Nes utan høgskule?

Fagernes. Utan høgskule. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På den årlege kontaktkonferansen for høgskular og universitet heldt Torbjørn Røe Isaksen (kanskje) sin avskjedstale til sektoren, 16. januar 2018. Han synte der ein viss kunnskap i nynorsk då han siterte frå ein plakat som visstnok hang på tidlegare AP-statsråd Gudmund Herne sitt kontor. Bildet var var av eit fagert nes, og teksten på bildet var visstnok: «Nes utan høgskule». Og salen svarte med «lett humring» som det heiter.

Her er det orginale bildet – ei side i tidsskriftet «Søkelys på Sogn og Fjordane».

Hernes la ned ein stor innsats for å slå saman dei ca hundre dåverande statlege høgskulane til ca fjerdeparten så mange. Og så kunne ein kanskje tru at det har blitt færre nes med høgskule som følgje av dette, og av Isaksens strukturreform.

Høgskulesamanslåing i Volda i 1994: Frå venster: Sverre Måseidvåg (rektor Volda lærarhøgskule), Gudmund Hernes og Ketil Jarl Halse (rektor Møre og Romsdal Distriktshøgskule).

Men har det eigentleg skjedd? Eg trur vi neppe har færre – heller fleire – studieSTADER i dag enn før Hernes sine samanslåingar tidleg i 1990-åra. Det er rett at vi har fått færre og større institusjonar.

Men det er like mange nes med høgskular som før Hernes.

Kanskje har skilta på husa på nesa endra namn til høgskuleavdeling eller universitetsfilial.

Tida vil vise om det blir færre akademiske nes. Det er opp til styra på høgskular og universitet å avgjere. Men nesa har sterk regional støtte, fordi lokal- og regionalpolitikarar ser at ein høgskule- eller universitetsfilial er viktig. Ikkje minst om ein ønskjer å styrke vidareutdanning for folk som er i arbeid og ikkje kan studere på heiltid.

Regjering og storting har sjølv styrka somme nes. Høgskuletilbodet i Kristiansund har det siste året fått betydeleg midlar og blitt vidareutvikla som ei avdeling av Høgskolen i Molde. Dette er eit tiltak som er bra for Møre og Romsdal og eg håper verkeleg at dette blir vellukka. Kristiansund og Nordmøre treng og fortener god tilgang på utdanning, og det oppnår ein ved å styrke studietilbodet i nærområdet. Slik tenkjer dei også mange andre stader i landet og regionale og lokale politikarar arbeider for å støtte sine byar og bygder som studiestader.

Med dei mange nye universiteta med alle sine avdelingar i byar og bygder bør kanskje Hernes i dag lage eit nytt bilde: «By utan universitet». Eg trur ikkje det blir oppfatta som eit artig historisk tilbakeblikkk, men heller som eit hinder for regional- og byutvikling, busetnad – og kunnskapsutvikling.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *