Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

Notat i samband med møte i Sunnmøre mållag, Thon Hotell Fosnavåg, 28. februar 2015.

Hører jeg ordet maritim klynge en gang til, så spyr jeg. (Anonym kollega ved Høgskulen i Volda.)

Sitatet ovanfor er ikkje ei nedvurdering av den maritime klynga  – men må forståast som ein overdose av klyngebegrepet. Eigentleg er det fantastisk at eit såpass akademisk basert – og diskutabelt! – omgrep har fått ei så sterk utbreiing i kvardagstale og sjølvforståing på Sunnmøre. Det kan ikkje vere berre tilfeldig.

Men det var altså der – midt i klynga – på det fantastiske Thon Hotell Fosnvavåg at dei engasjerte mållagsleiarane på Sunnmøre sette kvarandre stemne for å halde fylkesårsmøte. Med utsikt til store fiskebåtar rett utanfor glaset, veggane på møteromet tapetesert med sjøkart og med ein dei mest avanserte skipssimulatorane i verda vegg i vegg. Er det snakk om ei eller to klynger? Marin og/eller maritim? Det får så vere.

Men – kanskje har vi ei klynge også på Søre Sunnmøre – nynorsk-klynga. Eitt av kriteria for klynger er breidde – breidde i form av typer av aktivitetar – aktivitetar som støtter opp under kvarandre og dermed vert sjølvforsterkande.

Nynorsk-klynga kan forsøksvis framstillast slik:

Brukarar: Dei fleste elevar i grunnskule, ungdomsskule og vidaregåande skule brukar nynorsk. Det same gjeld naturlegvis lærarane deira.

Friviljug arbeid: Mange aktive mållag. Dei fleste friviljuge lag og organisasjonar brukar nynorsk i sitt arbeid.

Kyrkja. Humanetisk forbund.

Administrasjon: Kommunane brukar nynorsk. Administrasjonen ved Høgskulen i Volda brukar mest nynorsk.

Næringslivet: Bruk av nynorsk varierer. Men milliardkonsernet Kleven Maritime i Ulsteinvik har fått målpris fordi dei ikkje vil jåle seg med bokmål eller engelsk, men brukar nynorsk.

Forsking og høgare utdanning: Høgskulen i Volda har i sin strategiplan slått fast at høgskulen har nynorsk i utdanning, forsking og formidling som eitt av tre satsingsområde. Høgskulen brukar mest nynorsk i undervisninga – meir enn bokmål og engelsk. Ei av dei største einingane internt på høgskulen er Ivar Aasen instituttet for språk og litteratur som også har eit forskingssenter for skriftkultur, som er det tidlegare Aaseninstituttet i ny skapnad. Instituttet gjev masterutdanning i nynorsk skriftkultur.

Høgskulen har heile tida gåande forskingsprosjekt der nynorsk er tematisert. Her er pågåande doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda. Og desse prosjekta handlar om nynorsk:

  • Sjøhelle, Kristin Kibsgaard: Nynorskdidaktikk og digitale media.
  • Fiskerstrand, Pernille: Der baug bryt båre – fagskriving i samfunnsfag for elevar med nynorsk som hovudmål (UiB)
  • Helset, Stig Jarle: Kartlegging av normklynger i usus som normeringsgrunnlag for nynorsk (UiB)
  • Hide, Øystein Edvardsen: Dagbøker og sjølvkunnskap i nynorsk skriftkultur (UiO)

Formidling: Aasentunet eigd av Nynorsk kultursentrum, er eit nasjonalt senter for nynorsk språk og kultur, passande nok plassert på garden er Ivar Aasen voks opp i Hovdebygda.

Undervisning: Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda er ein instiusjon underlagt Utdanningsdirektoratet og skal arbeide for nynorsk i skule og barnehage.

Aviser: Møre, Møre-Nytt, VikebladetSunnmørsposten.

Dette held kanskje til å kalle det ei språkklynge? Utveksling av fagfolk mellom dei mange organisasjonane som høyrer med til klynga er viktig.

Men: Konkurranse er også eit viktig element i klynger. – Vi konkurrerer når vi må, og samarbeider når vi kan, kan ein høyre frå dei som høyrer til i den maritime klynga på Nordvestlandet.

I nynorskklynga så er nok slagordet heller at:

Vi samarbeider vi når vi må, og kranglar når vi kan.

Men det er slett ikkje sikkert det er så ille, særleg om alternativet til krangling er likesæle.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar