Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.

Rektormøte på Lillehammer.
Gammelsæter (HiM), Ohnstad (HiL) og Halse (HVO).

På førre møte i høgskulestyret i Volda vart det reist benkeforslag om at Høgskulen i Volda burde ta kontakt med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer for å finne ut om dei tre «gamle» DH-skulane kunne ha felles interesser i strukturdebatten. Benkeforslaget vart vedtatt, sjølv om dette i høve til tidsfristane var «ti over tolv», slik rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane formulerte det.

Her er siste del av styrevedtaket:

I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil. Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar.

Omtale av Lillehammermøtet på nettsidene til Høgskolen i Lillehammer og nettavisa Panorama ved Høgskulen i Molde.

Høgskolen i Lillehammer. Foto: HiL.no
Høgskolen i Lillehammer. Foto: HiL.no

Med NTNUs raske overtaking av Høgskolen i Ålesund kan Høgskolen i Møre og Romsdal ikkje bli slik som tenkt. Sidan NTNU også overtok Høgskolen på Gjøvik kan heller ikkje den gamle tanken om Innlandsuniversitetet bli gjennomført slik det var tenkt som ein fusjon mellom høgskulane i Hedmark, Lillehammer og Gjøvik.

Rektorane på dei tre høgskulane har hatt innleiande samtalar, og torsdag 19. februar møttest  delegasjonar frå dei tre høgskulane Volda, Molde og Lillehammer til samtalar om samarbeid. Høgskulen i Sogn og Fjordane er førebels ikkje med på drøftingane.

Samtalane i Lillehammer var venlege og interesserte – og med strukturdebatten som eit felles referansepunkt i tillegg til avklaring av fagleg status og prioriteringar.

Høgskulemøte på Lillehammer, 19. februar 2015.
Samling på Lillehammer. Frå venstre dekan Aud Folkestad, dekan Ketil Jarl Halse, HVO-rektor Per Halse, dekan Kjell Ivar Iversen, avdeling for pedagogikk og sosialfag, HIL og Yvonne Fritze, viserektor for forsking, HIL. Foto: Johann Roppen.

Kva konkrete resultat som kjem ut av desse samtalane er alt for tidleg å seie. Det er kanskje innanfor mediefaga og helse- og sosialfag at dei tre høgskulane kan utfylle kvarandre gjennom eit utvida samarbeid. Vidare har alle dei tre høgskulane fagmiljø innanfor idrett, administrasjonsfag og samfunnsfag.

Det vert  rektorskifte både på Lillehammer og i Volda, og det skal også velgjast nye styremedlemmer på høgskulane i løpet av våren. Det er uvisst kva det kan få seie for utviklinga i framtidige samarbeid.

Imponerande ph.d.-utvikling – frå null til åtte på 8 år!

Høgskulen i Volda i 2015 startar opp si første ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.

I lys av dette er det imponerande at Høgskolen i Lillehammer (HIL) i 2015 har tre ordinære ph.d.-utdanningar. HIL fekk godkjent si første Ph.D.-utdanning så seint som i 2010. Ph.d.-utdanningane ved HIL er desse:

Ph.d.-programmet INTOP samarbeider med IPAS-miljøet ved Høgskulen i Volda. Ein av nøkkelpersonane bak audiovisuelle media er professor Jan Anders Diesen, som også er professor II ved Høgskulen i Volda.

HIL har ein svært høg andel av tilsette i førstestillingar eller høgare. HIL har då også dei siste åra lege i det øvste sjiktet blant høgskulane i landet når det gjeld publisering pr tilsett i førstestilling med ein gjennomsnittleg publiseringsrate på ca 0,6 poeng – mot Molde og Volda på knapt 0,5 poeng. Gjennomsnittet for statlege høgskular er på ca 0,33 publiseringspoeng pr tilsett i førstestilling for dei siste seks åra.

FoU-produksjon for utvalde høgskular 2008-2013: HIL, HiHM, HiG, HiMolde, HVO.
FoU-produksjon for utvalde høgskular 2008-2013: HIL, HiHM, HiG, HiMolde, HVO.

Korleis har det vore muleg for HIL å gjere dette? Resultata hadde ikkje vore muleg å oppnå utan at arbeidsmiljøet er produktivt og dyrkar fram FoU. Men ei viktig forklaring kan også vere at HIL i lag med høgskulane i Hedmark og på Gjøvik har fått store bidrag frå prosjektet Innlandsuniversitetet (PIU). Dette var eit prosjekt i samarbeid mellom fylkeskommunane kommunar og næringslivet i Hedmark og Oppland i åra 2008-2012. Gjennom PIU fekk dei tre høgskulane tilført nærare 200 millionar kroner. Pengane skulle brukast til langsiktig kompetansebygging med sikte på få høg nok kompetanse til at dei samla høgskulane skulle bli akkrediterte som universitet. Som kjent må ein høgskule få godkjent fire ph.D.-program for å få status som universitet. Alle dei tre høgskulane klarte å bygge faglege tyngdepunkt i form av mange masterutdanningar og ei fleire ph.d.-utdanningar.

Høgskolen i Hedmark har to ph.d.-utdanningar:

To stipendiatar ved Høgskulen i Volda er studentar ved ph.d.-utdanninga i profesjonsretta læratutdanningsfag. Det er Anne Randi Fagerlid Festøy og Anne Kari Remøy. Dei har begge Peder Haug som ein av rettleiarane innanfor SPEED-prosjektet (The Function of Special Education).

Høgskolen i Gjøvik har fått desse ph.d.-utdanningane:

Høgskolen i Gjøvik har også fått eit statleg ansvar for tryggleik på internett gjennom NIS-lab.

Som det går fram av figuren ovanfor så har Høgskulen i Volda hatt FoU-publisering på omlag same nivå som dei tre høgskulane i  Innlandet.

Sterk satsing i Innlandet – småpengar i Møre og Romsdal

Men då det kom til stykket klarte ikkje dei tre høgskulane å samarbeide med kvarandre om å etablere Innlandsuniversitetet. Av avisoppslag i 2015 kan det likevel sjå ut til at det framleis er krefter som ønskjer eit Innlandsuniversitet – med HIL og Høgskolen i Hedmark som samarbeidande instiusjonar.

Sett frå Volda og Møre og Romsdal er det tankevekkande å sjå både at samarbeid mellom høgskular i praksis er vanskeleg å få til. Men endå meir tankevekkande er det kva effekt dei fylkeskommunale millionane fekk på den akademiske utviklinga i innlandsfylka i form av ei fagleg oppblomstring av nye master- og ph.d.-studium – og fleire av fagmiljøa rundt ph.d.-utdanninga har også vokse på andre måtar. Høgskolen i Lillehammer har i samarbeid med Østlandsforsking og andre samarbeidspartar fått tildelt eit nasjonalt kunnskapssenter for kulturelle næringar,  og eit forskingssenter for innovasjon i tenesteyting.  Høgskolen i Gjøvik har fått nett-tryggleik.

Møre og Romsdal Fylke bidrog ikkje med midlar i forsøket på å opprette Høgskulen i Møre og Romsdal, men tek sikte på å etablere eit forskingsfond frå 2016-2019. Det kan kanskje bli snakk om 20 millionar kroner for åra framover som høgskulemiljøa i Volda, Molde og Ålesund vil kunne få tildelt. Til samanlikning fekk dei tre høgskulane bak prosjekt innlandsuniversitetet tildelt ca kr 35 mill KVART ÅR i prosjektperioden. Men sjølv det blir berre småpengar i høve til kraftfondet som Agderfylka stilte opp med for å få etablert Universitet i Agder – der låg det inne nesten ein milliard!

Uansett er det positivt om Møre og Romsdal Fylkeskommune legg så mykje pengar på bordet – erfaringane frå Innlandet kan tyde på at det er muleg å oppnå betydelege resultat på kort tid.

IMG20150219143122
Manar han fram ein fusjon? Frå venstre: Dekan Hege Michelsen (HIL – tidlegare voldastudent), Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter. Foto: Johann Roppen
IMG20150219142919
Frå venstre: HIL-rektor Bente Ohnstad, direktør Geir Bergkastet og dekan Finn Olsen. Foto: Johann Roppen.

PS: Relativ storleik mellom høgskulane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark og Oppland – målt etter tal studentar.

Tal studentar 2014
Kjelde: DBH

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.»

  1. Strukturdebattens «Ti over tolv» blei for meg ein god kommentar i seg sjølv når eg tenkjer tilbake på historia til denne debatten.

    Eg har lese bloggen med interesse, men historieframstillinga er ikkje heilt rett. Innlandsuniversitetet var eit prosjekt som blei starta alt i 1999. I 2002 blei det etablert eit liknande prosjekt i Møre og Romsdal som gjekk under namnet «Møreuniversitetet». I 2002 hadde vi ein studietur til Lillehammer (rektorane, direktørane, fylkesordføraren og fylkesrådmannen) for å orientere oss om Innlandsuniversitetet. Det var eit inspirerande møte og vi vart imponert over det gode samarbeidet mellom institusjonane og fylkeskommunane og ikkje minst viljen til å finansiere prosjektet. Vi vart også imponert av dei fagleg planane som låg i prosjektet og som stort sett blei relaisert seinar. Også Møre og Romsdal fylkeskommune vart inspirert og vedtok etter denne turen å opprette eit kompetansefond på 50 mill. kroner for å finansiere prosjektet. Tanken var at dette skulle vere starten på eit fond som skulle bli på same nivå som fondet til Innlandsuniversitetet. Når du skriv at Møre og Romsdal fylke ikkje bidrog til å opprette høgskulen i Møre og Romsdal, så er det feil. Dei har ved fleire høve gitt utrykk for at dersom høgskulane går inn for prosjektet, skal fylkeskommunen delta. I 2003 sa Volda og Ålesund ja til å gå vidare med prosjektet, men Molde sa nei. I 2011 då Mørealliansen var temaet, var også fylkeskommunen positiv til å støtte, men då var det Volda og Molde som sa nei. Fylkeskommunen har vore ein pådrivar i lang tid og det er bra at dei framleis vil støtte høgskulane sjølv om deira visjon ikkje blir realisert. Det blir spennande å følgje prosessen vidare

Legg igjen en kommentar