Orientering til høgskulestyret 23. oktober 2018

Skriftleg versjon av den munnlege orienteringa som rektor gav til høgskulestyret, på styremøtet 23. oktober 2018. Sakslister og sakspapir til møtet.

Opptaket 2018: Fleire enn 4.000 studentar også i 2018
Vi har no levert oversyn over tal studentar på Høgskulen i Volda hausten 2018. I fjor hadde vi for første gong over 4.000 studentar med 4.184. I 2018 har vi for andre gong og andre gong på rad over 4.000 studentar, så det offisielle talet studentar ved Høgskulen i Volda er no 4.095 studentar. Vi har faktisk også fått oppjustert talet på studentar for 2015 i den nasjonale databasen DBH. Den viser at vi hadde nøyaktig 4.000 studentar i 2015 – tidlegare har vi trudd at det skulle vere to færre. Så vi har hatt 4.000 studentar eller fleire tre av dei fire siste åra.
Studiestart 2018 ved Høgskulen i Volda.
Struktur og samarbeid

Strukturprosessane landet rundt nærmar seg ein normalfase der dei nyfusjonerte skal over i vanleg drift. Høgskulen på Vestlandet gjennomfører fusjonen på instituttnivå i 2018. NTNU har gått ned 100 plassar på ein av verdsrankingane av universitetet, og det er vel rimeleg å tru at ei forklaring på det er både innfusjonerte institusjonar og elles mykje ekstraordinært arbeid på grunn av fusjonane. Men det er viktig å hugse på at dette var berre ein av mange konkurrerande rangeringar.

I framlegget til statsbudsjett for 2019 har regjeringa kutta fusjonsstøtta frå 125 millionar kroner i 2018 til 15 millionar i 2019. Naturleg nok er dei nyfusjonerte institusjonane skuffa over dette beløpet.

Ei forskingsbasert evaluering av fusjonane i UH-sektoren er no utlyst under Forskingsrådets FINNUT-program og har ei ramme på 15 mill over tre år. Søknadfristen er i februar 2019, så hovudrapporteringa blir vel då i 2022.

Avdeling for mediefag skal evaluere støtteordninga på litteraturområdet på oppdrag frå Norsk kulturråd. Arbeidet skal vere ferdig til 1.12.2019 og har ein verdi på 2 millionar kroner. Det er ei tverrfagleg forskargruppe som skal gjennomføre undersøkinga og i tillegg til forskarar frå HVO er det også med ein forskar frå Universitetet i Bergen.

På avdeling for samfunnsfag har forskar Bjarte Folkestad vorte med i eit prosjekt om lokaldemokrati innanfor forskingsrådsprorgammet DEMOS. Det er lokalvala i 2019 og 2023 som skal undersøkast. I forskargruppa er det med forskarar frå universiteta og forskingsinstitutt i Oslo og Bergen, så det er bra selskap.

Regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019

Budsjettet for høgskulen i Volda viser ein auke på ca 10,5 millionar som kompensasjon for løns- og prisauke. Vi har fått trekk på ca 5 mill som følgje av effektiviseringskutt, omlegging av basisfinansieringa og lågare oppdragsinntekter.

Våre framlegg til satsingar utanfor ramma var i fire punkt:

  1. Medieteknisk utstyr til nybygget. Vi håper på å få inn ein merknad som viser til statsbudsjettet for 2020. Blir eigentleg skuffa og overraska om ikkje det kjem.
  2. Nye stipendiatstilllingar: Vi fekk ingen. Ingen andre heller fekk. Den førre langtidsplanen for forsking og høgare utdanning innebar ei satsing i form av 500 nye stipendiatstillingar. Det er no gjennomført.
  3. Nye studieplassar. Vi fekk ingen. Stort sett har ingen fått. Vi får sjå om dette er noko som blir tema i budsjettforhandlingane. Vår prioritering av studieplassar var på friluftsliv og på samfunnsplanlegging. Friluftsliv har 8 søkjarar pr studieplass og i eit nyleg møte med toppleiinga i 62 grader nord fann vi ut at næringslivet skrik etter fleire naturguidar. Så vi er ein del av løysinga.
  4. Digitalisering av Norsk ordbok. 2 mill ekstra til Universitetet i Bergen. Vi vil utvikle avtalen med UiB slik at vi kan kome i posisjon til å byggje opp eit miljø ved HVO i framtida. Stipendiatstillingar, eventuelle nye stillingsutlysningar og interne prioriteringar.
Lærarutdanning: Avtale om lærarutdanningsskular i Volda og Ørsta
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har teikna samarbeidsavtalar om lærarutdanningsskular med Volda og Ørsta kommunar. Føremålet med avtalane er å styrke grunnskulelærarutdanningane – og lærarutdanningsskulane. I Volda er det Øyra barneskule som er med i avtalen, og Ørsta er det Velle skule som er med. Det er kjekt at Øyra skule som ligg like over gjerdet for Høgskulen i Volda har vorte lærarutdanningsskule. Det er faktisk kortare frå studentkantina til Øyra skule enn å gå til Kaarstad-huset. Men det er no heller ikkje langt til Ørsta. Seinare skal det lagast avtale med ein tredje skule og då er det ungdomstrinnet det gjeld.
Øyra barneskule i Volda: Ny lærarutdanningsskule for Høgskulen i Volda
Nybygget – status
Det kom fire tilbod om bygging av nytt mediehus, altså prosjekt «Sivert Aarflot-huset». Vurderingsgruppa har dei siste vekene brukt mykje tid på å vurdere dei innkomne tilboda. Utan at eg kjenner prosessen i detalj, så reknar eg med at sidan prosessen held fram så må eitt, fleire eller alle dei innkomne tilboda vere innanfor grensene vi sette for prosjektet når det gjeld romprogram og samla kostnader. Det tolkar eg som at det pr i dag ikkje ser ut til år vere bygg- eller budsjettekniske hinder for at huset kan bli bygd.  Ca 1. november blir det klart kva for eitt alternativ som blir valt av vurderingsgruppa.
Kollasj av dei fire framlegga til Sivert (nytt mediehus).
I møtet i desember får høgskulestyret byggesaka på bordet og må gjere vedtak i den største investeringa på høgskulen i Volda på over 20 år.

Høgskuleleiinga har hatt ei rekkje møte med politikarar over heile det politiske spekteret for å få politisk støtte til å love pengar til medieteknisk utstyr i mediehuset i 2020-budsjettet. Signala vi har fått pr i dag tyder på at vi kan få inn ein budsjettmerknad om dette i 2019-budsjettet. Men alt no i haust må vi syne korleis vi skal få bygd huset – inkludert medieteknisk utstyr – og også dekke kostnader ved ombygging av Hans Strøm-huset.

Som det går fram av budsjettsaka som står på dagsorden så har vi to alternativ: Anten må vi få ei eiga løyving frå Kunnskapsdepartementet, eller så må vi låne frå oss sjølve, altså frå avsetningane. Når media flyttar ut av Hans Strøm-huset så må vi bygge om huset. Desse kostnadene kan vi dekke anten ved å «låne» pengar av vår eigne avsetningar, eller å inngå avtale med Statsbygg og dermed betale større husleige i 30 år framover. Dette siste er litt som å velge mellom å betale med eigenkapital eller med kredittkort – og må naturlegvis sjåast i samanheng med om vi får ei eiga løyving til medieteknisk utstyr eller ikkje.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.