Orientering til høgskulestyret i møte 25. januar 2018

På det første høgskulestyremøtet ved Høgskulen i Volda for 2018 orienterte eg høgskulestyret om ei rekkje aktuelle saker, og her kjem orienteringa også skriftleg.

Video frå høgskulestyremøte nr 1/2018 og lenke til styresakene.  

Høgskulestyret har bede om å få orienteringar tidleg i styremøta. Struktursaka og Grunnskulelærarutdanning er to slike saker. I dette møtet er det også andre ting som har skjedd som det er bra at styret har fått eit lite vink om fordi det er svært aktuelle saker – eller fordi det er saker som styret vil kunne få på bordet seinare.
A) Struktursaka 
Sidan førre møte i høgskulestyret i desember 2017 har leiinga  hatt fleire møte med rektorar og/eller direktørar ved Høgskulen i Molde, NTNU og på Høgskulen på Vestlandet.
På førre styremøte vart det lansert ein ide eller ein visjon om at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde i fellesskap kunne bli overtekne av NTNU. Det vart også sagt at dette var ein prosess som var aktuell og at dette spørsmålet hasta å ta stilling til.
Etter samtalar med Molde og NTNU har leiinga inntrykk av det motsette. NTNU er ikkje på tilbodssida i dette spørsmålet.
Fleire har argumentert for at NTNU bør ta regionale roller. Det har NTNU blankt avvist  fordi dei har ei fagleg tilnærming til sine fusjonar. Teknologi er det viktigaste strategiske elementet i fusjonsprosessane. Helse, businessfag og til ein viss grad lærarutdanning er sekundære element. Som kjent hadde dei tidlegare høgskulane i Ålesund og Gjøvik sterke teknologimiljø, som først og fremst gjorde at NTNU var interessert. Den tidlegare høgskulen i Sør-Trøndelag hadde samarbeid med NTNU innanfor alle desse fire elementa.

Høgskolen i Nord-Trøndelag hadde etter regional tenking vore naturleg å inkludere i eit regionalt NTNU, men her var ikkje NTNU interessert og Høgskolen i Nord-Trøndelag vart ein del av Nord universitet. Og det sjølv om dei to trønderfylka har vorte slått saman til det nye fylket Trøndelag.
Ut frå dette er det vanskeleg å sjå at det er noko tog som er i ferd med å gå til Trondheim i nær framtid.
Men begge institusjonane ser behov for at vi samsnakkast og samarbeider meir i tida framover. Samarbeid med institusjonane sør for oss har vi fast etablerte arenaer for, både gjennom UH Nett Vest, men også gjennom samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen. Vi har ingen slike etablerte arenaer for samarbeid med NTNU.
Vi har det siste året hatt samtalar med NTNU på dekannivå, særleg når det gjeld lærarutanning, og det kjem til å ha også framover – truleg 2-3 gonger i året. Også innanfor samfunnsfag vil det vere aktuelt med samtalar på dekannnivå.
Høgskulen på Vestlandet er slik vi ser det heller ikkje på tilbodssida no. Her er dei sentrale styringsdokumenta kring fusjonen mellom dei tre tidlegare høgskulane: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund.
Vi har sidan førre styremøte fått ny Kunnskapsminister. Den nye ministeren heiter Iselin Nybø, representerer Venstre, er jurist frå Universitetet i Bergen og er frå Rogaland. Ho har tidlegare vore nestleiar i KUF-komiteen på Stortinget.
Hennar statssekretær er Rebekka Borsch frå Buskerud. Ho er fødd og oppvaksen i Tyskland, er statsvitar og har blant anna arbeidd som journalist og sit i styret til avisa Dag og Tid.
I den politiske plattforma til den nye regjeringa står det ikkje noko om struktur i , men den nye kunnskapsministeren Iselin Nybø har i eit intervju i nettavisa Universitetsavisa sagt at no er strukturarbeidet ferdig. No er det kvalitet det skal handle om.
Ut frå dette kan det virke som at det ikkje vil bli spesielt stort trykk frå Kunnskapsdepartementets side i strukturspørsmålet i tida som kjem.
B) GLU (Grunnskulelærarutdanningane)
Studentane på grunnskulelærarutdanningane for 1.-7. klasse og 5.-10. klasse som starta hausten 2017 skal altså gå eit femårig løp mot tidlegare fire år. Det første kullet er godt i gang.
Vi merkar godt at lærarutdanning er høgt prioritert. I andre halvår 2017 fekk vi fem ekstraløyvingar:
  • Generell ekstratildeling 1,5mill
  • Ekstratildeling til utvikling av partnarskular 1,5 mill
  • Tildeling av STORT prosjekt på digitalisering av grunnskulelærarutdanning 13,6 mill. friske midlar over 3 år
  • Tildeling prosjekt på internasjonalisering 275.000
  • Ekstra rekrutteringstiltak GLU 1-7 på kr 400.000
Dei to første tildelingene er vidareført i 2018. Det er ei betydeleg utfordring å ha kapasitet og få tak i gode folk til å følgje opp alle desse satsingane. Ein del av midlane kjem utan at vi har fått særlege førehandsvarsel medan andre midlar konkurrerer vi om og har såleis ikkje garanti for at vi får tilslag.
Arbeider akkurat no med å inngå nye avtaler med praksisskulane våre. Nokre av desse skal utviklast  til partnarskular med eit tettare samarbeid. Før jul tok avdelinga  ein studietur HVO tilsette og to deltakarar frå Øyra skule og såg på partnarskulearbeidet til Universitetet i Tromsø.
C) Studieporteføljeevalueringa 
Om kort tid kjem ca 4 tilbydarar til å bli inviterte til å kome med tilbod på oppdraget evaluering av studieporteføljen ved Høgskulen i Volda. Oppdraget skal vere gjennomført innan 15. august 2018.
D) Nynorsksenteret
Senter for nynorsk i opplæringa har frå 1. januar 2018 også fagleg sett vorte ein del av Høgskulen i Volda og er innplassert på ein måte som tilsvarer eit institutt på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL). Førsteinntrykket av starten er at dette går greit. Det er fire tilsette ved nynorsksenteret som ønskjer omgjering av stilling frå rådgjevar til høgskulelektor.
E) «Nye»  AMF
Avdeling for mediefag har frå nyttår fått overført ca 10 tilsette og ca 100 studentar fordelt på to bachelorgrader i Media IKT og design – og eit årsstudium i mediekunnskap. Det er nødvendig å organisere avdelinga på nytt og dekan sette ned ei arbeidsgruppe samansett av fagmiljøa, studentar og representantar frå dei organisasjonane. Dei tilrådde samrøystes eit forslag til ny struktur og dette har vore på ein høyringsrunde hos direktør og fafgforeningane. Deretter gjorde direktør vedtak om same organisering som arbeidsgruppa foreslo.
Det betyr at den nye Avdeling for mediefag får tre nokså like store institutt, kvar med to bachelorgrader 1) Journalistikk, 2) animasjon og produksjon 3) PR Kommunikasjon og design. Namna på institutta er ikkje spikra.
Senter/seksjon for digital kompetanse vert ei eiga eining innanfor Institutt for kommunikasjon og mediedesign. Senteret/seksjonen skal vere eiga budsjetteining. Avdelinga skal etter kvart ha eigen gruppeleiar for fellesfaga Mastergraden har eigen programleiar/prodekan for forsking – og dette held fram som før, og ligg på tvers av institutta.
Det som skjer vidare er at kvar einskild tilsett blir innplassert i den nye organiseringa, instituttleiarar skal få arbeidsbeskrivelse/instruks, det blir arbeidd med budsjett, eit arbeidsutval arbeider med å finne kandidatar til instituttleiarfunksjonane, så skal instituttleiarar og programansvarlege peikast ut og deretter blir det opplæring og å sette i verk den nye organiseringa.
F) Møreforsking AS – ny direktør
Høgskulen i Volda eig 18 prosent i morselskapet Møreforsking AS. Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i Møreforsking AS har fått ny stilling som direktør i det nye forskingsselskapet NORCE (Norwegian Research Centre AS). NORCE skal ha hovedkontor i Bergen og samler kreftene til de Bergens-baserte Uni Research AS og Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS med hovedsete i Stavanger og Sørlandets Agderforskning AS og Teknova AS. Eigarar er som Universiteta i Bergen, Stavanger og Agder.
G) #Metoo 
#Metoo har vorte tatt på alvor på Høgskulen i Volda og er på dagsorden blant studentar og tilsette.
Læringsmiljøutvalet har hatt spørsmålet oppe på fleire møte. I desember hadde AMF eit møte for alle studentar og tilsette. AMF hadde i går eit seminar nr 2 om  #Metoo for mediefagsstudentar – med vekt på ekstern praksis i studiet og møtet med arbeidslive. Representantar frå Norsk Journalistlag, Filmforbundet og Kommunikasjonsforeningen frå Oslo deltok. Det vil også kome #metoo møte for internasjonale studentar. Vi har fått på plass ein «Sei i frå»-knapp på ei nettside. Denne vert vidareutvikla utover våren.
Vi har ikkje fått varsel eller andre meldingar om alvorlege saker knytta til seksuell trakassering som minner om eller spring ut av #metoo-kampanjen. Eg håper det er fordi det ikkje er saker hos oss no. Men dei som måtte melde seg skal få god oppfølgjing. Vi oppmodar studentar om å gjerne ta kontakt med Studentsamskipnadens hjelpeapparat om det er vanskeleg å ta direkte kontakt med lærarar eller andre på høgskulen.
H) UH Nett Vest  
UH Nett Vest har nett delt ut forskingsmidlar til sju samarbeidsprosjekt innanfor UH Nett Vest. Høgskulen i Volda er partnar i seks av desse prosjekta som til saman omfattar stor tematisk breidde:
  • «TPS i Vest – en studie av et nettbasert tverrprofesjonelt samarbeidslæring» med deltakelse fra HVL/HVO/UiB/UiS
  • «Secure E-Healthcare Data Sharing by Blockchain Technology» med deltakelse fra HVL/HVO/UiB: kr. 150.000
  • «Virtual og augmented reality i lokaljournalistikken. Ei regional forsterking av EU-prosjektet INJECT» med deltakelse fra HVL/HVO/UiB: kr. 200.000
  • «Bruk av teknologi i høgare utdanning» med deltakelse fra HVL/HVO/UiB/UiS: kr. 200.000
  • «Vilkår for nynorsk blant ungdom» med deltakelse fra HVL/HVO/UiB: kr. 200.000
  • «Systematisk observasjon i pedagogisk forskning» med deltakelse fra HVL/HVO/UiS: kr. 100.000

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar