tilgang til utdanning så er dette ein god måte å oppfylle det på.

Vi har også hatt eksperiment med MOOC – og som for alle andre har vi opplevd MOOC som ei voldsomt sterk plattform for utforming av spennande emne og ein god marknadsføringskanal. Men førebels har ikkje MOOC endra grunnleggande på våre arbeidsmåtar. Men kanskje undervurderer vi MOOC på lang sikt?

Eg eg veldig spent på å høyre kva erfaringar tilsette på høgskulen har med desse spørsmåla – og ikkje minst er eg spent på innleiingane frå flinke fagolk frå Universitetet i Bergen og frå Høgskulen i Volda. Velkomen til Volda, Arild Raaheim – og lukke til Synnøve Amdam og Siv Måseidvåg Gamlem og andre aktørar på dagens seminar.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar