Her også: «Sei i frå»

Læringsmiljøutvalet ved Høgskulen i Volda 2017. Frå venstre Guro Kvist, Sara Bergland, Gonnie Smit, Ingunn Blindheim, Gaute Hareide, Eli Anne Løksa.

Høgskulen i Volda har fått sin «Sei i frå» knapp på nettsidene våre:
Du finn knappen her.

Og trykker du på knappen får du følgjande tekst – og kontakter for ulike problem:

«Her kan du seie frå om ting du synes er vanskeleg å ta opp med dei nærast deg på studiet (faglærar, emneansvarleg, praksislærar, dekan), eller ta vidare om du har sagt frå om noko viktig og ikkje blitt høyrt. «

Det er veldig bra at Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Høgskulen i Volda har teke initiativ til dette. Oppgåva til LMU er å arbeide med «studentane sin trivsel, sikkerheit og velferd, og delta i planlegging i saker som gjeld dette.»

«Sei i frå»-knappen er berre første steget. Seinare i vinter vil det kome eit meir forfina system. Universitetet i Agder har veldig skikkelige og tydelige «sei i frå» nettsider og kan vere eit føredøme for mange i sektoren.

Det er naturlegvis bra at vi ved Høgskulen i Volda har få saker som omhandlar grov trakassering av studentar. Men om grunnen til det er at vi har vore utydlege på korleis ein skal seie frå, så håper eg at «Sei i frå»-knappen fører oss eit lite steg vidare slik at det er lettare å seie frå og å få hjelp – at det blir gjort noko med saka. Eg er redd for at det er mørketal hos oss – at studentar ikkje seier i frå.

Når det gjeld seksuell trakassering så er det aktuelt i ekstrem grad i desse dagar. Det finst mange andre problem enn akkurat slike, men vonleg kan fokus på ei form for trakassering også løfte fokus på meir generelle problem.

Kor stort er så problemet?

Ei undersøking frå Universitetet i Agder syner at 8 prosent av studentar har opplevd «uønsket seksuell oppmerksomhet» frå andre studentar – og 1 prosent hadde opplevd det frå tilsette. Undersøkinga har vorte utført av professor Ingrid Lund ved Universitetet i Agder, og i alt har 3.000 studentar ved fem UH-institusjonar delteke i undersøkinga

Om tala frå Universitetet i Agder er i nærleiken av sanninga og Høgskulen i Volda ikkje er annleis enn andre UH-institusjonar – så er det altså fleire titals studentar ved Høgskulen i Volda som har opplevd plagsom seksualisert oppførsel frå tilsette – og hundrevis har opplevd det frå medstudentar. Men det er svært få slike saker som faktisk vert tekne opp.

Om «Sei i frå»-knappen eller det store fokuset på særleg seksuell trakassering i haust faktisk fører til at det blir varsla om saker så skal vi handtere dei skikkeleg.

Men like viktig er det å førebygge. Her burde Høgskulen i Volda som ein liten høgskule med eit tett og oversiktleg studie- og studentmiljø ha gode føresetnader.

Korleis skal vi snakke om slike spørsmål internt?

Vi har ingen mangel på formelle interne organ ved Høgskulen i Volda. Læringsmiljøutvalet er nemnt. Arbeidsmiljøutval. Likestillings- og mangfaldsutvalet. Leiarmøta på alle nivå. Inkludert høgskulestyret. Og ikkje minst dei tilsettes og studentanes eigne organisasjonar. Eg håper og trur at desse spørsmåla blir sett på dagsorden på alle desse arenaene.

Her er oversyn over interne råd og utval ved Høgskulen i Volda.

Fagmiljøa bør også ta tak i slike spørsmål. Avdeling for mediefag har alt sett spørsmåla på dagsorden ved at dei 23. november heldt eit ope møte for alle studentar. Utfordringar i ekstern praksis var eitt av perspektiva som dekan Audhild Rotevatn peika på i møtet.

Eg ønskjer alle involverte lukke til med å snakke om spørsmål som kan gjere unge studentar betre i stand til å møte det uventa og vonde og – å reagere rett på eigne eller andres vegne.

På representantskapsmøtet i Universitets- og høgskulerådet (UHR) er rektorane og direktørane ved alle landets høgskular og universitet samla, og seksuell trakassering stod høgt på dagsorden. Det var ein klar vilje i forsamlinga til å prøve å gjere noko med problema – og ikkje uventa kanskje – vart det etterlyst meir forsking på området.

Ein del av debatten handlar no om Studiebarometeret skal få fleire spørsmål som gjeld det psykososiale arbeidsmiljøet til studentane. Studiebarometeret går ut til alle bachelor- og masterstudentar i det tredje semesteret av studiet. Det er ikkje opplagt at Studiebarometeret er eit godt verktøy til å undersøke trakassering, meiner eg.

Men derimot passar slike spørsmål godt inn i SHOT-undersøkinga som skal gjennomførast i februar 2018. SHOT er ei undersøking der alle landets studentar får rapportere om helse og trivsel. Undersøkinga blir gjort kvart fjerde år og det er Folkehelseinstituttet som står bak undersøkinga. Eg har ikkje klart å finne informasjon på nettet om SHOT 2018, men her er omtale av ei tidlegare undersøking. Kanskje kan det vere nødvendig å gjennomføre SHOT-undersøkinga oftare?

For tilsette har det også vorte reist spørsmål ved om arbeidsmiljøkartleggingar som NTNUs «ARK» skal få spørsmål om seksuell trakassering. Høgskulen i Volda brukar ARK som eit sentralt verktøy i vårt arbeid med arbeidsmiljøet. Det er heller ikkje opplagt.

Det er altså ein fagleg debatt om dette – og det bør det også vere – ein fagleg basert debatt. Ein bør ha gode og langsiktige faglege argument for å endre på store kartleggingsverktøy og ikkje sette i verk raske endringar på grunn av at saker er særleg aktuelle. Men på grunn av det store fokuset desse spørsmåla har fått, så burde det vere sterk fagleg og politisk vilje til kartlegging og forsking på desse spørsmåla – gjerne gjennom eigne undersøkingar.

Det er likevel ei rekkje tiltak som institusjonane kan og bør gjere – utan å vente på at forskinga skal kome med meir og betre informasjon om omfang og karakter av trakassering, mobbing og seksuelle overgrep: Det er for det første å betre interne regeleverk og å gjere reglane kjende. For det andre å diskutere slike spørsmål internt og å gjere det klart at seksuell trakassering er uakseptabelt. Og at det er dei som sit i autoritetsroller som må ta ansvaret.

I dei mange historiene som har dukka opp så har det slått meg kor lenge dette kan sitte i – kor lenge folk hugsar og har sår av ting som har skjedd. Så dette er viktig ikkje berre her og no, men for lang tid.

Gjer vi godt arbeid både med reglar, informasjon og handlingsskapande arbeid så kan vi vonleg i framtida sjå tilbake på 2017 og tenkje på at det var eit år då vi gjorde tiltak som førte verda litt framover.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar