FoU-prisen 2018: Siv Therese Måseidvåg Gamlem

Gratulantar og prisvinnar: Frå venstre Sverre Måseidvåg, Thelma Måseidvåg, Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Stein-Ivar Gamlem og Johann Roppen.

Helsingstale frå rektor til prisvinnar Siv Therese Måseidvåg Gamlem: 

Med musikk frå Elizabeth Oltedal og Øystein Salhus har Forskingsdagane 2018 ved Høgskulen i Volda vorte offisielt opna, og det er her i biblioteket – slik vi har gjort det dei siste åra.

Forskingsdagane er ein nasjonal forskingsfestival, og årets tema er Oppvekst.

Høgskulen i Volda har i 2018 over 25 arrangement under forskingsdagane og er i år som tidlegare ein av dei norske universitets- og høgskuleinstitusjonane som satsar mest på fagleg formidling ved å ha mange og mangfaldige arrangement under Forskingsdagane. Dermed både formidlar vi fag og forsking – men ønskjer også å kome i fagleg dialog, i samtale om fag og forsking på ein tilgjengeleg måte.

Eg vil i samband med det nemne to førpremierar for Forskingsdagane i Volda, to arrangmenet frå onsdag denne veka. Den første i var konferansen: «Inkluderande fellesskap – universell utforming». Altså tilgang for alle. Det andre arrangementet hadde tittelen «Nynorsk digital oppvekst», og var eit debattmøte i samarbeid med Volda mållag, Nynorsk kultursentrum og det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne. Igjen kan vi seie at tilgang for alle var eit underliggande tema. Ved døra til biblioteket finn de ei utstilling med interessante bidrag til dette temaet.

Men så har vi det som skal skje her i biblioteket. No. Nemleg utdeling av den årlege FoU-prisen ved Høgskulen i Volda.

FoU står jo for forsking og utvikling. Årets prisvinnar har levert sterkt på F-en, altså ikkje til strykkarakter, men på F som i Forsking. Ikkje minst gjennom publisering i internasjonale tidsskrift, som er vår tids gullstandard når det gjeld publisering av forskingsresultat. Men ho har også levert til ein A på ein annan F, nemleg Formidling.

Styret ved HVO tildeler ut Forskingsprisen for å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid, FoU, etter framlegg frå Forskingsutvalet ved høgskulen, som igjen får framlegg frå fagmiljøa.

Historia til FoU-prisen går tilbake til eit styrevedtak hausten 2005 om å opprette ein slik pris. Prisen vart første gong utdelt i 2006. Dagens tildeling er den trettande prisen i rekka. Prisen har eit synleg uttrykk av eit diplom som er utforma av ein av våre eigne tilsette: Førsteamanuensis og grafisk designer Thomas Lewe. Målt i kroneverdi er prisen på kr 30.000. Men eg håper at både for prisvinnar og andre så har andre sider ved prisen verdiar av ein annan type der kanskje det viktigaste er: Høgskulen er glad for at du har gjeve viktige bidrag til FoU-arbeidet ved Høgskulen i Volda og denne prisen er ei synleg anerkjenning av det. Og det er kanskje den største verdien.

Prispengane skal brukast til ‘tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø og nettverksbygging eller utstyr’.
For å få prisen må ein ha utmerka seg på eitt eller fleire område: Levere FoU-arbeid med høg kvalitet, ein må ha publisert på høgt nivå, ein må ta del i nasjonalt og internasjonalt samarbeid, ein må vere miljøbyggar, og ein må formidle FoU til samfunnet rundt.

Årets vinnar har så stor breidde i sine faglege aktivitetar og merittar at eg berre kan nemne nokre få:

Ho disputerte ved Universitetet i Stavanger i 2014. Hennar doktorgradsavhandling i utdanningsvitskap hadde tittelen: «Tilbakemelding som støtte for læring på ungdomssteget».

Alle dei tre artiklane i doktorgradsprosjektet hennar har vore blant dei mest lesne artiklane på verdsbasis i forlaget Routledge i året 2016. Artiklane har ho skrive i lag med professorane Kari Smidt og Elaine Munthe (UIS). Dette er heilt i tråd med det ein forventar av ein forskar i dag. Internasjonal sampublisering veg tungt i mange faglege samanhengar.

I databasen Cristin står ho oppført med heile 126 bidrag, og av desse er 60 levert dei fire åra etter at ho disputerte. Ho er altså ein svært produktiv forskar. Av publikasjonane var det i vår 18 publikasjonar på det som blir kalla nivå 1 og på nivå 2 i tidsskrift og bøker.

I hylla framme til høgre her finn de døme på publiseringar ho har levert, og samandrag av tidsskriftartiklar. Eg oppmodar alle til å ta ein titt – biblioteket har fått eit godt grep om presentasjon av faglege arbeid.

Som internasjonalt meritert forskar har ho også vorte dregen inn i utgreiingsarbeid og ekspertutval i fleire land, i Noreg, Sverige og Danmark. Og ho deltek eller leiar fleire internasjonale forskingsnettverk på sitt fagfelt der det er verda, det globale som er nedslagsfeltet.

Prisvinnaren har vore og er leiar for fleire forskingsprosjekt og er også leiar for forskingsgruppa «Læringsprosessar og vurderingshandlingar» som har mottoet «å arbeide meritterande der ein er».

Kolleger fortel at ho har ei ekte og stor interesse av å løfte fram kolleger ved Høgskulen i Volda. Det kan her nemnast at ho er rettleiar for tre doktorgradsprosjekt som tilsette ved Høgskulen i Volda arbeider med. Det er Marianne Hareide Andreassen, Marit Løvøy Gascogne og Kim-Daniel Vattøy. Vi ser fram til at dei disputerer! Det er viktig for dei sjølve, for rettleiaren og for høgskulen.

Forskingsdagane handlar også om formidling. Og gjennom fleire fagbøker har ho gjort forskinga meir tilgjengeleg for praksisfeltet. Sjølv om det blir forventa av forskarar og institusjonar at dei skal ligge i den internasjonale spissen av forsking på sitt felt, så blir det fryktelig feil om vi forventar at alle bachelorstudentar og alle som tek vidareutdanning skal – eller ønskjer seg dit. Og då er formidling på norsk språk med på å løfte fleire, langt langt fleire opp og fram. Det er difor kjekt å kunne fortelje at årets prisvinnar også har levert boktitlar som «Tilbakemelding for læring og utvikling» (2014), «Dybdelæring i skolen» (2015) og «Læringsprosesser – dybdeforståelse, danning og kompetanse» (2016). Ei bok pr år i tre år! I tillegg har prisvinnaren bidrege med fagartiklar, kronikkar og faglege innlegg i det breie offentlege og faglege debattrommet. Også på Forskingsdagane.

Kva seier så kolleger om prisvinnaren?

Ho er hardtarbeidande, positiv, uredd, ambisiøs og løysingsorientert. Ho er ei fantastisk inspirasjonskjelde med sin høge arbeidsmoral, positive innstilling og evne til å løfte andre, i tillegg til å vere svært dyktig og produktiv.

Eg trur alle som har høyrt dette må vere samde i at alt dette er meir enn nok til å seie at ein FoU-pris er svært, svært fortent.

Då vil eg få gratulere prisvinnar Siv Måseidvåg Gamlem og be ho om å kome fram og ta imot diplomet for FoU-prisen 2018.

Siv Therese Måseidvåg Gamlems nettside, blant anna med oversyn over prosjekt og publiseringar.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar