Helsing til doktorand Torhild Erika Lillemark Høydalsvik

Ingen tvil – Høydalsvik tek tak i disputasen. Frå venstre dekan Arne Myklebust, 3.opponent Margareth Sandvik, 2. opponent Bjørn Stensaker, prodekan for forsking (OsloMet) Halla Bjørk Holmarsdottir og rettleiar Liv Gjems.

OsloMet sin omtale av disputasen.
Høgskulen i Volda sin omtale av disputasen.

Helsing frå rektor til doktoranden på doktormiddagen, fredag 14. september 2019:

På vegne av alle tilsette ved Høgskulen i Volda vil eg som rektor nytte høvet til å gratulere Torhild og alle andre involverte med vel gjennomført disputas.
Torhild har på ein engasjert og klarspråkleg måte levert eit forsvar som syner kor viktig ho meiner det er med barnehagelærarutdanning og rolla som lærarutdannar.
Kommisjonsmedlemmene har tydeleg synt at avhandlinga har trigga dei på mange måtar. OsloMet skal ha ros for å ha fått fram nok ein kandidat – og eg ser at mange frå fagmiljøet i Oslo også har møtt opp her.

Men så må eg få seie at det er veldig kjekt at så mange tilsette på HVO har valt å bruke tid og pengar på å delta på denne doktorgradsdisputasen. Det er ikkje sjølvsagt og skjer ikkje på alle fagområde. Men eg trur ei forklaring på at det er slik er at fleire og fleire har funne ut at doktordisputasar både er spennande og kjekt, at dei sjølve har gjort det – og sikkert lengtar litt tilbake til den dagen – eller at dei sjølve snart skal disputere – og grur-gler seg til dagen kjem – og då er det fole greitt å sjå korleis det fungerer. Og i dag har det fungert til de grader!
Eit omgrep som vart tematisert først heilt på slutten av dagen er akademisering – trass i at Torhild strategisk nok hadde unngår begrepet. Dette betyr kanskje at det er sjølvsagt at også barnehagelærarutdanninga og forsking på barnehagelærarutdanning er ein fullverdig akademisk disiplin som fortener å bli forska på, og at det er viktig at både lærarane og studentane faktisk treng og fortener å bli løfta inn i forskarverda.  Og eg håper og trur at det ikkje treng å bety at ein gløymer praksisfeltet og det såkalla virkelige livet.
Det er spennande å få eit overorda blikk på den endringa som barnehagelærarutdanninga står midt oppe i. Reform har vorte den nye normalen er ei tankevekkande spissformulering.
Svein Erik Hansèns sluttord håper og trur eg at Torhild aldri vil gløyme!
Eg er ein gammal, erfaren mann, så eg er glad i å skrive ned ting – så eg har det her – med feite typar:
Torhild: Forskinga di har gitt tydelege resultat. Det kan ein ikkje seie om alle doktoravhandlingar. Men du har kome fram til resultat med substans. Du har faktisk bidrege til forskningslitteraturen. Og du har på ein god måte også definert behov for vidare forsking.
Avhandlinga – disputasens fokus.
Som andreopponent Bjørn Stensaker peika på i si innleiing så er dette ei avhandling og ein disputas som er rik på metaforar. På bildespråk.
I dagens prøveførelesing så hadde Torhild leita opp og brukt aktivt grågåsa som gjennomgåande motiv.
Det er jo naturlegvis ein skikkeleg stor risiko å ta – for fuglar og metaforar som flyg høgt kan få stor fallhøgde!
I fleire av sine ordtak seier Ivar Aasen viktige ting om dette:
Fuglen flyg aldri så høgt at han ikkje kjem att til jorda. (Ivar Aasen)
Som sagt: Det er risikabelt å flyge høgt – det er risikabelt å forske på si eiga yrkesutøving. Ein skal jo faktisk tilbake til kollegene og studentane. Ein kjem ned att på jorda!
Ivar Aasen snakkar også om sjølve doktordisputasen i dag:
Den som gjer seg til gås, får reven på seg.
Og Reven Aasen tenkjer på er naturlegvis kommisjonen. Når du er ute og flyg og disputerer, så får du straks tre skarpskodde revar etter deg!
Men Aasen seier meir om gåsa:
Gåsa toler godt at ein skvetter vatn på ho
Og det viste seg i disputasen – Torhild klarte seg godt!
Men gåsa fekk ikkje heile showet i prøveførelesinga – Torhild drog inn i anda også – både i ei heldig feilskriving på ein plakat der ho snakka om gjensidig avhengigheit av KvarANDE … og så kom ho naturlegvis inn i ein andedam med både gjess og ender. Godt frampeik!
Og med anda på plass, passar det å avslutte med ein veldig klar konklusjon på dagens arbeid:
Det er eit ordtak av litt diffust opphav som går slik:  Om det ser ut som ei and, sym som ei and, kvekkar som ei and, då ER det truleg ei and.
I dag kan vi skrive det om:
Ho ser ut som ein doktorand, skriv som ein doktorand, forsvarar seg som ein doktorand, og då ER det heilt sikkert ein doktor!
Gratulerer så mykje, Torhild!
Kø av gratulantar etter gjennomført disputas. Fremst instituttleiar Silje Ims Lied.
Rettleiar professor Lars Gulbrandsen flankert av to voldadoktorar: Til venstre Gerd Sylvi Steinnes og til høgre Torhild Høydalsvik. Heilt til venstre andreopponent professor Bjørn Stensaker (UiO).

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar