Annakvart år vert representantar frå høgskulestyret og toppleiinga ved høgskulen innkalla til etatstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet. Førre møte var i 2015, så no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding frå departementet. Dette er dei mest konkrete tilbakemeldingane Høgskulen i Volda får frå Kunnskapsdepartementet i rolla som eigar.
Vurderinga til Kunnskapsdepartementet omhandlar hovudsakleg 2015 og byggjer på tildelingsbrevet for 2015, men også Studiebarometeret og andre dokument som omtalar verksemda ved høgskulen.
Fjordkonferansen vart i juni 2016 arrangert i Loen for fjerde gong. Etter konferansen i 2015 var eg litt spent på kva som ville bli framtida for konferansen, men med 95 deltakarar i 2016 så har i alle fall fagfolka synt at dei er interesserte i å vidareføre konferansen, og då håper eg vi som institusjonar kan klare å løfte dette prosjektet vidare i godt samarbeid med næringsliv, arbeidsliv og offentelege instansar i fjordfylka.
Her har den nye Høgskulen på Vestlandet ein innarbeidd og nødvendig møteplass for forskarar på tvers av institusjonane.
Konferansen for 2017 er i alle fall tidfesta og temaet blir: Det regionale i det internasjonale. I grunnen burde alle fagfolk ved Høgskulen i Volda kunne bidra på det temaet!
På årets konferanse var det nesten 100 deltakarar. Over 40 frå Sogn og Fjordane. Under 10 frå Volda. Vi burde hatt fleire. Interessant er det også å sjå at det i år har vore fleire deltakarar frå Bergen: Høgskolen i Bergen, Norsk Lærerakademi og Universitetet i Bergen. Eg trur det blir endå fleire derifrå neste år.
I år var det Høgskolen i Sogn og Fjordane som var arrangør, men alle dei fire høgskulane har ansvar for at det blir eit godt arrangement – inkludert å spreie informasjon om at Fjordkonferansen kjem, kva som er tema – og ikkje minst fristane for innlevering av samandrag (abstract) og innlegg.
Vi har også kome inn i ein god stim med publisering av antologiar etter konferansane, og antologiane bør definitivt også halde fram!
Før neste konferanse i 2017 kjem truleg antologien som byggjer på innlegga på konferansen i 2016. Det blir den femte antologien i rekkja.
Helsing til tilsette og studentar ved sommaravslutning for skuleåret 2015-2016, 13. juni 2016:
Kjære alle tilsette på Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Møreforsking Volda AS, Nynorsksenteret og Studenttinget i Volda:
Det er kjekt at så mange av dykk har prioritert å kome til denne felles avslutningsmarkeringa for alle tilsette. Eg veit at det er på det travlaste no med sensurbunkar, revidering av pensumlister og å lage nye kompendium i BOLK. Men det er kanskje nettopp då vi treng ei pause.
Eg vil rette ein takk til alle som lagt ned ein stor innsats for studentar, forsking og for kolleger året som har gått. Eg tykkjer vi oppnår mange gode resultat – og vi skal ikkje vere redde for å fortelje om det til andre.
Denne samlinga er kalla ei sommaravslutning for studieåret 2015-2016. Men vi skal også sjå framover mot neste studieår 2016-2017. Og det er store og viktige saker for høgskulen som vil stå på dagsorden vidare framover.
Den største og viktigaste saka som høgskulen har hatt på dagsorden dei siste åra er den såkalla struktursaka – også kalla strukturprosessen. Frå 1. januar 2016 vart Høgskulen i Ålesund teken over av NTNU i Trondheim. I førre veke vart det klart at styra ved dei tre høgskulane sør for oss vil slå seg saman. Dette gjeld altså Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Frå 1. januar 2017 vil dei vere samla under namnet Høgskulen på Vestlandet.
Vi i Volda arbeidde i 2015-2016 for å få etablere ein høgskuleallianse i lag med Lillehammer og Molde. Som kjent ville ikkje Kunnskapsdepartementet gå med på denne modellen, og vi ser no at Høgskolen på Lillehammer og Høgskolen i Hedmark tek sikte på å fusjonere om eit år eller to.
Kva plass får Høgskulen i Volda i dette bildet?
Det har vore lite skråsikre meiningar i denne saka – men mykje velbegrunna tvil. Det har rett og slett ikkje vore opplagte fusjonspartnerar for Høgskulen i Volda. Men det er viktig å få fram at Høgskulen i Volda, altså styret, ikkje har sagt nei til dei andre høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Vi har sagt ja til ein felles høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Eg trur det er svært sannsynleg at vi hadde vorte ein del av Høgskulen i Møre og Romsdal frå 1. januar 2017 om ikkje Høgskolen i Ålesund hadde følgt dei politiske føringane og nytta høvet til å legge seg inn under NTNU i Trondheim då høvet baud seg. Men fagleg sett hadde Høgskulen i Volda hatt lite å tene på å gå inn ein høgskule for Møre og Romsdal. Fagmiljøa i Volda hadde i liten grad vorte styrka.
Vi har sagt ja til ein felles høgskule med Sogn og Fjordane.
Fagleg sett hadde begge institusjonane vorte styrka om Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde teke i mot invitasjonen frå styret ved Høgskulen i Volda om ein tosidig fusjon, men våre naboar i sør valde i staden å gå til Bergen og det respekterer vi naturlegvis.
Vi har altså pr i dag ingen aktuelle fusjonspartnarar, men til viktigare er det at vi held fram med gode faglege samarbeid på område der det er naturleg. Vi har i mange år hatt eit samarbeid med andre høgskular og universitet på Vestlandet gjennom UH Nett Vest, og dette samarbeidet held fram. Det siste året har vi starta opp doktorgradsutdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Og vi er i ferd med å få på plass ein eigen samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Slike samarbeid fungerer ikkje utan interesserte forskarar, og då er det kjekt å konstatere at vi dei siste månadene har tilsett tre professorarar ved Universitetet i Bergen i professor II stillingar hos oss: Det er Rune Krumsvik innanfor pedagogikk og IKT, det er Endre Brunstad innanfor norsk og norskdidaktikk og det er Kjetil Børhaug innanfor samfunnsfagsdidaktikk. Vi ser fram til eit spennande samarbeid med desse tre og håper det kan bli aktuelt med fleire på andre fagområde i tida som kjem.
Men er dette godt nok? Svaret på det må vi finne i lag. Og måten vi finn svaret på er gjennom strategiarbeid.
Hausten 2016 skal vi arbeide med ny strategiplan for dei komande åra, og før helga vedtok styret at det skal vi gjere ved å invitere alle tilsette med i strategiverkstader. Dette blir ein prosess der september og oktober blir dei viktigaste månadene – med styreseminar i slutten av oktober som ein viktig milepæl.
Gjennom strategiarbeidet i haust får styret og alle tilsette høve til å tenkje gjennom og gjere eigne vurderingar av høgskulen i Volda i framtida:
Sjølvstende. Eller noko anna.
Som de kanskje hugsar så gjekk vi i rektoratet til val på at vi meinte det var best for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule, og per i dag har vi altså ingen alternativ til det. Eg meiner det ikkje er noko dårleg alternativ. Høgskulen i Volda og forløparane Volda lærarskule og Distriktshøgskulen i Volda har alltid vore ein særmerkt nyttevekst og prydplante i høgskulenoreg, og det skal vi vere i framtida også.
Vi har eit velkjent namn – mykje meir kjent enn det storleiken skulle tilseie. Med færre høgskular i landet håper eg vi i framtida skal framstå endå tydelegare og bli lagt endå meir merke til.
Vi har eitt høgskuleområde – eitt campus – som heiter det same som høgskulen. Dei nyfusjonerte høgskulane og universiteta med mange studiestader får slite med å halde styr på mange einingar.
Våre bachelorstudentar har dei siste tre åra vore best i landet til å fullføre bachelorutdanninga på normert tid. Og gjennomstrøyming som det heiter, er kanskje den største utfordringa for norsk høgare utdanning. Vi har gode resultat fordi vi i Volda har ein lang tradisjon for at studentar blir tatt vare på, at læraranes dører og innbokser er vidopne for studentar, og at lærarar og studentar bryr seg om og tek initiativ overfor studentar som slit. Det må vi halde fram med! Men i tillegg har våre studentar bra karaktersnitt frå vidaregåande skule, husleige og transport er ikkje dyrt i Volda så studentane kan faktisk vere fulltidsstudentar.
I sum er dette viktige byggesteinar i det som kan kallast vårt omdømme – eit ord som sikkert er i ferd med å bli utslite. Men vi har ein slitesterk bodskap – eller eit godt produkt om ein vil: I Volda ser vi studenten, studentane er i Volda for å studere og blir faktisk ferdig. Vi har høg gjennomføringsgrad og låg strykprosent. Men vi er og skal ikkje vere slepphendte med karakterane.
Eitt viktig mål for strategiarbeidet er å ta vare på slike verdiar – dette produktet. Det betyr ikkje at vi må site musestille og håpe på minst mulig forandring. Heller tvert mot. Vi må vere offensive og framtidsretta og ikkje vere redd for å ta i bruk ny teknologi. Blant anna.
Det er her kjekt å få nemne at vi ligg godt an med digital eksamen. I 2017 blir vi kanskje den første høgskulen som er fulldigitalisert på eksamen. Fulldigitalisering av kompendium gjennom BOLK er også eit område der vi ligg langt framme.
Vi har mange andre store, viktige og vanskelege prosjekt framfor oss.
Prosjektet som per i dag antakelig involverer flest personar er arbeidet fram mot femårig grunnskulelærarutdanning. Vi har trudd at vi skal søkje om akkreditering av seks nye lærarutdanningsløp – men i førre veke vart det klart at det blir åtte. Fordelt på norsk, matematikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag. Eg ønskjer dei involverte i dette arbeidet all muleg lukke til – vi er veldig spente på korleis arbeidet går og ser med forventning fram til resultatet.
Det største og dyraste prosjektet på dagsorden på Høgskulen dei komande åra vert å byggje nytt hus: Hus for mediering og kulturformidling som det litt uoffisielt blir kalla. Medie- og kulturfaga er viktige utdanningar for Høgskulen i Volda, men utdanningane er trangbodde og treng meir og betre plass og lokale for å kunne møte dei raske endringane som skjer i medieverda. Eg håper vi om eitt år kan samlast og konstatere at det nye medie- og kulturhuset skal byggast i samarbeid med Volda kommune. Dette er eit godt prosjekt for Høgskulen og eit godt prosjekt for Volda kommune. Fredag 24. juni skal høgskulen og Statsbygg møte Kunnskapsdepartementet og eg har godt håp om at vi der får tommelen opp for at Statsbygg kan starte planlegginga hausten 2016.
Eit anna viktig prosjekt i haust er revisjon av studiekvalitetssystemet vårt. Vi kan rekne med at NOKUT vil kikke oss i korta på dette våren 2017, og dei siste signala frå NOKUT-direktøren er at NOKUT faktisk vil studere korleis institusjonane brukar kvalitetssystemet – ikkje berre at det finst eit kvalitetssystem. Eg er ikkje bekymra for den samla kvaliteten på våre studium, men ein treng ikkje vere dårleg for å bli betre.
Vi kan nok bli betre på å gjere pensumlistene ferdig tidlegare og dermed også få på plass kompendium tidlegare gjenno det digitale BOLK-systemet. Alle studentar i heile landet – også i Volda – etterlyser meir varierte læringsformer. Vi bør nok spørje studentane kva dei eigentleg meiner med det – og bruke svara aktivt. Dette er også ei utfordring til studentane om å bli meir aktive og å delta i fagutval for å påverke eige læringsmiljø. Vi kan også bli betre til å dra Studiebarometeret inn i evalueringa av emne og program for å gjere dei betre. Her meiner eg vi finn døme på at Studiebarometeret har resultat som vi ikkje har avdekt i våre interne vurderingar. Dette er spennande arbeid, og eg trur vi bør kunne å endå betre resultat på Studiebarometeret i neste runde hausten 2016.
Men vi har ei anna kjempeutfordring som eg har vorte meir og meir klar over det første året mitt som rektor, og som eg håper strategiprosessen kan hjelpe oss med å finne løysingar på: Vi må kommunisere betre med studentane og med kvarandre. Vi må nå studentane på tvers av emne og studium. Den obligatoriske og studienødvendige informasjonen trur eg vi stort sett når fram med: Pensumlister, innleveringar, eksamensdatoar, klagerett og så vidare. Men det er kommunikasjon til alle studentar på tvers av emne, program og avdelingar eg er bekymra over og trur vi kan bli betre på.
La meg ta eitt døme: I 17. maitoget i Volda går Høgskulen i Volda sist. Det går på omgang mellom avdelingane og fellesadministrasjonen kven som skal bere fana. Men det er utruleg få tilsette og studentar som går i lag med dei som er utkalla til å representere høgskulen. Men har studentane fått beskjed om at dei er inviterte? Har dei tilsette fått oppmoding? Antakelig ikkje nok eller tydeleg nok. Dette er berre eitt døme på fellestiltak for våre 4.000 studentar og 400 tilsette. Andre tiltak som alle studentar og tilsette bør vite om er: Deltaking i studiebarometeret, val til høgskulestyre, avdelingsråd, studentting og mykje anna, informasjon om festivalar, seminar og spennande gjesteførelesarar og så vidare og så vidare. Vi har stor, mangfaldig og spennnade aktivitet på Høgskulen i Volda, men informasjonen om dette er fragmentert og ad-hoc. Her må vi bli betre, og eg håper at strategiarbeidet vårt kan peike ut ei retning slik at det blir endå meir spannane, interessant og givande å vere student ved høgskulen i Volda også i framtida.
Og så får vi sjå om vi blir fleire under HVO-fana i 17. maitoget i åra som kjem.
Takk for eit spenannde og givande studieår, god sommar til dei som går laus på det, og eg ønskjer alle velkomne til semesteropninga 16. august.
Kommentarartikkel sendt til ei rekkje aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 12. juni 2016.
Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Styret ved Høgskulen i Volda inviterte tidlegare i vår Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dette blei avvist av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Først ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok å innleie fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Og like før helga vart det klart at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med røystetala 6-5 vedtok å godkjenne fusjonsforslaget og dermed går sørover og ikkje mot Volda. Dette kan vi i Volda berre respektere og akseptere, men ønskjer å halde fram med faglege samarbeid.
Tidlegare har det vorte klart at Høgskulen i Møre og Romsdal ikkje blir noko av, fordi NTNU overtok Høgskolen i Ålesund. Vi prøvde også å få til ein allianse mellom Volda, Molde og Lillehammer, men dette har Kunnskapsdepartementet avvist.
Men det er inga ulukke for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Land og strand rundt strevar universitet og høgskular med til dels svært kompliserte fusjonsprosessar der mange fagmiljø og studiestader skal finne sin plass. I Volda kan vi i staden konsentrere oss om det jamne, harde arbeidet med å levere stadig betre kvalitet på utdanning og forsking. Og det er svært gledeleg å legge fram tal som syner at vi lukkast på mange område.
Særleg viktig er det at studentane ved Høgskulen i Volda er dei flinkaste i landet til å fullføre bachelorutdanning. Etter nasjonale målingar dei tre siste åra er det ca 60 prosent av våre bachelorstudentar som blir ferdige på dei tilmålte tre åra. Landsgjennomsnittet er 50 prosent. Dette er ikkje berre viktig for oss, men også for OECD og produktivitetskommisjonen som seier at dårleg gjennomføring av utdanning er ei av dei største utfordringane i norsk høgare utdanning. Så dette er ikkje viktig berre for Volda og for regionen – men også nasjonalt og internasjonalt.
Kvifor lukkast vi så bra i Volda? Dette handlar både om gode lærarar som bryr seg om studentane, motiverte studentar, eit godt studentmiljø og at studentane faktisk har råd til å vere studentar på fulltid i Volda. Det er korte avstandar og mange hyblar til ein grei pris i Volda. Eiksundtunnelen og Kvivsvegen har også gjort det lettare for fleire studentar i regionen å bu heime og å pendle til Volda. Enn så lenge har vi også gratis parkering. Hausten 2016 kjem vi truleg til å sette ny rekord i tal på studentar, noko som heilt sikkert kjem av at også studentane veit kva kvalitetar det er ved å studere i Volda.
Studentane rapporterer då også om at dei trivst godt i Volda og har i praksis vist seg å vere våre viktigaste ambassadørar for å rekruttere nye studentar.
Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.
Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.
BOLK er eit døme på at digitalisering ikkje treng om å vere smertefritt, gratis eller arbeidssparande – i første omgang. Men vi kan heller ikkje la vere.
Dei to viktigaste tinga vi har lært etter eitt år med BOLK er:
Lag pensumliste og kompendium i god tid – det er for seint å starte etter 1.juli fordi klarering i BOLK kan ta lang tid.
Sjekk alle pensumreferansar i ORIA – då finn du ut om litteraturen er tilgjengeleg i elektronisk versjon.
Våren 2015 vedtok Strategisk studienemnd at Høgskulen i Volda skulle gå over til å bruke BOLK for klarering og produksjon av kompendium:
Sak 9/15: Strategisk studienemnd vedtek at Høgskulen i Volda tek i bruk modell 2: Alle kompendium vert laga som PDF og skal berre distribuerast som PDF
Tenestene som BOLK tilbyr er både klarering av opphavsrett til kompendietekster og digital produksjon av kompendia. BOLK er eigd av Kopinor. Gjennom BOLK kan Kopinor på ein lettare og sikrare måte få betaling for bruk av artiklar og bokkapittel i våre kompendium. Mange fagtilsette ved HVO er med i organisasjonar som er med i Kopinor-paraplyen. Som til dømes Den norske forfattarforening, Norsk Faglitterær Forfattar- og oversettarforening, Norsk Journalistlag og andre. Ei krone til Kopinor blir altså ei krone til sin eigen organisasjon.
Det er nok liten tvil om at det blir laga kompendium ved Høgskulen i Volda – både før og no – utan at klarering av og betaling for opphavsrett er ordna på skikkeleg vis. På den måten taper fagtilsette indirekte inntekter ved at Kopinor ikkje får rett betaling. Og det er heller ikkje lovleg.
Etter at vi tok i bruk BOLK har vår betaling til Kopinor auka med ca 50 prosent – frå knapt ein million i 2014 til ca 1,5 mill i 2016. Rekninga blir sendt vidare til studentane, og om studantane får betre kvalitet på tenestene frå oss så er det antakelig verd prisen. Kanskje sparer også studentane på dette samla sett fordi dei får gode kompendium i staden for ei og anna fagbok.
Eit heilt anna spørsmål er om BOLK er eit godt system. Det er det førebels ikkje. For fagtilsette varierer det mykje om litteratur er tilgjengeleg gjennom BOLK. Om litteraturen ikkje finst må den klarerast av BOLK, og det har i ein del tilfelle gått lenger enn dei to vekene som BOLK seier ein må rekne med. Ein ting er at ting tar tid – verre er det når ein ikkje veit når ting blir ferdig. Slikt skapar uvisse, irritasjon – og antakelig avvising av heile systemet.
Det var nok mange av oss som trudde at BOLK var lettare å ta i bruk enn det faktisk viste seg å vere. Vi sette difor heller ikkje av nok ressursar til opplæring eller til å yte god nok service til dei mange fagtilsette som skulle ta i bruk BOLK. Men for våre studentar og andre samarbeidspartar er det uansett den samla opplevinga av kva vi leverer som er viktig, og her har vi eit felles ansvar.
Lærdommen frå det første året er å starte så tidleg som råd med å lage kompendium i BOLK. Det er ein risikosport for studentane og studiekvaliteten om kompendia først blir tilgjengelege langt ut i semesteret.
For å gjere det heilt klart: Vi kan ikkje avdigitalisere kompendieproduksjonen.
Ein annan mangel ved BOLK er at somme filer som BOLK sjølv har levert ikkje er av god nok kvalitet. Dei er rett og slett ikkje leselege. Dette har BOLK fått beskjed om, og må skjerpe kvalitetskontrollen og raskt rette opp slike feil når vi som brukarar gir beskjed om det. Igjen: Vi må starte arbeid med kompendium så tidleg som råd.
I møtet med eit system som vert opplevd som tungvint har mange fagtilsette fått hjelp frå sine fagleg-administrative tilsette. Eg håper at dette korpset no etter eitt års arbeid med BOLK har fått nyttige erfaringar som kan brukast til kompendieproduksjonen no i haust. Dei har brukt mange timar på å hjelpe fagtilsette med å lage kompendium.
For somme emne har nok truleg dei fagtilsette heller sett bøker på pensumlistene framfor artiklar eller bokutdrag. Mange studentar vil nok sette pris på akkurat det, men når det gjeld val av litteratur må fagmiljøa gjere sine eigne vurderingar.
Det er framleis mange uavklara spørsmål knytt til korleis vi skal organisere oss internt. Og det gjeld både ansvar, kompetanse og økonomi.
Kva ansvar har fagmiljøa?
Det faglege ansvaret for pensumlistene må naturlegvis fagmiljøa ta – og det er kanskje den største fordelen med BOLK: Dei fagtilsette kan få veldig god kontroll over kompendieproduksjonen. For ein del kompendium har det vore berre å sette saman kompendiet og trykke på send – og så blir kompendiet produsert. Eg er klar over at i praksis har det ikkje vore så enkelt som dette, dessverre. Sjølv om ein kan få inntrykk av at det er slik i reklamefilmen på BOLKS nettsider.
Fagmiljøa har naturlegvis heilt og fullt ansvar for det faglege innhaldet i pensumlistene. Men også når det gjeld form og kvalitetssikring av pensumlistene så har fagmiljøa eit ansvar. På denne nettsida finn du råd og retningsliner for skriving og sitering ved Høgskulen i Volda – blant anna råd og retningsliner for digitale kompendium.
I retningslinene for pensumlister står blant anna følgjande:
Sjekk av pensumlista Før pensumlista vert publisert bør ein sjekke at denne har: – Alfabetisk sortering – Rett forfattarnamn og tittel – Siste utgåve av boka/bøkene. Tips: Søk i Oria www.oria.no – For eldre bøker: Er desse framleis til sals? – Korrekt referansestil (t.d. APA)
Det burde også stått i denne sjekklista at alle pensumreferansar bør sjekkast i Oria for å finne ut kvar dei er tilgjengelege, eller i praksis: Om dei er tilgjengelege i elektronisk versjon. Stadig fleire tidsskriftartiklar blir tilgjengelege i Oria, og Nasjonalbiblioteket fyller stadig vekk på med digitale utgåver av norske bøker.
Somme fagtilsette har teke for lett på å sjekke tilgjenge tidlegare. Diverre skaper det problem for andre – særleg bokhandelen og biblioteket – og siste instans studentane.
I ekstreme tilfelle har litteratur ikkje vore tilgjengeleg i bokhandelen før svært nær eksamen, har Studenttinget rapportert om. Det er naturlegvis ikkje holdbart. Så fagtilsette bør også ta eit ansvar for at litteratur faktisk er tilgjengeleg for studentane i god tid før semesterstart – spesielt om ein vel å sette opp vanskeleg tilgjengeleg litteratur. Ideelt sett burde nok litteraturen – også kompendia – vore klare i god tid før sommarferien. Somme studentar ønskjer faktisk å lese i sommarferien og då bør pensum vere spikra og litteraturen tilgjengeleg.
Lang tid på godkjenning av litteratur som ikkje ligg i BOLK blir berre ein ny versjon av dette problemet.
Noko anna er at somme pensumlister faktisk blir justerte heilt fram til studiestart. Det er uheldig. Studentane fortel at dei har kjøpt bøker i god tid – som ved studiestart viser seg har vorte fjerna frå pensum. Eg trur ikkje pensum blir av vesentleg betre kvalitet om ein lagar listene ferdig i all hast i august framfor å gjere det ferdig i juni. Så igjen: Gjer ting ferdig i god tid.
Kva med studentane?
For studentane bør det ikkje spele noko rolle korleis høgskulen organiserer og styrer med BOLK. Studentane bør få pensumlistene tidleg og vere sikre på at litteraturen er lett tilgjengeleg i god tid før studiestart. Om det ligg ei pdf-fil i Fronter så bør studentane vite at den er lovleg og klarert. Og det er HVOs ansvar.
Men studentane vil få merke BOLK på ein annan måte. Studentane betalar semesteravgift der også utgifter til BOLK blir dekt.
Når BOLK-kostnadene aukar dekkjer ikkje lenger kopiavgifta kostnadene og dermed bør avgifta auke. Men på den andre sida vil fleire elektroniske kompendium føre til at studentane må kjøpe færre bøker, så antakelig endar totalrekneskapen til studentane i pluss.
Fakta om BOLK ved Høgskulen Volda
Høgskulen i Volda har slutta å trykke opp kompendium – ein jobb der Hustrykkeriet tidlegare var sentralt.
I staden skal HVO lage digitale kompendium via BOLK.
BOLK er eit klarerings- og produksjonssystem.
BOLK er eigd av opphavsrettsorganisasjonen Kopinor
Ved Høgskulen i Volda er Marit Vartdal Engeset kontaktperson i tekniske spørmål (tilgang til BOLK osv), men ikkje i faglege spørsmål.
Avdelingane og dei fagtilsette har sjølve ansvaret for å lage kompendia.
Biblioteket yter service i spørsmål som gjeld ORIA og kan også rådspørjast ved spesielle klareringsproblem.
Over 100 tilsette ved HVO har i 2015 og 2016 fått tilgang til å lage kompendium i BOLK.
Det første året (hausten 2015 og våren 2016) har det vorte laga over 200 kompendium i BOLK ved HVO.
HVO tilbyr over 500 emne, så truleg er vi knapt halvvegs i innføring av BOLK ved HVO.
Kvalitetsdebatten har dreia i retning av undervisningskvalitet. Det er i det minste ei retning på debatten. Men økonomiske føresetnader for å levere kvalitet manglar både i debatten og i statistikkgrunnlaget, særleg Tilstandsrapporten for høgare utdanning. Alle veit at institusjonane i høgare utdanning har svært ulik grunnfinansiering, men det er ikkje politisk vilje til å endre på dette. Men kvalitetskriteria skal visst vere nokså like – uansett finansiering.
Men kva er undervisningskvalitet? OECD og produktivitetskommisjonen har særleg vore opptatt av gjennomstrøyming: At studentane faktisk blir ferdig med utdanninga si. På normert tid.
Ut frå dette kriteriet er vi glade for å kunne notere at bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda er flinkast i landet til å fullføre på normert tid. Her har vi vore på topp i landet dei siste åra – i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eksterne kvalitetsvurderingar har ikkje synt at vi er slepphendte med karakterane – men vi treng naturlegvis ikkje om å vere svake for å bli betre.
Handlar dette om drusteleg god finansiering? Høgskulen i Volda er definitivt ikkje blant høgskulane som har best finansiering. Og det var faktisk også situasjonen i 1896 då ein akkrediteringskommisjon sa følgjande om lærarskule i Volda: «Lærernes dygtighed synes at give grund til at antage, at seminariet [Høgskulen i Volda] til trods for de væsentlige ydre mangler, (…) vil kunne opnaa at føre sine elever til det tilsigtede maal».
Mykje har skjedd på 100 år – men god finansiering har vi fortsatt ikkje i Volda. Men måla når vi. Den tids kunnskapsdepartement tilbake i 1896 ville forresten ikkje at Volda skulle bli statleg lærarskule, trass i fagleg basert tommel opp frå akkrediteringskommisjonen frå Bergen. I staden starta Henrik Kaarstad ein privat lærarskule som i 1922 vart den største i Skandinavia. Det handla truleg mest om «lærernes dygtighed».
I tillegg til flinke lærarar kan det også tenkjast ei tileggsforklaring på kvifor Volda leverer gode resultat trass i låg grunnløyving, og den kan også hentast i økonomien:
Ein voldastudent har faktisk råd til å vere fulltidsstudent. Husleiga er låg i Volda. Det er nok av hybler nær høgskulen. Busskort trengst ikkje. Du kan gå frå eine til andre enden av campus på fem minutt. Og fleire studentar på små stader som Volda vil også føre til mindre press på bustadmarknaden på større stader. Det er ikkje nødvendig å gjenreise heiltidsstudenten i Volda – ho har alltid vore der.
Min konklusjon er at så lenge økonomi ikkje blir drege inn i kvalitetsdebatten så er dette delvis ein skinndebatt. Det burde ikkje vere rart at godt finansierte institusjonar også leverer gode resultat og det er nok nødvendig om ein skal få fleire Nobel-prisar eller bli best på Hav. Men med vanskelege komande år i norsk økonomi er det viktig å merke seg at det også finst små fagmiljø som over tid leverer gode resultat – trass i små budsjett.
Uansett bør kvalitetsdebatten også handle om økonomi.
Høgskulen i Volda har ein strategiplan. Strategiplanen gjeld til det kjem ein ny. Og i haust kjem ein ny strategiplan. Alle tilsette vil bli inviterte med inn i arbeidet med den nye planen.
Den er veldig konsentrert. Berre på litt over 2 sider og den ligg ute på nettsidene våre. Her finn du strategiplanen og andre styringsdokument:
Det er Høgskulestyret som vedtek strategiplanen – og blant anna også budsjetta våre. Leiinga, organisasjonen og dermed kvar einskild tilsett står ansvarleg for å gjennomføre strategien – helst innanfor budsjettet.
Eller: Ny plan? Skal alt som står i den gamle planen omskrivast eller strykast? Etter mi meining trengst det meir ei justering eller revidering av strategiplanen – alt treng ikkje å skrivast på nytt.
Men same kva som blir ståande som resultatet av ein strategiplan så er prosessen fram mot resultatet minst like viktig som teksten og tiltaka som får plass i planen.
Korleis blir blir lokaldemokratiet utan lokalaviser? Vil Facebook og nettkommentarar gje oss nyhenda vi treng og sikre gode debattforum i framtida? Neppe. Kanskje er det på tide å gje lokalavisa varig vern?
15. april gjekk søknadsfristen i Samordna opptak ut, og få dagar etterpå kunne instusjonar i høgare utdanning fortelje om søkjartala til sin institusjon.
For Volda sin del kan eg alt i dag seie følgjande om Høgskulen i Volda, hausten 2016:
Andre høgskular og universitet får vurdere korleis dei presenterer sine tal, men vi står for vår presentasjon av våre eigne tal:
Det samla talet på søkjarar til høgare utdanning i heile Noreg auka med ca 3,2 prosent samanlikna med i fjor, viser tala frå Samordna opptak. Høgskulen i Volda har ein nedgang i søkjartala i Samordna opptak på 2,58 prosent. Men det er berre teljarsida av brøken i prosentutrekninga. Ein må også sjå på nemnaren.
Vi har klart færre studieplassar i Samordna opptak i 2016 enn året før fordi deltidsutdanningar har vorte lagt ned eller tekne inn i lokalopptak.
Talet på søkjarar pr studieplass ved Høgskulen i Volda har dermed auka frå 1,3 i fjor til 1,6 i 2016. Vi har altså litt færre søkjarar enn fjor, men mykje færre studieplassar å konkurrere om.
Konkurransen om å få studieplass i Volda har auka sterkt på studia i Samordna opptak.
Dei siste åra har under halvparten av studentane som tek til på Høgskulen i Volda kome inn via Samordna opptak. Over halvparten tek vi opp gjennom lokalopptak der studentane søkjer på studieplass direkte hos oss.
Det er eit detaljert regelverk for kva studium som skal leggast ut i samordna opptak, og pr i dag har Høgskulen i Volda 33 studium i Samordna opptak, men vi har lokalopptak på godt over 100 studium i tillegg. Og på lokalopptaket tek vi opp studentar fortløpande, også litt etter studiestart om det er ledige plassar. Så det endelege talet på søkjarar og studentar som faktisk tek til hos oss veit vi ikkje før langt ut i september. Men vi har jo fått litt erfaring i å vurdere tala.
Så kva gir det rettaste bildet av utviklinga i søkjartal pr i dag? Burde vi fokusere berre på Samordna opptak? Eg meiner vi bør gje eit mest muleg fullstendig bilde av søkjartala – både av omsyn til søkjarane og til alle andre, og då kan vi ikkje la vere å omtale lokalopptaket.
Eg trur ryktet om vårt gode studentmiljø, god kvalitet på undervisning og at studentane trivst ved Høgskulen i Volda er gode forklaringar på den positive utviklinga.