Kategori: Blogginnlegg
Studiebarometeret 2017:
Orientering til høgskulestyret i møte 25. januar 2018
På det første høgskulestyremøtet ved Høgskulen i Volda for 2018 orienterte eg høgskulestyret om ei rekkje aktuelle saker, og her kjem orienteringa også skriftleg.
Video frå høgskulestyremøte nr 1/2018 og lenke til styresakene.
Fortsett å lese Orientering til høgskulestyret i møte 25. januar 2018
Nes utan høgskule?
På den årlege kontaktkonferansen for høgskular og universitet heldt Torbjørn Røe Isaksen (kanskje) sin avskjedstale til sektoren, 16. januar 2018. Han synte der ein viss kunnskap i nynorsk då han siterte frå ein plakat som visstnok hang på tidlegare AP-statsråd Gudmund Herne sitt kontor. Bildet var var av eit fagert nes, og teksten på bildet var visstnok: «Nes utan høgskule». Og salen svarte med «lett humring» som det heiter. Fortsett å lese Nes utan høgskule?
2017 er forbi. Kva har skjedd? Kva skjer i 2018?
Fortsett å lese 2017 er forbi. Kva har skjedd? Kva skjer i 2018?
Video av styremøtet ved Høgskulen i Volda, 7.12.2017
Årets siste styremøte vart gjennomført torsdag 7. desember 2017. Du kan sjå styremøtet i opptak på våre nettsider.
Representantar, møteplan og styrepapir til dette og tidlegare møte i Høgskulestyret.
Opningshelsing til Ulstein Arena, 2.12.2017
HVO er ein regional institusjon, og difor er det veldig kjekt å få vere med på ei anna regional hending: Opning av Ulstein Arena.
Lære – leve – oppleve
Desse tre orda seier mykje om kva HVO ønskjer å tilby våre studentar. Og dei same tre orda seier også mykje om ambisjonane for Ulstein Arena.
Her også: «Sei i frå»
Høgskulen i Volda har fått sin «Sei i frå» knapp på nettsidene våre:
Du finn knappen her.
Og trykker du på knappen får du følgjande tekst – og kontakter for ulike problem:
«Her kan du seie frå om ting du synes er vanskeleg å ta opp med dei nærast deg på studiet (faglærar, emneansvarleg, praksislærar, dekan), eller ta vidare om du har sagt frå om noko viktig og ikkje blitt høyrt. «
Det er veldig bra at Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Høgskulen i Volda har teke initiativ til dette. Oppgåva til LMU er å arbeide med «studentane sin trivsel, sikkerheit og velferd, og delta i planlegging i saker som gjeld dette.»
Dobbelt gjennomslag: Ca 24 mill i prosjektmidlar til IKT i grunnskulen
Med få dagars mellomrom tikka det inn melding om at Høgskulen i Volda hadde vunne fram med prosjektsøknader på området IKT i grunnskulen.
Først kom meldinga om at prosjektet DigiHand hadde fått ca 10 mill i forskingsmidlar frå Norges Forskingsråd gjennom FINNUT-programmet. Forskingsprosjektet er leia av Wenke Mork Rogne og med Siv Måseidvåg Gamlem som forskingsleiar på prosjektet. Les meir om prosjektet.
Få dagar etter kom meldinga om at «Digitaliseringsprosjektet» hadde fått 14 millionar frå Norgesuniversitetet til digitalisering av grunnskulelærarutdanning. Her er Synnøve H. Amdam prosjektleiar. Les meir på våre nettsider.
Les også om tildelinga i nettavisa Khrono.
Fortsett å lese Dobbelt gjennomslag: Ca 24 mill i prosjektmidlar til IKT i grunnskulen
Studentrekord i Volda – men ikkje i fylkesstatistikken
Fortsett å lese Studentrekord i Volda – men ikkje i fylkesstatistikken