Skriftleg versjon av den munnlege orienteringa som rektor gav til høgskulestyret, på styremøtet 23. oktober 2018. Sakslister og sakspapir til møtet.
Strukturprosessane landet rundt nærmar seg ein normalfase der dei nyfusjonerte skal over i vanleg drift. Høgskulen på Vestlandet gjennomfører fusjonen på instituttnivå i 2018. NTNU har gått ned 100 plassar på ein av verdsrankingane av universitetet, og det er vel rimeleg å tru at ei forklaring på det er både innfusjonerte institusjonar og elles mykje ekstraordinært arbeid på grunn av fusjonane. Men det er viktig å hugse på at dette var berre ein av mange konkurrerande rangeringar.
I framlegget til statsbudsjett for 2019 har regjeringa kutta fusjonsstøtta frå 125 millionar kroner i 2018 til 15 millionar i 2019. Naturleg nok er dei nyfusjonerte institusjonane skuffa over dette beløpet.
Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret 23. oktober 2018