Statsbudsjettet for 2022 – som venta for Høgskulen i Volda

Vi får ny regjering – men på kort sikt er det statsbudsjettet for 2022 som får direkte følgjer for Høgskulen i Volda. Solberg-regjeringa sitt framlegg skal gjennom Stortinget og kor store endringar det blir veit ingen i dag.

Høgskulestyret får tilsendt ei orientering om framlegget til statsbudsjett og skal drøfte det på styremøtet 21. oktober. Vurderinga frå leiinga på Høgskulen er at framlegget til statsbudsjett gir eit greitt budsjett for Høgskulen i Volda som ikkje har svært store overraskingar i noko retning.

Ser ein berre på tala i løyvinga så aukar vi frå ca. 410 millionar i 2021 til ca. 417 millionar i 2022. Skulle vi fått fullt ut kompensert for løns og prisvekst så mangla vi ca 4 millionar kroner. Men bak desse tala ligg ei rekke små og store endringar og justeringar som også må takast med i vurderinga.

For å ta det som går i minus først så held regjeringa fram med det såkalla ABE-kuttet (Avbyråkratisering og effektivisering) som er likt for all statleg verksemd og gir eit kutt på 0,5 prosent samanlikna med løyvinga i 2022. Budsjettet blir også kutta med ca. 0,1 prosent fordi vi alle har reist mindre i løpet av pandemien, og dei nye reisevanane reknar regjeringa med har festa seg. I tillegg til ei anna mindre justering så er altså ABE-kuttet på ca 0,6 prosent. Det største kuttet er likevel ei justering av pensjonsinnbetalingar der staten no vil gå over til å rekne ut reelle pensjonsutgifter for kvar einskild statleg verksemd. For Høgskulen i Volda betyr dette nesten 10 mill i lågare løyving men er også meir i tråd med våre reelle pensjonsutgifter.

Eit anna bidrag til lågare løyving er at vi i 2020 minka studiepoengproduksjonen og dermed får lågare resultatbasert løyving. På den andre sida hadde vi ein svært god forskingsproduksjon i 2020 og dermed større inntekter frå den resultatbaserte løyvinga, men i sum gjekk vi altså ned i resultatbasert løyving. Samanlikna med andre institusjonar har studentane ved Høgskulen i Volda produsert færre studiepoeng i 2020, medan så godt som alle andre institusjonar har auka talet på produserte studiepoeng. Dette må vi finne forklaringar på.

Koronaåret 2020 førte også til mindre internasjonal studentutveksling og dermed lågare løyving.

Kva så med pluss-sida? Kvar har vi fått auke? Vi har ikkje fått heilt nye studieplassar eller stipendiatstillingar. Men våren 2020 sette Solberg-regjeringa inn det såkalla «Utdaningsløftet» som eit tiltak midt i korona-krisa. For Høgskulen i Volda betydde det fleire studieplassar, altså meir pengar til utdanning og til å ta opp fleire studentar. Studieplassane kom for det meste på fleirårige utdanningar, og regjeringa har følgt opp med å gi løyving også til år 2 eller år 3 av slike fleirårige utdanningar. Det same gjeld 6 stipendiatstillingar som vi også fekk tildelt i 2020 og som også gir auka løyving over fleire år. Og så har vi fått eit tillegg for det femte året på den nye femårige grunnskulelærarutdanninga.

Så i sum jamnar altså ting seg ut og gir eit greitt budsjettet for Høgskulen i Volda i 2022. Slik det ser ut no.

Både Høgskulen og Kunnskapsdepartementet har vore opptekne av dei såkalla avsetningane i sektoren, og av statbudsjettet går det fram at Høgskulen i Volda også i 2020 har auka avsetningane. Av tertialrekneskapet for 2021 som vert lagt fram for Høgskulestyret 20. oktober ser vi at avsetningane nærmar seg 100 millionar kroner. Det må leggast planar for kva investeringar desse pengane skal nyttast i 2022 og i åra framover, og for Høgskulen i Volda er det framfor alt ombyggingane i Hans Strøm-huset som i praksis blir finansiert av avsetningane. Av framlegget til statsbudsjettet for 2022 går det fram at regjeringa ikkje lenger vil sette av eigne midlar til oppgradering av undervisningslokale, så vi kan vere svært nøgde med at vi har fått midlar av desse ordningane både til Veksel-Strøm (3,5 mill) og til ombygginga av Strøm-huset (10 mill).

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar