2017 er forbi. Kva har skjedd? Kva skjer i 2018?

Frå venstre: Rektor Johann Roppen, direktør Karen Lomeland Jacobsen og prorektor Jens Standal Groven. Foto: Veronica Røren, HVO
Det er ein både god og nyttig juletradisjon for mange å gjere opp status for året som har gått. Og for 2017 kan vi også for heile HVO bruke dekan Arne Myklebust si overskrift på AHLs julelunsj: «Det går godt».

 

Det er mykje spennande som har skjedd og skal skje på Høgskulen i Volda. Og vi klarer oss godt som sjølvstendig høgskule.

 

Men: Kva har skjedd i 2017? Her er mi liste over ting som har skjedd i 2017 og som eg trur kan vere verd å minnast for heile HVO. Andre ville sikkert laga ei anna liste.

2017:
JANUAR:

Styret vedtek strategiplan for 2017-2020.
Arbeidet med planen starta i 2016. Kunnskapsdepartementet gav i etatstyringsmøtet ros til Høgskulen i Volda for å ha «tydelige mål og prioriteringer, styringsparametere og tiltak».

 

FEBRUAR

 

Likestilling og karrierebygging: Seminar og HVO-historie. 
Høgskulen i Volda har lege på jumboplass når det gjeld tal på kvinner i toppstillingar, men har dei siste tre åra hatt ei veldig fin utvikling der fleire dyktige kvinner har vorte professorar eller dosentar. Men det er tankevekkande at det faktisk er 100 år sidan kvinnene vart i fleirtal blant studentane, så dette tek tid.  Les innlegg om dette på rektorbloggen.

 

Vi har hatt gode tal dei to siste åra – men betre må vi uansett bli.

 

Etter ca 37 år som ein integrert del av høgskulen blei Møreforsking Volda borte i 2017, men morselskapet og dotterselskapa i Ålesund og Molde er framleis i stor aktivitet. Her er Møreforskings oversyn over eiga historie. Då Møreforsking starta vart det knapt nok drive forsking i Volda ved dei to institusjonane MRDH Volda og Volda lærarhøgskule. Så difor kan vi i dag seie at det er fleire forskarar enn nokon gong i Volda. Blant anna er det i arbeid ca 40 doktorgradsprosjekt.
Møreforskarar framfor Møreforsking-paviljongen i svart/kvitt-tida, ca 1985. Bak frå venstre: Kåre Heggen, Vidar Myklebust, Alf Roger Djupvik, Helga Stave Tvinnereim, Peder Haug, Jon Tvinnereim, Jørgen Amdam, Bjørn Stave, Per Kjell Sætre, Jostein Nerbøvik, Eldar Meek. Midterste rekke frå venstre: Odd Ragnar Hunnes, Gunnar Stave, Arne Kruse, Roar Amdam. Fremst frå venstre: Lidveig Bøe, Anne Karin Ødegård, Svanhild Sporstøl, Åsa Langlo og Marit Eliassen.
Studiet vart fullteikna nesten før det vart lyst ut!

 

Den første nye studentblokka sidan 1970-talet vil i 2018-2019 bli bygd på Heltne, like ved sidan av blokkene som står der i dag.

 

MARS:

 

I rektorbloggen vart det gjort opp status for dei mange og store utbyggingsprosjekta på og ved høgskuleområdet. Om vi tek med voldatunnelen handlar det om investeringar til ein samla verdi av nærare 3 milliardar!

 

Høgskulen held fram med valt rektor

 

MAI:

 

Jostein Fet vart utpeika til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.
Dette er kanskje den aller kjekkaste hendinga ved Høgskulen i 2017. Emeritus Fet har gjennom eit langt og trottugt liv endra vår og heile landets oppfatning av kva bønder las og skreiv på 1600- og 1700-talet. Og dette er forsking som kanskje aldri hadde vorte gjort om ikkje det hadde vore for Jostein Fet og at han var forskar akkurat her i Volda.

 

 

JUNI:

 

Jackie går  – Jacobsen kjem
Høgskuledirektør gjennom 17 år: Jacob Kjøde jr. slutta ved fylte 70 år sommaren 2017. Og hans etterfølgjar Karen Lomeland Jacobsen tek til i august 2017. Takk igjen til Jackie. Og velkomen til Karen – ho har funne seg raskt til rette! Velkomstintervju med Karen Lomeland Jacobsen.
Blide direktørar: Til venstre økonomidirektør Ingunn Welle og høgskuledirektør karen Lomeland Jacobsen. Foto: Johann Roppen / HVO

 

Tryggleik er viktig i den digitale notida. Dokumentsenteret ved Høgskulen i Volda var kanskje aller først ute av UH-institusjonar med å ta i bruk sikker digital post.

 

AUGUST:

 

Semesteropningane utandørs dei tre siste åra har vore ein opptur! Med godt ver så går det meste godt. Men eg trur vi har funne ei form som kan fungere framover.

 

Vi visste det ikkje på opningsdagen, men då tala kom i oktober synte dei at vi hadde sprengt 4.000 grensa for første gong! Men strategiplanen seier at vi eigentleg ikkje skal vekse – kostar det meir enn det smakar å sette rekord?
Kraftig omsetnadsauke for Fred Igland og studentbokhandelen ved Høgskulen Volda. Foto: Johann Roppen / HVO
Også bokhandelen fortalde om auke i boksalet på heile 30 prosent frå fjor. Det kom nok både av at vi har litt fleire studentar enn før – men også fordi pensumlistene var klare tidlegare enn tidlegare.

 

Canvas erstattar Fronter
Etter mange år med Fronter fekk vi i 2017 nytt LMS (Learning managament system), og studentane er stort sett nøgde med Canvas ser det ut til.

 

Vi har fått vår første engelskspråklege grad ved HVO. Og det passar bra at det er på AMF sidan ein stor del av utreisande og innreisande internasjonal verksemd er knytt til mediefaga.

 

Det største solcellepanelet i Møre og Romsdal står på taket av Berte Kanutte-huset. Vøling av taket vart kombinert med montering av solceller, og ein blid landbruksminister Jon Georg Dale kasta litt ekstra glans på den offisielle opninga. Her kan du følgje med på kraftproduksjonen.
Krafta kjem ovanfrå: Montering av solcellepanel sommaren 2017. Foto: Johann Roppen / HVO

 

SEPTEMBER:

 

 

Professor Tor Arne Haugen fekk høgskulens FoU-pris for 2017. I sin takketale peika Haugen blant anna på at det var viktig at høgskulen held fram med å gje rom for FoU til tilsette.

 

OKTOBER:

 

Etter meir enn 10 år med nesten same system (Neted) skifta Høgskulen i Volda i oktober til eit nytt system. Vonleg vil dette fungere godt i mange år framover
Også høgskulestyret fekk presentert dei nye nettsidene. Frå venstre: Jens Standal Groven, Veronica Kvalen, Terese Balsnes og Gonnie Smit. Foto: Johann Roppen / HVO
Kompetansevekst: Rekordmange professorar og dosentar 
Statistikken over tilsette i 2017 blei tilgjengeleg i oktober og den syner at dei tilsette ved Høgskulen i Volda aukar sin kompetanse jamt og trutt. Vi har no fleire professorar/dosentar og førstekompetente enn nokon gong tidlegare. Dette er viktig for å gje god undervisning, og viktig for framtidige akkrediteringar.

 

Den verdsomfattande kampanjen mot seksuell trakassering har også kraft i seg til å kunne betre akademia. I første omgang bidreg vi ved å gjere det lettare å varsle om uønska hendingar. Men dette er spørsmål som må arbeidast med på lang sikt for å få til betring.

 

Tema for den årlege barnehagekonferansen var i 2017 «Respekt.» Og det avkrev også respekt når konferansen blir arrangert på ein så framifrå måte år etter år.

 

NOVEMBER:

 

 På få dagar fekk Høgskulen i Volda tilslag på to prosjekt som begge handla om IKT i skulen. Eitt forskingsprosjekt og eit utviklingsprosjekt – og i prosjektleiinga på begge prosjekta finn vi yngre, kvinnelege tilsette med aktuelle doktorgradsprosjekt. Akkurat det vi treng i Volda og i UH-sektoren i Noreg!

 

For tredje året på rad ligg studentane ved Høgskulen i Volda i landstoppen når det gjeld svarprosent på Studiebarometeret. No blir det opp til tilsette, studentar og leiing å bruke undersøkinga til å gjere høgskulen betre.

 

 

DESEMBER:

 

Dosent Arnfinn Kjelland ved institutt for historie fekk utdanningsprisen 2017. Blant anna fordi han har vore ein pioner når det gjeld utdanning på nett.

 

2018:
Mykje vil skje i 2018 – både slikt som vi veit om og slikt som  vi ikkje veit vil skje. Og så er det heilt sikkert ikkje slik at alt går som vi trur. Kva er det vi veit om?

 

PROSESSAR SOM GÅR OVER HEILE ELLER STORE DELAR AV ÅRET:

Utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet: Kunnskapsdepartementet har dei siste åra inngått separate avtalar med alle UH-institusjonar om tema som er særleg viktige for institusjonane. Det blir ei rekkje møte både internt og med Kunnskapsdepartementet om dette i 2018.  Det blei orientert om dette i siste styremøte før jul.

Sivert-prosjektet: Nybygget med arbeidsnamnet «Sivert» har kome langt og det har vorte arbeidd godt med innhaldet i huset. Statsbygg og høgskulen må no lande detaljplanlegginga, gjennomføre anbudskonkurranse, heile prosjektet skal vurderast av regjeringa gjennom ein kongeleg resulosjon – og så blir det altså  byggjestart hausten 2018!

Studieporteføljeevaluering: Høgskulestyret har vedteke at ein ekstern konsulent skal vurdere studieporteføljen vår i høve til strategiske, økonomiske, faglege og etterspurnadspersektiv – og i høve til kva som skjer på andre UH-institusjonar.

Ny Campusutviklingsplan: Det skjer veldig mykje ved og delvis på høgskuleområdet – og ikkje all planlegginga er samordna med Høgskulen i Volda. Volda kommune er også i ferd med å få ein ny sentrumsplan. Det er difor nødvendig å få ein ny campusutviklingsplan. Her er lenkje til gjeldande campusutviklingsplan.

 

JANUAR:

Mediefaga blir samla på AMF ved at MKT-seksjonen blir flytta over frå AKF.

Nynorsksenteret blir overført frå Utdanningsdirektoratet til Høgskulen i Volda. Frå før har HVO hatt eit administrativt ansvar for senteret. Nynorsksenteret blir liggande som eit institutt under dekan på AHL.

FEBRUAR:
Arbeidsgruppa som evaluerer budsjettmodellen skal kome med sin rapport. Rapporten vil bli sendt på høyring og styret avgjer om og kva som eventuelt skal endrast. Eventuelle endringar får verknad frå 2019-budsjettet.

 

JUNI:
Arbeidsgruppa som evaluerer avdelingssstrukturen ved HVO kjem med sin rapport i juni 2018. Rapporten vil bli sendt på høyring og styret avgjer om kva som eventuelt skal endrast. Rapporten blir også tema på det årlege styreseminaret i oktober. Eventuelle endringar bør truleg sjåast i samanheng med valperioden for rektorat og dekanar.

 

AUGUST:
14. august: Studiestart og offisiell semesteropning.

 

OKTOBER:
Styreseminar om avdelingsstruktur og studieportefølje/strukturspørsmål

 

NOVEMBER-DESEMBER:
Rektorval for 2019-2022

 

2019:
VÅREN:
Tilsetting av dekanar for 2019-2022

 

1. AUGUST:
Ny valperiode for rektoratet og start på åremål for dekanar

 

På det heilt personlege plan så fekk eg streng beskjed frå direktør og dekan på Avdeling for mediefag om at det fekk halde med eitt kontor, sjølv for ein rektor. Så eg tømte kontoret eg har hatt i Aasen-huset i ca 15 år – og bøkene som ikkje gjekk til Bokmannen vart pakka i kassser og står vonleg trygt skjerma frå svoltne skjeggkre eller mott. Men gode flyttingar gjer også resultat i form av minneting, som eit studentkort frå 25 år tilbake.

 

God jul og godt nyttår til alle på HVO!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar