Helsing til Jacob Kjøde frå gamlerektor Gunnar Stave

Avtroppande høgskuledirektør Jacob Kjøde (til venstre) og gamlerektor Gunnar Stave.

Helsing frå gamlerektor Gunnar Stave

Frå Gunnar Stave, som representant for rektorane som Jacob Kjøde har samarbeidd med:

Jacob blei tilsett som direktør i 2001, i mi andre rektorperiode.
http://www.hivolda.no/index.php?lang=nyn&displayitem=1401&module=news

16 år er lang tid i ein yrkeskarriere. I det daglege kan vi synest det går i same tralten og det er lite forandring. 16-årsperspektivet viser noko anna.

Ser vi tilbake på desse 16 åra, har dette har vore ein epoke i høgre utdanning med store reformer og radikale endringar i vilkåra for å drive ein høgskule. Då eg tok over som rektor i 1997, var høgre utdanninga delt i to skilde sektorar med klar oppgåvefordeling. Høgskulane gav utdanning på lågare grad, og måtte ha godkjenning i departementet for alle nye studium med eit omfang på eit semester eller meir. Utdanning på hovudfag og doktorgradsnivå var uaktuelt.

Høgskulen i Volda anno 1997 var ein høgskule som gav treårige profesjonsutdanningar og ei fireårig allmennlærarutdanning, og fagstudium på grunn og mellomfagsnivå, som kunne settast saman til cand. mag. grader.

Dette var i ferd med å endre seg då Jacob overtok direktørstillinga. Jacob hadde tidlegare jobba ved høgskulen, men kom no frå helsesektoren. Han hadde ein solid kompetanse for jobben han gjekk inn i.

Høgskulen i Volda anno 2017 er ein høgskule med vesentleg større faglege fullmakter. Også institusjonsstrukturen er radikalt endra.

Ved tusenårsskiftet hadde vi:

  • 26 statlege høgskular
  • 4 universitet
  • 4 vitskaplege høgskular

I dag har vi:

  • 8 statlege høgskular (14 private) – 4 av dei har ambisjonar om universitetsstatus
  • 8 universitet
  • 5 vitskaplege høgskular (3 private)

Eg var med i ein god periode i denne krevjande endringsprosessen og eg ser med glede tilbake på samarbeidet med Jacob. Det er mange grunnar til det. Dette er eigenskapar Jacob har:

  • Organisasjonsforståing
  • God kunnskap om offentleg sektor- sjukehussektoren og høgskulesektoren
  • Evne til å delegere og bruke sine medarbeidarar
  • Utvikla gode administrative rutinar
  • God økonomistyring
  • Lite revirorientering – derfor har den delte modellen fungert og ikkje skapt konfliktar
  • Løysingsorientering
  • Opa haldning til diskusjon og er prosessorientert
  • Ein vennleg måte å behandle sine medarbeidarar på
  • Stor kompetanse på mat og vin – sette bokstaveleg talt smak på fellesskapet i leiargruppa ved fleire høve

Eit godt samarbeid kan ein ikkje ta for gitt innanfor det leiingssystemet som HVO og mange andre institusjonar har. Det er mange forteljingar om det i vår sektor. Då 1994-reforma blei evaluert, skreiv Hallgeir Gammelsæter ein rapport om dette styringssystemet og den delte leiinga. Då skreiv han at den delte styringsmodellen i dei nye høgskulane – fungerer ikkje i teorien, men den fungerer i praksis.

Ein slik modell føreset gode relasjonar og vilje til samarbeid og tillit, skreiv Gammelsæter. Den viljen har Jacob hatt og eg vil for min del seie at den fungerte framifrå i mi tid. Jacob er lojal – både mot institusjonen og mot dei han samarbeider med. Det sette eg stor pris på i den perioden eg fekk leiarverv i Universitets- og høgskulerådet – og eg fekk då god støtte frå Jacob.

Det er mitt inntrykk at det gode samarbeidet fortsette med dei rektorane som kom etter meg også. Derfor gjer eg meg til talsmann for «gamlerektorane» og takkar Jacob for det store arbeidet du har gjort for HVO i denne perioden, og samtidig takke for det gode samarbeidet du har hatt med dei valde rektorane. Takk for det du har investert i Høgskulen i Volda gjennom ulike fasar. Du har sett merke etter deg.

Å ta avskjed er ein prosess – på mange måtar ein sorgprosess. Men det er også mykje glede i ein slik prosess. Arrangement, helsingar og velfortent takk og gode ord. Det skal du ta til deg. Det er ikkje så mange arenaer for godord i vårt system. Vi skulle hatt fleire. Vi skulle ha vore flinkare til å gi feedback – også den positive.

Og så vil eg no invitere deg til å stikke innom seniorbrakka og slå av ein prat. Dette er også ein invitasjon til medlemskap i tenketanken «Kva var det eg sa» – eit av dei sterkaste kompetansemiljøa på høgskulen.

Jacob, livet som pensjonist byr på rike mulegheiter. Eg vonar du får gode år framover, der du kan prioritere tida ut frå dei interessene du brenn for.

Er det slutt no? Nei, ein gammalrektor er ustyrleg. Eg har hatt eit element i dei fleste slike takketalar, og det er å avslutte med eit hyllingskvad til hovudpersonen og det er eit gamalt hyllingskvad, nennsomt modifisert for den aktuelle situasjonen.

I dag lyder det slik:

Nu vil jeg indfalle med glede og takk
for alt det som Jacob har ydet.

Han viselig styrte med klokskap og kraft
og trender i tiden han tydet.

Derfor jeg med fryd,
vil nu slå til lyd
En hyldest til Jacob påbyder.

Nu have du levet så herlig og vel
På skolen med glede og gammen.
Se tiden er kommet du må ta farvel,

Til avskjed vi drikke nu drammen.
Vi afskjedsskål drikke og sige stor tak,
For alt det du gjorde til sammen.

Skab venner, ja skab da et vennefuldt lag.
Der Jacob i sentrum må blive

Gid dyktig vi takker for alt som han gav,
Og festlig vi tiden fordrive.

Og viser så smugt,
i ære og tugt,
å verdsette det han oss givet

 

Rektorane for Høgskulen i Volda sidan samanslåinga i 1994

Sverre Måseidvåg (1994-1997)
Gunnar Stave (1997-2007)
Jørgen Amdam (2007-2011)
Per Halse (2011-2015)
Johann Roppen (2015-2019)

2001: Nytilsett direktør Jacob Kjøde blir teken i mot av rektor Gunnar Stave.
Semesteropning 2010: Frå venstre Anne Øie, rektor Jørgen Amdam, Kristin Halvorsen og direktør Jacob Kjøde jr.
Styremøte 2015: Rektor Per Halse, Jacob Kjøde jr, Marie Nedregotten Sørbø og Roar Amdam. Faksimilie: Møre-Nytt.
2016: Frå venstre: Jacob Kjøde jr (direktør HVO), Jens Standal Groven (prorektor HVO), Johann Roppen (rektor/styreleiar HVO), Rasmus Stokke (rektor HISF), Trond Ueland (styreleiar HiSF), Kari Kjenndalen (styremedlem HISF) og Oddmund Hoel (styremedlem HISF).

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar