Isaksen: Høgskulane som kvalitetsideal?

På kontaktkonferansen mellom Kunnskaspsdepartementet og høgskular og universitet har Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen reflektert vidare omkring den komande kvalitetsmeldinga. Han la blant anna fram ei fempunktsliste, som eg oppfattar som viktige kvalitetstrekk ved høgare utdanning. Med vekt på utdanning.

Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»? Er det høgskulanes innarbeidde arbeidsmåtar som no har vorte også statsrådens ideal. I så fall – veldig kjekt!

Isaksen fem punkt:

1) Høgskulane må ha høge ambisjonar på vegne av studentane. Institusjonane må vise at dei forventar mykje av studentane.

2) Aktiviserande og varierte læringsformer. Ta i bruk ny teknologi, gi gode tilbakemeldingar og bruk varierte formidlingsformer.

3) Dyrk fram ein kvalitetskultur, også på undervisning. Det bør vere like fint å drive undervisning som forsking. Og det er bra å ta ein del av utdanninga i utlandet

4) Inkluder studentane meir i det akademiske fellesskapet, også i forskinga.

5) Styrk samspelet med arbeidslivet. Her er i grunnen akademia vorte gode.

Det er litt uklart for meg korleis desse fem nye punkta skal forståast i høve til dei tidlegare listene over kvalitetskriterier.

Men Isaksen varsla også at sektoren no vil bli invitert til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga som skal leggast fram i 2017.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

2 kommentarer til «Isaksen: Høgskulane som kvalitetsideal?»

  1. Mener du at høgskulene generelt er gode på punkt 2? Vi har flere rapporter som viser det motsatte (jmf bla. Nifu, 2013). Dette har medført at man blant annet i den nye GLU-planen opererer med «profesjonsfaglig digital kompetanse». Man har altså sett seg lei av at lærere i UH-sektoren ikke gjør bidrar til punkt 2. At lærerstudenter ikke er «skodd» for den nye tiden. Det er blitt nødvendig å innført et nytt begrep for å presisere at UH-sektoren SKAL jobbe med teknologi. I GLU da metodisk med teknologi. Slik at lærerstudenter blir riktig «skodd» for den nye verden der ute. Da er det underlig å lese at en rektor påpeker at man generelt er god på området?

    1. Hei!
      Alle kan bli betre – og det skal vi også bli. Men eg trur – og håper! – at høgskulane framleis er meir frampå enn dei største institusjonane. Til dømes har vi i Volda vore tidleg ute med å introdusere fleksibel læring (nettstudium) og her vi dei siste åra har vore blant høgskulane med høgst andel studentar på nettstudium. Medieutdanningane har teke i bruk digital formidlingsteknologi for lenge sidan. No vi også fått MOOC i slektsgransking og læringsdesign.

      http://www.mooc.no/course/slektsmooc-gratis-kurs-i-slektsgransking/

      http://www.mooc.no/course/slektsmooc-gratis-kurs-i-slektsgransking/

Legg igjen en kommentar