HVO og kvalitet. Eller: Isaksens mistak

Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset

I spørjetimen på Stortinget 18. februar tok Fredric Holen Bjørdal opp spørsmålet om framtida til Høgskulen i Volda.

Svaret frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde diverre fleire manglar og har ikkje fått stått uimotsagt. Blant andre har høgskuledirektør Jacob Kjøde jr i eit lesarbrev til fleire aviser peika på fleire misvisande påstandar i ministerens svar, eller «arrestert» Isaksen, som avisa Møre Nytt skreiv.

Det kan verke som Isaksen har lese berre èin av dei mange tabellane i Tilstandsrapport for høgare utdanning for 2014, og det gir naturlegvis ikkje eit godt bilde av kvaliteten på utdanninga og forskinga ved Høgskulen i Volda.

Tilstandsrapporten byggjer i stor grad på data frå  databasen DBH (Database om høyere utdanning). Der blir dei fleste sider ved både kompetanse, studentar og økonomi for institusjonar i høgare utdanning nøye dokumentert.

Her er Isaksens påstandar – med kommentarar:

1) De [HVO] har en lav andel kvalifiserte søkere per studieplass. De har [lav] søkning og rekruttering særlig til lærerutdanningene og helseutdanningene, barnevernspedagog og sosionom er en hovedutfordring for Høgskulen.

HVO Direktør Jacob Kjøde jr har i eit innlegg i fleire aviser svara Kunnskapsministeren på dette punktet. Han viser blant anna til at låg søking til mange lærarutdanningar og sosialarbeidarutdanningar er ein nasjonal trend der både Høgskulen i Volda og mange andre utdanningar ligg på landsgjennomsnittet med ca 1,1 søkjarar pr studieplass.

Til sjuande og sist er det Kunnskapsdepartementet som sit med ansvaret for at det vert utdanna nok lærarar og sosialarbeidarar.

2) De [HVO] publiserer under [gjennom]snittet for statlige høyskoler.

I 2013 låg Høgskulen i Volda på gjennomsnittet av Statlege høgskular når det gjeld publisering pr tilsett. Men dei siste ti åra har Høgskulen i Volda lege klart over gjennomsnittet for statlege høgskular. 2013 var altså eit unntaksår – og sjølv då var HVO på gjenomsnittet. Det gir altså eit feil bilde av forskingsaktiviteten ved HVO å seie at publiseringa ligg under gjennomsnittet for statlege høgskular.

Kåre Heggen har også argumentert mot Isaksen på dette punktet gjennom eit lesarbrev og meiner Isaksen feilinformerer. 

Publisering pr tilsett ved HVO 2004-2014 (førebelse tal for 2014).
Publisering pr tilsett ved HVO 2004-2014 (førebelse tal for 2014).

 

3) De har en veldig lav andel eksternfinansierte inntekter, og veldig lite fra Norges forskningsråd.

Høgskular får mesteparten av sine inntekter frå staten ved Kunnskapsdepartementet. Men i tillegg får høgskular også inntekter frå mange andre kjelder Det kan vere greitt å presentere slike andre kjeldene kvar for seg:

1) Høgskulen i Volda er blant dei få høgskulane som har fått forskingsmidlar frå EU dei siste åra. Det er ikkje snakk om store summar, men i 2013 var HVO blant dei fem som fekk mest. HVO fekk meir enn store høgskular som Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA), Høgskolen i Bergen og fekk omlag like mykje pr tilsett som Høgskolen i Sør Trøndelag. Store høgskular har altså ikkje gjort det spesielt bra. Best i klassen når det gjeld EU-midlar er i særklasse Høgskolen på Gjøvik, som er mindre enn Høgskulen i Volda målt etter tal studentar.

EU-finansiering av forsking kjem nok aldri til å bli ei stor inntektskjelde for HVO, men Kunnskapsministeren ivrar sterkt for at norske høgskular og universitet skal skaffe seg meir midlar frå EU. Det er difor synd at Kunnskapsministeren ikkje har skaffa seg kunnskap om dette.

2) Når det gjeld samla tildeling av midlar frå Noregs forskingsråd syner tilstandsrapporten frå 2013 Høgskulen i Volda fekk løyvingar som tilsvarte ca 1,3 prosent av grunnløyvinga frå staten. Dette var igjen omlag på same prosentandel som store institusjonar som Høgskulen i Bergen (1,2 prosent), Høgskolen i Oslo Akershus (1,4 prosent) og litt betre enn Høgskolen i Sør Trøndelag (0,9 prosent). Best i høgskuleklassa er dei teknologitunge høgskulane i Ålesund og Narvik med Forskingsrådsinntekter som tilsvarte 6 prosent og 5 prosent av grunnløyvinga frå staten.

Det er eit viktig poeng at det i stor grad er politisk bestemt kva fagområde Forskingsrådet skal prioritere. Teknologi og naturvitskaplege fag er høgare prioritert enn samfunnsfag, humanistiske fag og skule/utdanning der Høgskulen i Volda er skarpt profilert. Sett på spissen er det Kunnskapsministeren som i stor grad bestemmer kva høgskular som kan kome godt ut av det i kampen om midlar frå Forskingsrådet.

3) Når Forskingsrådet faktisk prioriterer fagområda til Høgskulen i Volda kan resultatet bli godt. Innanfor utdanningsforsking er Høgskulen i Volda best i klassen når det gjeld prosjektmidlar frå PRAKUT (Praksisretta utdanningsforsking). Dette står omtalt i Tilstandsrapporten på side 116: «Høgskolen i Volda mottok den største tildelingen innenfor PRAKUT av alle høyskolene.».

4) De [HVO] har en lav andel uteksaminerte masterkandidater.

Høgskuledirektør Jacob Kjøde har svara Kunnskapsministeren også på dette punktet i sitt lesarbrev.

Høgskulen i Volda har drive med mastergradsutdanning i nærare 20 år. For dei fleste som tek mastergrad i Volda er masteren ei vidareutdanning som ein tek ved sidan av vanleg jobb. I så måte oppfyller Høgskulen i Volda ei vesentleg oppgåve ved å tilføre regionen auka kompetanse gjennom eit lett tilgjengeleg studietilbod. Samtidig gjer kombinasjonen av jobb og studium at studentane ikkje har like stor framdrift som heiltidsstudentar.

Når det er sagt så vert det uteksaminert stadig fleire masterstudentar frå Høgskulen i Volda, noko som vil gå fram av årsrapporten for HVO for 2014 som blir lagt fram seinare i vår.

5) Regjeringen vil som kjent ta sikte på å legge om lærerutdanningen til en femårig master. Den nye lærerutdanningen vil stille enda sterkere krav til professorkompetanse og mastergrader i de sentrale skolefagene. Det vil være et formidabelt løft for Høgskulen i Volda å ta, og jeg er usikker på om de vil klare disse kravene på egen hånd allerede i 2017, som vi har sagt vi tar sikte på å innføre den nye lærerutdanningen fra.

Det er først om eit par års tid at det blir klart korleis den nye masterlærarutdanninga blir utforma og dermed kva slags kompetansekrav som blir stilt til fagmiljøa som skal utdanne lærarar. Men pr i dag har Høgskulen i Volda høg fagkompetanse i staben – og er faktisk blant dei beste i landet når det gjeld lærarutdanning.

Vidare sa Isaksen:

Flertallet av fagevalueringer som er kommet siden årtusenskiftet, har pekt på nettopp små fagmiljøer som et av hindrene for kvalitet.

Denne påstanden har ei rekkje fagfolk stilt seg spørjande eller kritiske til. Blant andre har HVO professor Kåre Heggen i ein kronikk i Morgenbladet 13. februar sagt det motsette av  det Isaksen hevdar: «Det finst neppe empirisk dokumentasjon for påstanden om kva ‘fagevalueringer viser’.», skriv Heggen.

Dette poenget har også fleire andre peika på – blant andre Isaksens politiske meiningsmotstandar Marianne Aasen (Ap) i eit innlegg i Dagens Næringsliv 26. februar 2015.

Konklusjon: Eigentleg handlar dette om pengar og prioriteringar.

Det er vanskeleg å kome forbi at betre grunnløyving (større statlege løyvingar) kunne hjelpe på mange av det Isaksen oppfattar som problem. Isaksen kunne auke grunnløyvinga til same nivå som tilsvarande høgskular. Isaksen kunne gjennom Forskingsrådet prioritere høgare fagområde der HVO kan konkurrere.

Kunnskapsdepartementet er eigar av Høgskulen i Volda, så det som ministeren reknar som viktige kvalitetsutfordringar – det må høgskulen ta på alvor. Men nøkkelen til å styrke høgskulen sit Isaksen med sjølv.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar