Høgskulen i Volda og nynorsken. Eller: Korleis kan målrørsla hjelpe nynorsk som akademisk språk

Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset

Sunnmøre mållag hadde årsmøte på Thon Hotell i Fosnavåg 28. februar – 1. mars, og eg var invitert for å snakke om Høgskulen i Volda og nynorsk. Eigentleg skulle denne delen av møtet handle om kommunereform og nynorsk, men det var ikkje møtelyden så veldig opptatt av, så då blei det meir Høgskulen i Volda og nynorsk.

Det eg BURDE sagt til møtelyden var: Kjære Sunnmøre mållag. Det beste de kan gjere for nynorsk er å påverke Venstre til å bidra til at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram som sjølvstendige høgskular.

Partiet Venstre ser ut til å vere på bikken i Stortinget når det gjeld høgskulesamanslåing. Vil Venstre med sine nynorsktradisjonar verkeleg vere tunga på vektskåla, og vippe nynorsk ut av akademia? Kanskje kan målrørsla hjelpe Venstre med å leite fram att sjela si?

Tvilen er der fordi Sveinung Rotevatn i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane ordlegg seg slik at Venstre kan finne på å støtte tvangsgifte av høgskular.

*) Rotevatn har i eit seinare lesarinnlegg i Sogn Avis 3. mars presisert at under intervjuet sa han fleire gonger:

Venstre meiner frivilligheit gir dei beste resultata, at tvang sjeldan fører noko godt med seg, og at vi vil lytte svært nøye til kva høgskulen sjølv meiner.

Resultatet av strukturdebatten kan gi ei svært usikker framtid for nynorsk som akademisk språk. Blir høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane ein del av større bokmålsdominerte institusjonar så ligg nynorsk tynt an.

På møtet tok leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø ordet og lurte på om ikkje denne situasjonen også kunne gjere det lettare å styrke nynorsken i det klimaet som er no? Altså at nynorsken vert sett på som viktig å styrke nett i ein sjølvstendeargumentasjon. Ho har inntrykk av at det er stoda ved HiSF, og at leiinga der utnyttar situasjonen til å styrke nynorsken internt på høgskulen. (* Teksten i dette avsnittet er retta etter merknad frå Marit Aakre Tennø).

Nynorskargumentet har vorte framført av aktørar på begge høgskulane, og direkte foreslått av professor Øystein Vangsnes i eit blogginnlegg 5. januar 2015.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta tykkjer også dette er ein god idè, i følgje avisa Møre-Nytt, 9. januar 2015.

Eg er i sterk tvil om kor sterkt nynorskargumentet vil telje for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han har rett nok kome med uforpliktande positive fråsegner. Blant anna siterte Sogn Avis Isaksen på følgjande 17. januar:

– Eg ser klart at konstellasjonen HiSF og høgskulen i Volda er interessant, blant anna fordi det vil bli ein stor institusjon som brukar nynorsk.

Men Isaksen har også gong på gong understreka at han ønskjer at høgskulane sjølve skal finne ut kven dei vil samarbeide med. Sett på spissen ønskjer Kunnskapsministeren større høgskuleeiningar og reknar med at det skal gi betre kvalitet på alt som skjer i høgare utdanning, og blir høgskular ein del av universitet så er alle problem løyste. Ikkje alle er samde i det, i alle fall ikkje eg.

Korleis har så høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane teke nynorskideen vidare?

Leiinga ved Høgskulen i Volda har ikkje vore avvisande til ideen. Rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø har vore positive i medieoppslag. Rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har også vore positiv i omtalen av «det nynorske blikket», som eitt av fleire fellestrekk ved dei to høgskulane.

Men ser ein på dei formelle vedtaka frå Høgskulen i Volda så har dei handla om 1) Sjølvstende, 2) Samanslåing av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Styrevedtaka ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har først og fremst flagga sjølvstendelina, men med opning for ei stor vestlandssamanslåing: Bergen – Sogn og Fjordane – Volda.

Det er lett å sjå at både Volda og Sogn og Fjordane helst ikkje vil bli ein «utkant» i ein ny, stor høgskulekonstellasjon – men helst vil vere i midten. Det er i beste fall eit regionalt og ikkje eit fagleg basert argument for høgskulestruktur. Men dette er også resultat av kompromiss og omsyn til interne forhold i styra og fagmiljøa på dei to høgskulane.

Status og førebels konklusjon vert då:

Ingen av høgskulane har gjort styrevedtak som går ut på å tilrå å opprette ein høgskule av Volda og Sogn og Fjordane. Ingen av høgskulane har foreslått å arbeide for eit nynorskuniversitet.

Men likevel kan nynorskideen gje politikarar på leit etter ein utgang eller eit kompromiss høve til å foreslå ein nynorskhøgskule – som ei kreativ løysing sidan alle andre høgskulealternativ ser ut til å vere vanskelege å få til.

Heilt i det siste har det også kome på bordet ein idè om å lage ein høgskule av Molde/Volda/Lillehammer – med opning for Sogn og Fjordane.  Tanken har så vidt vorte drøfta mellom tre av høgskulane, og er førebels på eit hyggeleg, men tidleg pratestadium. Samtidig førebur sju tilsette i departementskontora ei stortingsmelding om framtida til høgskulesektoren. Den skal kome ved påsketider.

Kva er så status for nynorsk ved høgskulen i Volda?

Høgskulen i Volda er ein nynorskbastion. Det viste seg ikkje minst ved at mange tilsette ved Høgskulen i Volda var deltakarar på møtet i Sunnmøre mållag.  I høgre utdanning er det berre Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane som nyttar nynorsk meir enn bokmål og engelsk på eigne nettsider, i trykksaker og i undervisninga. Nynorsk vert også brukt i fleirtalet av vitskaplege publiseringar frå tilsette ved Høgskulen i Volda. På andre høgskular på Vestlandet og på universiteta har nynorsk sine spreiddde minoritetsmiljø – utanom nynorsk som fag innanfor norsk og nordisk.

Grunnen til at nynorsk vert nytta som eit sjølvsagt og naturleg språk på desse to vestlandshøgskulane er nok kombinasjonen av historie, ideologi og at høgskulane ligg i nynorskdistrikt.

Kanskje kan vi snakke om ei nynorskklynge på Søre Sunnmøre: Og der er Høgskulen i Volda ei viktig brikke – men langt frå den einaste.

Debatten på årsmøtet i Sunnmøre mållag handla også om andre spørsmål – som kanskje kan samlast under overskrifta:

Korleis kan Høgskulen i Volda styrke nynorsk?

Ein gjengangar er her om høgskulen burde pålegge studentar å levere skriftlege arbeid på både bokmål og nynorsk. Somme tok sterkt til orde for dette – særleg i høve til medieutdanninga som ligg i Volda men der studentane i stor grad publiserer på bokmål om lokale forhold i Volda. Det er vel varsamt å seie at ein politikar og målmann som Roger Nedreklepp kjenner irritasjon over dette, men også fleire andre tok til orde for at høgskulen burde pålegge mediestudentane å skrive meir på nynorsk.

Sjølv er eg sterkt i tvil om det vil gagne nynorsk. Etter mi meining har Høgskulen i Volda ei utruleg viktig rolle i å støtte studentar som ønskjer å halde fram med å skrive på nynorsk. Gjennom undervisning, forsking og språk i administrasjon og marknadsføring syner Høgskulen i Volda både eigne og andre studentar at nynorsk er eit glimrande språk, også i akademisk samanheng.

Eg vil her også syne til eit innlegg om dette spørsmålet i Voldabloggen, som informasjonskontoret ved Høgskulen er ansvarleg for. Her står det blant anna:

Volda er studiestaden for deg, anten du elskar eller hatar nynorsk. Men nokre studieår på Sunnmøre kan kanskje snu eit eventuelt hat til kjærleik?

Kristian Fuglseth er høgskulelektor på medieutdanninga, og har ei klar og tydeleg meining. Han argumenterte sterkt for at det bør stillast konkrete krav til studentane om å levere arbeid på nynorsk.

Kva så med kommunestruktur og språk – som debatten eigentleg skulle handle om? Sjølv meiner eg at ein ikkje skal vere blind for at større kommunar også kan medføre sterkare kommuneadminstrasjonar som kan gje nynorsk eit løft i Kommune-Noreg. Men det er klart at når mindre nynorskkommunar eventuelt blir ein del av større bokmålskommunar så vil nynorsken få det vanskeleg. Gudrun Kløve Juuhl tok til orde for at Høgskulen i Volda kunne vere med på å utvikle ein strategi for dette – noko eg tykkjer er ein god tanke.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar