#Metoo – opningshelsing på ope møte

Sofasamtale i kantina 12. februar 2018: Audhild G. Rotevatn, Karoline Strand, Eli Anne Løksa og Kari Hasle.
 
Eg er glad for at seksuell trakassering står på dagsorden på Høgskulen i Volda gjennom dette møtet. #Metoo har vorte ei verdsomfattande rørsle. No er det viktig at vi ikkje misser fokuset og ikkje trur at dette er noko som går over og blir gløymt.
 
Om det er noko som verkeleg bør bli huska etter #Metoo så er det den utruleg enkle oppskrifta: «Oppfør deg».
 

#Metoo handlar både om seksuell trakassering – og andre former for trakassering. Som eg eigentleg trur er mest utbreidd. 
 
Men det er viktig og nødvendig at vi tek det opp i formelle og uformelle samanhengar.
I dei fagleg/adminstrative råd og utval som skal syte for at vi har eit godt studie- og arbeidsmiljø ved Høgskulen.
I fagmiljøa og på avdelingane. I planlagde og formelle møte, og meir spontant og ad-hoc. Særleg Avdeling for mediefag har her vore aktive og hatt fleire møte om dette.
Og vi skal snart ha eit eige arrangement på engelsk retta mot dei mange internasjonale studentane ved Høgskulen.
Så tilsette og studentar har gjort mykje.
 
Læringsmiljøutvalet har stått sentralt i å få på plass ei varslingsside med overskrifta: «Sei i frå». Studentrådgivar Eli Anne Løksa i Studentsamskipnaden er eit første kontaktpunkt for dei som vil ta opp vanskelege spørsmål i studentkvardagen. Inkludert opplevingar som er – eller kjennest som seksuell trakassering. Ho har teieplikt og vil ikkje ta saka vidare utan at den som tek kontakt seier ok.
 
Ordningar med studentrådgjevar, ei Sei frå side og diskusjon i formelle organ er likevel berre organisatoriske minstekrav. Dei er lite verd om vi ikkje fortel om att og om att om korleis vi vil ha det, og at det finst hjelp å få. 
 
På ein liten og oversiktleg studiestad som Høgskulen i Volda håper eg at alle studentar og tilsette veit kven dei kan snakke med og at dei som møter problem – eigne eller hos studievenner – tek kontakt og får hjelp når det trengst. 
 
Eg er likevel glad for at vi til no ikkje har fått meldingar om seksuell trakassering på Høgskulen i Volda som følgje av #Metoo-kampanjen. Men undersøkingar ved Universitet i Agder kan tyde på at vi har mørketal også hos oss. Det er truleg at det er studentar eller tilsette som opplever eller har opplevd seksuell trakassering, men ikkje har gitt beskjed om det. Så om det er nokon som har noko usagt så håper eg det generelle fokuset i samfunnet og på Høgskulen i Volda skal gjere det lettare å seie i frå om ting som ikkje er greit. Same om det er ein medstudent, ein tilsett eller andre som har gjort noko som er eller opplevest som plagsomt. 
 
Så beskjeden er: Sei i frå! Alle som seier frå kjem til å få skikkelig behandling. Bli høyrt. Og tatt på alvor.
 
De som er studentar skal seinare ut i praksis eller jobb. Dei færraste vil gå gjennom livet utan å oppleve trakassering. Sjølv – eller hos nærståande. Så den dagen ein står ein midt oppe i slike spørsmål – no eller seinare – så håper eg det er god ballast å ha snakka om desse spørsmåla på Høgskulen i Volda. Å vite kva som ikkje er greit og korleis ein skal ta slike saker vidare. 
 
Då kan vi håpe på at #Metoo har ført til varige endringar – til ei litt betre verd.  
 
Så med desse orda vil eg seie takk igjen for at denne økta har kome på plass – og lukke til til deltakarane.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar