«Det står ein friar uti garden» … Sogn og Fjordane avviste fusjonsinvitasjonen frå Volda

Frå venstre: Jacob Kjøde jr (direktør HVO), Jens Standal Groven (prorektor HVO), Johann Roppen (rektor/styreleiar HVO), Rasmus Stokke (rektor HISF), Trond Ueland (styreleiar HiSF), Kari Kjenndalen (styremedlem HISF) og Oddmund Hoel (Styremedlem HISF).
Frå venstre: Jacob Kjøde jr (direktør HVO), Jens Standal Groven (prorektor HVO), Johann Roppen (rektor/styreleiar HVO), Rasmus Stokke (rektor HISF), Trond Ueland (styreleiar HiSF), Kari Kjenndalen (styremedlem HISF) og Oddmund Hoel (Styremedlem HISF).

Styreseminaret og styremøta i Loen 10. mars vart minneverdig. Om det var ein dag for historiebøkene vil vise seg. Men styreprotokollane fortel det som er det viktigaste nett no:

Det høyrer også med at styret i Volda gjorde eit samrøystes vedtak. Høgskulen i Sogn og Fjordane var delt i saka.

Video frå Høgskulen i Voldas styremøte.

Mange ved Høgskulen i Sogn og Fjordane oppmoda Høgskulen i Volda sterkt om å gå inn i Vestlandshøgskulen i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette har styret i Volda tidlegare ikkje snakka noko særleg om. Eg er difor glad for at styret i Volda fekk kjennskap til dette fusjonsprosjektet på styreseminaret og i styremøtet var styremedlemmene tydelege og nyanserte på kvifor dei ikkje ønska å gå inn i dette prosjektet – eventuelt markerte tvil på om dette var eit godt prosjekt for Volda. At det er mange involverte høgskular og studiestader og at fusjonen omfattar høgskular på tvers av tre-fire fylke vart nemnt av fleire representantar – men det vart altså ikkje fremja forslag om at Volda skulle gå inn i Vestlandshøgskulen.

Kvifor gjorde styret i Volda vedtak om å invitere Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar? Den enkle forklaringa på det er at styreseminaret fungerte kjempebra. Styremedlemmene i Volda vart kjent med styremedlemmer og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og fekk lufta spørsmål og delt vurderingar i ein open og tillitsfull atmosfære. Det er forsåvidt ikkje nytt at Volda og Sogn og Fjordane har hatt eit godt samarbeid gjennom mange år, men eg trur neppe høgskulestyret i Volda hadde teke initiativ til fusjon om vi ikkje hadde hatt eit seminar i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vi hadde også kunnskapen om at Høgskulen i Sogn og Fjordane i sitt førre styrevedtak hadde sagt at dei ville ha sonderingar med Høgskulen i Volda – samtidig som dei ville ha sonderingar med tanke på fusjon med høgskulane i sør. Sonderingane har vorte haldne i form av møte på leiarnivå.

Volda kom ikkje med ein fusjonsinvitasjon ut frå naud, men i forvissing om at vi står støtt. Men også at det ville bli spennande å samarbeide med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Eit viktig element i vurderinga til styret i Volda er at vi har under utvikling eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Styret gjorde igjen eit eige vedtak som stadfesta vilje og tru på at dette er eit godt prosjekt for begge institusjonane, men at dette handlar om fag – og ikkje fusjon.

F-ordet er fag, og ikkje fusjon med Universitetet i Begen

Vedtaket til Høgskulen i Volda vart fatta heilt inn i lunsjen – ca i 13-tida. Vi sende vedtaket til Høgskulen i Sogn og Fjordane og formidla også munnleg til styreleiar og til rektor i Sogn og Fjordane om kva vi hadde vedtatt.

Då styremøtet skulle halde fram ca kl 13.30 vart eg invitert til Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt styremøte for å fortelje om vedtaket til styremøtet ved Høgskulen i Volda.

Eg tykte det høvde å sitere litt frå ei passande folkevise før eg formelt sett fekk ordet:

«Det står ein friar uti garden».

I folkevisa går versa slik at det er den rikaste friaren som får ja frå «Mor lilla» med dottera Dalia som bodberar. Vi kan berre spekulere i om Høgskulen i Volda ikkje hadde nok riksdalar å leggje på bordet til at det blei ja frå Sogn og Fjordane. Friarane frå sør er ikkje berre rikare – men dei var jo faktisk to! Så det var kanskje ikkje så rart det blei nei til Volda og ja til fusjon sørover.

Medan styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane diskuterte invitasjonen frå Volda og alternativet å gå i fusjon sørover heldt vi i Volda fram med andre styresaker fram til ca kl 15.30. Vi fekk då nyss om at det låg an til at Sogn og Fjordane var i ferd med å gå sørover – og styremedlemmene valde då å vente på endeleg vedtak. Det kom kort etter, og dermed var vel heile styret informert om korleis fusjonsinvitasjonen hadde vorte motatt.

Reaksjonane frå styremedlemmene i Volda var vel ikkje akkurat overrasking – vi hadde jo oppfatta at styret i Sogn og Fjordane var veldig i tvil i denne store og viktige saka.

Volda vidare

Kvar står Volda etter desse styrevedtaka?  Vi står der vi har stått sidan 1994. Vi er ein sjølvstendig høgskule med ansvar og kontroll over eiga verksemd, over vårt nasjonale og regionale samfunnsoppdrag. Og med eit godt utgangspunkt for å møte alle utfordringane i universitets- og høgskulesektoren. Vi har fleire studentar enn nokon gong tidlegare, vi har høgare kompetanse i staben enn nokon gong før, og vi er blant dei beste statlege høgskulane når det gjeld publisering. Dette får vi til trass i at vi er blant høgskulane som har lågast grunnløyving. Staten får mykje for pengane i Volda.

Vi har gode resultat frå det nyaste Studiebarometeret. 

Men dei som får mest for pengane i Volda er uansett studentane: Undervisnings- og studentmiljøet gjer at pakken vi tilbyr i Volda er attraktiv både regionalt og nasjonalt. Studentrekrutteringa til hausten ser lovande ut på veldig mange måtar – ikkje minst har det vorte godt mottatt at vi har brukt Molladalen i Ørsta som blikkfang i studentrekrutteringa. Sunnmøre har dei tøffaste tindane!

Fjord oFjord og fjell høgskuleng fjell høgskulen

Våre studentambassadørar, studierettleiarar og kontor for samfunnskontakt har grunn til å vere stolte av at vi vart kåra til beste stand på landets største utdanningsmesse i Oslo Spektrum. Gratulerer!

Vi har også vorte kåra til beste stand på utdanningsmesser (2009).

Informasjonsvideoen for Høgskule i Volda har så langt i år vorte sett av over 100.000 på Youtube. Imponerande!

Ros til styremedlemmer og teknikarar

Styremedlemmene i Volda fortener ros for godt gjennomtenkte, vel førebudde og sjølvstendige innlegg i struktursaka. Eg opplever både kunnskapsnivå, tonen og samarbeidsånda i styret som svært inspirerande.

Våre to teknikarar fortener også ros for ei god videooverføring frå møtet. Møtet er tilgjengeleg på Høgskulen i Voldas kanal på Youtube. Både lyd og bilde var av god kvalitet har eg sett i ettertid. Slik bør det vere for oss som mediehøgskule!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar