Kva no, HVO? Allmøte om strukturprosessen

1-Allmote-hivolda-2014
Allmøte ved Høgskulen i Volda i august 2014. Rektor Per Halse snakkar om struktursaka.

 

 

 

Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:

Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:

Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.

Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.

Les omtale av allmøtet i 2014 her. 

Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:

  • Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
  • Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.

Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:

«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»

Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:

«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «

Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har som kjent sagt nei til allianseplanane:

Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.

Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.

Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?

Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:

  • Plan A: Fortsatt sjølvstende.
  • Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
  • Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.

Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.

Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.

Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.

Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.

Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:

  1. Styret ber rektor setja i verk sonderingar med HSH og HiB for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
  2. Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
  3. Styret konstaterer at UiB no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved HiSF synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
  4. Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
    – om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
    – situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda.
  5. Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.

Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope

Høgskolen i Bergen (HiB) har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:

  1. HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
  2. For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  3. HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.

Høgskolen Stord / Haugesund har gjort følgjande samrøystes vedtak i struktursaka:

  1. HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
  2. HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
  3. HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
  • Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
  • Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
  • Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
  • Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
  • Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016.
Høgskolen Stord Haugesunds styrevedtak i struktursaka, 4. februar 2016. Foto: www.hsh.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.

Plan C: Departementet instruerer.

Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:

  • § 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet

–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.

  • § 9-2.Styrets oppgaver

–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.

Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.

Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.

Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.

Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

6 kommentarer til «Kva no, HVO? Allmøte om strukturprosessen»

  1. Etter oppmoding frå HVO-rektoren set eg inn her nokre tankar om ulike partnerskapsmodellar for HVO (framlagde i ein annan samanheng):

    Etter at KD gav nei til alliansemodellen må HVO vedta ein ny strategi. Det er grunn til å tru at det å stå åleine utan ein partnerskapsavtale vil vere uråd pga. kvalifikasjonskrava knytt til t.d. lærarutdanning. Dermed må HVO vurdere partnerskapsmodellar som er meir forpliktande enn alliansar.

    For HVO er det rimeleg å tenkje seg at dette er ei grei situasjonsskildring:

    – HVO vil ikkje vere i lag med HiB (Høgskolen i Bergen) i ein storfusjon
    – HVO kan tenkje seg eit forhold til HiSF (Høgskulen i Sogn og Fjordane)
    – HVO kan tenkje seg eit forhold til UiB (Universitetet i Bergen)

    HVO står altså med to aktuelle partnerar, nemleg HiSF og UiB.

    UiB har sagt at ein vil ha eit fagleg forhold til HVO, og spesifiserer det. Samtidig ser UiB ikkje vekk frå eit forhold til HiSF, utan å spesifisere kva det inneber. I tillegg vil UiB òg gjerne samarbeide med HiB (universitetsstyret har i alle fall bestemt det), men ønskjer ikkje å slå seg saman med HiB. Elles følgjer UiB høfleg med på fusjonsprosessane mellom dei ulike høgskulane.

    HiSF har på si side sagt at ein skal vurdere å kanskje fusjonere med HiB og HSH til ein storfusjon. Samtidig vil ein gjerne ha eit forhold til HVO, kanskje til og med i staden for HiB og HSH. I tillegg vil ein ha eit forhold til UiB. Ved HiSF er der truleg litt ulike syn blant dei som driv med sjukepleie og dei som driv med lærarutdanning, men for den sistnemnde gruppa er det grunn til å tru at HVO er vel så attraktiv som HiB.

    Vi står dermed igjen med desse aktuelle løysingane, i alle fall akkurat no:

    1. HVO fusjonerer med HiSF. Vurdering: Regionalpolitisk logisk løysing. Fagleg er ein ikkje heilt i mål når det gjeld kvalifikasjonskrav, men den strategiske satsinga som ein då vil få på lærarutdanning, nynorsk og regionalt samarbeid er ganske viktig. Det Pål Hamre skriv om politisk immunitet er truleg rett. Denne løysinga vil òg opne for fagleg samarbeid med UiB på dei områda som ein har laga planar om.

    2. HVO fusjonerer med UiB. Vurdering: HVO og UiB har fleire felles faglege interesser, og vil få markert ei tydeleg satsing på humanistiske fag og mediefag. HVO vil truleg bli mindre sentralstyrt av eit klassisk universitet enn av ein ærgjerrig storhøgskule som må blinke ut strategiske satsingsområde for å skape forskingstid. HVO må i så tilfellet vere den som er aktiv for å få dette til. (Ein fusjon som inkluderer HiSF, HVO og UiB er lite aktuell, bl.a. fordi HiB vil oppfatte det som intervenering i «sin» prosess.)

    3. HVO står åleine, men med avtale om partnerskap med UiB, evt. med HiSF og ein annan institusjon. Vurdering: Partnerskap med UiB er det mest realistiske valet dersom ein skal halde på sjølvstende. Nemninga «partnerskap» må tolkast som tettare forhold enn «allianse» (og ikkje berre som «partnerskap for fred»).

  2. Det er særleg to mål som HVO må vere opptekne av i strukturdebatten: For det første må endringane som kjem sikre at ein kan drive lærarutdanning som oppfyller dei nye krava, og dermed sikre rekrutteringa av kvalifiserte lærarar til vår region. Det vil krevje nært samarbeid med andre, og her er særleg HISF og UIB dei mest nærliggjande partnarane.
    For det andre må endringa sikre mediafaga si sterke stilling i Volda. Og for å få til det er truleg UIB den viktigaste samarbeidspartnaren.
    HVO bør derfor vise vilje til å etablere slikt samarbeid sørover på Vestlandet. Alternativa med a) eigen høgskule og b) at departementet skal avgjere, vil i denne samanhengen bli for defensivt og kan føre HVO enda lenger inn i ei bakevje.
    Slik situasjonen (og det politiske klimaet) er, meiner eg HVO kan gå for to alternativ, der det eine bør prioriterast og prøvast først. Prioritet 1 bør vere å invitere HISF til å danne ein Vestlandshøgskule i lag med Volda, men samtidig med ei klar oppfølging av samarbeidsinvitten frå UiB, for å styrke lærarutdanningane, mediefag, men og andre fagområde, t.d. barnevern der vi allereie samarbeider med UiB. Dersom HISF har forplikta seg for sterkt til 3-part-samarbeidet sørover, meiner eg Volda sitt andre alternativ må vere å gå i lag her, men at invitten frå UiB også då blir følgd opp.

  3. Har sjølv ikkje høve til å stille på det tillyste allmøtet, og nyttar derfor rektorbloggen til å seie at eg stiller meg 100 % bak vurderingane til tidlegare rektor Per Halse og hovudbodskapen i innlegget til kollega Pål Hamre.

    HVO må no snarast ta imot den lissepasninga som pkt. 2 i styrevedtaket frå HiSF i realiteten er: «Styret ber óg rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.» Ein fusjon mellom HVO og HiSF vil vere ein fusjon mellom to så å seie likeverdige institusjonar, der ein tydeleg nynorskprofil, lærarutdanningar og vektlegging av fagstudia vil kunne bli viktige berebjelkar. Trass i at uttalar frå statssekretæren kan tyde på at departementet helst vil ha ein storfusjon av profesjonshøgskular på heile Vestlandet, er det mest utenkeleg at ministeren skal gå imot ein fusjon mellom HVO og HiSF, gitt at styra ved dei to institusjonane sjølve går inn for det. Å setje stoppar for at det må vere ein lærarutdanningsinstitusjon mellom Bergen og Trondheim, som samtundes vil vere ein garantist for utdanning og forsking på det nynorske feltet, vil vere identisk med politisk sjølvmord, og det ynskjer ikkje Isaksen.

    Ein storfusjon mellom alle høgskulane på Vestlandet er eg langt meir skeptisk til, både fordi eg meiner det er god grunn til å frykte at HiB, som den desidert største, vil bli veldig dominerande i ein slik fusjon, og fordi eg fryktar at ein slik fusjon vil føre til ei svekking av fagstudia, som i dag står svært sterkt ved HVO, og som utgjer den økonomiske berebjelken iallfall på AHL. Derimot vil satsinga på eit tett fagleg samarbeid med UiB, som allereie er eit faktum, vere med på sikre framtida også for desse faga – og truleg også for medieutdanningane ved HVO, også etter ein fusjon mellom HiSF og HVO.

    Å satse på sjølvstendelinja slik situasjonen er no, vil vere det same som for strutsen å stikke hovudet ned i ei halvstorkna betongblanding. Det kan jo teoretisk sett hende at vi får lov til å stå åleine, men faren for at dette vil innebere ei seigpining i form av innskrenka akkrediteringar og løyvingar frå departementet, er etter mi vurdering overhengande. Dessutan vil vi jo uansett ha den mogelegheita dersom det skulle vise seg at sonderingane mellom HiSF og HVO skulle strande.

    Min bodskap til HVO-leiinga er derfor klar: Fyr opp bilen, trass vinterglatte vegar og køyr til Sogndal for å starte sonderingar snarast mogeleg, og når de først er ute på vegen, er det like godt å leggje turen innom UiB med det same.

  4. Til innlegget frå Pål Hamre:
    Takk for eit grundig og gjennomtenkt innlegg.

    Torbjørn Røe Isaksen har muligens også tenkt litt på dette, sjå intervju i På Høyden:

    «- Høgskulen i Volda står etter allianseavslaget endå lenger unna ein fusjon enn HiSF. Har dei ei lærarutdanning i 2018 viss dei ikkje slår seg saman med nokon?
    – Det kan eg ikkje seie noko om no. Men det eg kan seie noko om, er at lærarutdanningane er sikrare i ein større institusjon enn viss dei står aleine. Vel dei å stå aleine, vil vi sjølvsagt gje draghjelp for å bygge opp lærarutdanninga.»

    http://pahoyden.no/2016/02/styrevedtaka-er-eit-steg-i-riktig-retning

  5. Eg ser her i rektorbloggen at rektoratet si plan A er framleis sjølvstende for HVO. Lat meg seie rett ut innleiingsvis at eg tykkjer det er ein svært dårleg ide. Eg grunngir det nedanfor.

    Etter NTNU sitt vedtak om samanslåing har vi fått endringar som gjer at høgskule- og universitetskartet ser heilt nytt ut. Vi kan like det eller ikkje like det, men slik er altså situasjonen. Lærarutdanningane, auka krav om kvalitet/kvantitet/kompetanse, tildelingar av midlar, stipendiatstillingar med meir, blir og vil bli brukt for å smørje samanslåingsprosessar og straffe dei som ikkje slår seg saman.

    I går var det som vi veit parallelle møte mellom HSH, HiB og HiSF. Både rektor ved HiB og HSH meinte i utgangspunktet at «toget var gått» for Volda, at Volda fekk «klare seg sjølv». Det at HiSF opna for Volda, og at møtet deira var avvikla først, gjorde at dei andre høgskulane likevel opna for at Volda kunne vere med. Det var rett og slett på hengande håret at ikkje Volda blei heilt utdefinert frå både Profesjonshøgskuleprosjektet vest og Sogndal. Viss HVO vil ha nokre valmoglegheiter for sitt framtidige virke, så må vi handle no. Meir snakk om sjølvstende vil gjere at vi er ute av alle alternativ.

    I Sogndal sine standpunkt ligg det innreflektert ei bekymring for lærarutdanninga som er så stor at den er avgjerande for deira val. Den bekymringa ser ut til å vere fråverande her ved HVO, og eg skjøner ikkje kvifor.

    Lat meg eksemplifisere dette:

    Dei nye forskriftene for GLU 1-7 og 5-10 gjer lærarutdanningane til masterutdanningar, og til fagorienterte masterar utan moglegheit for pedagogikk som overbygning av typen spes. ped./Master i undervisning og læring/utdanningsmaster/master of education. Skal vi tilby lærarutdanning frå 2017, må det altså vere i nyskapte og NOKUT-godkjende masterar baserte på (skule)fag. På 5-10 bør ein truleg har 3-4 mastertilbod for å vere ein attraktiv tilbydar (til dømes i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag). På 1-7 er det opning for at ein kan ha begynnaropplæringsmaster, men vi har knapt med kompetanse på begynnaropplæring på HVO. Dermed må vi truleg søke om master i fag, til dømes i matematikk og norsk.

    Det betyr at vi i november må ha klar 5-6 mastersøknader for akkreditering, dei må stette nye reglar som vi i dag ikkje veit mykje om, og vi må vere nokså sikre på at dei går gjennom. Lat meg då minne om at vi per i dag har 6 masterar som vi har brukt 10-15 år på å bygge opp. Åleinegang vil seie at vi ser føre oss det situasjonen at vi skal opprette 5-6 nye masterar på eigne bein på 10 månader. Eg trur det er heilt urealistisk.

    Samtidig får PPU masterkrav på opptaket i allmennfag. Det betyr, med stort sannsyn, at det ikkje er grunnlag for PPU i dei store skulefaga. Unntaket er, forhåpentlegvis, praktisk-estetiske fag. Det store bildet tilseier likevel at PPU allmennfag står framfor store problem i 2017.

    Min konklusjon er at Volda ikkje vil klare utfordringane med GLU-master og master som opptakskrav på PPU innanfor rammene av 2017. Det er ei vurdering, og det er ei vurdering det er mogleg å bestride. Men då vil eg gjerne overtydast argumentativt om det. Eg minner om at HiSF sine grundige utgreiingar endar opp med å tilrå fusjonsforhandlingar, nettopp med utgangspunkt i lærarutdanningane.

    Held ein som rektoratet fram åleinegang som plan A, må ein altså satse på den kalkulerte risiko at lærarutdanninga i Volda ikkje overlever. Då vil aktiviteten på campus Volda bli halvert, og så har ein i same omgang kutta sin historiske identitet.

    HiSF-vedtaket i går opna to dører for Volda, den eine til Sogndal og den andre til Profesjonshøgskulen vest ved at HiB justerte sitt vedtak og opna for «andre høgskular». Å slå desse dørene igjen ved å snakke om sjølvstende som plan A, meiner eg er lite klokt. Ingen vil ha samtalar eller sonderingar med nokon som eigentleg ikkje vil.

    Rektoratet sitt alternativ A er åleinegang, og det har blitt uttalt frå rektoratet at «dei gjekk til val på sjølvstende». Eg oppfattar det som eit prinsipielt standpunkt, utan særleg bekymring for det pragmatiske, altså det å ikkje berre forholde seg til idear, men verda rundt oss.

    Alternativ A åleinegang målar høgskulen inn i eit hjørne der ingen val eller utvegar finst, og det utset høgskulen for betydeleg risiko. Uttaler ein dette offentleg på noko vis, let ein att dei dørene som HiSF opna for oss, og eg skjøner ikkje i det heile kva som er rasjonale bak ei slik vurdering.

    Lat meg så kort omtale alternativa:

    Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette er nok det alternativet som passar Volda best. Kombinert med at både Volda og Sogndal samarbeider med UiB om disiplinfag/nynorsk/mediefag osv. kan dette bli ei god løysing. Spørsmålet er: Vil dette hjelpe oss t.d. når det gjeld NOKUT-vurdering av lærarutdanningane? I utgangspunktet berre i noka grad. Men med nynorsk-kortet og det at vi samla representerer lærarutdanninga mellom Bergen og Trondheim, vil vi bli politisk immune. NOKUT vil kunne gi oss pålegg om forbetringar, men dei kan ikkje stenge ned all lærarutdanning mellom Bergen og Trondheim. Det er utenkeleg, sjølv under denne regjeringa. Ulempa med dette alternativet er at HiSF rid to hestar, og det vil dei halde fram med så lenge dei kan.

    Fusjon med HSH, HiB og HiSF er ei meir krevjande øving. Då vil vi sleppe NOKUT-søknad, sidan HiB er sjølvakkrediterte på lærarutdanningsfeltet med sin phd i «Didaktikk og danning». Ulempene med dette alternativet er openberre: mange partar, relativt sterkt sentrum i Bergen og HiB sine universitetsambisjonar som vil koste. Når eg meiner vi likevel bør vere opne for også dette alternativet, er det fordi vi då oppnår same handlingsrommet som HiSF, og at vi følgjer dei tett. Eit like sannsynleg alternativ som fusjon etter desse sonderingane, er nettopp at Volda/Sogndal bryt ut, og at det blir fusjon mellom HSH og HiB.

    Dette er jo nettopp sonderingar/forhandlingar. Viss alternativet ikkje tener campus Volda, og vi i mai/juni ser at sjølvstende er betre, ja så seier vi nei både til det eine og det andre. Krava frå NOKUT for å drive masterar og phd-ar er då klare.

    Det som i rektorbloggen vert kalla «Alternativ B3» – fusjon med UiB, er i realiteten ikkje eit alternativ. Rektor ved UiB har sagt at han ikkje ønskjer fusjon, så det treng vi ikkje spekulere på.

    Viss nokon skulle meine at åleinegang inneber ei rimeleg trygg framtid for lærarutdanningane i Volda, så oppmodar eg dei om å argumentere for det.

  6. Svært grei oppsummering dette, Johann! Berre eit par merknader frå meg (som dessverre er hindra frå å vere til stades på onsdag):
    a) Det eine alternativet som var særleg aktuelt rundt siste allmøtet (august 2014) var heilt korrekt MR+SF. Men det andre var etter mi meining då ikkje ein Vestlands-høgskule, men tettare og meir forpliktande samarbeid i ramma av UH-nett-vest (altså mellom framleis autonome institusjonar).
    b) Av dei ulike alternativa meiner eg at det nett no er viktig å snakke nærare med SF (B-1). Som før er der visseleg sprikande haldningar i grannefylket, men eg opplever dei siste debattane og vedtaka som uttrykk for at svært mange i Sogndal ynskjer tettare tilknyting til oss i staden for til HiB/HSH. Nynorskprofilen, eiga sterk lærarutdanning for Nord-Vestlandet, og omsynet til fagstudia (tradisjonelle universitets- meir enn berre profesjonsfag) bør alle vere tunge argument for seriøse samtalar i denne fasen med dei NÆRASTE grannane i sør.
    c) Relasjonane til UiB er viktige og må i alle fall haldast varme, men eg oppfattar ikkje fusjon som eit aktuelt tema der dei fyrste åra.
    d) Ei samanslutning av alle høgskulane på Vestlandet (men utan UiB) tenkjer eg vil bli både uoversiktleg/byråkratisk og bydominert – utan nokon garanti for fagleg styrking i Volda.
    e) Instruksjonar frå KD vil framleis sitje langt inne, men eg tolkar fleire uttalar frå Haugstad som at han helst ser for seg ein stor profesjonshøgskule på Vestlandet (som evt. i ein seinare omgang kan bli slegen saman med UiB). Som sagt ovanfor trur eg det no er viktig for HVO å stritte imot dette, og gode alternativ er det vel mest realistisk å få til saman med HSF.
    f) Med utgangspunkt i HVO og HSF vil det kunne vidareutviklast ein institusjon med særpreg knytt til mange alternative verdiar som nynorsk, distrikt, natur, miljø, inkludering, estetikkk … I det heile slik forsking og utdanning som oppveksande slekter frå heile kloden vil hungre etter i åra som kjem …
    g) Dette vart dessverre mykje lenger enn eg tenkte då eg trykte på kommentar-knappen, men i alle fall: Lukke til med møtet og arbeidet vidare!

Legg igjen en kommentar