SHOT-undersøkinga: Litt bra – mange spørsmålsteikn

SHOT: Studentenes helse- og trivselsundersøkelse

Studentane ved Høgskulen i Volda har i 2018 for første gong delteke i SHOT-undersøkinga som handlar om studentanes helse og trivsel. Kva fortel SHOT-undersøkinga om korleis voldastudentane har det når det gjeld helse og trivsel?

I ein første kommentar som vart publisert på våre eigne nettsider så var eg sjølv mest oppteken av at vi låg bra an i høve til andre studiestader, og då var tala ikkje så verst. Særleg glad vart eg for å sjå at våre studentar er veldig nøgde med studentmiljøet i Volda. 69 prosent av dei som deltok i undersøkinga tykte at studentmiljøet i Volda er godt. Det er eit svært bra tal. Faktisk er dette sjette beste scoren av dei 42 studiestadene som deltok i SHOT i 2018. Det skal vi vere glade for.

Omtale av SHOT på www.hivolda.no:
Men dette kan absolutt ikkje vere ei sovepute – vi både må og skal bli betre. Ein betre høgskule, ein betre studiestad – og då må fleire studentar oppleve at at Volda er ein bra plass og ein bra høgskule for dei.
Kva kan vi så bli betre på? På mange område ligg Volda ikkje godt an i høve til landsgjennomsnittet, men kva det kjem av og korleis vi kan bli betre er vanskelege spørsmål.

Mest alvorleg tykkjer eg det er at heile 36 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda oppgir at dei har alvorlege symptom på psykiske plager eller alvorlege og mange symptom på psykiske plager. Landsgjennomsnittet er 27 prosent. Til ein viss grad kan så høge tal forklarast med at kvinnelege studentar er overrepresenterte i SHOT og er også 2-3 gongar så flinke til å seie frå om psykiske plager som mannlege studentar. Kvinner utgjer ca 70 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda – mot eit landsgjennomsnitt på 60 prosent. Vi skal dere glade for at våre studietilbod er attraktive for kvinnelege studentar, men spørsmålet er igjen korleis vi kan bli ein betre studiestad både for kvinner og menn.
Ved første blikk kan dette tolkast som at fleire studentar slit med psykiske plager no enn tidlegare. Dette er jo ein landsomfattende trend viser det seg for institusjonane som har vore med i SHOT i fleire runder. Men det kan også vere andre forklaringar på denne utviklinga. Studentar og mange andre har dei siste åra vorte opnare for å snakke om psykiske problem. Så kanskje er det ikkje fleire enn før som slit, men no er det lov å snakke om det. Ei anna tolking kan vere at reint allment fått høgare krav til livskvalitet.

 

Både leiinga og fagmiljøa på avdelingane har diskutert SHOT-resultata mykje. Vi har hatt fleire møte med Studentparlamentet, saka blir drøfta i styret i samskipnaden, og vi har også informert Volda kommune om tala. Også høgskulestyret ønskjer å bli orientert om korleis SHOT-undersøkinga blir tolka og brukt for å gjere Volda til ein bedre studiestad. Men det er slett ikkje så godt å vite no kva som bør gjerast spesielt i Volda.

Men nokre framlegg har kome: Å auke budsjettet for rådgivar- og psykologtenesta i regi av SiVolda, auke kapasiteten til psykologtenesta ved å sette ei grense for kor mange timar kvar einskild student kan få hos psykolog, prøve å auke kapasiteten i Volda kommune og andre offentlege tenester ved å legge til rette for fleire psykologar. Kanskje bør vi også gå i retning av andre hjelperåder som fleire kurs i studieteknikk, stressmeistring, livsmeistring og gruppesamtalar. Å få folk til å støtte og ta seg av kvarandre er aldri feil, noko eg også seier kvart år i helsingstalen min til nye studentar.

Det er viktig å få fram at helsevesenet har like stort ansvar for helsa til studentar som for alle andre. Så tilboda som høgskulen og SiVolda kan bidra med kjem i tillegg til helsetenesta. Samskipnadene har ansvaret for studentvelferd – og truleg har alle studentsamskipnader eitt eller anna helsetilbod til sine studentar.

Sjå informasjon om helsetilbudet for studentar på SiVoldas nettsider.

Det viktigaste tilbodet frå SiVolda er rådgjevingsteneste for studentar og psykologisk helseteneste. Dette er vel etablerte tenester i Volda. Vi bør løpande vurdere kva som er rett kapasitet og utforming av tilbodet. Her er det ei rekkje fagleg/økonomiske spørsmål som SiVolda må ta ansvaret for. Høgskulen betalar ca halvparten av kostnadene ved tilbodet. Men igjen er det viktig å hugse på at om ein sjølv eller andre har eller får alvorlege akutte psykiske plager så må ein gå til legen og ikkje stille seg i kø på samskipnaden.
Vidare har Volda kommune ei helseteneste for ungdom og studentar, men dette er eit mykje meir avgrensa tilbod som er retta inn mot prevensjon, graviditet og kjønnssjukdomar og ikkje utfører dei breie tenestene til eit vanleg legesenter. Helsetenesta for studentar held til på området til Øyra skule, like ved høgskuleområdet.
Men det er også andre resultat som vi bør vere urolege over. Heile 38 prosent av studentane i Volda oppgir at dei har «høye» eller «svært høye» somatiske helseplager. Det er over landsgjennomsnittet i SHOT som er på 32 prosent. Studentane i Volda trenar også mindre enn landsgjennomsnittet i SHOT. I Volda er det 23 prosent av studentane som trenar sjeldnere enn ein gong i veka – eller aldri. Landsgjennomsnittet er 16 prosent.
Det teiknar seg dermed eit bilde av at for mange studentar i Volda trenar lite, har fysiske helseplager og opplever lågare livskvalitet enn landsgjennomsnittet slik det går fram av SHOT-undersøkinga.
Voldastudentane rapporterer også om lågare deltaking i frivillige lag og organisasjonar enn landsgjennomsnittet. Men på «kulturarena» ligg Voldastudentane på det doble av landsgjennomsnittet: 14 prosent av voldastudentane oppgir at dei deltek på kulturarenaer, mot 7 prosent i landet. Bra!

 

Volda = kultur!
Men det er diverre meir, som det heiter. Vi ser også at studentane i Volda ligg over landsgjennomsnittet når det gjeld bruk av narkotika. Landsgjennomsnittet er at 5,8 prosent av studentane oppgir at dei har brukt narkotika minst 5 gonger det siste året. I Volda er det 7,2 prosent av studentane som har brukt narkotika så ofte. Det er høgt i landssamanheng. Faktisk er det også fleire voldastudentar som brukar snus og røyker enn landsgjennomsnittet. Alkoholbruken ligg også litt over landsgjennomsnittet, og det er fleire studentar enn landsgjennomsnittet som etterlyser fleire alkoholfrie tilbod. Men på eksamensdop ligg Volda under landsgjennomsnittet.

 

I lys av #Metoo-rørsla det siste året har mange vore spente på kva SHOT-undersøkinga kan fortelje om seksuell trakassering. Om Høgskulen i Volda så fortel SHOT-undersøkinga at 25 prosent av studentane har vore utsett for ei eller anna form for verbal eller fysisk trakassering – og det er stort sett studentar som plagar kvarandre. Dette er – diverre – på landsgjennomsnittet. Diverre, fordi det oppleves som eit svært høgt tal. Det viser seg også at i Volda er det fleire som har blitt mobba av medstudenter enn det som er landsgjennomsnittet.

Så SHOT-undersøkinga må takast på alvor – for dette handlar om sjølve livet.
Våre utdanningar rettar seg i stor grad mot det som kan kallast velferdsstatens profesjonar: Lærarutdanningar og sosialarbeidarutdanningar. I desse yrka skal ein sjølv møte folk med psykiske problem og handtere trakassering og mobbing. Då er det ikkje feil å få eit bevisst forhold til slike problem alt i studietida. Det er aldri feil å gjere det rette for å hjelpe andre – og dermed seg sjølv.

 

Bakgrunn for SHOT-undersøkinga: 

SHOTs nettside med nasjonal rapport.

SHOT-undersøkinga vender seg til norske heiltidsstudentar mellom 18 og 35 år. Studentar frå 10 studentsamskipnader deltok i SHOT, og til saman utgjorde desse 71 prosent av alle norske studentar. Studentane vart inviterte til å svare via Internett. Nasjonalt sett var det 30,8 prosent av dei som vart invitert til å delta i undersøkinga som svarte. Kvinnelege studentar er overrepresente blant dei som har svara på undersøkinga. Frå Høgskulen i Volda kom det i alt 593 svar. Avdeling for mediefag er kanskje noko overrepresentert og Avdeling for samfunnsfag og historie er kanskje noko underrepresentert blant dei som har svara på undersøkinga i høve til dei som vart inviterte. 2018 var det første året at studentar frå Høgskulen i Volda deltok i undersøkinga, så det finst ikkje tal frå tidlegare år å samanlikne årets resultat med.

 

Tabell: Avdelingar på HVO og tal svar og andel av alle svar på HVO – SHOT 2018. 
Avdeling
Svar
Andel
AHL (Humanistiske fag og lærarutdanning)
239
40 %
AKF (Kulturfag)
73
12 %
AMF (Mediefag)
138
23 %
ASH (Samfunnsfag og historie)
127
21 %
Ikkje oppgitt
16
3 %
I alt
593
100 %

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.