We have had an excellent event with music, students contributions. And the global ambitions of the Master of Media Practices has been highlighted with cases from Svalbard – and India.
It always makes me smile returning to this museum, this cultural centre, Aasentunet. One thing is that this is the Bethlehem or Kaaba for nynorsk language, as this place was the birthplace of Ivar Aasen, the autodidact scholar who founded nynorsk language. As an internationally recognized linguist he changed Norway and Norwegian language for ever. And nynorsk has always been one of the pillars of the identity of Volda University College.
But for me personally, it also makes me smile returning here, because when i earned my doctoral degree 16-years ago, in 2003, the celebration, the party was here in this very building.
Maybe You too after the masters examination feels like I did after my doctoral dissertation: After a strenous inquisition, I couldn’t remember much from the party. I think I laughed like a drunk most of the time. But I think people were happy to be here, joining in on a day which was once-in-a-lifetime.
Innlegg på Sunnmøre Regionråds representantskapsmøte, Høgskulen i Volda, 7. juni 2019.
Kjære representantskapsmøte, ordførarar og rådmenn!
Velkomne til Høgskulen i Volda og til vårt signalbygg frå 1922: Henrik Kaarstad-huset. Det har dei siste åra vorte pussa opp for ca 75 millionar kroner. Eg håper de likar resultatet. Høgskulen i Volda tel sine røter heilt attende til 1861 då det vart starta lærarskule på eit lokalt initiativ. Vi nærmar oss altså snart 160 år med lærarutdanning i Volda. Og når ein er så gammal så melder det seg rikeleg med høve til å feire jubileum.
Om eit par veker, 20.juni 2019, skal vi feire både eit femti- og eit 25-års jubileum: Då er det på dagen 50 år sidan Stortinget i 1969 vedtok å starte prøvedrift med DH-skular, og blant anna sa at at Ørsta/Volda høvde godt som skulestad for det nye skuleslaget. Det er også eit 25 års jubileum som blir feria same dag: Då er det 25 år sidan Gudmund Hernes i 1994 fekk fusjonert ærværdige Volda lærarhøgskule med nykomlingen Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda.
Status for Høgskulen i Volda er at vi har hatt ca 4.000 studentar dei siste åra. Søkartala for hausten 2019 har ei lita auke samanlikna med i fjor. Den nasjonale trenden er nedgang i søkjartala. Det er også tredje året på rad vi aukar søkartala. Vi har også auka talet på fagleg tilsette mykje dei siste åra og har no ca 340 årsverk i alt. Av desse er ca 230 i faglege stillingar. Ca 100 årsverk er på doktorgradsnivå. Professorar og dosentar utgjer ca 25 årsverk. Alle desse tala er rekordhøge.
Det er utruleg kjekt å sjå så mange «lovlege» her på høgskulen!
Eg er veldig glad for at kolleger på høgskulen har teke initiativ til denne samlinga, og at så mange har valt å bruke tid på å møtast her.
For ein liten og mangfoldig høgskule som Høgskulen i Volda så er det slik at vi har svært mange profesjonsutdanningar og profesjonar innanfor vår faglege portefølje.
Vi har naturlegvis pedagogar, spesialpedagogar, økonomar, språkvitarar, teologar, historikar, samfunns- og kulturvitarar i alle variantar, som til dømes medievitarar og journalistar.
Spesielt for såkalla små fag og profesjonar er det svært viktig å ha eller å lage møteplassar der ein kan møte andre fagfolk for nettverk og fagleg utvikling.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.
I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev
Dødsulukka i Loen
Denne veka har vore prega av at ein våre studentar, Astri Brandal Reynolds, døydde i luftsportulukka i Loen førre søndag. Det har vore tøffe dagar for medstudentar og vennar og for tilsette. På vegne også av styret vil eg seie at vi tenkjer på etterlatte, medstudentar, lærarar og andre som har vorte råka av hendinga. Vi har sett at studentar og lærarar har teke vare på kvarandre og det er godt å sjå opp i det ufatteleg triste som har skjedd.
Nybygget
Entreprenøren, Statsbygg og høgskulen har no starta det praktiske arbeidet med å detaljplanlegge huset. Vi er no i ein tidleg fase i den såkalla optimaliseringsfasen og håper at det blir ein god prosess og håper på eit godt samarbeid både eksternt og internt.
Struktursaka
Det har blitt veldig få statlege høgskular i løpet av denne styreperioden. Vi har gått frå ca 18 i 2015 til 5 i dag. Det er Vestlandet, Innlandet, Østfold, Volda og samisk. I vår region har vi også Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskule i logistikk.
Det har blitt færre høgskular på grunn av samanslåingar og universitetsomdanningar. Både Innlandet og Vestlandet arbeider for å bli universitet.
Til no har det altså vorte færre institusjonar, men ikkje færre studiestader. Det kan vere i ferd med å endre seg på fleire institusjonar. Mest aktuelt er prosessen på Nord Universitet. Nord Universitet er resultatet av fusjonen mellom dei tre institusjonane Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna i 2016. Universitetet har ca 11.500 studentar. Ca halvparten av studentane er i Bodø, altså ca 6.000. Levanger er nest største studiestad med ca 2.000 studentar.
Nord Universitetet hadde styremøte 30. april, og på dagsorden stod framlegg om store endringar når det gjeld studiestader.
Etter eit langvarig utgreiingsarbeid har det vorte foreslått å konsentrere aktiviteten til Bodø og Levanger. Nesna og Sandnessjøen blir lagt ned og ca 100 tilsette vil truleg få tilbod om å jobbe i Bodø i staden. Styret vedtok å sende saka ut på høyring og vil gjere vedtak i saka i juni. Universitetet i Sør-Øst Norge og Høgskolen på Innlandet vurderer også å legge ned studiestader.
I eit fylkesperspektiv kan vi notere at høgskuleaktiviteten i Kristiansund ligg klart under til dømes Nesna målt i tal studentar. Så når det blir bygd opp nye studietilbod på ein liten studiestad som Kristiansund, så er det verkeleg kjerringa mot straumen. Og viktig for Møre og Romsdal.
I vårt interne styrearbeid på Høgskulen i Volda kjem vi tilbake til struktursaka i neste styremøte der det skal leggast fram ein SWOT-analyse av høgskulen. Det blir ei vidareføring av arbeidet som har vorte gjort tidlegare i styret og leiinga.
Samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen har vi foreslått å forlenge i tre år til. Universitetet i Bergen vil drøfte dette på leiarmøte komande måndag. Vi har ikkje fått signal som tyder på at universitetet ikkje ønskjer å forlenge avtalen.
Seinare i styremøtet skal vi få ei orientering om Samordna opptak for 2019 med særleg fokus på våre eigne studietilbod. Men her vil eg kort seie litt om korleis utviklinga i Volda plasserer seg i ein nasjonal samanheng. Det er alt kjent at Høgskulen i Volda har ein auke i søkjartalet på ca 1 prosent, medan for sektoren samla sett ser vi ein nedgang på 2,3 prosent. Så vi har klart betre utvikling enn landsgjennomsnittet. Vi har hatt auke i søkjartala i tre år på rad, og det er berre 6-7 av ca 40 private og offentlege UH-institusjonar som har hatt vekst i tre år på rad i Samordna opptak. Alle dei andre institusjonane som har hatt tre år med vekst er mindre enn høgskulen i Volda. Høgskolen i Molde er blant dei, og har ein auke på nesten 20 prosent i søkjartala.
Ei viktig forklaring både for Molde og dei fleste andre institusjonane med vekst er at dei har fått auka midlar til å starte nye studietilbod – altså nye studieplassar. Dette gjeld også i Kristiansund der Dronning Mauds Minde har fått studieplassar for å byggje opp eit nytt studietilbod som barnehagelærar.
Volda har som kjent ikkje fått særleg med nye studieplassar i det siste, så auken for vår del må kome av andre årsaker. NTNU Ålesund har ein nedgang i søkjartala på ca 5 prosent.
Søkjartal går opp og ned så ein bør ikkje legge for stor vekt på einskildår. Men tre år på rad med auke er bra. Så her kan vi i styret vere godt nøgd med utviklinga.
Grunnskulelærarutdanningane
I gjennomgangen av søkjartala vil vi også få orientering om søking til grunnskulelærarutdanning. Der er diverre nedgang for oss – og nasjonalt.
Fagleg sett bør styret også merke seg at høgskulen har sendt ein ambisiøs forskingssøknad om evaluering av fagfornyinga i skulen. Høgskulen gjennomført konferansen ITS Volda – ei samling finansiert av kvalitets- og internasjonaliseringsorganet DIKU, og der føremålet er å få til meir internasjonal utveksling av lærarstudentar. Det ligg betre til rette for det no med ei femårig utdanning enn tidlegare.
Opningshelsing til konferansen ITS Volda, 10.4.2019.
It’s a great pleasure for me as rector of the Volda University College to welcome you all to Volda and the conference ITS Volda.
Being close to the sea, Norwegians have always been close to the outside world by opportunity as well as necessity. And today this might be even more necessary than ever before.
Volda University College is among the Norwegian Universities and Colleges with the highest level of international student exchange. Of course we are proud of this, but we also think this is necessary.
Each year, hundreds of Volda-students go to study abroad and scores of international students come to Volda University College.
I Volda har rektor dei siste åra vore fast medlem av Utval for likestiling og mangfald, så likestilling og mangfald er eit prioritert område for leiinga på høgskulen.
Høgskulen i Volda har ikkje vorte fusjonert og eg ser eg er einaste mann i dette panelet, og dessutan brukar nynorsk, så no veit eg korleis det kjennest ut å bli kvotert inn!
Høgskulen i Volda vil frå hausten tilby eit nytt studium i nettganning. Studietilbodet er først og fremst eit tilbod med undervisning og praktiske øvingar på nett, men dei som ønskjer å treffe lærarane kan møte dei på høgskulens nyopna campus i Gannevegen i Volda.
Dette er det første studietilbodet i ganning i verda og er ein del av strategien for å gjere Høgskulen i Volda endå meir spissa og profilert. Det er ein føresetnad for at studiet skal starte at det vert godkjent for lån i lånekassa av NOKUT. Der har vi grunn til å vere optimistiske sidan astrologi nett har vorte godkjent:
Informasjon, søknad, opptak og eksamen skjer via telepati. Dei som likevel ønskjer meir informasjon alt no, kan kome på informasjonsmøte i Berte Kanutte-huset, Store Auditorium, kl 16.00 i dag, måndag 1. april.
Det kunne fort bli trangt på teppet med 8-10 rektorar på plass. Høgskulen i Volda var også innkalla, men når Widerøe ikkje kunne fly så gjekk den reisa fløyten.
Men kva er status? Er Volda ein versting? Kva kan gjerast?
I Studiebarometeret oppgir studentane kor mykje tid dei brukar på å studere i løpet av ei veke. Er dette tal vi kan stole på? Og kva fortel dei eigentleg?