Statsbudsjettet for 2019: Kva kan HVO vente av Iselin Nybø?

Kunnskapsminister Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann.

Regjeringas sitt framlegg til statsbudsjett for 2019 vert etter planen lagt fram 8.oktober 2018. Dette blir Iselin Nybøs første statsbudsjett som Kunnskapsminister. Kva kan vi vente av budsjettet til hennar departement?

For Høgskulen i Volda må vi nok vere førebudde på eit nullbudsjett. Det store spørsmålet blir om vi i statsbudsjettet eller i løpet av 2019 får tildelt prosjekt- og utviklingsmidlar som kan kompensere for lågare grunnløyving, og det har vi godt håp om. Vi har sett at innanfor lærarutdanning og ikkje minst vidareutdanning av lærarar så har det vore svært mange fleirårige prosjekt der Høgskulen i Volda har spelt ei viktig rolle i regionen og delvis nasjonalt. Eg trur det heller blir fleire enn færre slike oppgåver for oss i åra som kjem. I sum kan vi difor håpe og tru at den samla løyvinga til Høgskulen i Volda ikkje går ned.

Eitt døme på slike tiltak er «Kompetanse for kvalitet» som skal gå til 2025 der det særleg vert satsa på vidareutdanning innanfor matematikk, norsk og engelsk.

Vi veit frå før at grunnløyvinga kjem til å gå ned. Stortingsfleirtalet har vedtatt endringar som gjev oss lågare grunnløyving, og den vert no gradvis innført. Rett nok med ein litt mjukare overgang enn det først vart lagt opp til av den førre regjeringa. Men diverre er ikkje venta nytt i dette tilfellet godt nytt. Høgskulen i Volda har dei siste tiåra hatt lågare grunnløyving enn andre institusjonar, og no er den altså på veg nedover. Vi ser vel ikkje så mykje til premiering av billig og effektiv drift – vi må tvert i mot kjempe stadig hardare for å nå fram i konkurransen mot betre finansierte institusjonar og med den nye utviklingsavtalen risikerer vi også å få trekk i grunnløyvinga, men vi skal sjølvsagt arbeide godt for å unngå det.

Høgskulens ønskeliste

Høgskulestyret vedtok i september 2017 framlegg til tiltak «utanfor ramma» som det heiter – som i klartekst betyr at det er styrets framlegg til tilleggsløyvingar for 2019. Eller ønskelista vår, kan ein vel også litt uhøgtidleg kalle det.

På denne lista står: 1) Ekstraløyving til Sivert-prosjektet, 2) Fleire stipendiatstillingar, 3) Nye studieplassar og 4) Vidareføring av Norsk ordbok.

Høgskulestyrets budsjettframlegg for 2019 – satsingsframlegg utanfor ramma.

Leiinga ved Høgskulen i Volda har følgt opp styrevedtaket i ei rekkje møte med politikarar frå ulike parti, og eg blir både overraska og skuffa om ikkje vi i budsjettbehandlinga i haust ser noko av i alle fall somme av desse ønska.

  • Sivert Aarflot-huset (Mediehuset): Godkjenning og ekstra løyving

Sjølve byggeprosjektet driv Statsbygg  fram på oppdrag frå og i samarbeid med Høgskulen i Volda. Og når alle tal og planar er på bordet er det regjeringa som skal godkjenne prosjektet i eit eige vedtak; i ein kongeleg resolusjon.  Vi håper prosjektet vil bli så godt at både dei to departementa som gjer saksutgreiinga og den samla regjeringa godkjenner bygginga. Då blir det graving våren 2019.

Men samtidig ser vi at når vi skal byggje nytt så er det klokt å ta investeringar som er billegare og bedre å gjere i ein byggjefase enn å skøyte på seinare. Høgskulen har difor hatt møte med Kunnskapsdepartementet og ei rekkje politikarar for å argumentere for at det blir gjeve ei eingongsløyving til prosjektet på kr 25 mill i hovudsak til medieteknisk utstyr. Vi håper at positive signal om dette kan kome i statsbudsjettetet for 2019, og at løyvinga kjem i statsbudsjettet for 2020. Vi er i konstant dialog med alle parti på stortinget i denne saka.

Det blir elles ein spennande dag og viktig milepæl når det blir presentasjon av innkomne tilbod på bygging av huset 12. september. Tilbodsfristen vart etter ønske frå aktuelle leverandørar utsett til 5. september.

  • Fleire stipendiatstillingar til Høgskulen i Volda.

Høgskulestyret har dei siste åra prioritert stipendiatstillingar høgt på nysatsingar.

Stipendiatar forskar tre år på heiltid og gjev eit lokalt og nasjonalt løft for fagområda dei arbeider med, stipendiatar er viktig for rekruttering til Høgskulen i Volda, og gjev statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Høgskulen og regionen treng fleire høgt kompetente fagfolk – og Møre og Romsdal har dei siste åra fått færre statlege arbeidsplassar, og fylkeskommunen har starta eit prosjekt for å betre dette.

Vi må vere særleg merksame på dette spørsmålet akkurat i år – for vi står faktisk i fare for å få færre stipendiatar enn tidlegare. Bakgrunnen for det er at Kunnskapsdepartementet i  februar 2016 tildelte 51 stipendiatstillingar for å styrke innføring av den femårige lærarutdanninga. Høgskulen i Volda fekk 2 av dei 51 stillingane – men begge var mellombelse stillingar som altså går ut på dato etter tre år.

Alle dei ca 40 pågåande doktorgradsprosjekta ved Høgskulen i Volda.

Eg var kritisk til tildelinga i 2016 og meinte at vi burde fått tildelt faste stipendiatstillingar. Sidan 2016 har Volda fått akkreditert grunnskulelærarutdanningane og fått vårt eige doktorgradsstudium godt i gang, så om det rådde uvisse om vår framtidige status som lærarutdanningsinstitusjon eller kapasitet til å drive forskarutdanning så bør den tvilen vere borte no.

Behovet for kompetente forskarar og rettleiarar vert ikkje mindre etterkvart som alle studentar på GLU 1-7 og GLU 5-10 skal skrive masteroppgåver som ein obligatorisk del av dei nye masterløpa.

Vi håper kort og godt på at dei to mellombelse stipendiatstillingane blir omgjort til faste stillingar og at vi i tillegg får tilført nye stipendiatstillingar.

Les Khronos omtale av stipendiattildelinga i 2016. 

Nye studieplassar på Naturguideutdanninga og i Offentleg planlegging

Nye studieplassar betyr i praksis betre finansiering av eksisterande studietilbod. Studietilbod som har god søking og som vert rekna som viktige av utdanningspolitikarane kan gjennom nye studieplassar på statsbudsjettet bli styrka. Høgskulestyret har prioritert studium på to område som dei siste åra har hatt høg søking: Naturguideutdanninga (årsstudium) og erfaringsbasert mastergrad i planlegging.
Erfaringane frå dei siste åra er diverre ikkje lovande når det gjeld sklike studieplassar. Kunnskapsdepartementet har stort sett prioritert IKT-studium og  andre teknologisk orienterte studium.

Vidareføring av arbeidet med Norsk Ordbok

Høgskulen i Volda samarbeider nært med Universitetet i Bergen om Dei norske språksamlingane, og vi er representert i styringsgruppa for språksamlingane. Ei viktig vidareføring av dette arbeidet er digitalisering av Norsk ordbok, og dette spørsmålet har vi teke opp i ei rekkje aktuelle fora og i møte med einskildpolitikarar. Det er ei rekkje kompliserte spørsmål som må avklarast i arbeidet – til dømes har Det norske samlaget gjeve ut den trykte utgåva av Norsk Ordbok og har dermed rettar som utgjevar. Vidare er det nødvendig med tett og godt samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet for at dette arbeidet skal kome vidare: Kulturdepartementet har ansvaret for språkpolitikken, medan språkforskarane sorterer under Kunnskapsdepartementet. Det er i dag vanskeleg å vite kva rolle Høgskulen i Volda vil få i dette arbeidet, men eg håper og trur at vi får delar av ein ordboksredaksjon i Volda i framtida.

Les om språksamlingane på nettsidene til Universitetet i Bergen.

Andre spørsmål

Det er ei rekkje andre spørsmål som også er viktig for Høgskulen i Volda og som Kunnskapsdepartementet har på sitt bord. Her skal berre nokre av dei nemnast:

Studentbustader til Studentsamskipnaden i Volda (Sivolda)

Sivolda fekk i 2017 tilskot til 120 nye studentbustader. Etter at prosjektet har vore ut på ein tilbodsrunde har det vorte valt ein entreprenør, men prisen vart nok høgare enn Sivolda hadde håpa på. I mellomtida har Kunnskapsdepartementet skrudd opp stønadssatsane til studentbustader, men berre for nye prosjekt. Studentsamskipnaden valde difor å trekke tilbake søknaden for 2017 og i staden fremje ein ny søknad for å kome inn under dei nye stønadssatsane. Søknad om dette sende samskipnaden før sommarferien 2018, men svaret har enno ikkje kome.

Dette er eit viktig prosjekt som Studentsamskipnaden, men også for Volda som studiestad. Det førre større byggjeprosjektet i regi av Studentsamskipnaden skjedde tilbake i 1995. I åra etter måtte dåverande Studentsamskipnaden for Sunnmøre prioritere oppbygging av studentbustader og studentvelferd i Ålesund, og dette arbeidet var i grunnen akkurat sluttført då NTNU overtok Høgskolen i Ålesund og Studentsamskipnadens aktivitetar vart overført til studentsamskipnaden i Trondheim (www.sit.no).

Aftenposten har elles funne ut at for studentar er det billegast å bu i Volda av alle studiestader i landet – eller i alle fall etter bustadprisane hos samskipnadene. 

Praktiske estetiske fag og PPU

Som kjent er årets studentar på det eittårige PPU-studiet (Praktisk pedagogisk utdanning) dei siste som kan få lærarutdanning gjennom eitt års studium på toppen av bachelorutdanning. Frå 2019 krevst det masterutdanning for å få opptak på PPU. Men det er gjort eit unntak for praktisk estetiske fag. Nokre år framover kan voldastudentar med bachelor i musikk, kunst/handverk og teater/drama vere kvalifiserte for opptak på PPU. Men regjeringa har skapt tvil om idrett/friluftsliv framleis skal reknast som eit praktisk estetisk fag. Dette er ei sak som no er på høyring.

Utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet

Det siste året har leiinga og høgskulestyret arbeidd med framlegg til det som blir kalla utviklingsavtale mellom Høgskulen i Volda og Kunnskapsdepartementet. Vi har hatt og skal ha fleire møte med departementet om utviklingsavtalen. Avtalen vil så bli skriven inn i tildelingsbrevet for 2019, og avtalen vil gjelde fram til 2022. Om vi ikkje klarer å oppfylle avtalen så risikerer vi å bli trekt i grunnløyvinga.

På styremøta i haust vil det bli orientert om møte med og respons frå Kunnskapsdepartementet på utviklingsavtalen. Det er no fire tema som avdelingane i desse dagar diskuterer korleis vi skal formulere og bli målte på (ikkje i prioritert rekkjefølgje):

  • Å lukkast med den nye femårige grunnskulelærarutdanninga
  • Å styrke våre framifrå medieutdanningar
  • Ha fagleg fokus på utvikling av ferdigheiter for framtida (Future Skills)
  • Å rekruttere og utvikle toppkompetanse

Utviklingsavtalen byggjer naturlegvis på strategiplanen for høgskulen.

Andre omtalar av tidlegare statsbudsjett for Høgskulen i Volda: 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar