Oppdatering: 18.12.2017:
I styremøte 8.mars 2017 vedtok høgskulestyret i Volda med 6 mot 5 røyster at høgskulen skal halde fram med vald rektor. Dette vedtaket vart gjort før stillinga som direktør vart lyst ut fordi innhaldet i ei direktørstilling er svært ulikt om høgskulen har tilsett eller valt rektor.
I stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning Konsentrasjon for kvalitet står følgjande lese under Tiltak i punkt 6.3. at regjeringa vil:
«gå inn for å endre universitets- og høyskoleloven slik at ekstern styreleder og ansatt rektor blir hovedmodell for styring og ledelse av institusjonene»
Det ser ut til at Arbeidarpartiet støttar dette framlegget – så då er det nok fleirtal i Stortinget for at tilsett rektor vert normalordninga. Men det er framleis slik at det er opp til institusjonane sjølve – altså høgskulestyra – å bestemme om dei vil ha tilsett eller vald rektor. Inntil vidare kan det vel seiast.
Framlegget om å gå klart i retning av at tilsett rektor er det normale har vekt debatt i universitets- og høgskulesektoren. Universitetsrektorane på dei «gamle» universiteta i Oslo og Bergen var raskt ute med å ta avstand frå framlegget og argumenterte for at rektorar framleis bør veljast: «Vi er valgte og vi leder», var deira bodskap.
På nettsida Opprop har det no i sluttan av mai 2015 kome inn godt over tusen underskrifter på kampanjen: «Ja til valgte ledere ved universiteter og høgskoler». På den andre sida står nytilsett HIOA-rektor Curt Rice, som kallar heile debatten for storm i et vannglass. Betyr det ikkje så mykje om rektor er tilsett eller vald?
På NOKUTs store konferanse om studiekvalitet kom det fram at tidlegare rektor ved Syddansk universitet Jens Oddershede meinte at i Danmark hadde det var uråd å gjennomføre fusjonar med valde rektorar.
Dette ser i alle fall ikkje ut til å stemme i Noreg. Blant institusjonane som har eller er i ferd med å slå seg saman med andre har valde rektorar. Blant høgskulane på Vestlandet er det vald rektor over nesten heile linja:
- Høgskulen i Volda: Vald rektor.
- Høgskolen i Ålesund: Vald rektor.
- Høgskolen i Molde: Vald rektor.
- Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tilsett rektor.
- Høgskolen i Bergen: Vald rektor.
- Høgskolen Stord Haugesund: Vald rektor.
Ser vi over fjellet så ser vi at både Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark i 2015 skiftar frå vald til tilsett rektor. Også på nasjonalt plan går utviklinga klart i retning av det blir fleire tilsette og færre valde rektorar på høgskulane.
Eg tiltrer som rektor ved Høgskulen i Volda frå 1. august 2015 i lag med prorektor Jens Standal Groven. Vi vart valde med 82 prosent av røystene. Diverre var det berre 190 som deltok i valet – av nærare 4.000 røysteføre studentar og tilsette. Men meir tankevekkande er det at vi ikkje hadde motkandidatar. For fire år sidan var det heller ikkje motkandidatar til noverande rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø.
For kvart val som går utan to kandidatar å velgje mellom – til større grunn er det til å spørje seg om tida er ute for valgt rektorat.
Eller sagt på ein annan måte: Den største uvissa omkring ordninga med vald rektor skapar vi som arbeider på høgskulen sjølve: Ved at det er få som stiller opp i rektorvalet.
Ønskjer vi å beholde ordninga med vald rektor så må vi syte for at det blir reelle val med fleire kandidatar å velgje mellom.
Kva betyr det så om rektor er vald eller tilsett? Dette er regulert i Universitets- og høgskulelova. Den prinsipielt viktigaste endringa meiner eg ikkje handlar om tilsettingsforholdet til rektor – men derimot samansettinga av styret. Med vald rektor er rektor også styreleiar. Med tilsett rektor skal styreleiar velgjast blant dei eksterne styrerepresentantane. Og dei eksterne styrerepresentantane skal etter framlegget i Konsentrasjon for kvalitet peikast ut av Kunnskapsdepartementet. Og det er altså styret som tilset rektor.
I sum betyr overgang frå vald til tilsett rektor at tilsette misser makt – eller potensiell makt. Kven som i staden får meir makt kan ein lure på – men det ser for meg ut til at departementet potensielt sett får sterkare innverknad på aktiviteten på høgskulane ved tilsett rektor enn ved vald rektor. Eitt anna framlegg i Konsentrasjon for kvalitet går også i denne retninga: Det blir gjort framlegg om at fylka skal misse retten til å peike ut to av dei eksterne styrerepresentantane – og at departementet skal peike ut alle fire.
Så spørsmålet handlar ikkje berre om tilsett eller vald rektor – men kor sterk styring departementet skal ha over høgskular og universitet.