Debatten går høgt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap («aktivitetsbaserte arbeidsplassar»).
Det er liten tvil om at det forkjemparane for det beståande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv på si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar.
Forkjemparane for cellekontor meiner det er uråd å drive konsentrasjonskrevande arbeid om ein ikkje har ei dør å stenge seg inne bak. Dette var også gjennomgangsmelodien i NRK Brennpunkts dokumentar 25.april 2018:
Nettavisa Khrono tok kontakt med meg i samband med at over 200 representantar frå høgskular og universitet reiste til Kina på offisielt besøk i lag med Kunnskapsministeren og Kunnskapsdepartementet, blant anna dei fleste høgskulerektorane.
Sidan dei fleste rektorar deltok på reisa lurte Khrono på kvifor eg ikkje deltok. Det kort svaret mitt er sitert i Khrono (her omsett tilbake til nynorsk):
— Vi er ein spissa og profilert høgskule og våre fagområde var i liten grad tema på denne turen. Viss akademisk fridom, ytringsfridom og minoritetsspråk blir tema for seinere turar skal vi vurdere å bli med, seir Roppen til Khrono.
Eg har fått fleire positive kommentarar frå tilsette og leiarar på HVO for denne korte kommentaren, og gjennomgangsmelodien var at dette var ei haldning som HVO kunne stå for. Det er eg glad for. Høgskulen i Volda er og skal vere internasjonalt orientert, men også ei kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten. Vi skal ikkje vere redde for å seie frå om at det også var problematiske sider ved å reise, noko både Khrono og Forskarforum har synt gjennom mediedekninga av denne reisa.
No vart svaret mitt kutta til berre siste setninga i ein liten plakat på Khrono – og det er kanskje den som har vorte lagt mest merke til:
Eg står for det som er sagt og eg er sitert på – men i tillegg vil eg gjerne få fram at dette ikkje var eit forsøk på å drive utanrikspolitikk eller å kritisere Kunnskapsdepartementet eller ei nedvurdering av institusjonane som valde å delta på reisa. Eg er sikker på at dei har gjort gode og grundige vurderingar på førehand av kva dei kan oppnå med denne reisa. Og eg er sikker på at akademisk dialog er viktig og nødvendig, men også at den fungerer ulikt på ulike fagområde og i ulike land og kulturar.
Men denne reisa var det i stor grad teknologi, naturvitskap og næringsperspektiv som var i fokus. Høgskulen i Volda er spissa og profilert inn mot heilt andre fagområde, ikkje minst mediefag. Men skulle vi hatt eit samarbeid innanfor mediefag og journalistikk ville det vere nokså uråd å ha ein meiningsfylt diskusjon utan å kome innom spørsmål som gjeld ytringsfridom og pressefridom.
Dette har blant anna professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda blogga om etter erfaringar med samarbeid med russiske universitet.
Det har vore godt informert om denne Kina-reisa på førehand. Datoane har vore klar lenge, tematikken likeeins og Universitets og Høgskulerådet (UHR) har også kopla seg på reisa med eigne arrangement. Tidlegare har vi fått tilsvarande invitasjonar til å reise til Brasil i lag med Kunnskapsministeren og resten av sektoren.
Mi vurdering av å eventuelt reise til Brasil i 2015 og til Kina i 2017 gjorde eg i lag med leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda – Arne Humberset. Spørsmåla vi stilte oss var om vi hadde etablert samarbeid med fagmiljø i dei to landa som skulle tilseie at vi burde reise for å forsterke og vidareutvikle slike samarbeid. Konklusjonen var at vi har liten utvekslingsaktivitet og få faglege samarbeid med Brasil og med Kina. Vi har nok hatt sporadiske besøk begge vegar, men ikkje nok til at eg vurderte det slik at vi burde vere til stades.
Eg fekk også gode råd frå rektorar som har vore med på slike reiser tidlegare, og dei gjekk ut på at det var lite produktivt å berre reise aleine som rektor. Det er nødvendig å ha eit følgje på fleire som kan konkretisere aktuelle samarbeidstiltak, og ikkje minst var dette viktig å førebu før reisa. Og då blir det eit veldig mykje større spørsmål enn berre å delta på ei reise. Det bør altså gå inn i ein større internasjonaliseringsstrategi.
Høgskulen i Volda har i nærare 20 år hatt utvekslingsavtalar med eit indisk universitet og vi har dei siste åra fått ei forsterka samarbeid med det japanske universitet Rykkio – og har utvekslingsstudentar der no. Eg har merka meg at desse to landa frå somme ekspertar blir peika på som mindre kompliserte samarbeidspartar enn Kina, og håper at vi kan utvikle desse samarbeida vidare.
Tala for samordna opptak til høgare utdanning for studieåret 2018-2019 er klare. Og dei framtidige studentane kjem med klar tale: Stadig fleire ønskjer å studere ved Høgskulen i Volda. Knapt 8 prosent fleire studentar enn i fjor har eit studium ved Høgskulen i Volda som sitt førsteval.
Vi hadde ein auke på over 8 prosent også i fjor. Så no har vi hatt to år med sterk auke i søkartala og alle tilsette og studentar verd høgskulen kan vere godt nøgde med det. Vi hadde ikkje fått denne auken om ikkje noverande studentar fortalde om sin studiekvardag til framtidige studentar. Tala for Høgskulen i Volda ligg klart over landsgjennomsnittet og bryt med forventingane hos dei som har meint at høgskular må slå seg saman og bli størst muleg for å bli attraktive for framtidige studentar.
Vi har enno ikkje fått gått grundig inn på alle detaljar, men på våre nettsider www.hivolda.no er det presentert meir detaljerte tal for einskildstudium.
For eigen del vil eg seie at dei gode tala frå Samordna opptak kan tolkast som at:
Høgskulen i Volda står sterkt som sjølvstendig høgskule og viser godt igjen i det nye høgskulelandskapet som er prega av store institusjonar med mange studiestader –
Vi er ein spissa og profilert høgskule med ein tydeleg fagleg profil. Difor er det særleg gledeleg med sterk auke i søkjartala både på lærarutdanningane og mediefaga. Vi kan nok her takke regjeringa for god drahjelp – det er ingen som bør vere i tvil om at lærarutdanning er er prioritert høgt – også når det gjeld rekruttering.
Vi har lukkast godt med marknadsføringa vår der vi blant anna har fortalt om våre studium gjennom originalt innhald som har vorte spreidd på sosiale media.
Vi har fortsatt svært mange søkjarar på sosialfaga – sosionom og barnevern – etter fleire år med sterk vekst.
Dei siste åra har rundt halvparten av våre studentar fått sin studieplass gjennom den statlege tenesta Samordna opptak. Det gjeld blant anna alle bachelorutdanningane og dei femårige grunnskulelærarudanningane. Men i tillegg har vi opptak på ei rekkje studium gjennom vårt lokale opptak, og det gjeld blant anna dei fleste masterutdannningane og mange vidareutdanningar.
Så med så høge tal for samordna opptak må vi vere budde på at ein auke også på lokalopptaket. Blir det ny rekord? Og er det eigentleg bra?
Hausten 2017 hadde vi godt over 4.000 studentar ved Høgskulen i Volda – og det var ny studentrekord for oss. Eg trur det er sannsynleg at vi hausten 2018 set endå ein ny studentrekord, altså endå fleire studentar enn i 2017. Vi ønskjer å tilby studieplass til flest muleg kvalifiserte søkjarar – blant anna fordi i vår region er det færre med høgare utdanning enn i dei fleste andre område i landet. Her har vi ei viktig samfunnsoppgåve. Men på den andre sida har vi svakare finansiering enn dei fleste andre høgskular og det er ein risiko for at vi får svakare studiekvalitet om vi tek inn for mange studentar.
Det er ikkje eit strategisk mål for Høgskulen i Volda å sette nye rekordar i tal studentar. Tvert i mot er det eit mål for høgskulen å få færre studentar pr lærar. Det kan vi naturlegvis oppnå på mange måtar.
Men akkurat i dag med sterke søkjartal skal vi berre vere glade over at vi er ein attaktiv høgskule og gjere vårt beste for å leve opp til forventningane dei nye studentane har til oss – og vi bør ha til oss sjølve.
Eg vil difor nytte høvet til å gratulere tilsette, studentar og våre framtidige studentar med dei positive tala frå Samordna opptak. Vi må no gjere noko rett når så mange har lyst til å studere i studiebygda Volda.
På den årlege Solstrand-konferansen 21. mars 2018 deltok Kunnskapsminister Iselin Nybø på bolken «Digitaliseringsstrategien for UH-sektoren – overordnede betraktninger et halvt år etter lanseringen».
Kunnskapsminister Nybø peika på at då langtidsplanen for forsking og høgare utdanning vart lagt fram 2013 var ikkje digitalisering omtalt – men digitalisering vil heilt klart få ein sentral plass i planen i framtida. Og det kan godt hende sektoren er bakpå når det gjeld digitalisering, slik Kunnskapsministeren antyda. Heldigivis var ho også tydeleg på at digitalisering ikkje er eit mål i seg sjølv – men eit verkemiddel for å heve kvalitet.
Digitaliseringsstrategien for UH-sektoren vart lagt fram i 2017. I dette dokumentet er det ein annan like stor mangel som at digitalisering mangla i langtidsplanen i 2013: I digitaliseringsstrategien frå 2017 står det ingenting om språk. Det er ein vesentleg mangel som ikkje tek høgde for at effektive digtale tenester som automatisering av chattesvar, talegjenkjenning og andre teknologiar er avhengige av ein god språkleg infrastruktur. Og då snakkar vi om norsk språk. Datamaskinar må også lære seg språk for at dei skal bli gode språkbrukarar.
I sitt innlegg demonstrerte kunnskapsministeren på ein glimrande måte at det framleis er kraft i det talte ordet. At det ikkje berre er gjennom skjermar og augene at vi kan formidle – og motta bodskapar. Ho har snakka på norsk. På rogalandsdialekt. Og det er i seg sjølv eit bidrag til norsk språk og kultur. Korleis kan vi sikre oss norsk som fagspråk i framtida?
Eit viktig bidrag til å betre på dette er vidareføring og vidareutvikling av språksamlingane ved Universitetet i Bergen – i partnarskap med Høgskulen i Volda. Dei to institusjonane har kome med eit felles innspel til Kulturdepartementet om å fullføre digitalisering av Norsk Ordbok og framlegget blir i desse dagar vurdert av Kulturdepartementet.
Dette temaet har også direktøren i Språkrådet, Åse Wetås peika på – dette hadlar også om å ta vare på norsk som fagspråk i forsking og høgare utdanning.
Med statsrådar frå Venstre både i Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet så ligg det svært godt til rette for eit samarbeid mellom dei to departementa – til beste for norsk språk no og i framtida.
Det er truleg Venstres forteneste at vidareføring av arbeidet med digitalisering av dei norske ordbøkene har kome med i regjeringsplattforma til Venstre, Høgre og Framstegspartiet.
Med eit godt prosjekt så kan ein håpe på at i framtida vil vi kunne få gode – kanskje automatiserte – offentlege og private tenester uansett kva dialekt ein nyttar.
Velkomne til seminaret om dette viktige spørsmålet. De er no på tradisjonsrik grunn. Her i Henrik Kaarstad-huset har det vore gjeve lærarutdanning sidan det vart bygd i 1922, og i Volda har det vore lærarutdanning sidan 1861.
Som rektor med bakgrunn frå mediefag var det med ærefrykt eg også vart rektor for lærarutdannarane – det vart først som rektor eg fekk ei kjensle av at Henrik Kaarstad-huset var «mitt» hus, eit hus for alle ved Høgskulen i Volda. Men det har det blitt. Og slik bør det vere.
Men ein av dei tilsette på lærarutdanning hos oss hadde eit sitat eg kunne kjenne meg igjen i. Det står på kontordøra hans og er slik:
Teaching is an enormeously difficult job – that looks easy.
Læraryrket er in vanskeleg jobb – som ser lett ut.
Helsing til Gunhild Ring Olsen under doktorandmiddagen etter gjennomført disputas ved Universitetet i Bergen, 9. mars 2018:
Karin Wahl Jørgensen said during the dissertation that she was sure everybody was happy that she changed from Danish to English. I’ll make everybody happy by changing from English to Norwegian!
Vi på Høgskulen i Volda vil gratulere deg så mykje med vel gjennomført stipendiatperiode, disputas – og snart får du doktortittelen! Vi er stolte og glade over den gode disputasen du leverte i dag.
Stadig fleire fagleg tilsette ved statlege høgskular får doktorgrad . I 2017 har ca 53 prosent av fagleg tilsette i statlege høgskular førstekompetanse mot ca 23 prosent for 20 år sidan. Denne utviklinga vil halde fram og ser ut til å vere upåverka av strukturreformen. Ein stor del av dei førstekompetente er førstelektorar eller dosentar, men her er det doktorgradsutdanning som er tema.
Framleis er det nærare 2.000 tilsette i statlege høgskular som ikkje har doktorgrad, men mange kjem til å ta doktorgrad eller bli førstelektorar i åra som kjem. Høgskulelektorar som har ambisjonar om doktorgrad må først få finansieringa i orden: Anten gjennom stipendiatstilling eller ved å få avtale om å arbeide med doktorgradsprosjektet i arbeidstida. Vidare må ein få opptak på eit doktorgradsprogram.
Det er framleis få studentar på høgskulanes doktorgradsprogram. Talet aukar, men i 2017 var det under 50 som disputerte ved dei statlege høgskulane. Til samanlikning var det ca 1.400 som disputerte ved universiteta. Så i mange år framover vil høgskulane vere ein nokså marginal tilbydar av ph.d-kompetanse.
Dei fleste høgskulelektorar vil altså søkje opptak på ph.d-program på eitt eller anna universitet. Og her har vi ein særleg spesialisert utdanningsmarknad. Høgskulen betalar løna dei tre årsverka som er tilgjengeleg for doktorgradsarbeid. Universitetet stiller med rettleiing og tilgang på ph.d.-kurs. Etter vellukka disputas får universitetet ein bonus som i 2018 er på kr 377.000. Og høgskulen får 20 prosent av denne bonusen, altså ca kr 75.000 i 2018.
Bonusen vert tildelt over ei opa ramme. Det vil seie at beløpet ikkje blir justert etter om det er færre eller fleire enn budsjettert som faktisk gjennomfører doktorgrad. Eg trur dei fleste i sektoren meiner det er av det gode.
Staten betalar altså for det heile – men først etter at det er gjort opp rekneskap, og denne rekneskapen gjev ein viss informasjon om strukturen i marknaden.
Kva doktorgradsgjevande institusjon vel høgskule- og universitetstilsette når dei skal ta sin doktorgrad?
No har oversynet for 2017 kome – rett nok i korrekturversjon til institusjonane. Men her er det interessante mønster å sjå.
I 2017 var det i alt 64 UH-tilsette som disputerte ved ein annan norsk UH-institusjon enn den dei var tilsett ved. Dette omfattar også 9 universitetstilsette som disputerer andre stader enn ved eigen institusjon. Så for høgskulanes del er det snakk om eit femtitals disputsar, eller om lag like mange disputasar som høgskulane gjennomfører sjølve. Til saman hundre disputasar multiplisert med kr 3 mill, og vi ser at det er ein stor samfunnsøkonomisk innsats bak desse tala. Kvart år.
Kvar disputerte desse 64? Kva universitet valde når dei gjekk ut av eigen institusjon for å gjennomføre doktorgrad? Det var flest som disputerte ved Universitetet i Oslo, med 24 av 64 disputasar. Eller nesten 40 prosent. 14 disputerte ved NTNU og 10 disputerte ved Universitetet i Bergen. Det var faktisk ingen tilsette ved andre norske UH-institusjonar som disputerte ved Universitetet i Tromsø i 2017. Av andre store utdanningsinstitusjonar med rett til å tildele doktorgrad så manglar også BI og NHH på lista.
Disputasar i 2017: Doktorgradsgjevande institusjonar og tal disputasar gjennomført av tilsette ved norske UH-institusjonar.
Doktorgradsgjevande institusjon
Disputasar 2017
Universitetet i Oslo
23
NTNU
14
Universitetet i Bergen
10
Menighetsfakultetet
4
NMBU
3
Universitetet i Stavanger
2
Arkitekt – og designhøgskolen
2
Oslo Met
2
Molde, Nord, NIH, UiA
4 (1 kvar)
I alt
64
Kva ligg bak valet av doktorgradsgjevande institusjon? Universitetet i Oslo og til dels Universitetet i Bergen ser ut til å ha sterk regional tiltrekningskraft. Av dei 23 som disputerte ved Universitetet i Oslo så kom 13 frå Oslomet, 4 frå Høgskolen i Sør-Øst Norge, 1 frå Østfold, 1 frå NIH og 1 frå Lillehammer. Altså kom 20 av dei 23 frå Austlandsområdet. Dei tre siste fordelte seg med 2 frå Høgskulen på Vestlandet og 1 frå Universitetet i Agder.
Universitetet i Bergen hadde fem ulike institusjonar representert i 2017: Høgskulen på Vestlandet (5), Volda (2), og ein kvar frå Oslomet, HSN og Innlandet. Om ein reknar Volda til Vestlandet så kom altså 7 av 10 av UiB frå Vestlandet.
Dette kan tyde på at godt tilgang til utdanning – i form av korte avstandar – er viktig også på ph.d.-nivå.
NTNU har i mindre grad eit regionalt tyngdepunkt. Dei 14 som disputerte i 2017 kom frå 8 ulike institusjonar spreidd over heile landet: Nord (3), Tromsø (2), HSN (2), HVL (2), Dronning Mauds Minde (2) og 1 frå NLA, HSN og Østfold.
Disputerer tilsette ved dei store universiteta andre stader i landet? I liten grad. Men i praksis er arbeidsmarknaden i dei tradisjonelle universitetsbyane slik at så godt som alle som får ei fagleg stilling har doktorgrad frå før. Det var ingen tilsette ved UiO eller UiB som disputerte ved andre norske institusjonar. Ein frå NTNU disputerte ved Høgskolen i Molde (logistikk). Fire frå Tromsø og tre frå Nord disputerte ved NTNU. Men med dei mange nye studiestadene med nyvunnen status som universitetsby: Som Ålesund, Narvik og Nesna, så vil det i mange år framover vere mange universitetstilsette utan doktorgrad.
I takt med at alle høgskular og universitet har utvikla sine doktorgradsprogram så skjer det ei interessant indre utvikling. Økonomisk sett blir det forventa at ein doktorerer på eigen institusjon for å beholde bonusmidlane internt. Og for nye institusjonar blir dette også lagt inn i kalkylen på om ein råd til å starte doktorgradsutdanning.
I Volda gjekk vi gjennom akkrediteringsprosessen i lag med Høgskolen i Molde i 2013-2014 og fekk akkreditert eit program som no heiter: «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling». Vi har kome opp i 20 ph.d.-studentar på fellesprogrammet, medan målet var å nå opp i dette talet i 2020. Så vi er to år på forskot, og er glade for det. Men eit doktorgradsløp kan føre til meir intern utveksling. Det vi erfarer ved Høgskulen i Volda er at fagmiljø, også utanfor helse- og sosialfag har orientert seg i retning av tematikkane i ph.d.-utdanninga. Så sjølv om berre har eitt program oppnår vi likevel til ein viss grad tverrfagleg samarbeid – heldigvis.
Det har vore fagleg viktig, men ikkje økonomisk lukrativt for oss å etablere eit nytt ph.d.-program. Økonomien er avhengig av at vi produserer – at stipendiatane og andre tilsette faktisk disputerer. Vi har altså lagt inn i langtidsbudsjettet at vi får litt inntekter frå eigen ph.d.-produksjon.
Denne utviklinga blir forsterka av at somme universitet har gjort det vanskelegare for ph.d.-studentar frå andre institusjonar å gjennomføre doktorgradsløp. Det kan skje ved å stille strengare krav om residensplikt – altså at ein faktisk må halde til på den doktorgradsgjevande insititusjonen til dømes eitt av dei tre åra på fulltid. Somme krev at all eller delar av publiseringa i samband med doktorgradsarbeidet vert kreditert doktorgradsgjevande institusjon. I sum kan dette føre til mindre samarbeid i sektoren og sterkare insentiv til å styre alle doktorgradsprosjekt inn mot eigen institusjon. Det er neppe ønskjeleg på alle område.
Høgskulane og dei nye og aller nyaste universiteta kjem til å arbeide vidare med sine doktorgradsprogram. Det kan vere ei fagleg utfordring om svært mange tilsette ved ein institusjon også har doktorert ved den same insitusjonen. Men med ca 2.000 tilsette utan doktorgrad og ein ph.d.-produksjon på ca 100 pr år trur eg det vil ta mange år før det blir eit vesentleg problem.
I mellomtida kjem høgskulane, dei nye universiteta og dei to aller nyaste universiteta til å utvide og utvikle sine ph.d.-program. God tilgang på utdanning er eit viktig utdanningspolitisk mål, og bør vere det også på ph.d.-nivå.
*) Nokre metodiske kommentarar: Det må takast mange atterhald i høve til desse tala. Tala ikkje kvalitetssikra for 2017, og DBH er i ferd med å gjennomføre det. Tala for kvar einskild høgskule også omfatte stipendiatar som kanskje har vore tilsett ved eit universitet og først fullfører doktorgraden etter at dei har fått tilsetting ved ein annan institusjon. Og utanlandske doktograder er ikkje med i oversynet i det heile.
Eg er glad for at seksuell trakassering står på dagsorden på Høgskulen i Volda gjennom dette møtet. #Metoo har vorte ei verdsomfattande rørsle. No er det viktig at vi ikkje misser fokuset og ikkje trur at dette er noko som går over og blir gløymt.
Om det er noko som verkeleg bør bli huska etter #Metoo så er det den utruleg enkle oppskrifta: «Oppfør deg».
Studiebarometeret for 2017 har vorte lagt fram. Dette er ei nasjonal undersøking som alle 3. semesterstudentar på bachelor og master blir inviterte til å delta i for å gje si vurdering av studiekvardagen. Høgskulen i Volda har dei tre siste åra prioritert høgt å rekruttere og motivere studentar til å delta i Studiebarometeret fordi dette er ei nasjonal og standardisert undersøking som gjev oss eit godt verktøy for å vurdere vår eiga undervisningsverksemd. Våre studentar har dei tre siste åra vore blant dei beste i landet til å delta i undersøkinga med ca 70 prosent svar. Det er vi glade for og det syner at både studentar og tilsette tek Studiebarometeret på alvor.
Det er svært mange spørsmål i Studiebarometeret, og det eine spørsmålet som er lettast å ty til for å få eit raskt oversyn over korleis landet ligg er eit spørsmål under «Overordna tilfredshet» der der studentane skal svare på «Eg er, alt i alt, nøgd med studieprogrammet eg går på». Svara blir gjeve på ein skala frå 1 til 5 der 1 er «Ikkje einig» og 5 er «Heilt einig».
I 2015 og 2016 gav studentane våre nokså god score på dette spørsmålet med ein gjennomsnittskarakter på 4,1. I 2017 var dette talet gått ned til 3,7, og det er svakt i nasjonal samanheng. Det er ikkje overraskande at både media, tilsette, studentar – og framtidige studentar er opptekne av dette talet og kva det betyr.
På det første høgskulestyremøtet ved Høgskulen i Volda for 2018 orienterte eg høgskulestyret om ei rekkje aktuelle saker, og her kjem orienteringa også skriftleg.
Høgskulestyret har bede om å få orienteringar tidleg i styremøta. Struktursaka og Grunnskulelærarutdanning er to slike saker. I dette møtet er det også andre ting som har skjedd som det er bra at styret har fått eit lite vink om fordi det er svært aktuelle saker – eller fordi det er saker som styret vil kunne få på bordet seinare.
A) Struktursaka
Sidan førre møte i høgskulestyret i desember 2017 har leiinga hatt fleire møte med rektorar og/eller direktørar ved Høgskulen i Molde, NTNU og på Høgskulen på Vestlandet.
På førre styremøte vart det lansert ein ide eller ein visjon om at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde i fellesskap kunne bli overtekne av NTNU. Det vart også sagt at dette var ein prosess som var aktuell og at dette spørsmålet hasta å ta stilling til.
Etter samtalar med Molde og NTNU har leiinga inntrykk av det motsette. NTNU er ikkje på tilbodssida i dette spørsmålet.
Fleire har argumentert for at NTNU bør ta regionale roller. Det har NTNU blankt avvist fordi dei har ei fagleg tilnærming til sine fusjonar. Teknologi er det viktigaste strategiske elementet i fusjonsprosessane. Helse, businessfag og til ein viss grad lærarutdanning er sekundære element. Som kjent hadde dei tidlegare høgskulane i Ålesund og Gjøvik sterke teknologimiljø, som først og fremst gjorde at NTNU var interessert. Den tidlegare høgskulen i Sør-Trøndelag hadde samarbeid med NTNU innanfor alle desse fire elementa.