Dei opne dørene: Opningshelsing i høve studieåret 2016-2017 *)

Rektor Roppen og rappar Runar (Gudnason).
Rektor Roppen og rappar Runar.

Kjære alle saman! Tusen takk for for at de har valgt å kome i lag på denne fantastisk fine opningsdagen på studieåret 2016!

Spesielt velkomne på denne opningshøgtida er du som er ny student ved Høgskulen i Volda. På vegne av alle tilsette og studentar vil eg ønskje deg trefaldig velkomen:

  •  Velkomen til lokalsamfunnet Volda – Studiebygd A. Norges beste studiebygd.
  • Velkomen til regionen Sunnmøre og fylket Møre og Romsdal – vi er verdsleiande på maritim industri – fisk og fjord – ville tindar og vindar.
  • Velkomen til den globale Høgskulen i Volda – møt verda i Volda.

I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du kan gle deg til å få  bitar av alt dette – om du vil!  Det er deg sjølv det kjem an på.

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne opne dører.

Studiebygda Volda og Høgskulen i Volda handlar først og fremst om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Og du finn det lett i Volda. Og omvendt. Hald også di dør open.

Vi har eit fantastisk korps av studentfadderar som vil hjelpe dykk til å bli kjent bygda og studentmiljøet på alle mulege måtar.

Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk! Og om kort tid vil de oppleve at de er ein viktig del av Volda.

Opne dører kunne vore eit motto for Høgskulen i Volda.

Og det gjeld alle husa på høgskuleområdet. Og eitt av husa som eg sterkt vil oppmode dykk til å stikke innom er det eldste huset på høgskuleområdet: Henrik Kaarstad-huset frå 1922. Huset er kalla opp etter Henrik Kaarstad – som på mange vis skapte lærarutdanninga i Volda – og dermed høgskulen. Kaarstad var frå Nordfjord i grannefylket Sogn og Fjordane og tok lærarutdanning i Volda. Då Kaarstad huset stod ferdig i 1922 var lærarskulen i Volda  den største i Skandinavia med godt over 400 studentar. Etter nesten 100 år har Kaarstad huset no vorte totalrenovert – vi kan seie fødd på ny – så det eldste høgskulehuset i regionen er no også de det mest moderne og vil bli ein god samlingsplass for lærarutdanningane i åra som kjem. Eg er sikker på at både lærarar og studentar gler seg.

I høve denne dagen er det særskilt kjekt at så mange ordførarar frå Nordfjord har teke turen til Volda.

Utan nordfjordingen Kaarstad – ingen høgskule i Volda.

Det vil hausten 2016 truleg vere registrert over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda no i haust. Det er omlag like mange som i fjor, som var rekordåret. Særleg på sosionom og barnevern har det vore sterk søking og store kull. Eg er glad for at desse viktige utdanningane er interessante for så mange studentar. Ikkje minst fordi vi her i mange år har spennande mastergrader å tilby på toppen av grunnutdanningane. Og i fjor starta vi også vårt første doktorgradsstudium i helse- og sosialfag. I godt samarbeid med Høgskolen i Molde.

Det skjer store ting i høgskulenoreg. Som ein av få statlege høgskular har Høgskulen i Volda ikkje gått inn i fusjonar eller blitt teken over av eit universitet. Eg som rektor og prorektor Jens Standal Groven gjekk til val på at Høgskulen burde halde fram som sjølvstendig høgskule, og eg trur framleis det vil vere best for undervisning og forsking og dermed for våre regionale og nasjonale oppgåver. Men vi skal samarbeide med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar der det er naturleg – i inn og utland. Våre faglege dører skal stå opne i alle himmelretningar.

Her vil eg særleg nemne at vi er i ferd med å få på plass ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, og det vil bli spennande å sjå korleis dette utviklar seg i åra som kjem.

Vi vil heller vere ein god og sjølvstendig høgskule enn ein fragmentert filial av eit stort universitet.

Kva betyr det å vere ein god høgskule? For studentane skal det først og fremst bety at dei møter opne dører med låge tersklar på Høgskulen i Volda. Det skal vere lett å ta kontakt med lærarar og administrativt tilsette. Slik har vi hatt det – og slik vil vi ha det. Vi har gode faglege resultat i Volda – og eg trur dei opne dørene er ei viktig forklaring på det.
I strategiplanen vår står det at Høgskulen i Volda er høgskulen for samfunns- og humanvitskapane. Samfunns og humanvitskapane vert av og til kalla menneskevitskapane.

Dette betyr at vi utdannar lærarar, sosialarbeidarar, medie- og kulturarbeidarar. Felles for alle desse utdanningane er at det er menneske det handlar om. Gjerne unge menneske, menneske som treng hjelp, menneske som har problem – men også kreative menneske: Menneske som skapar, reflekterer og diskuterer litteratur, film, teater, drama eller animasjon.
Vår sunnmørske industri, fisk og oljenæringane har skapt mykje som vi skal leve av. Men vi skal også leve for noko. Og vi skal overføre kunnskapar, haldningar og verdiar til dei nye slektene. Opp i alt dette har Høgskulen i Volda i godt over 100 år vore ein viktig regional medspelar som har leveringsgaranti på godt utdanna lærarar i regionen. Kven vil bu på ein stad der ungane ikkje får skikkeleg skulegang?  Som ein lokalpolitikar på Sunnmøre sa til meg for kort tid sidan: Utan lærarutdanning i regionen hadde det vore vanskeleg å tenkje seg at vi ville få ei maritim klynge.

Det er menneske det handlar om.

Vi veit  at  i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dykk som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga.  Dørene står opne for dykk på arbeidsmarknaden!

* * *

Til slutt vil eg seie to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:

Ha opne dører også mellom kvarandre. Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Og bry deg om svaret. Å flytte til ein ny stad og finne seg sjølv på ein ny stad er kanskje lettare i Volda enn mange andre stader. Men likevel: Ta vare på kvarandre. Anten det er på Rokken, på høgskulen eller på nettet.

Det var det eine.

Det andre er dette:

Fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida.

Så gå ut av døra. Bruk naturen. Bruk havet. Nyt snøen. Men ta vare på deg sjølv og andre og skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt og å vite kva du gjer.

Vi har mange studentar, men ingen å miste!
***

Lukke til med studieåra i Volda!

***

*) Å halde ein tale er ei kommunikasjonsform som for meg vibrerer mellom det munnlege og det skriftlege. Det opplevest som naudsynt å skriftfeste talen på førehand, og eg har ingen skruplar med å gjere endringar i teksten heilt fram til talen skal starte. Men framføringa blir uansett munnleg – med host og hark og stoting og pausar og ikkje minst strykingar på grunn av tidsklemma. Slik var det med opningstalen i fjor – og slik vart det med opningstalen også i år – i 2016. Det som faktisk blei framført finn du på Youtube. Og i dette blogginnlegget er muligens talen slik den kunne ha blitt – i alle fall sånn i ettertankens lys.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar