Kinderegg: Trepunktsavtale mellom Volda kommune og Høgskulen i Volda?

Nytt mediehus på Høgskulen i Volda
Nytt mediehus på Høgskulen i Volda?

 

 

 

 

Klarer Volda kommune og Høgskulen i Volda om å bli samde om Kinderegg-avtalen? Å få til tre ønskje på ein gong?

  • Nytt mediehus med kultursal?
  • Kunnskapspark i dagens Ivar Aasen-hus?
  • Ny idrettshall bak Øyra skule –  på høgskuleområdet?

Kan vi få til landets lengste tørrskodde høgskule – frå Kaarstad til Ivar Aasen?

Leiinga ved Høgskulen har den siste veka hatt møte med kommunestyret og formannskapet i Volda kommune for å snakke om utvikling av Volda kommune – og Høgskulen i Volda. Vi ser no konturane av ein svært omfattande og ambisiøs samarbeidsavtale som vil gje både Høgskulen i Volda og Volda kommune eit kjempeløft.

Nytt mediehus med kultursal

Høgskulen har i sitt campusutviklingsprosjekt synleggjort og prioritert nytt mediehus. Eller som det meir ambisiøst blir formidla: Eit nybygg for mediering og kulturformidling. Dei tilsette og mesteparten av undervisninga ved Avdeling for mediefag vil bli flytta frå Ivar Aasen-huset og delvis Strøm-huset og inn i det nye mediehuset.

Slik kan mediehuset bli innvendig
Slik kan mediehuset bli innvendig

Les meir om campusutviklingsprosjektet på høgskulens nettsider.

Ein politikar som har sett potensialet i prosjektet er Trond Giske (Ap), som også meiner prosjektet er fornuftig og gjennomførbart.

Høgskulen kan antakelig klare å finansiere mesteparten av huset gjennom reforhandling av leigeavtalar med Statsbygg i kombinasjon med reduserte leigeutgifter frå Ivar Aasen-huset.

Men verkeleg flukt over prosjektet blir det først om Volda kommune blir med i prosjektet gjennom å finansiere ein stor kultursal – som manglar i Volda kommune i dag. I skissa frå planleggingsgruppa er det teikna inn ein kultursal med 500 sitjeplassar – og i tillegg ein kino med ca 100 plassar.

Det vil bli Statsbygg som byggjer huset, med Høgskulen som leigetakar og eventuelt framleige frå Høgskulen til Volda kommune. Det er få lokale i Volda som har plass til fleire enn 200 personar, og det er ei rekkje store arrangement som samlar langt fleire enn 200 og som det ville vere aktuelt å legge til ein kultursal. Til dømes:

Kva vil dette koste? Det lurer nok alle involverte på, og i løpet av våren vil Høgskulen og Statsbygg finne svar på det.

Høgskulen kan sjølv bygge eit mediehus – men skal det byggjast ein kultursal trengst det ekstern finansiering.

Eitt anna kjempeviktig spørsmål er korleis ein kultursal skal drivast. Kanskje er det naturleg at Studentsamskipnaden gjer det? Det må vi finne gode svar på.

Sjølv blir eg skuffa og overraska om ikkje det nye mediehuset også byr på tørrskodd veg mellom Strøm og Berte Kanutte. Alle som har gått på høgskulen veit kor viktig «Lillestrøm» er – passasjen mellom Aasen og Strøm. Den var faktisk ikkje planlagt men vart skøyta på undervegs i byggetida. Om det stemmer var det veldig klokt gjort.

Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset?

Ideskisse - kunnskapspark ved Høgskulen i Volda
Ideskisse – kunnskapspark ved Høgskulen i Volda


 

 

 

Det andre punktet i avtalen er å nytte Ivar Aasen-huset til å byggje Kunnskapspark ved Høgskulen i Volda. Det er med litt skam å melde på tide. Høgskulane i Molde, Ålesund og Sogn og Fjordane fekk på plass sine kunnskapsparkar for lenge sidan. Ei forklaring på det er nok at dei tre nabohøgskulane våre er langt meir orienterte mot næringslivet enn HVO er.

Ein kunnskapspark skal vere ein møtestad mellom kunnskapen som lever i høgskulemiljøet – mellom studentar, lærarar og forskarar – og verda utanfor høgskulen. Ein kunnskapspark skal vere eit miljø der studentar og høgskuletilsette kan få utvikle idear til å kanskje bli verksemder. Og motsett ein stad der private, offentlege og andre aktørar kan få tilgang til kunnskapen i høgskulemiljøet.

I Volda har vi eit godt utgangspunkt for å få bygd ein kunnskapspark gjennom Sunnmøre kulturnæringshage, og dagleg leiar Martin Foldal har kome langt i å pønske på korleis ein kunnskapspark i Volda kan bli noko heilt spesielt.

Idrettshall? 

Voldahallen vart bygd i 1979 og ligg ved Volda vidaregåande skule. Det er ein tradisjonell idrettshall med ei speleflate på 40×20 meter og er i dag arena for førstedivisjonshandball. Hallen har også vore arena både for NM-turneringar og landskampar i volleyball. Men hallen er i ferd med å bli 40 år – og hadde trengt ei kraftig oppgradering.

Møre og Romsdal Fylkeskommune og Volda vidaregåande skule treng ein idrettshall for at skulen skal kunne gje undervisning i kroppsøving. Skulen driv også med toppidrett fotball, handball og andre fag. Sidan Voldahallen faktisk kan bli stengt kan fylket betale 44 prosent av investering og drift av ein ny hall. Og det beste området for å bygge ein slik hall er på grusbanene mellom den gamle lærarskulen (Kaarstad 1922) og Øyraskulen.

Det er på grusbanene midt på bildet at idrettshallen kan kome.
Det er på grusbanene midt på bildet at idrettshallen kan kome. Berte Kanutte i høgre hjørne – Kaarstad-huset er i øverste venstre hjørne.
 På dette området er det eit par grusbaner som ikkje lenger er så mykje i bruk. Øyra skule nyttar området delvis til si undervisning, men det er Statsbygg som eig grunnen og dette er eitt av områda som Høgskulen og Statsbygg treng for framtidige utbyggingar av Høgskulen i Volda. Det vil altså vere ein risiko for høgskulen å nytte området til andre føremål – men på den andre sida kan ein idrettshall med garderober, kontor, lager og kanskje også utleigelokale bli ei såpass stor utbygging at det kan bli muleg å gå tørrskodd mellom Kaarstad og Berte Kanutte-huset. Dermed ville alle studentar og tilsette på høgskulen kunne gå til kantine, bibliotek og andre fellesområde utan tanke på ver og vind.

Dette ville i så fall gje heile høgskulen ei skikkeleg løft – og først då kan ein kanskje seie at samanslåinga av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i 1994 har vorte fullført.

Her kan det kome idrettshall
Her kan det kome idrettshall. Foto frå bedriftsfotballtrening i 2005. Alf Roger Djupvik og Chelsea har hatt ein bra dag.

 

 

 

 

 

 

 

 

Idrettshallen bør etter mi meining planleggast i samarbeid med Ørsta kommune med tanke på samordning og oppgåvefordeling mellom dei to kommunane. Det kan også gje auka spelemidlar til dei to prosjekta. Ørsta kommune har som kjent planlagt å bygge ein kjempestor idrettshall ved sidan av Ørsta Stadion – med plass til tre speleflater på 40×20 meter. Ørsta kommune har kome langt i planlegginga av prosjektet, og har blant anna tilsett ein prosjektleiar.

Det er ikkje plass til tre baner på grusbanene i Volda. Volda kommune er i ferd med å engasjere ein arkitekt som skal planlegge området, og eg er spent på om det er muleg å få plass til stort meir enn ei speleflate på 40×20 meter på grusbanene på høgskuleområdet. Og så skal det betalast for det, og tidlegare har Volda kommune sagt til idretten i Volda at om det skal byggast meir enn ei speleflate så må idretten vere med på å betale det.

2016-2020?

Kva er så tidsplanen for dei tre prosjekta? Rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune er tydeleg både på at ein må få fram kostnader ved prosjekta, og det må leggast ein tydeleg tidsplan. Eg oppfattar voldapolitikarane slik at dei er positive til å få gjennomført prosjekta – men at dei naturleg nok lurer på kva dette vil koste. Og i kva rekkjefølgje ting skal skje.

Også høgskulestyret vil stille dei same, rettkomne spørsmåla. Men for alle partar gjeld det at ein må ein først bli samd om at dette/desse prosjekta ønskjer ein verkeleg å få til, og så må vidare planlegging avdekke kostnader og leite etter gode løysingar.

Mitt råtips – eller kanskje ønskjeliste? – til framdrift ser slik ut:

  • 2016: Vedtak om å byggje nytt mediehus ved Høgskulen i Volda. Intensjonsavtale frå Volda kommune om å finansiere kultursal og kino. Studentsamskipnaden skal drifte kultursalen.
  • 2017: Byggjestart på mediehuset – to års byggjetid.
  • 2018: Vedtak om Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset. Vedtak om bygging av idrettshall på grusbanene.
  • 2019: Innflytting i mediehuset – ombygging av Ivar Aasen-huset til Kunnskapspark. Byggjestart på ny idrettshall.
  • 2020: Opning av ny idrettshall. Samanbinding av Kaarstad og Berte Kanutte.

2020: Høgskulen i Volda er Noregs lengste tørrskodde høgskule: Det er 600 meter frå Kaarstad-huset til Ivar Aasen-huset.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Kinderegg: Trepunktsavtale mellom Volda kommune og Høgskulen i Volda?»

  1. GRUSBANENE PÅ CAMPUS UNDER TAK!?
    Rektor har visjonar, det får vi seie er bra! Men eit par, tre kommentarar til ideen om å leggje grusbanene på campus under tak:

    1. Innlegget fokuserer på nybyggingar, lite på vedlikehald, utbetring og drift av dei eksisterande bygga Voldahallen og Idrettsbygget, kvifor det? Kva med å revitalisere dei innandørs speleflatene som allereie finnst?

    2. For grunnskulen sitt vedkommande: Dersom Volda kommune var visjonær, ville eit nytt fellesbygg for kroppsøvingsundervisning for Øyra skule og Volda ungdomsskule kunne etablerast på området til ungdomsskulen ved å rive dei to utdaterte salane, grave seg godt ned i terrenget, eventuelt bruke noko av «brakkområdet» i bakken nedanfor det asfalterte uteområdet i tillegg og bygge eit tidhøveleg anlegg. Så lenge anlegget primært skal dekkje behova til kroppsøving, og brukarar/leigetakarar, som klarer seg med noko enklare anlegg enn kravstore innandørs idrettar, bør eit slikt anlegg prioriterast på eit område som allereie er nedbygd.

    3. Grusbanene, meiner rektor, er lite i bruk. Vel, lite brukt av kven? Elevane på Øyra skule bruker desse flatene om lag kvar skuledag, året rundt. Elevane får mykje utetid i kroppsøvingstimane på banene både om våren og hausten. Heile barmarksesongen spelar bebuarane på asylmottaka fotball der, og inn i mellom er det folk som brukar banene til modellfly, ungane i nabolaget, og kanskje delar av Volda sentrum, møtest, leikar og syklar. Undervisninga for Seksjon idrett og friluftsliv har rett nok mindre omfang i dag enn tidlegare, då kroppsøvingsfaget var obligatorisk i lærarutdanninga. Kven veit sikkert at dette faget på nytt ikkje får fornya status med ditto behov for utefaltene?!

    Grusbanene er snart det siste opne arealet i Volda sentrum av noko storleik, og har som større flater ein bruksverdi langt ut over det talsmennene for hall-idrettane synest å sjå og kanskje er villige til å innrømme. I tillegg er grusbanene langt rimelegare å halde vedlike og drifte enn tempererte hallar. Vi bør opphøge det til eit samfunnsansvar å behalde desse opne flatene!

Legg igjen en kommentar