Studiebarometeret 2017:

Rektor Johann Roppen (til venstre) og prorektor Jens Standal Groven.
Studiebarometeret for 2017 har vorte lagt fram. Dette er ei nasjonal undersøking som alle 3. semesterstudentar på bachelor og master blir inviterte til å delta i for å gje si vurdering av studiekvardagen. Høgskulen i Volda har dei tre siste åra prioritert høgt å rekruttere og motivere studentar til å delta i Studiebarometeret fordi dette er ei nasjonal og standardisert undersøking som gjev oss eit godt verktøy for å vurdere vår eiga undervisningsverksemd. Våre studentar har dei tre siste åra vore blant dei beste i landet til å delta i undersøkinga med ca 70 prosent svar. Det er vi glade for og det syner at både studentar og tilsette tek Studiebarometeret på alvor.
Det er svært mange spørsmål i Studiebarometeret, og det eine spørsmålet som er lettast å ty til for å få eit raskt oversyn over korleis landet ligg er eit spørsmål under «Overordna tilfredshet» der der studentane skal svare på «Eg er, alt i alt, nøgd med studieprogrammet eg går på». Svara blir gjeve på ein skala frå 1 til 5 der 1 er «Ikkje einig» og 5 er «Heilt einig».
I 2015 og 2016 gav studentane våre nokså god score på dette spørsmålet med ein gjennomsnittskarakter på 4,1. I 2017 var dette talet gått ned til 3,7, og det er svakt i nasjonal samanheng. Det er ikkje overraskande at både media, tilsette, studentar – og framtidige studentar er opptekne av dette talet og kva det betyr.

Eg trur ei viktig delforklaring på nedgangen er at då Studiebarometeret vart gjennomført var heile høgskulen prega av to store digitale endringar: Alle studentar måtte skifte frå Fronter til Canvas. Og høgskulen lanserte nye nettsider.
Både Canvas og dei nye nettsidene er velkomne og nødvendige oppgraderingar og oppdateringar, men for den einskilde student har det nok også vore frustrerande og irriterande med så mykje nytt på ein gong. Mange studentar opplevde nok også at timeplanar, pensumlister og lærestoffet hadde vorte kasta om på i stor grad sidan vårsemesteret og sikkert også utført på ulike måtar på ulike emne innanfor same program. For studentar på studium med obligatorisk oppmøte så hadde Fronter eit godt system som gjorde at studentane sjølve kunne følgje med på oppmøte/fråvær. Det mangla diverre i Canvas i haust, men vi skal ha eit nytt system på plass til hausten 2018. Det er også andre manglar ved Canvas, men eg trur dette er det studentane irriterer seg mest over.
Nettsidene er portal til ei rekkje tenester på HVO som studentane nyttar kanskje fleire gonger for dag. Eg trur det er ei allmenn erfaring frå mange organisasjonar at nye nettsider i førstninga blir møtt med irritasjon. Men vi har gått frå eit 15 år gammalt system med over 40.000 nettsider til eit nytt system med 4.000 sider. Det har vore ei heilt nødvendig oppdatering, som ikkje er ferdig. Og kanskje aldri blir det.
Det har truleg også vore stor variasjon i kor godt det einskilde studiet og den einskilde lærar har meistra Canvas. Ca 140 lærarar deltok på opplæring i sommar og fekk nokre vekers erfaring i haust før alt skulle vere oppe å gå. Men ca 1/3 av lærarane hadde ikkje  delteke på kurs i Canvas då haustsemesteret tok til og Canvas skulle vere i full drift.
Truleg trengst det tydelegare forventningar til lærarane om formidling av kritisk informasjon som timeplanar, fristar, endringar undervegs i studiet og invitasjon, inspirasjon og effekt av fagkritisk arbeid i fagutvala. Vi ønskjer at studentane skal vere aktive og ta ansvar i fagkritisk arbeid – men det er ikkje feil å gi fagutval og tillitsvalde ein god start. Og det må vi som er tilsette bidra til på best muleg måte.
Om Canvas og nye nettsider verkeleg er rette og viktige forklaringar på studentanes vurdering hausten 2017, så bør resultata til hausten 2018 bli betre. Det er fordi dei som skal delta i Studiebarometeret hausten 2018 er studentane som tok til i første studieår hausten 2017 har hatt Canvas frå dag 1 på Høgskulen i Volda.
Ei anna forklaring på overordna eller fellesnivå kan vere at vi i 2017 hadde ein sterk auke i talet på søkjarar og opna dørene for over 4.000 studentar. Det er ny studentrekord, og det er veldig kjekt at så mange ønskjer å studere ved Høgskulen i Volda. Men kanskje er det for mange studentar for høgskulen?
Finansieringa av Høgskulen i Volda står ikkje i stil med studentrekorden. Vi har i alle år hatt svak grunnfinansiering, og reint økonomisk sett hadde det kanskje vore optimalt å hatt klart færre studentar. Strategiplanen seier då også at det ikkje er eit prioritert mål for Høgskulen i Volda å få fleire studentar, men økonomimodellen vår premierer både fag og administrasjon til fleire studentar vi får. Og vi veit også at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er fylke med lågt gjennomsnittleg utdanningsnivå og at det difor er viktig å tilby studieplass til flest muleg som er kvalifiserte for høgare utdanning. I grunnskulen vil det i åra som kjem bli stor mangel på lærarar, og det må vi bidra til å bøte på.
Men sjølv om karakterane for høgskulen samla sett har gått ned, så må vi hugse at vi har mange studieprogram med gode resultat og høg studentscore. Programma på kulturfag (musikk, idrett, friluftsliv kunst og handverk) ligg på eller over gjennomsnittet for landet. Særleg kjekt er det å sjå korleis musikk har betra seg sterkt frå 2015 til 2017. Det viser at det er muleg å få til positiv utvikling på kort tid. Eg har inntrykk av at Avdeling for kulturfag har vore gode til å utføre fagkritisk arbeid, og om det stemmer bør det vere til inspirasjon og motivasjon for andre avdelingar. Det er også gode resultat for medieprogramma i animasjon og journalistikk. Radio og TV-journalistikk får høgast score av journalistikk-programma i heile landet. Og slik bør det vere.
Gode resultat for kulturfaga i Studiebarometeret.
I 2015 og 2016 studentane på ca 2/3 av studieprogramma at dei alt i alt var nokså godt nøgde med studiet sitt  og gav ein karakter som låg på det nasjonale gjennomsnittet eller høgare. For 2017 har dette gått ned. No er det ca halvparten av studieprogramma på nasjonalt nivå eller høgare. Vi må håpe og tru at gjennom godt arbeid kan vi kome tilbake til tala frå 2015-2016. Minst.
For mange studieprogram med mange studentar så har det vore ei negativ utvikling frå 2016 til 2017. Dette gjeld barnehagelærarutanning, dei to grunnskulelærarutdanningane, dei to programma på sosialfag og to av bachelorprogramma på avdeling for mediefag. Dette er studium med mange studentar og har kanskje difor merka omlegging av datasystema i større grad enn studium med færre studentar. Det er lettare å formidle meldingar mellom studentar og lærar på små studium enn på studium med mange studentar.
Likevel kjem vi ikkje bort frå at på  studium med mange studentar har studentane nytta Studiebarometeret til å ytre misnøye, og det tek vi på stort alvor. Den einaste oppskrifta på å få betre på manglar er studentmedverknad: Vi må rett og slett snakke med studentane om kva dette handlar om og i lag med dei finne ut kva som bør gjerast. Men vi skal også hugse på at for mange av studia med lågare score enn i 2016, så har eksamensresultata til jul 2017 vore gode – til dels svært gode. Det er også ein del av bildet.
I lys av dette kan det vere verd å minne oss sjølve om at når vi hadde bra tal for allmenn tilfredshet i 2015 og 2016, så var det også då mange studentar som ikkje var nøgde med medverknad og kommuniasjon frå faglege og administrasjon. Tillitsvald-apparatet og fagkritisk arbeid må prioriterast for å betre dette.
Rektoratet vil stille opp på alle program som ønskjer at vi skal presentere og diskutere resultata.
Studiebarometeret kjem til å bli diskutert på nær sagt alle relevante nivå i organisasjonen. Slik er det meint at Studiebarometeret skal vere: Eit verktøy for lokal kvalitetsutvikling.
Det er planlagt allmøte om Studiebarometeret tidleg i mars. Då bør både studentar, fagmiljø, studieadministrasjon og leiing ha fått eit godt grep både om tala og vurderingar frå studentane og fagmiljøa slik at vi kan bruke møtet til å oppsummere kva som bjør gjerast for at vi skal bli betre. Og ikkje minst viktig er det å formidle dette til fagmiljø og studentar.
NOKUT er invitert til å delta på allmøtet, og også av metodiske grunnar bør Volda-tala for 2017 vere interessante. Det er spesielt med ei endring på 0,4 frå eitt år til eit anna.
Leiinga starta dialogen med studentane (STIV) tidleg i januar då vi vart klar over korleis tala såg ut. Høgskuleleiinga og avdelingsleiinga har hatt møte med fagmiljøa der det var særleg store endringar frå 2016 for å finne ut kva som kan ha skjedd og for finne måtar å arbeide betre på. Dette arbeidet vil halde fram utover våren, og når vi veit sikkert kva dette handlar om så må vi også syte for at studentar på andre årstrinn også får eit ord med i laget slik at erfaringar frå studiebarometeret 2017 kan føre til styrking av kvaliteten. Det er jo også meininga med studiebarometeret.
Høgskulen i Volda har dei siste åra har vore svært offensiv med å ta i bruk digitale verktøy.
Til dømes vart det før jul 2017 berre gjennomført 13 tradisjonelle skuleeksamenar med penn og papir. Alle andre eksamenar vart gjennomført digitalt. Vi står på trappene og skal ta i bruk eit digitalt system for pensumlister – men ut frå erfaringane med Canvas bør vi nok vere litt meir varsame med å ta i bruk systemet Leganto i full skala.
I eit kvalitetsperspektiv er det overraskande over at det er eit stort sprik mellom dei svake resultata i Studiebarometeret for 2017 og den årlege studiekvalitetsrapporten som vart lagt fram for Høgskulestyret i slutten av januar. Studiekvalitetsrapporten gjaldt for studieåret 2016-2017 og det var få eller ingen teikn der som tyda på at studentane opplevde store problem i studia. Studiebarometeret vart altså gjennomført hausten 2017 og om det var slik at mange studentgrupper opplevde problem og frustrasjonar med dei nye systema hausten 2017 så er dette faktorar som kan ha påverka svar i Studiebarometeret. Det hjelper lite om ting fungerte godt i fjor om du her og no opplever store frustrasjonar.
Andre forklaringar vil eg vere svært open for innspel frå fagfolk og studentar på. Det er heilt klart også spesielle forhold for einskildstudium som kan ha påverka studiekvardagen. Store faglege endringar som etablering av nye bachelorprogram, interne overflyttingsprosessar, ein svært krevjande akkrediteringsprosess og andre store faglege endringar i GLU, stor søknads- og prosjektaktivitet og fleire år med overopptak på populære studium kan vere nokre delforklaringar i dette bildet.
Studiebarometeret vert gjennomført på nokre minutt i ein einskild time og gjev eit lite gløtt inn i det aktuelle studiet. Alle andre dagar av studieåret er det studentane og faglærarane som i fellesskap må bidra til best muleg studiekvalitet.
Og då blir mi oppmoding til fagmiljøa:
Gje studentane tidlege og tydelege beskjedar, involver dei i gjennomføring av programmet, forvent at fagutval og programevalueringar blir teke på største alvor, og ikkje minst: Gje rask og tydeleg tilbakemelding på innspel frå studentane.
Om dette skjer så har eg stor tru på at Studiebarometeret for 2018 vil gje eit heilt anna resultat enn for 2017.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar