Fortsett å lese «Jag trivs best i öppna landskap» … studentar og lærarar på same golv?
Kategori: Blogginnlegg
Kinderegg: Trepunktsavtale mellom Volda kommune og Høgskulen i Volda?
Klarer Volda kommune og Høgskulen i Volda om å bli samde om Kinderegg-avtalen? Å få til tre ønskje på ein gong?
- Nytt mediehus med kultursal?
- Kunnskapspark i dagens Ivar Aasen-hus?
- Ny idrettshall bak Øyra skule – på høgskuleområdet?
Kan vi få til landets lengste tørrskodde høgskule – frå Kaarstad til Ivar Aasen?
Leiinga ved Høgskulen har den siste veka hatt møte med kommunestyret og formannskapet i Volda kommune for å snakke om utvikling av Volda kommune – og Høgskulen i Volda. Vi ser no konturane av ein svært omfattande og ambisiøs samarbeidsavtale som vil gje både Høgskulen i Volda og Volda kommune eit kjempeløft.
Nytt mediehus med kultursal
Høgskulen har i sitt campusutviklingsprosjekt synleggjort og prioritert nytt mediehus. Eller som det meir ambisiøst blir formidla: Eit nybygg for mediering og kulturformidling. Dei tilsette og mesteparten av undervisninga ved Avdeling for mediefag vil bli flytta frå Ivar Aasen-huset og delvis Strøm-huset og inn i det nye mediehuset.
Les meir om campusutviklingsprosjektet på høgskulens nettsider.
Ein politikar som har sett potensialet i prosjektet er Trond Giske (Ap), som også meiner prosjektet er fornuftig og gjennomførbart.
Høgskulen kan antakelig klare å finansiere mesteparten av huset gjennom reforhandling av leigeavtalar med Statsbygg i kombinasjon med reduserte leigeutgifter frå Ivar Aasen-huset.
Men verkeleg flukt over prosjektet blir det først om Volda kommune blir med i prosjektet gjennom å finansiere ein stor kultursal – som manglar i Volda kommune i dag. I skissa frå planleggingsgruppa er det teikna inn ein kultursal med 500 sitjeplassar – og i tillegg ein kino med ca 100 plassar.
Det vil bli Statsbygg som byggjer huset, med Høgskulen som leigetakar og eventuelt framleige frå Høgskulen til Volda kommune. Det er få lokale i Volda som har plass til fleire enn 200 personar, og det er ei rekkje store arrangement som samlar langt fleire enn 200 og som det ville vere aktuelt å legge til ein kultursal. Til dømes:
- Dei nynorske festspela
- Grand Prix (Volda ungdomsskule)
- Musikalen (Volda vidaregåande skule)
- Ballettframsyningane til Volda Ørsta ballettskule.
- Utdanningsdagane (HVO)
- Karrieredagane (HVO)
Kva vil dette koste? Det lurer nok alle involverte på, og i løpet av våren vil Høgskulen og Statsbygg finne svar på det.
Høgskulen kan sjølv bygge eit mediehus – men skal det byggjast ein kultursal trengst det ekstern finansiering.
Eitt anna kjempeviktig spørsmål er korleis ein kultursal skal drivast. Kanskje er det naturleg at Studentsamskipnaden gjer det? Det må vi finne gode svar på.
Sjølv blir eg skuffa og overraska om ikkje det nye mediehuset også byr på tørrskodd veg mellom Strøm og Berte Kanutte. Alle som har gått på høgskulen veit kor viktig «Lillestrøm» er – passasjen mellom Aasen og Strøm. Den var faktisk ikkje planlagt men vart skøyta på undervegs i byggetida. Om det stemmer var det veldig klokt gjort.
Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset?
Det andre punktet i avtalen er å nytte Ivar Aasen-huset til å byggje Kunnskapspark ved Høgskulen i Volda. Det er med litt skam å melde på tide. Høgskulane i Molde, Ålesund og Sogn og Fjordane fekk på plass sine kunnskapsparkar for lenge sidan. Ei forklaring på det er nok at dei tre nabohøgskulane våre er langt meir orienterte mot næringslivet enn HVO er.
Ein kunnskapspark skal vere ein møtestad mellom kunnskapen som lever i høgskulemiljøet – mellom studentar, lærarar og forskarar – og verda utanfor høgskulen. Ein kunnskapspark skal vere eit miljø der studentar og høgskuletilsette kan få utvikle idear til å kanskje bli verksemder. Og motsett ein stad der private, offentlege og andre aktørar kan få tilgang til kunnskapen i høgskulemiljøet.
I Volda har vi eit godt utgangspunkt for å få bygd ein kunnskapspark gjennom Sunnmøre kulturnæringshage, og dagleg leiar Martin Foldal har kome langt i å pønske på korleis ein kunnskapspark i Volda kan bli noko heilt spesielt.
Idrettshall?
Voldahallen vart bygd i 1979 og ligg ved Volda vidaregåande skule. Det er ein tradisjonell idrettshall med ei speleflate på 40×20 meter og er i dag arena for førstedivisjonshandball. Hallen har også vore arena både for NM-turneringar og landskampar i volleyball. Men hallen er i ferd med å bli 40 år – og hadde trengt ei kraftig oppgradering.
Møre og Romsdal Fylkeskommune og Volda vidaregåande skule treng ein idrettshall for at skulen skal kunne gje undervisning i kroppsøving. Skulen driv også med toppidrett fotball, handball og andre fag. Sidan Voldahallen faktisk kan bli stengt kan fylket betale 44 prosent av investering og drift av ein ny hall. Og det beste området for å bygge ein slik hall er på grusbanene mellom den gamle lærarskulen (Kaarstad 1922) og Øyraskulen.
Dette ville i så fall gje heile høgskulen ei skikkeleg løft – og først då kan ein kanskje seie at samanslåinga av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i 1994 har vorte fullført.
Idrettshallen bør etter mi meining planleggast i samarbeid med Ørsta kommune med tanke på samordning og oppgåvefordeling mellom dei to kommunane. Det kan også gje auka spelemidlar til dei to prosjekta. Ørsta kommune har som kjent planlagt å bygge ein kjempestor idrettshall ved sidan av Ørsta Stadion – med plass til tre speleflater på 40×20 meter. Ørsta kommune har kome langt i planlegginga av prosjektet, og har blant anna tilsett ein prosjektleiar.
Det er ikkje plass til tre baner på grusbanene i Volda. Volda kommune er i ferd med å engasjere ein arkitekt som skal planlegge området, og eg er spent på om det er muleg å få plass til stort meir enn ei speleflate på 40×20 meter på grusbanene på høgskuleområdet. Og så skal det betalast for det, og tidlegare har Volda kommune sagt til idretten i Volda at om det skal byggast meir enn ei speleflate så må idretten vere med på å betale det.
2016-2020?
Kva er så tidsplanen for dei tre prosjekta? Rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune er tydeleg både på at ein må få fram kostnader ved prosjekta, og det må leggast ein tydeleg tidsplan. Eg oppfattar voldapolitikarane slik at dei er positive til å få gjennomført prosjekta – men at dei naturleg nok lurer på kva dette vil koste. Og i kva rekkjefølgje ting skal skje.
Også høgskulestyret vil stille dei same, rettkomne spørsmåla. Men for alle partar gjeld det at ein må ein først bli samd om at dette/desse prosjekta ønskjer ein verkeleg å få til, og så må vidare planlegging avdekke kostnader og leite etter gode løysingar.
Mitt råtips – eller kanskje ønskjeliste? – til framdrift ser slik ut:
- 2016: Vedtak om å byggje nytt mediehus ved Høgskulen i Volda. Intensjonsavtale frå Volda kommune om å finansiere kultursal og kino. Studentsamskipnaden skal drifte kultursalen.
- 2017: Byggjestart på mediehuset – to års byggjetid.
- 2018: Vedtak om Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset. Vedtak om bygging av idrettshall på grusbanene.
- 2019: Innflytting i mediehuset – ombygging av Ivar Aasen-huset til Kunnskapspark. Byggjestart på ny idrettshall.
- 2020: Opning av ny idrettshall. Samanbinding av Kaarstad og Berte Kanutte.
2020: Høgskulen i Volda er Noregs lengste tørrskodde høgskule: Det er 600 meter frå Kaarstad-huset til Ivar Aasen-huset.
Tida og vegen: Strukturprosessen inn i avgjerande fase
Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.
Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.
Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.
«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.
Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.
«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.
Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.
Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.
Kva så med Volda?
Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.
I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:
- Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
- Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- Fusjon med Vestlandshøgskulen.
På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.
Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.
Fusjonsutgreiing frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.
Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.
Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.
Her er presentasjonen til Arne Myklebust (ppt).
Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.
Meir informasjon om korleis NOKUT og NOKUT-komiteane tenkjer omkring akkreditering av lærarutdanning finn ein i ein artikkel i Khrono:
Khrono: Høgskolen i Sørøst-Norge får bare godkjent på to lærerfag
NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.
To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.
Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.
Les meir om kva som rører seg ved Høgskolen i Molde på nettavisa Panorama.
Kvar står så eg i struktursaka?
Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.
Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.
Kva no, HVO? Allmøte om strukturprosessen
Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:
Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:
Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.
Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.
Les omtale av allmøtet i 2014 her.
Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:
- Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
- Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.
Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:
«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»
Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:
«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «
Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har som kjent sagt nei til allianseplanane:
Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.
Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.
Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?
Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:
- Plan A: Fortsatt sjølvstende.
- Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
- Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
- Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.
Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.
Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.
Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.
Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.
Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:
- Styret ber rektor setja i verk sonderingar med HSH og HiB for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
- Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
- Styret konstaterer at UiB no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved HiSF synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
- Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
– om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
– situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda. - Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.
Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope
Høgskolen i Bergen (HiB) har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:
Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:
- HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
- For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
- HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.
Høgskolen Stord / Haugesund har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:
- HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
- HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
- HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
- Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
- Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
- Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
- Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
- Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.
Plan C: Departementet instruerer.
Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:
- § 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet
–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.
- § 9-2.Styrets oppgaver
–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.
Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.
Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.
Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.
Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!
Høgskulane og regional utvikling
Kronikk i Sunnmørsposten 13.01.2016
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider med ny Forskings- og innovasjonsstrategi for fylket, noko som vart presentert av Anna Marie Hatlestad i ein kronikk i Sunnmørsposten 29. desember der ho meinte det var «perfekt timing» for å kome med ein ny FoI-plan for fylket.
Det er kanskje aldri noko godt eller dårleg tidspunkt for framtidsplanlegging i eit fylke som vårt: Dagleg les vi om problem hos verft og supplyreiarlag. Men samtidig ser vi rekordresultat i oppdrett og anna fiskeri.
Vi les om arbeid med kommunesamanslåingar på lokalt nivå. Men Møre og Romsdal fylkeskommune skal bestå.
Mangfald
Også i høgare utdanning i fylket har vi eit mangfaldig bilde:
Høgskolen i Ålesund blir ein del av NTNU, medan høgskulane i Volda og Molde ønskjer å halde fram som sjølvstendige høgskular.
Dei tre høgskulane er då også ulik fagprofil og orientering.
Eg trur at eit mangfald av løysingar gjev eit meir robust fylke, og håper det også kan bli gjenspegla i ein framtidig plan for forsking og innovasjon.
Men dei statlege høgskulane i Møre og Romsdal har i grunnen kome litt i bakgrunnen i framtidsplanlegginga for fylket. I den gjeldande fylkesplanen står det at eit styrka høgskuletilbod i Møre og Romsdal vil vere viktig for å møte regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Dette blir ikkje mindre viktig i framtida.
Når Møre og Romsdal fylkeskommune no har oppretta eit høgskulefond så er det eit veldig konkret og godt tiltak for å styrke samarbeid og dialog mellom høgskulane og fylket, og dette er noko høgskulane har merka seg.
Sjølvstende
Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer meiner at vi blir betre regionale aktørar av å halde fram som sjølvstendige høgskular og ha gode samarbeid med andre forskingsmiljø.
Dei tre høgskulane skal denne veka i møte med Kunnskapsdepartementet for å diskutere alliansemodellen – eit unikt innovativt tiltak for samarbeid mellom sjølvstendige høgskular som har ei klar regional forankring. Eg trur at Høgskulen i Volda best kan tene regionen ved å levere høgt utdanna arbeidskraft også i framtida ved at vi held fram som ein lokalt styrt høgskule.
Sagt på ein annan måte: Studentar frå Volda, Molde og Ålesund har lyst til å arbeide i vår region når dei er ferdige med utdanninga si.
Forskingsmiljø
Igjen ser vi at mangfald er viktig. NAV fortel om mange ledige lærarstillingar, noko som er viktig i desse tider då oljebaserte næringar slit.
For Høgskulen i Volda somhar drive med lærarutdanning i nesten 150 år er det viktig å formidle til studentane at dei kan rekne med å finne arbeid i regionen med eksamenspapir frå Høgskulen i Volda.
Med ca 200 forskarar er Høgskulen i Volda blant dei større forskingsmiljøa mellom Bergen og Trondheim. Vi har fleire tilsette med professorkompetanse enn dei fleste statlege høgskular og i fjor leverte forskarane fleire artiklar og bøker enn alle andre høgskular på Vestlandet.
Vi er altså eit levande forskingsmiljø med høg kompetanse, men vi kan nok bli endå betre til å kome i dialog med regionen vår.
Det er likevel tankevekkande at høgskulane ikkje er blant eigarane av den nye FoI-planen. Fylket har valgt Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, LO, NHO, SIVA, KS, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NAV som partar i dette arbeidet.
Helseføretaket er heller ikkje med blant eigarane. I sum står høgskulane og helseføretaket for FoU i fleire hundre millionars klassen i form av FoU-tid for hundrevis av forskarar ved høgskulane og i helseføretaket.
Samarbeid
Vonleg kan vi finne arbeidsmåtar der vi kan arbeide i lag – også for å nå regionale mål.
Ein slik arena for utvikling av felles strategiar er Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), der høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund no har teke initiativ til ein ny start for samarbeidet.
Det er mykje av dei same aktørane som står bak FoI-planen som også er med i Rådet for samarbeid med arbeidslivet, så vonleg kan det bli ein god arena for regional utvikling.
Det er antakelig rett at det er rett tid å kome med ein ny Forskings- og innovasjonsplan for Møre og Romsdal, og eg håper og trur at dei regionale aktørane kan dra i lag både i arbeidet med planen – men ikkje minst når planen skal settast ut i livet.
Isaksen: Høgskulane som kvalitetsideal?
På kontaktkonferansen mellom Kunnskaspsdepartementet og høgskular og universitet har Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen reflektert vidare omkring den komande kvalitetsmeldinga. Han la blant anna fram ei fempunktsliste, som eg oppfattar som viktige kvalitetstrekk ved høgare utdanning. Med vekt på utdanning.
Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»? Er det høgskulanes innarbeidde arbeidsmåtar som no har vorte også statsrådens ideal. I så fall – veldig kjekt!
Isaksen fem punkt:
1) Høgskulane må ha høge ambisjonar på vegne av studentane. Institusjonane må vise at dei forventar mykje av studentane.
2) Aktiviserande og varierte læringsformer. Ta i bruk ny teknologi, gi gode tilbakemeldingar og bruk varierte formidlingsformer.
3) Dyrk fram ein kvalitetskultur, også på undervisning. Det bør vere like fint å drive undervisning som forsking. Og det er bra å ta ein del av utdanninga i utlandet
4) Inkluder studentane meir i det akademiske fellesskapet, også i forskinga.
5) Styrk samspelet med arbeidslivet. Her er i grunnen akademia vorte gode.
Det er litt uklart for meg korleis desse fem nye punkta skal forståast i høve til dei tidlegare listene over kvalitetskriterier.
Men Isaksen varsla også at sektoren no vil bli invitert til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga som skal leggast fram i 2017.
Oppdatert 8.1.2016: Alliansen og profesjonshøgskulen for Vestlandet – nye utgreiingar og vurderingar.
Nye dokument har kome på bordet i strukturprosessen på Vestlandet, og dei viktige vegvala nærmar seg.
Oppdatering, 8. januar 2016:
NIFU-rapporten (fusjonsutgreiinga for Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund) har vorte revidert.
Høgskulealliansen (Volda, Molde, Lillehammer):
Høgskulen i Volda har omframt (ekstraordinære) styremøte 7. januar med høgskulealliansen og alternativa som einaste sak på dagsorden. Dei to andre alliansehøgskulane har også styremøte omlag på same tid. Det blir møte med fagforeningane på dei tre høgskulane 6. januar.
Kunnskapsdepartementet har gjeve dei tre høgskulane frist til å sende eit felles alliansedokument til Kunnskapsdepartementet 8. januar. Ei snau veke etter, 14. januar, vil Kunnskapsdepartementet ha møte med dei tre høgskulane for å diskutere alliansen vidare.
Kunnskapsdepartementets invitasjon til møte med alliansehøgskulane 14. januar 2016.
Leiinga ved Høgskulen i Volda tilrår at styret ved Høgskulen i Volda sluttar seg til dei tre høgskulanes felles alliansenotat, altså at alliansearbeidet skal halde fram.
I tillegg har leiinga ved høgskulen gjort ei eiga vurdering av alliansen og alternativa, og denne vert også lagt fram på styremøtet. Kort sagt går den ut på at alliansen framstår som det sikraste alternativet for at Høgskulen i Volda skal nå sine strategiske mål.
Du finn alliansenotatet og HVO-leiinga si vurdering av alliansen og alternative på nettsidene til Høgskulen i Volda:
http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/styre-og-leiing/hogskulestyret/saksdokument
Her er Høgskulen i Voldas strategiplan:
http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/styre-og-leiing/styringsdokument
Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer har også styremøte 7. januar med alliansen på dagsorden, og styresakene er offentleggjort.
Styrepapir Høgskolen i Molde.
Styrepapir Høgskolen i Lillehammer.
Profesjonshøgskulen for Vestlandet (Sogn og Fjordane, Bergen, Stord / Haugesund):
Forskingsinstituttet NIFU leverte like før jul ei fusjonsutgreiing på oppdrag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Kunnskapsdepartementet betalte for utgreiinga.
NIFU-rapporten tilrår dei tre høgskulane å halde fram med fusjonsarbeidet:
http://pahoyden.no/2015/12/tilrar-storfusjon-pa-vestlandet
Av oppdraget gjekk det fram at også Høgskulen i Volda skulle takast med i vurderingane av Profesjonshøgskulen for Vestlanet (PHVest), men i denne versjonen er ikkje Volda omtala.
NIFU ser fordelar og ulemper med ein fusjon mellom dei tre høgskulane, og seier blant anna at ein fusjon i seg sjølv ikkje vil styrke dei tre høgskulane på dei fleste av dei 12 kvalitetskriteria frå Kunnskapsdepartementet og Stortinget.
For meg se det ut til at fusjonshøgskulane må konsentrere ressursane for å oppretthalde og byggje ut masterutdanningar og ph.d.-utdanningar – og det kan bety færre masterutdanningar utanfor Bergen. Utgreiinga kan også lesast som at det er naudsynt å flytte ressursar frå forsking og undervisning til administrasjon for å ta ut fusjonspotensialet når det gjeld oppdrag, samspel med regionen og å skaffe internasjonale forskingsmidlar.
Les heile NIFU-utgreiinga på dei tre høgskulanes felles nettstad, fusjonsinfo:
http://fusjonsinfo.no/sentrale-dokument/andre-dokument/
Dei tre fusjonshøgskulane skal ha felles styremøte 2. februar og vil då bestemme seg for om dei skal gå inn i fusjonsforhandlingar eller ikkje.
Debatten går nok på dei tre høgskulane om vegen vidare. På bloggen Krohnargument ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har Gunnar Yttri skrive eit innlegg med ei grundig vurdering av NIFU-utgreiinga. Han etterlyser blant anna manglande vurdering av samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Vegen framover i strukturprosessen?
På julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for Høgskulen i Volda. Drodlinga vart til ei teikning – eit flytdiagram (kanskje?) som var eit forsøk på å synleggjere vegvala som Høgskulen i Volda står overfor. Og som dei andre høgskular og universitet som vi har ein relasjon til også driv og tenkjer på samtidig som oss.
Ein ny versjon av teikninga la eg fram for dekanmøtet onsdag 9. desember og på styremøtet torsdag 10. desember la eg så teikninga på bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit forsøk på å synleggjere det som pr i dag framstår som dei mulege alternativa i strukturprosessen for Høgskulen i Volda.
Her er teikninga: Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09
Som det vart kommentert på styremøtet så vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning – og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om røynda blir så rettlinja som i teikninga.
Men det viktigaste er at Høgskulen i Volda uansett må og skal og bør samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker på at sjølvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, så det må vere plan A for Høgskulen i Volda.
Men eg er også sikker på at alliansen blir betre om Høgskulen i Sogn og Fjordane også blir med.
Styret ved Høgskulen gjorde vedtak om å ta til etterretning utgreiinga frå administrasjonen, men la til at leiinga må vere merksam på kvalitetskriteria som er stilt frå Kunnskapsdepartementet. Så alliansearbeidet held fram.
Dei tre alliansehøgskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar – og så får vi svar frå departementet – kanskje alt 13. januar – om korleis Allianseplanen blir vurdert av vår eigar. Etter dette bør det bli klart om og når Høgskulen i Sogn og Fjordane kan og ønskjer å bli med i alliansen.
Har vi så ein plan B, C og D om alliansen ikkje blir «godkjent»?
Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein fyldig artikkel om status blant anna for Høgskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd å lese og handlar litt om alternativa framover:
«Allianse slit med plan C, D og …» (Khrono, 10. desember).
Det er nok heilt rett som det står i Khronos overskrift, at Høgskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det må presiserast at det ikkje er noko dårleg alternativ med fortsatt sjølvstende – utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at Høgskulen i Volda MÅ inngå i alliansar eller fusjonar.
Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig å gå inn i teikninga (flytdiagrammet) og prøver å følgje trådane vidare i retning av fusjon, så opnar det seg ei rekkje alternativ – teoretisk sett. Det er spørsmål vi vil møte – og måtte svare på.
Men dei fleste pilane (på teikninga) peikar i retning av fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda.
Tida går …
Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er svært viktig – også her. Her er nokre viktige datoar:
- 18. desember 2015: NIFU-utgreiing om profesjonshøgskulen for Vestlandet.
- 8. januar 2016: Alliansehøgskulane leverer alliansedokument til Kunnskapsdepartementet.
- 13. januar 2016: Alliansehøgskulane møter Kunnskapsdepartementet.
- 28. januar 2016: Styremøte ved Høgskulen i Volda.
- 2. februar 2016: Felles styremøte for høgskulane i profesjonshøgskulen for Vestlandet (HiSF, HiB, HSH).
- 10. mars 2016: Ordinært styremøte ved Høgskulen i Volda. Det kan bli omframt styremøte i februar om det trengst.
Det går ikkje så godt fram av teikninga (flytskjemaet), men etter som tida går vil blir det færre alternativ for Høgskulen i Volda – det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar på desse spørsmåla. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt år sidan at Høgskolen i Ålesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?
Ein nærliggande prosess som vil avgrense alternativa for Høgskulen i Volda er om andre høgskular startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg å starte fusjonsforhandlingar med å slå frå seg andre alternativ. Mitt generelle inntrykk av slike forhandlingar er at bordet fangar. Det kan kjennast verre ut å avbryte forhandlingane enn å godta eit dårleg eller usikkert resultat. Tida vil vise kva som skjer.
Korleis står dei andre høgskulane rundt oss i desse diskusjonane?
Høgskulen i Molde har styremøte 16. desember og av styrepapira går det fram at vår potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomføre.
Styrepapir for Høgskulen i Molde (16. desember 2015)
Nettavisa Panorama har ein brei omtale av styremøtet i Molde:
http://panorama.himolde.no/2015/12/17/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler/
Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:
Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til følgende vedtak om alternativ til UH-allianse: «HiM alene, men med økt fokus på samarbeidsavtaler.»
Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde styremøte 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i møteinnkallinga følgjande om alliansen:
«Rektor ser framleis på dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover.»
I styrepapira er det også presentert resultat av ei spørjeundersøking blant dei tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonshøgskulen kan få å seie for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I undersøkinga vart dei tilsette også spurt om kva dei tenkte om samanslåing med Høgskulen i Volda. Det virkar ikkje som det er stor entusiasme for samanslåing berre med Volda – skepsisen er kanskje særleg stor blant einingsleiarane:
På sjølve styremøtet vil også NIFUs utgreiing av Profesjonshøgskulen for Vestlandet bli presentert.
Styrepapir for Høgskulen i Sogn og Fjordane (17. desember 2015).
Høgskolen i Lillehammer har styremøte 15. desember og får nytt styre i 2016. På møtet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.
Styrepapir for Høgskolen i Lilehammer (15. desember 2015).
Det blir nokre spennande veker i januar-februar. Men vonleg vil styret ved Høgskulen i Volda på møtet 10. mars sjå ein tydeleg veg framover.
Eller som statssekretær Bjørn Haugstad sa på eit møte med alliansehøgskulane i september 2015:
– Vi kan ikkje halde på i det uendelege med strukturprosessen.
Samanslåing er bra – men samlokalisering er best?
Høgskulen i Volda blei til ved samanslåing av Volda lærarhøgskule og MRDH Volda i 1994. Same året vart flesteparten av dagens statlege høgskular også etablerte gjennom ei rekkje samanslåingar.
I strukturdebatten har det av og til vorte peika på at Høgskulen i Volda er resultat av ei samanslåing. Det kan då virke rart at mange i Volda er i mot nye samanslåingar. Var det ikkje rett å slå saman dei to høgskulane i 1994?
Korleis gjekk det med samanslåingane i 1994? Dette fekk Noregs forskingsråd i oppdrag å svare på. Forskingsrådet fekk hjelp frå blant andre NIFU, Møreforsking Molde og Universitetet i Bergen (institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap) for å gjennomføre evalueringa. Arbeidet vart gjort i åra 1996-1999. Leiar for styringsgruppa for evalueringa var Petter Aasen som i dag er rektor ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold.
Ole-Jacob Skodvin stod som forfattar av delrapport nr 6: Administrasjon og faglig samarbeid ved samlokaliserte høgskoler og nettverkshøgskoler. (1999).
Nemninga samlokaliserte høgskular omfatta høgskular som vart samla på eitt høgskuleområde og/eller ein studiestad. Nettverkshøgskular hadde fleire studiestader. Det beste dømet på ein nettverkshøgskule har kanskje vore Høgskolen i Hedmark som oppgir heile seks studiestader (Elverum, Hamar, Rena, Blæstad, Evenstad og Kongsvinger). NTNU held på si side til i over 30 hus i Trondheim – og Høgskolen i Sør Trøndelag har også campus fem stader i Trondheim. Så nettverkshøgskular- og universitet er antakelig det normale.
Men det kan virke som at det normale ikkje er det optimale. Samlokalisering av campus ser ut til å vere ønskjeleg – sjølv om vi sidan 1994 blant anna har fått distanseovergripande verktøy i rikt monn. Det er nok å peike på at langt frå alle norske forskarar hadde internett på sin arbeidsplass i 1994.
Regjeringa, NTNU-leiinga og lokalpolitikarar i Trondheim var svært glade over å kunne presentere planar for eitt stort felles universitetsområde i Trondheim der både NTNU og den noverande Høgskolen i Sør-Trøndelag skal samlast.
Regjeringen samler NTNU (Universitetsavisa 8. september 2015).
Universitetet i Bergen arbeider også aktivt for å utvikle forskingsklynger basert på geografisk nærleik i Bergen.
For oss som bur utanfor dei store byane er avstandar og reisetid sjølvsagte og tunge storleiker som vi tek med i all planlegging, og som også veg tungt for mange i strukturdebatten. Skal vi til Oslo, Bergen eller Trondheim er det i praksis ei dagsreise. Men fagfolka samarbeider likevel gjerne med forskingsmiljø i desse byane.
I dei store universitetsbyane er universiteta spreidde ut over heile byen. Men det er likevel snakk om reiseavstandar som kan målast i minutt – og ikkje i dagsreiser.
Det virkar difor framandt at avstand blir brukt som avgjerande argument for samlokalisering og å byggje universitetsbygg for milliardar av kroner.
I eit byplanperspektiv finst det nok gode argument for å spreie aktivitetar rundt om i byen.
Evalueringsrapportane frå 1996-1999 fortalde også om andre erfaringar med samanslåingane. Var det skilnader mellom høgskular som vart samla på ein stad – til dømes i StudiebygdA Volda der to høgskular vart ein – og på høgskular som heldt til på fleire stader? Var det rett og nødvendig å samlokalisere?
Det er kanskje overraskande at Skodvin og hans forskingslag kom fram til at det ikkje var så mykje dyrare å ha høgskular på fleire studiestader enn å ha høgskular samla på eitt campus. I det minste gjaldt dette administrative kostnader. Men nettverkshøgskulane hadde ein mindre sentraladministrasjon og større lokaladministrasjon enn samlokaliserte høgskular.
Samlokalisering og store sentrale einingar såg altså ut til å kreve større sentraladministrasjon enn mange spreidde einingar.
Evalueringa av 1994-samanslåinange viste også at det var vanskeleg å få til fagleg samarbeid på tvers av tidlegare institusjonsgrenser – uansett om høgskulane var samlokaliserte eller ikkje. Dei tilsette ved høgskulane sa gjennom ei spørjeskjemaundersøking at dårleg administrativ tilrettelegging, kulturskilnader og geografisk avstand var viktige hinder for samordningstiltak, felles undervisning og fagleg samarbeid. Geografisk avstand vart oppfatta som eit særleg viktig hinder for tilsette ved nettverkshøgskular (side 61). Men det var ikkje så lett å få til faglege samarbeid på tvers av fagmiljøa om dei kom under same tak heller. Kanskje er geografisk avstand ei orsaking for å ikkje drive fagleg samrøre?
Eit skremmande framtidsbilde er at dei store sentrale einingane blir seg sjølv nok, med store kostesame bygg som må fyllast med aktivitet, ein sterk sentraladministrasjon som byggjer opp seg sjølv – og med nobelprisar som overordna ambisjon – på bekostning av dei mindre nodane i nasjonale nettverk.
Volda ved vegskiljet
Høgskulen i Volda har antakelig tre alternative vegval for framtidige alliansar og fusjonar. Ingen av dei er enkle og tydelege, og ingen av dei framstår som godt merka trygge løyper med opptrakka spor og kjentfolk å spørje. Det finst heller ikkje noko kart. Kanskje er det også slik at nokre av vegvala fører fram til same stad, og det ser ut til å vere Bergen.
På styreseminar/styremøte 29.-30. oktober kjem dei aktuelle vegvala til å bli presenterte for høgskulestyret. Det bør bli eit spennande møte!
Dei tre alternativa ser i dag ut til å vere desse:
1. Allianse mellom sjølvstendige institusjonar
Det siste halvåret har dei tre høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer hatt fleire møte for å utvikle ideen om ein høgskuleallianse. Den grunnleggande ideen er at dette skal bli ein allianse mellom sjølvstendige regionale høgskular. Eit alliansesamarbeid vil sikre at det også i framtida vil vere høgre utdanning av god kvalitet i regionane.
Leiinga ved Høgskulen i Volda har arbeidd med dette spørsmålet sidan det vart klart at Høgskulen i Ålesund blei ein del av NTNU. Høgskulestyret bad då administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å innleie samtalar også med Lillehammer, og det har både tidlegare og noverande leiing ved dei tre høgskulane gjort.
Rektoratet gjekk til val på ei sjølvstendelinje for høgskulen. Pr i dag ser ein allianse ut til å vere den beste måten å halde på sjølvstendet på. Men til sjuande og sist er det naturlegvis Kunnskapsdepartementet som bestemmer.
Kunnskapsdepartementet har invitert dei tre alliansehøgskulane til eit møte om alliansealternativet 23.oktober. For dei tre høgskulane har nok alliansealternativet ulik status. For Høgskolen i Molde er det einaste alternativ, for Høgskolen på Lillehammer og for Volda er dette eitt av fleire alternativ.
2. Universitetet i Bergen – og Volda:
Universitetet i Bergen har signalisert at dei ønskjer seg eit tettare fagleg samarbeid med Høgskulen i Volda – etter mønster frå samarbeidet UiB har med Høgskulen i Bergen. Det er særleg på dei to områda mediefag og norsk at universitetet har merka seg at Volda har sterke fagmiljø. Det kjem truleg ein invitasjon om kort tid der universitetet seier meir om kva dei tenkjer om samarbeidet, og den vil bli lagt fram for hgøskulestyret.
Utspelet frå UiB kan minne om eit alliansesamarbeid med ein annan aktør enn dei tre alliansekameratane Volda, Molde og Lillehammer. Men samtidig virkar det som at Universitetet i Bergen i framtida ser føre seg ein fusjon mellom universitetet og Høgskulen i Bergen.
3. Profesjonshøgskulen/-universitetet for Vestlandet.
Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund er i ferd med å starte ei utgreiing av ein profesjonshøgskule eller kanskje eit framtidig profesjonsuniversitet for Vestlandet. Lærarutdanning, ingeniørfag og sjukepleie er viktige fagområde for alle dei tre høgskulane og utgreiinga bør kunne hjelpe høgskulane til å vurdere om ein fusjon vil styrke utdanningane. Kunnskapsdepartementet har invitert til denne utgreiinga og betalar kostnadene. Departementet ønskjer truleg at utgreiinga skal vere klar på nyåret slik at høgskulane kan bruke våren på å vurdere om dei skal fusjonere. Kunnskapsdepartementet ønskjer seg fusjonar med verknad frå 1.1.2017, og då må vedtaka gjerast våren 2016.
Høgskulen i Volda vart på eit møte i Bergen 7.-8. september invitert med i denne utgreiinga. Leiinga og høgskulestyret i Volda har førebels venta med å meine noko om dette, men det ville vere ein fordel om det låg føre ein konkret invitasjon til høgskulen slik at høgskulestyret kan ta stilling til dette alternativet på komande styremøte 29.-30. oktober.
Kva bør HVO gjere?
Styret bør etter mi meining vurdere nøye alle dei tre alternativa – men ikkje låse seg til det eine eller det andre no. Faglege samarbeid skal Høgskulen i Volda uansett drive med mange aktørar – det er både naturleg og nødvendig.
Det skjer også andre viktige ting som antakelig vil påverke vegvalet for Høgskulen i Volda. 1. november vil rammeplanutvalet for grunnskulelærarutdanning på masternivå kome med sitt framlegg til korleis lærarutdanning på masternivå skal sjå ut frå 2017. Ein skal ikkje sjå bort frå at det som står her vil kunne påverke vegvalet til høgskulen. Så det er også ein grunn til å vente med å ta avgjerd om det endelege vegvalet.
Kva skjer framover?
- 8.10.2015: Alliansemøte mellom høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer
- 23.10.2015: Dei tre alliansehøgskulane er inviterte til Kunnskapsdepartementet for å snakke om alliansen.
- 29.-30.10.2015: Styreseminar og styremøte ved Høgskulen i Volda. Statssekretær Bjørn Haugstad deltek på første del av møtet.
- 1.11.2015: Rammeplanutvalet for grunnskulelærarutdanning på masternivå har frist til å legge fram si innstilling. Deretter skal den på høyring.
- 16.-17.11.2015: Seminar Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning – diskusjon av rammeplanutvalets rapport står på dagsorden.
- 10.12.2015: Styremøte ved Høgskulen i Volda.