Kvar skal eg ta min doktorgrad? Slik vel høgskuletilsette *)

Klar for disputas: HVO-tilsette Kjartan Leer-Salvesen disputerte ved UiA i 2016.
Stadig fleire fagleg tilsette ved statlege høgskular får doktorgrad . I 2017 har ca 53 prosent av fagleg tilsette i statlege høgskular førstekompetanse mot ca 23 prosent for 20 år sidan. Denne utviklinga vil halde fram og ser ut til å vere upåverka av strukturreformen. Ein stor del av dei førstekompetente er førstelektorar eller dosentar, men her er det doktorgradsutdanning som er tema.
Framleis er det nærare 2.000 tilsette i statlege høgskular som ikkje har doktorgrad, men mange kjem til å ta doktorgrad eller bli førstelektorar i åra som kjem. Høgskulelektorar som har ambisjonar om doktorgrad må først få finansieringa i orden: Anten gjennom stipendiatstilling eller ved å få avtale om å arbeide med doktorgradsprosjektet i arbeidstida. Vidare må ein få opptak på eit doktorgradsprogram.
Det er framleis få studentar på høgskulanes doktorgradsprogram. Talet aukar, men i 2017 var det under 50 som disputerte ved dei statlege høgskulane. Til samanlikning var det ca 1.400 som disputerte ved universiteta. Så i mange år framover vil høgskulane vere ein nokså marginal tilbydar av ph.d-kompetanse.
Dei fleste høgskulelektorar vil altså søkje opptak på ph.d-program på eitt eller anna universitet. Og her har vi ein særleg spesialisert utdanningsmarknad. Høgskulen betalar løna dei tre årsverka som er tilgjengeleg for doktorgradsarbeid. Universitetet stiller med rettleiing og tilgang på ph.d.-kurs. Etter vellukka disputas får universitetet ein bonus som i 2018 er på kr 377.000. Og høgskulen får 20 prosent av denne bonusen, altså ca kr 75.000 i 2018.
Bonusen vert tildelt over ei opa ramme. Det vil seie at beløpet ikkje blir justert etter om det er færre eller fleire enn budsjettert som faktisk gjennomfører doktorgrad. Eg trur dei fleste i sektoren meiner det er av det gode.
Staten betalar altså for det heile – men først etter at det er gjort opp rekneskap, og denne rekneskapen gjev ein viss informasjon om strukturen i marknaden.
Kva doktorgradsgjevande institusjon vel høgskule- og universitetstilsette når dei skal ta sin doktorgrad?
No har oversynet for 2017 kome – rett nok i korrekturversjon til institusjonane. Men her er det interessante mønster å sjå.
I 2017 var det i alt 64 UH-tilsette som disputerte ved ein annan norsk UH-institusjon enn den dei var tilsett ved. Dette omfattar også 9 universitetstilsette som disputerer andre stader enn ved eigen institusjon. Så for høgskulanes del er det snakk om eit femtitals disputsar, eller om lag like mange disputasar som høgskulane gjennomfører sjølve. Til saman hundre disputasar multiplisert med kr 3 mill, og vi ser at det er ein stor samfunnsøkonomisk innsats bak desse tala. Kvart år.
Kvar disputerte desse 64? Kva universitet valde når dei gjekk ut av eigen institusjon for å gjennomføre doktorgrad? Det var flest som disputerte ved Universitetet i Oslo, med 24 av 64 disputasar. Eller nesten 40 prosent. 14 disputerte ved NTNU og 10 disputerte ved Universitetet i Bergen. Det var faktisk ingen tilsette ved andre norske UH-institusjonar som disputerte ved Universitetet i Tromsø i 2017. Av andre store utdanningsinstitusjonar med rett til å tildele doktorgrad så manglar også BI og NHH på lista.
Disputasar i 2017: Doktorgradsgjevande institusjonar og tal disputasar gjennomført av tilsette ved norske UH-institusjonar. 
Doktorgradsgjevande institusjon
Disputasar 2017
Universitetet i Oslo
23
NTNU
14
Universitetet i Bergen
10
Menighetsfakultetet
4
NMBU
3
Universitetet i Stavanger
2
Arkitekt – og designhøgskolen
2
Oslo Met
2
Molde, Nord, NIH, UiA
4 (1 kvar)
I alt
64

Kva ligg bak valet av doktorgradsgjevande institusjon? Universitetet i Oslo og til dels Universitetet i Bergen ser ut til å ha sterk regional tiltrekningskraft. Av dei 23 som disputerte ved Universitetet i Oslo så kom 13 frå Oslomet, 4 frå Høgskolen i Sør-Øst Norge, 1 frå Østfold, 1 frå NIH og 1 frå Lillehammer. Altså kom 20 av dei 23 frå Austlandsområdet. Dei tre siste fordelte seg med 2 frå Høgskulen på Vestlandet og 1 frå Universitetet i Agder.

Universitetet i Bergen hadde fem ulike institusjonar representert i 2017: Høgskulen på Vestlandet (5), Volda (2), og ein kvar frå Oslomet, HSN og Innlandet. Om ein reknar Volda til Vestlandet så kom altså 7 av 10 av UiB frå Vestlandet.

Dette kan tyde på at godt tilgang til utdanning – i form av korte avstandar – er viktig også på ph.d.-nivå.

NTNU har i mindre grad eit regionalt tyngdepunkt. Dei 14 som disputerte i 2017 kom frå 8 ulike institusjonar spreidd over heile landet: Nord (3), Tromsø (2), HSN (2), HVL (2), Dronning Mauds Minde (2) og 1 frå NLA, HSN og Østfold.

Disputerer tilsette ved dei store universiteta andre stader i landet? I liten grad. Men i praksis er arbeidsmarknaden i dei tradisjonelle universitetsbyane slik at så godt som alle som får ei fagleg stilling har doktorgrad frå før. Det var ingen tilsette ved UiO eller UiB som disputerte ved andre norske institusjonar. Ein frå NTNU disputerte ved Høgskolen i Molde (logistikk). Fire frå Tromsø og tre frå Nord disputerte ved NTNU. Men med dei mange nye studiestadene med nyvunnen status som universitetsby: Som Ålesund, Narvik og Nesna, så vil det i mange år framover vere mange universitetstilsette utan doktorgrad.

I takt med at alle høgskular og universitet har utvikla sine doktorgradsprogram så skjer det ei interessant indre utvikling. Økonomisk sett blir det forventa at ein doktorerer på eigen institusjon for å beholde bonusmidlane internt. Og for nye institusjonar blir dette også lagt inn i kalkylen på om ein råd til å starte doktorgradsutdanning.

I Volda gjekk vi gjennom akkrediteringsprosessen i lag med Høgskolen i Molde i 2013-2014 og fekk akkreditert eit program som no heiter: «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling».  Vi har kome opp i 20 ph.d.-studentar på fellesprogrammet, medan målet var å nå opp i dette talet i 2020. Så vi er to år på forskot, og er glade for det. Men eit doktorgradsløp kan føre til meir intern utveksling. Det vi erfarer ved Høgskulen i Volda er at fagmiljø, også utanfor helse- og sosialfag har orientert seg i retning av tematikkane i ph.d.-utdanninga.  Så sjølv om berre har eitt program oppnår vi likevel til ein viss grad tverrfagleg samarbeid – heldigvis.

Alle doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

Det har vore fagleg viktig, men ikkje økonomisk lukrativt for oss å etablere eit nytt ph.d.-program. Økonomien er avhengig av at vi produserer – at stipendiatane og andre tilsette faktisk disputerer. Vi har altså lagt inn i langtidsbudsjettet at vi får litt inntekter frå eigen ph.d.-produksjon.

Denne utviklinga blir forsterka av at somme universitet har gjort det vanskelegare for ph.d.-studentar frå andre institusjonar å gjennomføre doktorgradsløp. Det kan skje ved å stille strengare krav om residensplikt – altså at ein faktisk må halde til på den doktorgradsgjevande insititusjonen til dømes eitt av dei tre åra på fulltid. Somme krev at all eller delar av publiseringa i samband med doktorgradsarbeidet vert kreditert doktorgradsgjevande institusjon. I sum kan dette føre til mindre samarbeid i sektoren og sterkare insentiv til å styre alle doktorgradsprosjekt inn mot eigen institusjon. Det er neppe ønskjeleg på alle område.

Høgskulane og dei nye og aller nyaste universiteta kjem til å arbeide vidare med sine doktorgradsprogram. Det kan vere ei fagleg utfordring om svært mange tilsette ved ein institusjon også har doktorert ved den same insitusjonen. Men med ca 2.000 tilsette utan doktorgrad og ein ph.d.-produksjon på ca 100 pr år trur eg det vil ta mange år før det blir eit vesentleg problem.

I mellomtida kjem høgskulane, dei nye universiteta og dei to aller nyaste universiteta til å utvide og utvikle sine ph.d.-program. God tilgang på utdanning er eit viktig utdanningspolitisk mål, og bør vere det også på ph.d.-nivå.

*) Nokre metodiske kommentarar: Det må takast mange atterhald i høve til desse tala. Tala ikkje kvalitetssikra for 2017, og DBH er i ferd med å gjennomføre det. Tala for kvar einskild høgskule også omfatte stipendiatar som kanskje har vore tilsett ved eit universitet og først fullfører doktorgraden etter at dei har fått tilsetting ved ein annan institusjon. Og utanlandske doktograder er ikkje med i oversynet i det heile.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar