Høgskulen i Volda har sikra seg ei heil rekkje domenenamn på internett – og vi burde sikkert hatt fleire. Mest for å førebyggje problem – men også fordi nettet er ein sjølvsagt og viktig informasjonskanal. Då er rett domenenamn og rett bruk av domene viktig. Det var difor Nord Universitet valde å betale 1,4 mill for domenet www.nord.no. Så i nokre situasjonar kan faktisk domenenamn vere verdfulle. Eventuelt kostesame om ein ikkje har sikra seg eigedomsretten.
Nett no brukar Høgskulen i Volda nettstaden www.studiebygda.no som ein marknadsføringskanal overfor nye studentar i samspel med våre vanlege nettsider www.hivolda.no.
Dette vart tema i nettavisene Khrono og PåHøyden onsdag 16. mars då det vart kjent at Høgskulen i Volda har sikra seg www.vestlandshøgskulen.no – i ulike variantar.
Det finst også domenenamn som Høgskulen i Volda ikkje har sikra seg – men som vi kanskje burde hatt? Dei mest aktuelle
www.hvo.no – vår vanlegaste forkorting for Høgskulen i Volda. Firmaet Proaktiv HMS eig domenet.
www.vuc.no – Volda University College – men det har Høgskolen i Vestfold sikra seg. Den tidlegare Høgskolen i Vestfold hadde jo også eit muleg behov for ein engelsk versjon av sitt namn.
Men som direkte følgje av denne saka kjøpte vi i dag www.hivo.no. Vi ser at denne forkortinga av og til blir brukt om oss.
Her er ein del av domena som Høgskulen i Volda eig:
Styreseminaret og styremøta i Loen 10. mars vart minneverdig. Om det var ein dag for historiebøkene vil vise seg. Men styreprotokollane fortel det som er det viktigaste nett no:
Mange ved Høgskulen i Sogn og Fjordane oppmoda Høgskulen i Volda sterkt om å gå inn i Vestlandshøgskulen i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette har styret i Volda tidlegare ikkje snakka noko særleg om. Eg er difor glad for at styret i Volda fekk kjennskap til dette fusjonsprosjektet på styreseminaret og i styremøtet var styremedlemmene tydelege og nyanserte på kvifor dei ikkje ønska å gå inn i dette prosjektet – eventuelt markerte tvil på om dette var eit godt prosjekt for Volda. At det er mange involverte høgskular og studiestader og at fusjonen omfattar høgskular på tvers av tre-fire fylke vart nemnt av fleire representantar – men det vart altså ikkje fremja forslag om at Volda skulle gå inn i Vestlandshøgskulen.
Kvifor gjorde styret i Volda vedtak om å invitere Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar? Den enkle forklaringa på det er at styreseminaret fungerte kjempebra. Styremedlemmene i Volda vart kjent med styremedlemmer og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og fekk lufta spørsmål og delt vurderingar i ein open og tillitsfull atmosfære. Det er forsåvidt ikkje nytt at Volda og Sogn og Fjordane har hatt eit godt samarbeid gjennom mange år, men eg trur neppe høgskulestyret i Volda hadde teke initiativ til fusjon om vi ikkje hadde hatt eit seminar i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Vi hadde også kunnskapen om at Høgskulen i Sogn og Fjordane i sitt førre styrevedtak hadde sagt at dei ville ha sonderingar med Høgskulen i Volda – samtidig som dei ville ha sonderingar med tanke på fusjon med høgskulane i sør. Sonderingane har vorte haldne i form av møte på leiarnivå.
Volda kom ikkje med ein fusjonsinvitasjon ut frå naud, men i forvissing om at vi står støtt. Men også at det ville bli spennande å samarbeide med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Eit viktig element i vurderinga til styret i Volda er at vi har under utvikling eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Styret gjorde igjen eit eige vedtak som stadfesta vilje og tru på at dette er eit godt prosjekt for begge institusjonane, men at dette handlar om fag – og ikkje fusjon.
F-ordet er fag, og ikkje fusjon med Universitetet i Begen
Vedtaket til Høgskulen i Volda vart fatta heilt inn i lunsjen – ca i 13-tida. Vi sende vedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane og formidla også munnleg til styreleiar og til rektor i Sogn og Fjordane om kva vi hadde vedtatt.
Då styremøtet skulle halde fram ca kl 13.30 vart eg invitert til Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt styremøte for å fortelje om vedtaket til styremøtet ved Høgskulen i Volda.
Eg tykte det høvde å sitere litt frå ei passande folkevise før eg formelt sett fekk ordet:
I folkevisa går versa slik at det er den rikaste friaren som får ja frå «Mor lilla» med dottera Dalia som bodberar. Vi kan berre spekulere i om Høgskulen i Volda ikkje hadde nok riksdalar å leggje på bordet til at det blei ja frå Sogn og Fjordane. Friarane frå sør er ikkje berre rikare – men dei var jo faktisk to! Så det var kanskje ikkje så rart det blei nei til Volda og ja til fusjon sørover.
Medan styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane diskuterte invitasjonen frå Volda og alternativet å gå i fusjon sørover heldt vi i Volda fram med andre styresaker fram til ca kl 15.30. Vi fekk då nyss om at det låg an til at Sogn og Fjordane var i ferd med å gå sørover – og styremedlemmene valde då å vente på endeleg vedtak. Det kom kort etter, og dermed var vel heile styret informert om korleis fusjonsinvitasjonen hadde vorte motatt.
Reaksjonane frå styremedlemmene i Volda var vel ikkje akkurat overrasking – vi hadde jo oppfatta at styret i Sogn og Fjordane var veldig i tvil i denne store og viktige saka.
Volda vidare
Kvar står Volda etter desse styrevedtaka? Vi står der vi har stått sidan 1994. Vi er ein sjølvstendig høgskule med ansvar og kontroll over eiga verksemd, over vårt nasjonale og regionale samfunnsoppdrag. Og med eit godt utgangspunkt for å møte alle utfordringane i universitets- og høgskulesektoren. Vi har fleire studentar enn nokon gong tidlegare, vi har høgare kompetanse i staben enn nokon gong før, og vi er blant dei beste statlege høgskulane når det gjeld publisering. Dette får vi til trass i at vi er blant høgskulane som har lågast grunnløyving. Staten får mykje for pengane i Volda.
Men dei som får mest for pengane i Volda er uansett studentane: Undervisnings- og studentmiljøet gjer at pakken vi tilbyr i Volda er attraktiv både regionalt og nasjonalt. Studentrekrutteringa til hausten ser lovande ut på veldig mange måtar – ikkje minst har det vorte godt mottatt at vi har brukt Molladalen i Ørsta som blikkfang i studentrekrutteringa. Sunnmøre har dei tøffaste tindane!
Styremedlemmene i Volda fortener ros for godt gjennomtenkte, vel førebudde og sjølvstendige innlegg i struktursaka. Eg opplever både kunnskapsnivå, tonen og samarbeidsånda i styret som svært inspirerande.
Våre to teknikarar fortener også ros for ei god videooverføring frå møtet. Møtet er tilgjengeleg på Høgskulen i Voldas kanal på Youtube. Både lyd og bilde var av god kvalitet har eg sett i ettertid. Slik bør det vere for oss som mediehøgskule!
Styra ved Høgskulane i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar i Loen 10. mars. Dei to andre høgskulane på Vestlandet har styremøte samtidig, så dette blir ein «supertorsdag» når det gjeld framtidig struktur for høgskulane på Vestlandet.
Høgskolen i Molde har styreseminar og styremøte tysdag og onsdag same veka. Vidare vegval for Molde har vore heftig diskutert i nettavisa Panorama. Samarbeid eller samanslåing både med NTNU og NHH har vorte diskutert, men det er ikkje lagt fram innstilling i sakspapira før styremøtet.
Lærarutdanning: – Volda kan klare seg aleine
I styrepapira til Høgskulen i Volda har dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærautdanning gått grundig gjennom dei nye krava til femårig lærarutdanning, og han konkluderer med at Volda vil kunne møte krava aleine. Det knip nok mest i høve til matematikk, men etter Myklebust si vurdering skal det kunne gå.
Som kjent blir Grunnskulelærarutdanningane femårige frå 2017, og høgskulane og universiteta som ønskjer å halde fram med å tilby grunnskulelærarutdanning må søkje NOKUT om akkreditering. Høgskulen i Volda vil dermed søkje om akkreditering av minst seks mastergradsutdanningar hausten 2016.
Direktør Jacob Kjøde jr har lagt fram ei samla utgreiing for styret der han har følgt opp styrets ønskje om å kome med ei risikovurdering av alternativa høgskulane står overfor. Det er både fordelar og ulemper ved dei tre mest aktuelle alternativa:
Sjølvstende med samarbeid med Universitetet i Bergen
Fusjon Volda/Sogn og Fjordane
Vestlandshøgskulen.
Risiko i form av fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa har vorte drøfta i ei rekkje møte i leiinga den siste veka, og byggjer også på vurderingar frå tidlegare saksutgreiingar og frå vurderingar som særleg Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort og dessutan forskingsinstituttet NIFU si utgreiing av Vestlandshøgskulen.
Direktør Kjøde har ikkje kome med ei tilråding eller rangering av dei tre alternativa, men skriv til slutt i saksutgreiinga:
«Sidan struktursaka og val av alternativ er hovudsaka på det felles styreseminaret vi skal ha med HiSF, meiner eg det ikkje vil vere rett å kome med tilråding no om kva alternativ styret bør velje. Det ville vere å føregripe diskusjonane på seminaret.»
Haugstad: Ikkje press på Volda
Direktør Kjøde har også hatt kontakt med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. Haugstad kom ikkje i med konkrete råd om kva Volda burde gjere, men var oppteken av at fusjonen på Vestlandet ikkje måtte bli forsinka og at Volda sjølv måtte gjere sine vurderingar. Vidare varsla Haugstad ein fusjonspause for høgskulane som ikkje fusjonerte 1. januar 2017. Dette er omtala i saksutgreiinga til styret.
Dette er ei vanskeleg og viktig sak. Eg trur hjertet til svært mange ved Høgskulen i Vold går i retning av Sogn og Fjordane, ikkje minst er nynorsk ei viktig side ved den saka. Og eg er heilt sikker på at i eit framtidig høgskulelandskap ville Volda og Sogn og Fjordane få eit suverent namn:
HØGSKULEN
Førde – Sogndal – Volda
Vi i rektoratet har som kjent gått til val på fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda, blant anna ut frå at vi trur at utdanningane i Volda bør styrast mest muleg lokalt. Og at det er best for vårt samfunnsoppdrag, våre fagmiljø og for vår rolle i regionen. Eg trur nok at ein eventuell fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane er alternativet til sjølvstende som er minst trugande for sjølvstende og regional orientering. Vi kunne truleg styrke kvarandre på svært mange måtar. Eg trur det er langt større risiko for Volda og høve til å nå våre strategiske mål om vi går inn ein svært stor og geografisk spreidd høgskule for heile Vestlandet. Men eg ser fram til å få vite meir om korleis Høgskulen i Sogn og Fjordane tenkjer om desse spørsmåla på møtet i Loen.
Klarer Volda kommune og Høgskulen i Volda om å bli samde om Kinderegg-avtalen? Å få til tre ønskje på ein gong?
Nytt mediehus med kultursal?
Kunnskapspark i dagens Ivar Aasen-hus?
Ny idrettshall bak Øyra skule – på høgskuleområdet?
Kan vi få til landets lengste tørrskodde høgskule – frå Kaarstad til Ivar Aasen?
Leiinga ved Høgskulen har den siste veka hatt møte med kommunestyret og formannskapet i Volda kommune for å snakke om utvikling av Volda kommune – og Høgskulen i Volda. Vi ser no konturane av ein svært omfattande og ambisiøs samarbeidsavtale som vil gje både Høgskulen i Volda og Volda kommune eit kjempeløft.
Nytt mediehus med kultursal
Høgskulen har i sitt campusutviklingsprosjekt synleggjort og prioritert nytt mediehus. Eller som det meir ambisiøst blir formidla: Eit nybygg for mediering og kulturformidling. Dei tilsette og mesteparten av undervisninga ved Avdeling for mediefag vil bli flytta frå Ivar Aasen-huset og delvis Strøm-huset og inn i det nye mediehuset.
Høgskulen kan antakelig klare å finansiere mesteparten av huset gjennom reforhandling av leigeavtalar med Statsbygg i kombinasjon med reduserte leigeutgifter frå Ivar Aasen-huset.
Men verkeleg flukt over prosjektet blir det først om Volda kommune blir med i prosjektet gjennom å finansiere ein stor kultursal – som manglar i Volda kommune i dag. I skissa frå planleggingsgruppa er det teikna inn ein kultursal med 500 sitjeplassar – og i tillegg ein kino med ca 100 plassar.
Det vil bli Statsbygg som byggjer huset, med Høgskulen som leigetakar og eventuelt framleige frå Høgskulen til Volda kommune. Det er få lokale i Volda som har plass til fleire enn 200 personar, og det er ei rekkje store arrangement som samlar langt fleire enn 200 og som det ville vere aktuelt å legge til ein kultursal. Til dømes:
Kva vil dette koste? Det lurer nok alle involverte på, og i løpet av våren vil Høgskulen og Statsbygg finne svar på det.
Høgskulen kan sjølv bygge eit mediehus – men skal det byggjast ein kultursal trengst det ekstern finansiering.
Eitt anna kjempeviktig spørsmål er korleis ein kultursal skal drivast. Kanskje er det naturleg at Studentsamskipnaden gjer det? Det må vi finne gode svar på.
Sjølv blir eg skuffa og overraska om ikkje det nye mediehuset også byr på tørrskodd veg mellom Strøm og Berte Kanutte. Alle som har gått på høgskulen veit kor viktig «Lillestrøm» er – passasjen mellom Aasen og Strøm. Den var faktisk ikkje planlagt men vart skøyta på undervegs i byggetida. Om det stemmer var det veldig klokt gjort.
Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset?
Det andre punktet i avtalen er å nytte Ivar Aasen-huset til å byggje Kunnskapspark ved Høgskulen i Volda. Det er med litt skam å melde på tide. Høgskulane i Molde, Ålesund og Sogn og Fjordane fekk på plass sine kunnskapsparkar for lenge sidan. Ei forklaring på det er nok at dei tre nabohøgskulane våre er langt meir orienterte mot næringslivet enn HVO er.
Ein kunnskapspark skal vere ein møtestad mellom kunnskapen som lever i høgskulemiljøet – mellom studentar, lærarar og forskarar – og verda utanfor høgskulen. Ein kunnskapspark skal vere eit miljø der studentar og høgskuletilsette kan få utvikle idear til å kanskje bli verksemder. Og motsett ein stad der private, offentlege og andre aktørar kan få tilgang til kunnskapen i høgskulemiljøet.
Voldahallen vart bygd i 1979 og ligg ved Volda vidaregåande skule. Det er ein tradisjonell idrettshall med ei speleflate på 40×20 meter og er i dag arena for førstedivisjonshandball. Hallen har også vore arena både for NM-turneringar og landskampar i volleyball. Men hallen er i ferd med å bli 40 år – og hadde trengt ei kraftig oppgradering.
Møre og Romsdal Fylkeskommune og Volda vidaregåande skule treng ein idrettshall for at skulen skal kunne gje undervisning i kroppsøving. Skulen driv også med toppidrett fotball, handball og andre fag. Sidan Voldahallen faktisk kan bli stengt kan fylket betale 44 prosent av investering og drift av ein ny hall. Og det beste området for å bygge ein slik hall er på grusbanene mellom den gamle lærarskulen (Kaarstad 1922) og Øyraskulen.
På dette området er det eit par grusbaner som ikkje lenger er så mykje i bruk. Øyra skule nyttar området delvis til si undervisning, men det er Statsbygg som eig grunnen og dette er eitt av områda som Høgskulen og Statsbygg treng for framtidige utbyggingar av Høgskulen i Volda. Det vil altså vere ein risiko for høgskulen å nytte området til andre føremål – men på den andre sida kan ein idrettshall med garderober, kontor, lager og kanskje også utleigelokale bli ei såpass stor utbygging at det kan bli muleg å gå tørrskodd mellom Kaarstad og Berte Kanutte-huset. Dermed ville alle studentar og tilsette på høgskulen kunne gå til kantine, bibliotek og andre fellesområde utan tanke på ver og vind.
Dette ville i så fall gje heile høgskulen ei skikkeleg løft – og først då kan ein kanskje seie at samanslåinga av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i 1994 har vorte fullført.
Idrettshallen bør etter mi meining planleggast i samarbeid med Ørsta kommune med tanke på samordning og oppgåvefordeling mellom dei to kommunane. Det kan også gje auka spelemidlar til dei to prosjekta. Ørsta kommune har som kjent planlagt å bygge ein kjempestor idrettshall ved sidan av Ørsta Stadion – med plass til tre speleflater på 40×20 meter. Ørsta kommune har kome langt i planlegginga av prosjektet, og har blant anna tilsett ein prosjektleiar.
Det er ikkje plass til tre baner på grusbanene i Volda. Volda kommune er i ferd med å engasjere ein arkitekt som skal planlegge området, og eg er spent på om det er muleg å få plass til stort meir enn ei speleflate på 40×20 meter på grusbanene på høgskuleområdet. Og så skal det betalast for det, og tidlegare har Volda kommune sagt til idretten i Volda at om det skal byggast meir enn ei speleflate så må idretten vere med på å betale det.
2016-2020?
Kva er så tidsplanen for dei tre prosjekta? Rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune er tydeleg både på at ein må få fram kostnader ved prosjekta, og det må leggast ein tydeleg tidsplan. Eg oppfattar voldapolitikarane slik at dei er positive til å få gjennomført prosjekta – men at dei naturleg nok lurer på kva dette vil koste. Og i kva rekkjefølgje ting skal skje.
Også høgskulestyret vil stille dei same, rettkomne spørsmåla. Men for alle partar gjeld det at ein må ein først bli samd om at dette/desse prosjekta ønskjer ein verkeleg å få til, og så må vidare planlegging avdekke kostnader og leite etter gode løysingar.
Mitt råtips – eller kanskje ønskjeliste? – til framdrift ser slik ut:
2016: Vedtak om å byggje nytt mediehus ved Høgskulen i Volda. Intensjonsavtale frå Volda kommune om å finansiere kultursal og kino. Studentsamskipnaden skal drifte kultursalen.
2017: Byggjestart på mediehuset – to års byggjetid.
2018: Vedtak om Kunnskapspark i Ivar Aasen-huset. Vedtak om bygging av idrettshall på grusbanene.
2019: Innflytting i mediehuset – ombygging av Ivar Aasen-huset til Kunnskapspark. Byggjestart på ny idrettshall.
2020: Opning av ny idrettshall. Samanbinding av Kaarstad og Berte Kanutte.
2020: Høgskulen i Volda er Noregs lengste tørrskodde høgskule: Det er 600 meter frå Kaarstad-huset til Ivar Aasen-huset.
Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.
Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.
Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.
«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.
Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.
«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.
Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.
Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.
Kva så med Volda?
Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.
I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:
Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Fusjon med Vestlandshøgskulen.
På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.
Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.
Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.
Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.
Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.
Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.
NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.
To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.
Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.
Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.
Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.
På allmøtet om HVOs framtid kom tidlegare rektor Gunnar Stave med ei utfordring – kanskje særleg til meg: Kva er visjonen for å halde fram som i dag- som sjølvstendig høgskule? Eg hadde nok teke for gitt at status i dag og strategiplanen vår sa mykje om dette, men sidan spørsmålet kom så var det nok ikkje sjølvsagt – lenger. Vi treng nok uansett å sjå på strategiplanen på nytt.
Sidan andre høgskular har gått inn i større einingar – til dømes har Høgskolen i Ålesund vorten teken over av NTNU – så kan det kanskje vere slik at det må forteljast på nytt kvifor det trengst små, sjølvstendige høgskular i det nasjonale utdanningslandskapet? Det raske svaret på det er naturlegvis at det er nødvendig med eit mangfald av høgskular.
Spørsmålet kunne også vore snudd: Er det anna enn frykt og uvisse og ei avmaktskjensle som skuvar oss i retning samarbeid i retning av større institusjonar? Det er i alle fall ikkje eit godt utgangspunkt for å kunne oppnå spennande resultat.
På allmøtet svarte eg Stave litt på kva eg meiner er verdifullt og viktig med å halde fram som sjølvstendig høgskule, og tek det litt vidare her – men eg håper at også andre har tankar om dette.
Høgskulen i Volda har gode resultat på nasjonale kvalitetskriterier – og på studentvurderingar, no sist i Studiebarometeret. Og ting som fungerer bør ein ha gode grunnar for å endre. Eg veit ikkje korleis Ivar Aasen ville sagt det, men på engelsk blir det vel formulert slik: «If it ain’t broken, don’t fix it».
I ein nasjonal samanheng er høgskulen i Volda spesiell ved at vi har eit sterkt nynorskfokus – og er ein viktig aktør på medieutdanning. Om høgskulen skulle bli ein del av ei større eining så vil profilen bli utydlegare og fokuset blir ikkje skjerpa.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har sagt at fusjonane må få ti år på seg før vi ser resultat. På desse ti åra kunne Høgskulen i Volda fått halde fram med det daglege strevet for å bli stadig betre på undervisning og forsking i staden for å bruke tid på å sitje på møte for å samordne og fusjonere og justere. Det blir ikkje mykje kvalitet av det aleine.
PS: Nytt for mange i salen var det kanskje at portalen Studiebygda.no no har vorte bygd om til ein rekrutteringskanal for nye studentar. Utforminga og ikkje minst reklamefilmen fortener å bli lagt merke til!
Senterparti-representant Anne Tingelstad Wøien har dei siste åra vore oppteken av kva som skal skje med Høgskulen i Volda og andre høgskular som har nøla med å kaste seg på fusjonstoget. I spørjetimen på Stortinget 3. februar 2016 stilte ho og andre – spørsmål om dette til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Wøien spør:
Mitt spørsmål til statsråden blir derfor om han kan si hva han vil med de høgskolene som kan bli stående alene. Vil de tvangssammenslås ved bruk av finansielle midler fordi de ikke har store nok miljøer til å bygge doktorgradsprogrammer, eller vil de bli skoler med kun bachelorutdanning?
Statsråd Torbjørn Røe Isaksen [10:44:18]: For det første skal jeg minne departementet om at vi må intensivere klart språk i arbeidet vårt. Det er alltid en god påminnelse om det.
Så mener jeg at de høyskolene som nå står alene, burde være urolige. De burde være urolige for fremtiden fordi de skal forholde seg til et helt nytt universitets- og høyskolelandskap. De fusjonene som har kommet i universitets- og høyskolesektoren, har kommet fordi et ganske bredt flertall på Stortinget, med unntak av Senterpartiet og delvis SV også, har sagt at de ønsker en strukturreform, altså ønsker større enheter i universitets- og høyskolesektoren. Den andre grunnen er at det har vært til dels ganske stor lokal entusiasme. Jeg har til og med flere eksempler på lokale senterpartirepresentanter både fra Oppland fylke, fra Telemark fylke og til og med fra Sogn og Fjordane som mener at man trenger å bli en del av større institusjoner i universitets- og høyskolesektoren. Så jeg mener at man både i Sogn og Fjordane og andre institusjoner, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Hedmark, Lillehammer, burde se på hvorvidt de skal slå seg sammen med andre. Jeg mener at det vil gi dem større muligheter også til å sikre fagtilbudet som er der i dag.
Så til spørsmålet om hvordan man skal sikre at disse institusjonene som blir stående igjen, fortsatt skal ha tyngde nok. Det er ingen planer fra min side om at man skal straffe institusjoner som blir stående igjen, økonomisk. Men det er klart at en del av midlene vi deler ut, er basert på konkurranse, og det er vel ikke en helt ueffen antagelse at større og sterkere fagmiljøer har en større sjanse for å nå opp på konkurransearenaene enn små og mer fragmenterte fagmiljøer. Men når det gjelder finansieringssystemet som vi har kommet med og lagt frem for Stortinget, er det ikke noe der som tilsier at institusjonene vil bli straffet for å bli stående alene, men at de kommer til å få store utfordringer i et universitets- og høyskolelandskap, hvor det blir flere større konkurrenter, er jeg ikke i tvil om.
Anne Tingelstad Wøien (Sp)[10:46:23]: Statsråden har skrevet at han vil kreve at alle lærerutdanningsinstitusjoner skal tilby masterutdanning i minimum to av de tre prioriterte fagene – norsk, matte og engelsk. Dette skal institusjonene klare på egenhånd, og det skal være en forutsetning for å kunne tilby en femårig lærerutdanning på masternivå, som for øvrig ikke er diskutert og vedtatt i Stortinget.
I dag kan vi lese i avisen at studenter på lærerutdanninga i Sogn og Fjordane er mest fornøyd med sitt studie. Likevel kan regjeringa risikere å legge ned denne lærerutdanninga og f.eks. den i Østfold, fordi høgskolene ikke har kompetanse som kreves på egen institusjon. Da blir spørsmålet: Hva er det som gir en høgskole som er fusjonert med et universitet, en mer kapabel lærerutdanning enn en høgskole som samarbeider med en annen høgskole?
Statsråd Torbjørn Røe Isaksen [10:47:14]: En av årsakene, tror jeg, til at både styret på Høgskulen i Sogn og Fjordane og også de ansatte ifølge en avstemning som ble tatt der, er relativt positive til å se på muligheten til å slå seg sammen, er nettopp at de ønsker å beholde lærerutdanningen. Når vi sier at vi skal ha en femårig masterutdanning, må vi selvfølgelig sette noen kvalitetskrav til det. Intensjonen bak strukturreformen er likevel at vi skal ha en desentralisert lærerutdanning. Jeg tror en av grunnene til at mange av høyskolene ser at de er nødt til å inngå et samarbeid med enten universiteter eller andre høyskoler, er det å sikre nok ressurser til å bygge opp en ny lærerutdanning, styrke miljøet og være i stand til å rekruttere godt nok. Så må vi selvfølgelig også bruke penger på å styrke lærerutdanningene, f.eks. gjennom flere stipendiater. Det gjør vi i årets budsjett, og det arbeidet er vi ikke ferdig med. De høyskolene som er interessert i å fortsette med lærerutdanning, burde være ekstra opptatt av å se seg om etter partnere.
Presidenten: Det blir oppfølgingsspørsmål – først Liv Signe Navarsete.
Liv Signe Navarsete (Sp) [10:48:35]: NOKUT sitt studiebarometer, der 29 000 studentar har gitt svar om opplevd studiekvalitet, viser at tre av dei fem beste grunnskulelærarutdanningane i landet tilhøyrer Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er kanskje ikkje tilfeldig og avvik at elevane ved skulen i Sogn og Fjordane presterer resultat blant dei beste i landet. Likevel vert dette sett bort frå, og mykje andre endringar er eit enorm press for samanslåing. Om ein les utgreiinga for samanslåing, vedtak skal eventuelt fattast, går det fram at frykt styrer mykje av det – frykt for at ein ikkje får stipendiatstillingar, ein fekk ingenting ved tildelinga i haust, frykt for at ein ikkje får godkjent masterutdanninga, frykt for represaliar, eigentleg frå eigarane, altså Kunnskapsdepartementet, at ein ikkje blir prioritert.
Kan ministeren garantere at departementet ikkje vil drive slik forskjellsbehandling av høgskular som fusjonerer, og dei som, med gode resultat, vel å fortsetje aleine, men i tett samarbeid med andre?
Statsråd Torbjørn Røe Isaksen [10:49:42]: For det første mener jeg at det å kalle oppfølging av demokratisk fattede vedtak for frykt for represalier, er en temmelig pussig språkbruk, for å si det forsiktig. Dette har vært utredet i flere runder, også under den forrige regjeringen. Den forrige regjeringen hadde også en ambisjon om strukturreform i høyere utdanning. Det har vært en stortingsmelding, bredt forankret, med bred tilslutning til hovedlinjene om enn ikke til alle detaljene i det. Det er ikke frykt for represalier. Det er en normal demokratisk styring av en sektor. Så er det sagt.
Det er et veldig viktig poeng at man har fornøyde studenter. Det er en veldig viktig del også. Det er en av indikasjonene på om man har et tilbud av god kvalitet. Og jeg tror at Høgskulen i Sogn og Fjordane sannsynligvis har fått til bl.a. tettere oppfølging av elevene, at de er flinke på å gi elevene tilbakemeldinger – mye av det vi vet har noe å si også for god undervisningskvalitet. Så er det andre områder hvor f.eks. Høgskulen i Sogn og Fjordane ikke har like gode resultater, f.eks. når det gjelder forskningspublisering av en del av disse tingene. Jeg tror Høgskulen i Sogn og Fjordane nå ser seg om etter fusjonspartnere og åpner for den prosessen fordi de ønsker å styrke høyskolen sin – ikke svekke den.
Presidenten: Marianne Aasen – til oppfølgingsspørsmål.
Marianne Aasen (A) [10:51:00]: Etter mange av disse sammenslåingene som vi nå har opplevd de siste årene, også under den rød-grønne regjeringa, har det oppstått en del paradokser. En av de største institusjonene i Norge er Høgskolen i Oslo og Akershus. De ønsker å bli et universitet, men kan foreløpig se langt etter det, fordi reglene endres, og det blir stadig vanskeligere å bli universitet i Norge.
Høgskolen i Oslo og Akershus får derimot lov til å kalle seg universitet når de er utlandet, når de er utenfor Norges grenser, og de er blitt medlem av European University Association nylig.
Samtidig er det sånn at mange høyskoler nå har endret skiltet og logoen på veggen. De som aldri hadde hatt sjanse til å bli universitet, er nå en del av NTNU eller en del av universitetet i Bodø, det kan være Høgskolen i Nesna eller Høgskolen i Gjøvik – gode institusjoner, men universitet er det ikke. Hva er statsrådens kommentar til det?
Statsråd Torbjørn Røe Isaksen [10:52:00]: Årsaken til det paradokset ligger mer enn ti år tilbake i tid. Stortinget bestemte seg for i praksis å oppheve det som var et veldig klart skille mellom høyskoler og universiteter. Den tannkremen er ute av tuben. Det betød også at man i løpet av noen få år fikk en del nye universiteter som i praksis, i hvert fall med årenes utvikling, ikke var vesensforskjellige fra noen av de største høyskolene våre.
Så er det slik at vi har skjerpet kravene for å bli universitet. Vi har også vurdert andre alternativer, f.eks. frislipp, men det er jo ikke det å kalle seg universitet som er det avgjørende, det er de faglige fullmaktene man får ved å få tildelt universitetsstatus som er avgjørende. Vi mener at det er viktig at vi er strenge og har klare krav for å gi de faglige fullmaktene.
Så vil det blir noen paradokser ved at sterke institusjoner også til en viss grad har fusjonert med svake institusjoner. Men jeg mener at summen alt i alt gir et universitets- og høyskolelandskap som blir bedre i stand til å løse store samfunnsutfordringer enn det vi har hatt tidligere.
Høgskulane i fylket har valt ulike vegar, men dei står saman om å utvikle Møre og Romsdal som kunnskapsregion.
Fråsegn etter møte i RSA (Råd for samarbeid med arbeidslivet), Møre og Romsdal, Ulsteinvik, 5. februar 2016:
Det er viktigare enn nokon gong å stå samla i arbeidet for kunnskapsregionen Møre og Romsdal, seier forskingsmiljøa, fylket og arbeidslivet i Møre og Romsdal i ei felles fråsegn etter eit møte i Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) etter møte 5. februar i Ulsteinvik.
– Vi ser at det er vanskar i delar av næringslivet og uavklara strukturdebattar mellom høgskulane, men samarbeid mellom regionale aktørar er heilt nødvendig.
Ambisjonen til RSA-samarbeidet er vidare å vidareutvikle og forsterke mangfaldet i kunnskapsregionen Møre og Romsdal. – Vi treng utdanning- og forskingsmiljø som kompletterer kvarandre – frå Kristiansund i nord til Volda i sør. Vi må syte for at også i framtida vil ungdom finne utdanning på alle nivå: Gjennom utdanningstilboda på bachelor, master og doktorgradsutdanning vil vi utvikle eit komplett samfunn, og dette sikrar eit komplett arbeidsliv, seier RSA-aktørane.
Andre mål for kunnskapsregionen er å sikre nyvinning, verdiskaping og der grunnleggande utdanning og forsking vert sett i samanheng. For å få til dette må vi gjennom verkemiddelapparatet få til tette koplingar mellom arbeidslivet og høgskulane i Molde, Voilda og NTNU Ålesund.
Møre og Romsdal Fylke arbeider no for å utvikle ein Forskings- og innovasjonsstrategi. På møtet vart det mykje diskutert om offentleg innovasjon er godt nok inkludert i fylkesstrategien, og det var semje om at dette er viktig tema uansett kva plan temaet blir plassert i.
FAKTA: Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) i Møre og Romsdal.
RSA Møre er eit rådgjevande organ som skal utvikle eit godt og systematisk samarbeid mellom høgskule- og universitetsmiljøa og arbeids-, nærings- og samfunnslivet i Møre og Romsdal.
Oppdatert 5. februar ca kl 16.00 med styrevedtak ved HiB og HSH:
Alle tilsette ved Høgskulen i Volda er inviterte til allmøte:
Store auditorium i Berte Kanutte-huset, onsdag 10. februar kl 14.15.
Det er ikkje så ofte vi har allmøte på Høgskulen i Volda, men også førre gongen var det struktursaka som stod på programmet. Det var tilbake i august 2014.
Den gongen var det to alternativ som verka mest aktuelle for å møte Kunnskapsdepartementets forventningar om å byggje større institusjonar i høgskule- og universitetssektoren:
Ein høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Eventuelt ein høgskule for Vestlandet.
Kva vart resultatet av dei mange interne drøftingane? I møte i oktober 2014 (sak 70/2014) vedtok høgskulestyret i Volda følgjande:
«Styret har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at HVO held fram som sjølvstendig institusjon. Dersom styresmaktene meiner (jf. oppdragsbrevet av 26.05.2014) at vi må inn i ei større
eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.»
Kunnskapsdepartementet har eigentleg ikkje svara på dette vedtaket, men det har skjedd ting på andre frontar. Høgskolen i Ålesund vedtok vinteren 2014-2015 å gå til NTNU, og Høgskolen i Ålesund vart overteken av NTNU med verknad frå 1. januar 2016. Høgskulen i Møre og Romsdal var no ikkje lenger aktuell, og styret ved Høgskulen i Volda gjorde difor i januar 2015 (sak 4/2015) eit nytt vedtak som blant anna starta allianseprosessen:
«I tråd med vedtaket frå oktober [2014] vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø.
I samband med utviklinga i struktursaka siste vekene er styret viljug til å sjå også på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover. Det er ein skule som har mykje sams med HVO i fagportefølje og distriktsprofil.
Leiinga ved HVO diskuterer gjerne konkrete løysingar vidare både med KD og med aktuelle samarbeidspartar. «
Samlet sett mener departementet at alliansen slik den er foreslått, ikke i tilstrekkelig grad vil bedre høyskolenes forutsetninger for å foreta prioriteringer. Slike prioriteringer er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøene til å spille en enda viktigere rolle for regionene der de er lokalisert, eller for øvrig møte utfordringer og muligheter som følge av nasjonal og internasjonal utvikling.
Dei tre alliansepartnerane trur ikkje slik at det er særleg lovande å grave i formuleringar som «slik den er foreslått» eller «i tilstrekkelig grad». Isaksen hadde ved fleire høve alt sagt kva han meinte om alliansen – i god tid før han fekk tilsendt allianseplanen i januar 2016.
Mykje kunne vore sagt om at kunnskapsministren for alliansens del fokuserer på at det trengst å prioritere – men når den same ministeren har opna eller kommentert dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta så har pipa hatt ein annan, langt meir positiv lyd, og det vert gong på gong sagt at strukturprosessen ikkje skal vere ein spareprosess. Skal tru kva han eigentleg meiner?
Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ:
Plan A: Fortsatt sjølvstende.
Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
Plan B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.
Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.
Plan A, fortsatt sjølvstende er og har vore rektoratets standpunkt, og alternativet som best sikrar at vi kan konsentrere oss om å bruke tid på det daglege arbeidet for å bli stadig betre.
Plan B1 og B2 heng nokså tett i lag med kvarandre.
Dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har 3. og 4. februar hatt både felles og eigne styremøte for å diskutere om dei skal starte fusjonsforhandlingar. Dette er kjende aktørar frå vårt samarbeid i UH Nett Vest, og lærarutdanning finn vi på alle dei tre institusjonane.
Slik nettavisene PåHøyden og Khrono formulerer det har både Stord / Haugesund og Bergen sagt ja til å starte fusjonsforhandlingar, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er heilt klare på det – blant anna ved at dei tydeleg held ei dør open mot Volda.
Her er styrevedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane, 4. februar 2016:
Styret ber rektor setja i verk sonderingar med HSH og HiB for å greia ut grunnlaget for å starte fusjonsforhandlingar med dei to institusjonane.
Styret ber og rektor om å invitera Høgskulen i Volda til eigne sonderingar.
Styret konstaterer at UiB no ikkje ønskjer ein fusjon med høgskulane, men at rektor på UiB inviterer til tungt fagleg samarbeid med ulike slag organisatoriske former. Styret ber om at sentrale disiplinfagmiljø ved HiSF synleggjer sine ønske om form og innhald på slikt samarbeid ut over det ein kan oppnå i ein eventuell fusjon mellom dei aktuelle høgskulane.
Styret ser det som viktig for den vidare prosessen at vi får nærare avklara:
– om førstelektor- og dosentstigen framleis skal vera likestilt med førsteamanuensis og professor i samband med masterutdanningane. Styret syner til eiga høyringsfråsegn om dette.
– situasjonen for disiplinfaga ved HiSF og forholdet til Høgskulen i Volda.
Styret ber rektor leggja fram ein framdriftsplan for den samla struktursaka på neste styremøte.
Det er naturleg nok særleg punkt 1 og 2 i vedtaket til Sogn og Fjordane som er interessant for Høgskulen i Volda: Høgskulen i Sogn og Fjordane vil sondere både i retning av fusjonspartnarane – og i retning av Volda. Men i punkt 1 er det sonderingar av fusjonsforhandlingar, medan i punkt 2 er det meir ope
Følgende vedtak ble gjort i sak 024/2016: Fusjonsutredning – Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen Sogn og Fjordane:
HiB arbeider videre mot en fusjon med en eller flere institusjoner på Vestlandet, og går inn i arbeidet med å utvikle en felles fusjonsplattform for en ny profesjonshøgskole på Vestlandet.
For HiB vil universitetsambisjonen stå fast. Dette vil innebære at en sammenslått institusjon utvikler seg mot et landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
HiB vil parallelt med en fusjonsprosess utvikle det faglige og administrative samarbeidet med UiB.
HSH har som mål å inngå en fusjon med HiB og HiSF.
HSH går inn i arbeidet med å utvikle en felles visjon og ambisjon som gir grunnlaget for en fusjonsplattform for en profesjonshøgskole på Vestlandet.
HSH forutsetter at følgende intensjoner for utviklingen av den nye institusjonen ligger til grunn i den videre fusjonsprosessen:
Å bli en del av en fremtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der de viktigste samarbeidspartnerne blir UiB, UiS og HiVolda
Å bygge sterkere og mer solide fagmiljøer for hele utdanningsløpet og forskning i en ny flerkampusinstitusjon som kan bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil.
Å bli en konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal sammenheng – attraktiv for studenter og fagpersoner, ressurstilgang og posisjoner.
Å sikre og videreutvikle dagens studiesteder slik at regionrollen ivaretas bedre enn i dag
Å kunne svare bedre på de omstillingsbehovene som vil komme.
Kva så med Universitetet i Bergen? Vi har hatt mange gode samtalar og etterkvart fått fram konkrete samarbeidstiltak som vonleg kan gi gode resultat på mediefaga, norsk språk, lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og på andre område. Meir konkret er det i ferd med å bli sett ned arbeidsgrupper mellom dei to institusjonane. Fusjon med UiB har ikkje vore aktuelt no – samarbeidet skal vekse fram på fagleg nivå. Men eg ser ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve.
Plan C: Departementet instruerer.
Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyra svært vide fullmakter, medan Kunnskapsdepartementet skal styre gjennom mål og rammer. Her er nokre aktuelle utdrag:
§ 9-1.Ansvar for institusjonens virksomhet
–(1) Styret er det øverste organet ved institusjonen. Det har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt og i overensstemmelse med de lover, forskrifter og regler som gjelder, og de rammer og mål som gis av overordnet myndighet.
§ 9-2.Styrets oppgaver
–(1) Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskningsvirksomhet og annen faglig virksomhet og legge planer for den faglige utvikling i samsvar med de mål som er gitt av overordnet myndighet for sektoren og institusjonen.
Eg kjenner ikkje til at at Kunnskapsdepartementet har gripe inn mot statlege høgskular i spørsmål som vi snakkar om her, og eg trur samanslåing med tvang sit langt inne.
Ein annan måte å gripe inn på enn å instruere kan vere gjennom kvalitetskrav for akkreditering, altså ved å stille så strenge krav at NOKUT kan måtte seie at høgskular eller utdanningar mister akkrediteringa. Store delar av høgskulesektoren – i alle fall dei som driv med lærarutdanning – ventar no på at det omsider skal kome forskrift for Grunnskulelærarutdanning på masternivå.
Kva så med tvang, plan C? Kan vi bli instruert? Regjeringa er svært oppteken av lærarutdanning, og har antyda at omsyn til lærarutdanning kan føre til at dei tek fram hardehanda. Men eg har vanskeleg for å sjå at det er grunnlag for å gjere det innan juni 2016. Kunnskapsministeren sa i spørjetimen på Stortinget at det ikkje ville bli tvang frå Kunnskapsdepartementets side, men at det kunne bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.
Så mi vurdering er framleis at dette er svært mykje opp til oss sjølve, og eg gler meg til allmøtet i neste veke!